2 Arbeidet med berekraftsmåla
Oppfølginga av berekraftsmåla er ein del av det ordinære politiske arbeidet til regjeringa. Kvart departement rapporterer om oppfølginga av måla i budsjettdokumenta sine.
Mål 1: Utrydde alle former for fattigdom i heile verda
I Noreg har vi mindre ulikskap og lite fattigdom samanlikna med andre land. Økonomisk vekst, høg sysselsetjing både blant kvinner og menn og breie velferdsordningar bidrar til dette. Tilgang til barnehage, utdanning og helsetenester bidrar til likskap i moglegheiter, og til å redusere skilnader i levekår. Kommunane har, gjennom ansvaret for grunnleggjande velferdstenester, ei sentral rolle i å førebyggje fattigdom. Frivillige organisasjonar bidrar til å redusere utanforskap og skape eit inkluderande samfunn.
Det er høg levestandard i Noreg. Ein liten del av innbyggjarane har likevel så låg inntekt at det avgrensar moglegheitene deira for fullverdig deltaking i samfunnet. Som indikator på omfanget av personar med auka risiko for fattigdom tar vi utgangspunkt i såkalla vedvarande låginntekt. Dette blir målt som gjennomsnittsinntekt over ein treårsperiode under 60 prosent av medianinntekta. Delen med vedvarande låginntekt var relativt stabil på 2000-talet, men har auka noko etter 2010. I treårsperioden 2019–2021 hadde 9,9 prosent av innbyggjarane vedvarande låginntekt (studentar er haldne utanfor). Over tid har det vore vekst i gjennomsnittleg inntekt i låginntektsgruppa, men den generelle inntektsveksten har vore noko høgare.
Dei siste 20 åra har det vore ein auke i kor stor del barn som bur i hushald med vedvarande låginntekt. Fleire barnefamiliar med innvandrarbakgrunn og svak yrkestilknyting har bidratt til auken. I treårsperioden 2019–2021 var talet 11,3 prosent (110 700 barn), mot 11,7 prosent i perioden 2018–2020. Dette er den første nedgangen i tala på ti år. Auka barnetrygd for dei yngste barna og lågare innvandring dei siste åra er to faktorar som kan forklare nedgangen. Seks av ti barn som veks opp i hushald med vedvarande låginntekt har innvandrarbakgrunn, òg barn av einslege forsørgjarar, er overrepresenterte.
Samstundes har prosentdelen med låginntekt i andre grupper, mellom anna blant alderspensjonistar, gått ned. Pensjonistar har hatt relativt høg inntektsvekst, som følgje av auka yrkesaktivitet blant eldre og nye pensjonistkull med høgare pensjonsgrunnlag. Pensjonen for einslege minstepensjonistar er òg auka dei siste åra. Det er små skilnader i låginntekt mellom kvinner og menn, med unntak av dei eldste, der fleirtalet av minstepensjonistane er kvinner.
Høg sysselsetjing er avgjerande for den sosiale og økonomiske berekrafta i samfunnet, samstundes som deltaking i arbeidslivet har mykje å seie for inntekta til den enkelte. Det er alvorleg når nokon blir ståande utanfor arbeid og utdanning alt frå ung alder. For å styrkje innsatsen for unge har regjeringa innført ein ungdomsgaranti i Arbeids- og velferdsetaten som gjeld frå 1. juli 2023. Ungdomsgarantien skal sikre unge mellom 16 og 30 år som treng hjelp til å kome i ordinært arbeid tidleg innsats, ein fast kontaktperson og tett individuelt tilpassa oppfølging så lenge det er nødvendig. Målet er at fleire skal fullføre utdanning og kome i jobb. Regjeringa vil legge fram ei melding til Stortinget om å få fleire i arbeid. Meldinga vil drøfte og utvikle arbeidsmarknadspolitikken, og skal leggast fram våren 2024.
Mange nykomne flyktningar har svak tilknyting til arbeidsmarknaden. Nokre innvandrargrupper har låg inntekt òg etter å ha budd lenge i Noreg. Integreringslova legg til rette for at fleire nykomne flyktningar kan ta formell utdanning innanfor ramma av introduksjonsprogrammet, og set tydlegare krav til norskkunnskapar. Kvalifisering, utdanning og arbeid er viktige innsatsområde. Auka sysselsetting og deltaking på andre samfunnsområde vil betre levekåra og redusere utanforskap blant innvandrarar. Når det gjeld flyktningane frå Ukraina, har Stortinget i juni 2022 vedtatt mellombelse endringar i fleire lovar. Dette skal bidra til å gjere det enklare for kommunane å busette raskt, og til at kommunar og fylkeskommunar kan handtere situasjonen og tilpasse tenestetilbodet sitt. Regjeringa vil styrkje det arbeidsretta integreringsarbeidet i kommunane og kompetanselinja i norsk integreringspolitikk. Regjeringa satsar vidare på tilskotsordninga Jobbsjansen slik at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kan få kvalifisering for å kome ut i arbeid.
Regjeringa er i gang med ein stortingsmelding om integrering der eitt av hovudmåla er å få fleire i jobb som eit bidrag for å hindre fattigdom.
Barnehagar og skular som løftar alle barn, uavhengig av bakgrunnen til foreldra, er viktig for å skape like moglegheiter for alle. Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak for å fjerne økonomiske hindringar for bruk av barnehage og skulefritidsordning (SFO), mellom anna er maksimalprisen i barnehage redusert. Sjå nærare om tiltaket under mål 4 og 10.
Barnetrygda for einslege forsørgjarar er styrkt, og frå 1. juli 2023 vart satsane i barnetrygda for barn over 6 år auka med 200 kroner i månaden. Samstundes vart alle satsane i barnetrygda auka som følgje av den ekstraordinære prisomrekninga. Regjeringa har òg auka tilskotet til ordningar som tilbyr gratis aktivitetar og dekker utgifter til fritidsaktivitetar for barn og unge. Mellom anna er ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge auka med 181 millionar kroner i perioden 2022–2023.
Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar. Tilrådingane frå gruppa blir levert i oktober 2023. Ekspertgruppa skal vurdere kva slags typar tiltak som har best effekt, og korleis den offentlege innsatsen bør prioriterast for i størst mogleg grad å styrkje oppvekstvilkåra til barn i fattige familiar og å førebyggje at fattigdom går i arv. Regjeringa har òg oppnemnt ei ekspertgruppe som skal sjå på kva for innverknad barnehagen, skulen og skulefritidsordninga har på sosial utjamning og sosial mobilitet. Tilrådingane frå ekspertgruppene blir viktige kunnskapsgrunnlag for vidare politikkutvikling.
Regjeringa vil legge fram ei stortingsmelding om sosial mobilitet og sosial utjamning for barn og unge og deira familiar. Føremålet med meldinga er å forsterke politikken for å redusere sosiale skilnader og motverke at dårlege levekår går i arv. Ulikskap og ein vanskeleg oppvekst påverkar framtida til barn på eit tidleg stadium. Meldinga skal dekke dei første leveåra til barn, viktig arena i liva til barn og unge og overgangen frå barndom til ungdoms- og vaksenliv. Meldinga skal følgje opp ekspertgruppa for barn i fattige familiar og rapport frå ekspertgruppa som ser på betydinga av barnehage, skule og SFO for sosial utjamning og sosial mobilitet.
Det er òg viktig med tiltak for at alle skal ha ein trygg busituasjon, og å gi hjelp til dei som slit med rus eller har utfordringar med psykisk helse. Regjeringa la fram ein opptrappingsplan for psykisk helse i 2023 og vil legge fram ei stortingsmelding om ei førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet i 2024.
Regjeringa har sett i verk ei rekkje tiltak for å motverke effekten av auka levekostnader i samfunnet, bl.a. auka straumstøtte. Frå 1. juli 2023 vart dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp oppjustert.
Internasjonalt er det overordna målet for norsk utviklingspolitikk å bidra til fattigdomsreduksjon og økonomisk vekst og velferd i utviklingsland. Sosioøkonomiske konsekvensar av pandemien gjorde at ekstrem fattigdom auka i 2020, og no gjer mellom anna ringverknadene av krigen i Ukraina og auka konsekvensar av miljø- og klimaendringane det krevjande å kome attende til den positive utviklingstrenden verda har opplevd dei siste 30 åra. Den offisielle utviklingsbistanden frå Noreg (ODA) auka frå 40,1 milliardar kroner i 2021 til 49,6 milliardar kroner i 2022. Målt i kroner er dette det høgaste bistandsbeløpet nokosinne. Delen av BNI låg på 0,86 prosent. Dette er noko under målet på 1 prosent, og kjem av at ein sterk auke i olje- og gassprisar førte til høgare BNI enn ein rekna med.
Mål 2: Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk
Noreg har god mattryggleik. Vi har rammeverk og forvaltningsinstitusjonar som sikrar at maten vi blir tilbodne, er trygg å ete. Vi er i stor grad sjølvforsynte med kjøt, meieriprodukt, fisk og sjømat, medan vi i større grad er avhengige av import av planteprodukt.
Landbruks- og matpolitikken har fire overordna mål: mattryggleik, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. I dei årlege jordbruksoppgjera forhandlar regjeringa og næringa om rammene for jordbruks- og matpolitikken for det følgjande året, og mellom anna om den konkrete oppfølginga av både nasjonale og internasjonale forpliktingar. Eit berekraftig landbruk skal medverke til økonomisk vekst og verdiskaping i heile landet, til at det blir tatt miljøomsyn og til at matproduksjonen er godt rusta mot klimaendringar.
I ein situasjon med uro i internasjonale marknader for mat og energi, og sterkt aukande prisar på viktige matvarer internasjonalt, har regjeringa lagt vekt på å sikre nasjonal matproduksjon. Jordbruksavtalen i 2023 bidrar til å trygge matproduksjonen over heile landet, mattryggleik og auka sjølvforsyning. I avtalen er klima og miljø høgt prioritert saman med mjølkeproduksjon. I tillegg har rekruttering og unge bønder, velferdsordningar og landbruk i Nord-Norge blitt prioritert.
Dei samla jordbruksareala i drift er nokså stabile. Husdyrhald bidrar til å halde oppe landbruk over heile landet. Reindrifta utnyttar tilgjengelege ressursar i marginale fjell- og utmarksområde, bidrar til næringsmessig mangfald og er ein sentral berar av samisk kultur.
Ein aktiv bruk av og eit sterkt vern om arealressursane er ein føresetnad for å nå produksjonsmålet i landbruket. Oppdatert nasjonal jordvernsstrategi handlar om vern av areal med dyrka og dyrkbar mark, og av jordsmonnet som substans. Regjeringa vil vurdere å setje eit nytt langsiktig jordvernmål om maksimal omdisponering på 2000 dekar dyrka mark årleg. Nasjonalt miljøprogram for jordbruket er innretta for å følgje opp målet om eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. I nytt nasjonalt miljøprogram er jord og jordhelse inkludert som eit eige miljøtema. Det blir arbeidd med å utvikle og breie ut gode løysingar for jord som eignar seg i praktisk jordbruk.
Norsk fiskeripolitikk er tufta på berekraftig forvaltning, berekraftig produksjon og sunn og trygg sjømat frå både fangst og oppdrett. Viltlevande marine ressursar blir forvalta gjennom kvotereguleringar, tekniske reglar for fiske, strukturtiltak og internasjonalt samarbeid. Ein føresetnad for langsiktig vekst i havbruksnæringa er at det miljømessige fotavtrykket blir halde innanfor akseptable rammer. Utfordringane er mellom anna knytt til lus og rømming, fiskehelse, fiskevelferd og behovet for marine ingrediensar til fôrproduksjon. I tillegg er det viktig å handtere moglege konfliktar som gjeld kystfiske, villaksinteresser, verneinteresser, friluftsliv og turisme. Gjennom god forvaltning, regulering og overvaking legg regjeringa til rette for at det blir produsert sunn og trygg sjømat innanfor berekraftige rammer.
Eit overordna mål for ernæringsarbeidet er eit sunt og variert kosthald blant alle innbyggjarane. Generelt er det god ernæringsstatus i Noreg. Det er likevel utfordringar med for høgt inntak av salt, tilsett sukker og metta feitt, og for lågt inntak av frukt, bær, grønsaker, grove kornprodukt og fisk. Usunt kosthald og feilernæring er ein risikofaktor for sjukdom og tidleg død. Regjeringa følgjer opp kosthaldsarbeidet gjennom Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga 2023 – nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar. Tiltak som skal bidra til betre kostvanar og sosial utjamning i kosthald er mellom anna samarbeid med matvarebransjen og innsats for gode måltid i barnehagar, skular og skulefritidsordningar. Helsedirektoratet har starta arbeidet med revisjon av dei nasjonale kostråda. Vidare vil ein vurdere tiltak for å verne barn og unge mot marknadsføring av usunn mat og drikke. Det nasjonale kosthaldsprogrammet Fiskesprell skal bidra til auka konsum av fisk hos barn og unge.
Den årlege rapporten om utvikling i norsk kosthald syner at forbruket av frukt og bær har gått ned dei siste åra, forbruket av grønsaker har auka litt. Engrosforbruket av kjøt totalt (inkludert kjøtbiprodukt) auka frå 38 til 74 kilo per person per år i perioden 1959–2008. Frå 2015 til 2019 gjekk forbruket noko ned, men det gjekk sidan opp til 79 kilo per person i 2021. Av dette er 53 kg raudt kjøt. Forbruket av fisk og sjømat har gått ned med 12 prosent (rekna som heil ureinsa fisk) sidan 2015. Forbruket har endra seg lite dei siste åra.
Matproduksjon er avhengig av klimatiske forhold. Tilpassing til klimaendringar vil framover vere viktig for å sikre berekraftig produksjon i norsk landbruk, fiske og oppdrett. I 2023 har regjeringa lagt fram stortingsmeldinga Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn, der det mellom anna er foreslått å oppnemne ei bredt samansett arbeidsgruppe med medlemmer frå forsking, næring og forvaltning, som skal gjennomgå klimatilpassing i landbruket. Deretter skal ein vurdere korleis landbrukssektorens verkemiddel kan nyttast for å legge til rette for klimatilpassing og klimarobuste driftsformer. Staten har inngått ein klimaavtale med jordbruksnæringa, som skal bidra til at Noreg når dei internasjonale forpliktingane om lågare klimagassutslepp.
Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk er avgjerande for å tilpasse matproduksjonen til endra klima, nye plantesjukdommar og skadegjerarar. I 2019 fastsette Landbruks- og matdepartementet strategien Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk, og i 2022 er det arbeidd med ein tiltaksplan for å setje strategien i verk. Frøformeira planter blir lagra i ein felles nordisk genbank, medan vegetativt formeira planter blir bevart i nasjonale klonarkiv. Gjennom drifta av Svalbard globale frøkvelv bidrar Noreg til langtidslagring av frø frå heile verda i tråd med internasjonal standard for genbankar. Årleg gir Noreg eit bidrag til FN-fondet for plantegenetiske ressursar på 0,1 prosent av norsk såvareomsetnad. I 2022 ga Noreg 40 millionar ekstra til fondet for å støtte småbønder i utviklingsland. I Noreg er 16 av dei nasjonale småfe-, storfe- og hesterasane i landbruket rekna som bevaringsverdige og definerte som truga. I 2022 er ingen raser av dei bevaringsverdige storferasane lenger kategoriserte som kritisk trua.
Internasjonalt er innsatsen for auka berekraftig matproduksjon og god ernæring styrkt dei seinare åra. Mattryggleik er ei hovudprioritering i utviklingspolitikken. Den globale mattryggleiken er blitt verre for kvart år sidan 2014, og FN har rekna ut at rundt 828 millionar menneske opplevde vedvarande usikker mattilgang i 2021. Væpna konfliktar og klimaendringar er dei viktigaste årsakene til matmangel og svolt. Sårbarheitene i dei globale matsystema er blitt ekstra synlege under pandemien og etter den russiske invasjonen av Ukraina.
Regjeringa lanserte hausten 2022 strategien Kraftsamling mot svolt – ein politikk for aukasjølvforsyning. Strategien er ein spissa innsats for å endre matsystema i utviklingsland og vektlegg tiltak for å styrkje småskalaprodusentars verdikjeder og klimarobust matproduksjon. Hovudprioriteringane er betre produktivitet, redusert produksjonstap, velfungerande lokale verdikjeder og marknader, betre tilgang på sunn, variert og trygg mat og førebygging og rask heilskapleg innsats. Regjeringa fører òg vidare Strategi for klimatilpasning, forebygging av klimarelaterte katastrofer og sultbekjempelse, som vart lansert i 2021.
Samla norsk bistand til landbruk, fiskeri og mattryggleik auka frå 3,0 milliardar kroner i 2021 til 3,6 milliardar kroner i 2022. Stortinget vedtok i år ei ekstraordinær løyving retta mot utviklingsland for å handtere ringverknadene av krigen i Ukraina. Løyvinga var fordelt likt mellom humanitær bistand og mattryggleik.
Berekraftig forvaltning av natur er grunnleggjande for å sikre og styrkje mattryggleiken. Gjennom Klima- og skoginitiativet bidrar Noreg til å kjempe mot avskoging og skogdegradering, for vern og restaurering av karbonrike myrar og mangroveskogar, fremje god arealplanlegging i land med tropisk skog og styrkje dei tradisjonelle matsystema til urfolk. Noreg bidrar aktivt i FN-organisasjonane med mandat innanfor mattryggleik, ernæring og langsiktig utvikling av landbruk og fiskeri og i det globale programmet for landbruk og mattryggleik frå Verdsbanken. Noreg deltok òg aktivt i dei internasjonale forhandlingane om naturmangfald. Det globale Kunming-Montreal-rammeverket for naturmangfald, som vart vedtatt i desember 2022, inneheld ei rekkje mål knytte til berekraftig matproduksjon.
Mål 3: Sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder
Eit systematisk folkehelsearbeid og ei velfungerande og tilgjengeleg helse- og omsorgsteneste legg grunnlaget for at nordmenn flest har god helse og god livskvalitet. Folkehelsa i Noreg er generelt god og den forventa levealderen er blant dei høgaste i verda, men det er framleis store sosiale helseforskjellar. I 2022 var forventa levealder 84,3 år for kvinner og 80,9 år for menn. Dette er ein nedgang frå 2021, grunna koronapandemien, eit trekk ein ser over heile verda. Forventa levealder var i perioden 2014–2020 høgast for dei med høgare utdanning og lågast for menn med grunnskule som høgast fullførte utdanning. Med høgare levealder aukar både talet på eldre i befolkninga og kor stor prosentdel dei utgjer. Fleire vil leve med kroniske sjukdommar og demens. Samstundes lever mange eldre lenger med god helse og funksjonsevne og har aktive liv, sjølv med kronisk sjukdom.
Folkehelsepolitikken, særleg arbeidet med å jamne ut sosiale forskjellar i helse og livskvalitet, skal bidra til å styrkje den sosiale berekrafta i samfunnet. Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar, vart lagd fram våren 2023 og er ein nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar. Tiltaka i meldinga er innretta slik at dei er best for dei som treng det mest, men samstundes er bra for alle. Folkehelsepolitikken skal bidra til å redusere sårbarheita og auke motstandskrafta i samfunnet. God helse og livskvalitet gir i seg sjølv styrkje, og ei effektiv organisering av arbeidet med å verne og fremje folkehelsa på tvers av sektorar bidrar til betre evne til å handtere kriser.
Regjeringa vil legge fram ein Nasjonal helse- og samhandlingsplan som ei melding til Stortinget. Saman med Folkehelsemeldinga og Helseberedskapsmeldinga vil denne meldinga utgjere dei overordna rammene for helse- og omsorgspolitikken til regjeringa. Målet er betre helse og meistring i befolkninga, betre ressursbruk og betre pasient- og brukaropplevingar. Arbeidet med å fremje helse og livskvalitet blir følgt opp gjennom ei rekkje meldingar, nasjonale strategiar og handlingsplanar, mellom anna på levevaneområdet.
I 2022 vart det meldt 245 hiv-tilfelle, mot 102 i 2021. Auka heng saman med at fleire hiv-positive personar kom til Noreg. 78 prosent var smitta før dei kom til Noreg. Folkehelseinstituttet antar at langtidstrenden med nedgang i talet på hivtilfelle i den norske populasjonen held fram. Mest utsett for hiv-smitte er framleis menn som har sex med menn og heteroseksuelle menn på reise i utlandet, særleg til Søraust-Asia. Nasjonal strategi for arbeidet mot virale leverbetennelser (hepatitter) er evaluert og gjeld framleis. Innvandrarar frå land med høg førekomst av hepatitt B er den viktigaste risikogruppa i Noreg. Det var berre 12 tilfelle diagnostisert med kronisk hepatitt B i 2022 som var antatt smitta i Noreg. Det er god tilgang på nødvendig behandling, og vi er på god veg til å eliminere hepatitt C som eit folkehelseproblem. I 2023 synest det så langt å vere same overordna tendens som i 2022 når det gjeld førekomst av både Hiv og hepatitt.
Psykisk helse er ei stor folkehelseutfordring og eit av dei viktigaste satsingsområda til regjeringa. Folkehelsemeldinga har brei omtale av korleis psykisk helse og livskvalitet kan fremjast gjennom godt folkehelsearbeid. Det er i gang eit omfattande program for folkehelsearbeid, der målet er å utvikle tiltak som kommunane kan bruke for å førebyggje psykiske plager og lidingar, fremje lokalt rusførebyggjande arbeid og fremje god psykisk helse og livskvalitet. Regjeringa vil setje i gang tiltak for å auke den psykiske helsekompetansen i befolkninga, mellom anna gjennom innbyggjarkampanjen ABC for god psykisk helse. Trøndelag fylkeskommune skal gjennomføre ein pilot 2022–2024 som skal danne grunnlaget for ein nasjonal kampanje.
Våren 2023 la regjeringa fram ein opptrappingsplan for psykisk helse. Hovudområda er det helsefremjande og førebyggjande psykiske helsearbeidet, gode tenester der folk bur og tilbodet til dei med langvarige og samansette behov. Målet er at fleire skal oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og at dei som har psykiske plager og lidingar, skal få god og lett tilgjengeleg hjelp. Regjeringa vil legge fram ein nasjonal livskvalitetsstrategi i 2024 for å utvikle mål og verkemiddel for å sikre ei samfunnsutvikling som utjamnar sosiale forskjellar i livskvalitet og som òg speglar av befolkninga si oppleving av kva som er viktig for eit godt liv. SSB har fått i oppdrag å utvikle eit indikatorrammeverk som kan nyttast til å følge utviklinga av livskvalitet og til politikkutforming. Rapport med indikatorrammeverket ligg føre hausten 2023.
Regjeringa arbeider for å førebyggja sjølvmord og følgjer opp tiltak i Handlingsplan for forebygging av selvmord 2020–2025 – Ingen å miste, m.a. ein pilot for å kartleggja alle sider ved kvart enkelt sjølvmord både innanfor og utanfor helsetenesta. I planen vart nullvisjon for sjølvmord i Noreg etablert. Sjølvmord er blant dei viktigaste årsakene til for tidleg død, særleg blant menn. I 2022 var det ein reduksjon i talet på registrerte sjølvmord i Noreg samanlikna med dei siste åra. Samstundes er det ikkje mogleg å seie noko sikkert om tidstrendar ut frå eit enkelt år, og det blir derfor viktig å følgja utviklinga i tida framover. Sjølvmordsraten låg i 2022 innanfor det ein kan forventa av tilfeldig variasjon frå år til år.
Regjeringa arbeider med ei førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet som skal leggjast fram i 2024, og som òg omfattar eit nasjonalt program for rusførebyggjande arbeid blant barn og unge. Føremålet med reforma er mellom anna å førebyggje og redusere negative konsekvensar av rusmiddelbruk for enkeltpersonar og for samfunnet. Dette inneber å halde rusmiddelbruken i samfunnet på et lågt nivå og førebyggje bruk av alle typar rusmiddel, både alkohol, vanedannande legemidlar, dopingmidlar og narkotika, særleg blant barn og unge. Reaksjonane på narkotikabruk skal vere forholdsmessige. Det er nødvendig å gjere endringar slik at menneske med rusavhengigheit blir møtt med helsehjelp – ikkje med straff. Kunnskapsbasert metodikk skal ligge til grunn for både førebyggjande innsatsar og behandlings- og oppfølgingstenester.
Narkotikautløyste dødsfall er den tredje hyppigaste dødsårsaka blant personar under 50 år. Talet på dødsfall har variert rundt eit gjennomsnitt på 269 dødsfall per år sidan 2010. Tiltaka i den nasjonale overdosestrategien vart vidareført i 2023, og regjeringa vil kome tilbake til arbeidet med narkotika- og legemiddelutløyste dødsfall i førebyggings- og behandlingsreforma for rusfeltet.
Noreg har slutta seg til WHOs mål om å redusere talet på personar som døyr tidleg av ikkje-smittsame sjukdommar (NCD-sjukdommar) med ein tredjedel innan 2030, med utgangspunkt i tala frå 2015. Målet er forankra i berekraftsmål 3.4 og er ei vidareføring av mål som vart sette i WHOs handlingsplan for førebygging og kontroll av NCD-sjukdommar 2013–2020, som er forlenga til 2030. Regjeringa vil legge fram ein heilskapleg NCD-strategi mot 2030 som viser retninga og satsingsområda innan folkehelsearbeidet og i helse- og omsorgstenesta. Strategien vil bygge på politikk frå mellom anna Folkehelsemeldinga og Nasjonal helse- og samhandlingsplan. Helsetenesta si rolle i førebygging skal styrkast.
Folkehelsemeldinga legg eit godt grunnlag for å fremje fysisk aktivitet både blant barn og unge og blant vaksne og eldre, bl.a. gjennom aktivitetsfremjande innsats i lokalsamfunn og nærmiljø og gjennom oppfølginga av Handlingsplan for fysisk aktivitet 2020–2029. Fysisk inaktivitet er ein risikofaktor for utvikling av NCD-sjukdommar, og Noreg ligg framleis langt unna å nå målet om 15 prosent nedgang i fysisk inaktivitet innan 2030 samanlikna med 2015. Særleg gjeld dette blant barn og unge.
Usunt kosthald er ein av dei viktigaste risikofaktorane for utvikling av NCD-sjukdommar og for tidleg død. For å finne dei mest effektive tiltaka for eit sunnare kosthald og reduksjon i sosial skilnad i kosthaldet, har regjeringa mellom anna sett ned ei ekspertgruppe som skal kome med forslag til dei mest effektive tiltaka. Det skal innførast forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke overfor barn.
I Folkehelsemeldinga vart det stadfesta at nasjonal alkoholstrategi skal vidareførast fram mot år 2030 med mål om 20 prosent reduksjon samanlikna med 2010, i tråd med målsettinga til WHO. Det vart vidare slått fast at hovudprioriteringane i alkoholstrategien skal vidareførast, og at innsatsen skal forsterkast på enkelte område, særleg innsatsen mot alkoholskadar som rammar barn og unge. Under pandemien har det registrerte alkoholsalet vore høgare enn normalt, og låg i 2021 på 7,44 liter rein alkohol per innbyggjar. Dette må hovudsakleg sjåast på som ei følgje av nedgang i grense- og taxfreehandel og redusert sal på restaurantar. I 2022 var det ein nedgang i det registrerte alkoholsalet, til 6,64 liter rein alkohol per innbyggjar. For å halde oppe ein konsistent og heilskapleg alkoholpolitikk må omsynet til folkehelsa vege tungt, sett opp mot andre omsyn, til dømes auka tilgang og næringsutvikling. For å nå målet om 20 prosent reduksjon i skadeleg bruk av alkohol innan 2030 er det nødvendig å verne om dei mest effektive alkoholpolitiske verkemidla, og som er ein viktig del av norsk alkoholpolitikk.
Røyking er framleis den enkeltfaktoren som bidrar mest til sjukdom og for tidleg død, og som òg særleg bidrar til sosial ulikskap i helse. Tal for 2022 viser at 14 prosent av innbyggjarane (16–74 år) røykjer, av dei sju prosent dagleg. 19 prosent brukar snus, 15 prosent dagleg. Regjeringa har som del av Folkehelsemeldinga lansert ein ny tobakksstrategi med desse hovudmåla:
- Delen daglege røykarar og snusbrukarar skal vere under fem prosent i alle alders- og utdanningsgrupper.
- Barn fødde i 2010 og seinare skal ikkje bruke tobakksvarer m.m.
- Alle som ønskjer det, skal få tilbod om gratis hjelp til å slutte å røyke.
- Tilgangen til tobakksvarer m.m. skal bli vesentleg redusert for å verne barn og unge.
- Ingen skal bli plaga av passiv røyking.
- Tobakksindustrien skal ikkje kunne påverke tobakkspolitikken, i tråd med dei internasjonale forpliktingane våre.
Delen eldre vil auke vesentleg i åra som kjem. Regjeringa vil bidra til ei meir berekraftig helse- og omsorgsteneste i kommunane, mellom anna ved hjelp av digitalisering, innovasjon og ny teknologi, førebygging, betre tilgang til personell og kompetanse og betre måtar å organisere oppgåver, ansvar og tenester på. Regjeringa vil etablere ei helseteknologiordning, og har lagt fram Meld. St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – bu trygt heime. Dei overordna måla med reforma er å bidra til at eldre kan bu trygt heime, og at behovet for helse- og omsorgstenester blir utsett gjennom betre planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester. Vidare vil regjeringa sikre betre bruk av personell og dei samla ressursane, og gjennom dette bidra til at alle som treng det får tilgang på gode og trygge tenester. For å nå målet om at eldre skal kunne bu i eigen bustad lengst mogleg dersom dei kan og vil, legg Bu trygt heime-reforma til grunn ei tverrsektoriell tilnærming til aldersvenleg samfunnsutvikling for å bidra til ei aktiv og sjølvstendig alderdom.
Det nasjonale nettverket for aldersvennlege kommunar vil hausten 2023 bli knytt til Verdas helseorganisasjon sitt Globale netverk for aldersvennlege byar og lokalsamfunn, og bidra i FN sitt Decade of Healthy Ageing.
Menneske kan bli utsette for miljøgifter frå produkt dei omgir seg med, og via drikkevatn, mat, byluft, støv og inneluft. Noreg ligg langt framme når det gjeld nedkjemping av vassborne sjukdommar. Noreg er eit av dei landa i Europa der det er lågast risiko for tidleg død på grunn av lokal luftforureining frå vegtrafikk og andre kjelder. Utslepp frå vegtrafikk og vedfyring er dei viktigaste lokale kjeldene til luftforureining i Noreg. Luftkvaliteten blir påverka av meteorologiske høve, variasjonar i lokale utslepp, langtransportert luftforureining, og kva for tiltak som blir gjennomført. Svevestøv og nitrogendioksid (NO2) står for det meste av lokal luftforureining i Noreg, men det har i dei siste åre vore ein vesentleg nedgang i nivåa av NO2 som følgje av reduserte utslepp frå køyretøyparken. Frå 1. januar 2022 vart grenseverdiane for kor mykje svevestøv som er tillate i utandørs luft, stramma inn.
Trafikktryggleiksarbeidet byggjer på ein visjon om at det ikkje skal finnast ulykker med drepne eller hardt skadde i transportsektoren – nullvisjonen. Det er ein ambisjon i Nasjonal transportplan 2022–2033 (NTP) at det innan 2030 maksimalt skal vere 350 drepne og hardt skadde i vegtrafikken, og maksimalt 50 drepne. Ingen skal omkome i vegtrafikken i 2050. I 2021 omkom 80 personar i trafikken, det lågaste talet sidan 1944. I 2022 var det derimot ein auke i talet på omkomne i trafikken. 116 personar omkom i trafikkulykker i 2022, det høgaste talet sidan 2016. Det er framleis for tidleg å seie noko om årsaker til auken i talet på ulykker i 2022.
Regjeringa vil i 2023 legge fram ei stortingsmelding for å gi politisk og strategisk retning for norsk helseberedskap. Bakteppet er eit meir samansett og krevjande trusselbilete. Beredskap har blitt viktigare og må ha auka prioritet. Med utgangspunkt i våre sårbarheiter vil regjeringa sikre ein motstandsdyktig helseberedskap med føremål om å vareta liv og helse.
Internasjonalt er global helse ei av hovudsatsingane. Noreg bidrar til betre helsedekning, helsefremjande arbeid og helsetryggleik i dei fattigaste landa, til styrking av seksuell og reproduktiv helse, til å fremje mødre- og barnehelse, og til globalt samarbeid om pandemiberedskap, -førebygging og -respons.
Ikkje-smittsame sjukdommar utgjer den største sjukdomsbyrda globalt. Noreg bidrar til å styrkje primærhelsetenesta i fleire låginntektsland med førebygging, diagnostisering og behandling av desse sjukdommane. Regjeringa held ved lag satsinga på global helseforsking for å bidra til varige forbetringar i helsetilstanden til sårbare grupper i låg- og mellominntektsland. Norsk bistand legg vekt på institusjonssamarbeid som eit ledd i arbeidet med å sikre universell helsedekning.
Noreg tok på seg ei leiarrolle i arbeidet for å sikre likeverdig global tilgang til legemiddel, vaksinar og testar i kampen mot koronapandemien, mellom anna som med-leiar av fasiliteringsrådet for det globale samarbeidet Access to Covid-19 Tools Accelerator (ACT-A). I ettertid har Noreg tatt initiativ til, og sikra gjennomføring av, ei uavhengig evaluering av ACT-A, og leia dialogen rundt ei av anbefalingane frå evalueringa; spørsmålet om etablering av ein varig plattform for medisinske mottiltak.
Helseberedskapen i Noreg er avhengig av velfungerande internasjonale system og global deling av kunnskap og informasjon. Det er derfor avgjerande at òg andre land har god evne til å førebyggje, oppdage og handtere utbrot av smittsame sjukdommar. WHO er viktig for å fremje norske helsepolitiske interesser og er ein viktig kanal for norsk helsebistand. Noreg arbeider for å sikre fagleg sjølvstende og mynde til WHO, og for tiltak som kan bidra til meir samarbeid, betre informasjonsflyt og meir openheit mellom land og WHO i kriser. Norge samarbeider òg med EU om beredskap, og deltar aktivt i helseberedskapsdirektoratet HERA.
Pandemien har vist at europeisk samarbeid er avgjerande for å handtere grensekryssande helsetruslar. Den nye helseunionen vil bidra til at EU er betre rusta til å møte akutte helsekriser og meir langsiktige folkehelseutfordringar. Noreg deltek i forskings- og innovasjonsprogrammet Horisont Europa og helseprogrammet EU4Health.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte målet om god helse i sju land i EØS. Støtta er primært retta mot å utvikle eit meir robust, effektivt og inkluderande helsevesen.
Mål 4: Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle
Noreg har eit høgt utdanningsnivå. I 2022 gjekk 97,1 prosent av alle barn mellom 3 og 5 år i barnehage. Alle barn har rett og plikt til grunnskuleopplæring frå det året dei fyller 6 år, og til dei har fullført tiande trinn. I 2022 gjekk 98 prosent av elevane vidare til vidaregåande opplæring, og andelen har halde seg stabil dei siste åra.
Barnehagen skal vareta barnas behov for omsorg og leik og fremje læring og danning, og barna skal møte trygge vaksne med god og rett kompetanse. Dei fleste barn går i barnehage, men barn i familiar med låg inntekt er underrepresenterte.
Regjeringa ønskjer at barnehage skal vere billegare for alle. Frå august 2022 vart maksimalprisen redusert til prisnivået frå barnehageforliket i 2003, og frå januar 2023 vart maksimalprisen redusert ytterlegare. Frå august 2023 er barnehage gratis for det tredje barnet i same familie som går i barnehage samstundes. Regjeringa foreslår i 2024 å redusere maksimalprisen ytterlegare, slik at maksimalprisen for eit ordinært heiltidstilbod frå 1. august 2024 blir 2 000 kroner per månad.
Grunnopplæringa skal sikre inkludering, meistring og kvalifisering. Den norske fellesskulen skal gi elevane gode fagkunnskapar, ferdigheiter og eit breitt grunnlag for vidare utdanning, arbeid og deltaking i samfunnslivet. Opplæringa skal bidra til eit berekraftig samfunn med små skilnader og høg tillit. Regjeringa vil ha ein fellesskule som er så variert og god at alle elevar kan trives, lære og utvikle seg. Regjeringa vil legge fram ei melding om 5.–10. trinn som har som hovudmål å styrkje elevane sin motivasjon, meistring, læring og utvikling, mellom anna gjennom å legge betre til rette for at elevane skal oppleve ein meir praktisk og variert skule.
Kompetansen til dei tilsette er avgjerande for kvaliteten i tilbodet i barnehage og skole. Regjeringa vil arbeide for å rekruttere, utdanne og behalde fleire lærarar. Vi treng eit større studentmangfald i lærarutdanningane. Derfor har regjeringa finansiert eit nasjonalt rekrutteringsprosjekt til lærarutdanningane, som mellom anna legg vekt på mangfaldig rekruttering.
Regjeringa er i gang med å utvikle eit system for kompetanse- og karrieutvikling for lærare og andre tilsette i barnehage og grunnopplæring. Utgangspunktet for arbeidet er forslaga til utvalet for etter- og vidareutdanning i NOU 2022: 13 Med videre betydning og høyringen til denne. Systemet skal etter planen starta opp hausten 2025 med vidare planer for oppbygging. Systemet skal bidra til å gjere læraryrket meir attraktivt, slik at fleire blir i yrket og rekrutteringa til lærarutdanning og læraryrket aukar.
Læreplanverket definerer tre tverrfaglege tema: folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. Alle elevar skal tileigne seg kompetanse som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling. Det nye læreplanverket blir evaluert i perioden 2020–2025. Eit uavhengig programstyre leier arbeidet. Regjeringa har sett ned eit partssamansett utval som skal gå gjennom kvalitetsvurderingssystemet i skulen og føreslå endringar i prøver, verktøy og datakjelder med mål om å legge betre til rette for kvalitetsutvikling på alle nivå i skulen. Utvalet leverte ein delrapport i januar 2023 og sluttrapport leverast hausten 2023.
Tidleg innsats og inkluderande fellesskap er viktig for å motverke kjønnsforskjellane i skulen. God kompetanse hos lærarane vil vere eit viktig bidrag for å tilpasse opplæringa til kvar enkelt elev ut frå føresetnadene deira. Kompetanse om likestilling og kjønn er ein viktig del av kva elevane skal lære i faga.
Aldri før har fleire fullført vidaregåande opplæring. 81 prosent av elevane som starta vidaregåande opplæring i 2016 fullførte, ein auke på 9 prosentpoeng sidan 2006. Gutar fullfører i mindre grad enn jenter. På yrkesfag er det 70 prosent som fullfører, mot 90 prosent på studieførebuande utdanningsprogram. Regjeringa har som mål at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring, og at alle får høve til å lære heile livet.
Regjeringa la 24. mars 2023 fram Meld. St. 13 (2022– 2003) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høgare utdanning. I meldinga omtalar regjeringa pågåande prosessar og prioriterte innsatsområde som vil bidra til å gjere det enklare og meir attraktivt å velje samisk på alle nivå i utdanninga. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet.
Regjeringa er oppteken av å løfte kompetansen i heile arbeidslivet og har lagt fram ei melding til Stortinget om kompetansebehovet i arbeidslivet på kort og lang sikt. Lokale studiesenter får eit særleg ansvar for å legge til rette for utdanning der folk bur, basert på lokale kompetansebehov. Regjeringa har sett ned eit utval for ein kompetansereform for arbeidslivet. Utvalet består av representantar frå partane i arbeidslivet. Utvalet skal mellom anna greie ut korleis det kan leggjast enda betre til rette for læring i arbeidslivet og korleis stimulere til meir etter- og vidareutdanning. Trepartssamarbeidet gir eit godt grunnlag for å oppnå felles mål. Regjeringa har ført vidare Kompetansepolitisk råd og vil forme kompetansereforma i samarbeid med arbeidslivet gjennom samarbeid i rådet.
Fagskulane speler ei sentral rolle for å tilby spesialisert kompetanse til folk i alle aldrar over heile landet. Derfor har regjeringen i 2023 tildelt 150 millonar til desentraliserte studietilbod i både høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. I tillegg er 50 millonar i driftsstøtte tildelt studiesenter over heile landet, som skal bidra til å gjere studiar meir tilgjengeleg uavhengig av bustad. Regjeringa vil òg legge fram ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning i 2025.
Det er registrert 26 650 studentar i høgare yrkesfagleg utdanning. I 2021 blei 10 897 studentar uteksaminerte. Dette er ei auke på om lag 31 prosent frå 2020 og 62 prosent frå 2019. Fullføringa ligg jamt på kring 65 prosent. Fagskuleutdanning har gått frå å vere mannsdominert til å nærme seg kjønnsbalanse, samstundes som det er ei sterk kjønnssegregering mellom utdanningskategoriar. Stadig fleire med innvandrarbakgrunn tar òg fagskuleutdanning, og det er ein vekst på om lag ti prosent det siste tiåret.
Berekraftsmåla spelar ei stadig viktigare rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet, og universiteta og høgskulane er sentrale i arbeidet med å nå berekraftsmåla. Noreg treng både verdsleiande fagmiljø og høg kvalitet i heile breidda av forsking og høgare utdanning for å utvikle og ta i bruk ny kunnskap for verdiskaping, omstilling og berekraft. Berekraftsagendaen er tatt inn i måla i den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (2023–2032) og set tydeleg preg på dei tematiske prioriteringane, mellom anna klima, miljø og energi.
I 2022 var det om lag 298 000 registrerte studentar i høgare utdanning. Pandemien har ikkje gått ut over fullføringa til studentane, i 2022 var det om lag like mange som i 2021 som fullførte ein bachelor eller master på normert tid. Talet på studentar i høgare utdanning varierer over tid, mellom anna med oppgang under pandemien og etterfølgjande nedgang i 2022, men det er få endringar i den demografiske samansetninga av studentpopulasjonen.
Internasjonalt er god og relevant utdanning avgjerande for høg sysselsetjing, berekraftig økonomisk vekst, sosial utjamning og kampen mot fattigdom. Dei fleste av ungane i verda får grunnutdanning, òg i fattige land, men det er likevel 244 millionar barn og unge som ikkje går på skule. Over halvparten av alle barn som ikkje går på skule, bur i land prega av krise og konflikt. Utdanning av jenter reduserer risikoen for barneekteskap og tidleg graviditet. Jenter er framleis underrepresenterte i utdanning i utviklingsland. Kvaliteten på utdanninga er svært låg i mange land. Meir enn 600 millionar barn og unge i verda er ikkje i stand til å tileigne seg grunnleggande ferdigheiter i lesing og matematikk, sjølv om to tredjedelar av dei går på skulen.
Utdanningsstøtta blir ført vidare på eit høgt nivå. Det blir særleg lagt vekt på utdanning i krise og konflikt, utdanning for jenter og seksualitetsundervisning, utdanning og klima, skulemat og yrkesopplæring i sentrale næringar som klimasmart landbruk, rein energi og mattryggleik. Ein stor del av utdanningsbistanden blir kanalisert gjennom multilaterale organisasjonar og fond som UNICEF, UNESCO, Det globale partnarskapet for utdanning og det globale fondet Education Cannot Wait. Norske og lokale sivilsamfunnsorganisasjonar og styresmakter i partnarland er òg viktige kanalar for norsk støtte.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte målet om god utdanning i sju land i EØS. Støtta er primært retta mot utdanning, stipend, lærlingordningar og ungt entreprenørskap.
Mål 5: Oppnå likestilling og styrkje stillinga for jenter og kvinner i samfunnet
I World Economic Forum sin Gender Gap Report 2023 er Noreg nr. to i likestilling av 146 vurderte land. Rangeringa er basert på dei fire hovudområda yrkesdeltaking, utdanning, helse og politisk gjennomslag. Noreg har redusert forskjellane mellom kvinner og menn med 3,4 prosent samanlikna med 2022.
Sjølv om Noreg ligg på toppen av statistikken over likestilte land, og dei fleste andre ser til oss, vil regjeringa oppnå meir. Regjeringa vil ha ein forsterka innsats i likestillingspolitikken gjennom ein strategi for likestilling mellom kvinner og menn. Likestillingsstrategien har seks hovudprioriteringar: Økonomisk sjølvstende og eit likestilt arbeidsliv, færre kjønnsdelte utdanningsval, eit samfunn utan vald, seksuell trakassering og netthets, fridom frå negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, betre kvinnehelse og likestillingsutfordringane til menn.
Norske kvinner tar i stor grad del i arbeidslivet. Skilnaden mellom sysselsetjingsgraden til menn og kvinner er blant dei minste i OECD, men arbeidsmarknaden er kjønnsdelt. Kvinner og menn jobbar i ulike delar av arbeidsmarknaden, i ulike yrke, næringar og sektorar. 85 prosent av arbeidstakarar i Noreg jobbar i eit kvinne- eller mannsdominert yrke. Langt fleire kvinner enn menn jobbar deltid. Deltid er med på å halde oppe kjønnsforskjellane i arbeidslivet. Heiltidskultur er viktig i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Det er viktig for å sikre økonomisk fridom og sentralt for medverknaden, tryggleiken og føreseielegheita til arbeidstakarane. Regjeringa vil derfor sikre ei heiltidsnorm i arbeidslivet. Regjeringa har i 2023 sett av midlar til ein treårig heiltidspott for å gjennomføre forsøk for å redusere bruken av deltid og auke bruken av heiltid.
I 2022 tente kvinner i gjennomsnitt 87,6 prosent av løna til menn, mot 87,9 prosent året før. Ein del av forklaringa er lav lønsvekst i kommunesektoren, der mange kvinner arbeider. Ser ein berre på heiltidstilsette var lønsforskjellane uendra det siste året. Lønsforskjellane har over tid minka. Tar ein omsyn til at kvinner og menn er fordelte ulikt i arbeidsmarknaden, blir lønsforskjellane ifølge TBU reduserte til under 5,4 prosent. Frå 2020 er det innført nye reglar om lønskartlegging fordelt på kjønn for arbeidsgivarar. Opplysningane skal kome fram av årsrapporten eller eit anna offentleg dokument. Lønskartlegginga gir arbeidsgivarar grunnlag for å vurdere om det er lønsskilnader mellom kvinner og menn, slik at dei kan setje inn tiltak. Dei tilsette får høve til å samanlikne løna si med gjennomsnittet for eiga stillingsgruppe.
Det er partane i arbeidslivet som har ansvar for lønsdanninga. Regjeringa vil bidra til høg organisasjonsgrad, mellom anna ved å doble fagforeiningsfrådraget. Regjeringa ønskjer òg eit forsterka trepartssamarbeid. I mars 2023 sette regjeringa ned eit utval som skal sjå på omfang og utvikling av låge løningar. Utvalet skal m.a. sjå på kjenneteikn ved låglønte, under dette kjønn. Utvalet skal òg vurdere eksisterande verkemiddel og institusjonelle forhold med betyding for omfanget av lågløn og eventuelt foreslå endringar i dei.
Det er langt færre kvinner enn menn i toppen av norsk næringsliv. Ifølgje CORE Topplederbarometer 2022 er 15,5 prosent av administrerande direktørar i dei 200 største norske selskapa kvinner. Færre enn tre av ti toppleiarar utanfor styret er kvinner. Det er nesten tre gonger så mange menn som kvinner som har styreverv. Kvinner fyller 20 prosent av styreverva i aksjeselskap og 43,1 prosent i allmennaksjeselskap. Forsking tyder på at ein viktig faktor er at kvinner tar meir omsorgsansvar heime. Regjeringa vil arbeide for meir kjønnsbalanse på toppen av det private næringslivet, og har foreslått lovregulering av krav til samansetjinga av kjønn i styret i fleire selskap enn dei som har det allereie, mellom anna i aksjeselskap med fleire enn 30 tilsette eller med drifts- og finansinntekter over 50 millionar kroner. Kongen kan gi nærare overgangsreglar om ei gradvis innføring av krav til kjønnssbalanse i norske styrer. Det er likevel slik at overgangsperioden ikkje kan gjelda lenger enn fram til 1. juli 2028.
Ser ein på alle føretak (private og offentlege eigde) og ikkje berre dei 200 største, var andel kvinnelege administrerande direktørar ifølgje TBU auka frå 19 prosent i 2016 til 22 prosent i 2022. I offentleg forvaltning var andelen kvinnelege toppleiarar 45 prosent i 2022.
Seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar er alvorleg kriminalitet som skal prioriterast høgare i heile straffesakskjeda – frå førebygging til straffegjennomføring. Kvinner blir i større grad enn menn utsette for vald i nære relasjonar, seksuell trakassering, valdtekt, negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, kjønnslemlesting og tvangsekteskap. Når det gjeld negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting, blir dette følgt opp gjennom handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024). Viktige innsatsområde er kompetanseheving av tilsette i hjelpetenestene og styrking av rettsvernet for utsette personar. I februar 2023 vart det utnemnt eit offentleg utval som skal greie ut problemstillingar knyt til valdtekt. Utvalet skal levere sin rapport våren 2024. Regjeringa arbeider med ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Planen skal òg omfatte negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Planen skal mellom anna bidra til den norske gjennomføringa av Europarådskonvensjonen for å førebyggje og kjempe mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar (Istanbulkonvensjonen) og Europarådskonvensjonen om vern av barn mot seksuell utnytting og seksuelt misbruk (Lanzarotekonvensjonen). Krisesentertilbodet er eit av dei viktigaste hjelpetilboda for utsette for vald i nære relasjonar. Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å greie ut lovendringar og vurdere tiltak for å styrkje kvaliteten i krisesentertilbodet.
Det er ei absolutt 18-årsgrense for å inngå ekteskap i Noreg. Etter ei lovendring våren 2021 er det vedteke at ekteskap som er inngått før partane er 18 år etter utanlandsk rett, som ein klar hovudregel ikkje vil bli anerkjende i Noreg. Lovendringa er ikkje satt i verk.
I Hurdalsplattforma har regjeringa varsla at arbeidet mot seksuell trakassering skal styrkjast, og at ILO-konvensjon nr. 190 om avskaffing av vald og trakassering i arbeidslivet skal ratifiserast. Konvensjonen vart vedtatt på ILOs arbeidskonferanse i 2019 og vart sett i kraft i juni 2021. Konvensjonen er den første internasjonale avtalen som anerkjenner at alle har rett til eit arbeidsliv fritt for vald og trakassering. Stortinget ga 1. juni 2023 sitt samtykke til å ratifisere konvensjonen, og vedtok 5. juni 2023 lovendringar som gjer vernet mot trakassering i arbeidsmiljølova tydlegare.
Regjeringa tar sikte på å legge fram ei stortingsmelding om seksuell trakassering i 2024. Meldinga skal kartlegge omfanget av seksuell trakassering og foreslå førebyggjande tiltak i arbeidsliv, i opplæringssektoren, på kultur- og fritidsarenaer og på internett.
Forsvaret arbeider systematisk med å førebyggje seksuell trakassering. Sakene om mobbing og seksuell trakassering som har kome fram i media det siste året, er døme på at oppfølginga av denne typen saker ikkje har vore god nok. Forsvarssjefen skal ha ei heilskapleg og systematisk tilnærming til tiltak som senkar risikoen for uønskte hendingar og varetar handteringa av varselsaker. I april 2023 vart det oppretta ei generalstilling i Forsvarsstaben som skal leie arbeidet med profesjons- og kulturutvikling og arbeide mot mobbing og seksuell trakassering. Forsvaret skal mellom anna implementere ei ny sentral eining for handtering av varsel, ein ny varslingsprosedyre og oppdaterte fagplanar for utdanning og opplæring i arbeidsgivarrolla.
Internasjonalt er Noreg tydeleg i forsvaret for likestilling og rettar for jenter og kvinner. Regjeringa planlegg å legge fram ein ny handlingsplan for kvinners rettar og kjønnslikestilling i oktober 2023. Noreg prioriterer særleg støtte til seksuell og reproduktiv helse og rettar, inkludert familieplanlegging, prevensjon og trygge abortar. Å motverka vald mot kvinner, å styrkje deira økonomiske og politiske deltaking og å styrkje rolla til kvinner i arbeidet med klima, energi og mattryggleik er andre prioriterte innsatsar i planen.
Kvinner, fred og tryggleik var blant dei norske hovudprioriteringane i FNs tryggingsråd, og i 2022 arbeidde Noreg spesielt med fornyinga av FNs mandat i Afghanistan, og dessutan å inkludere kvinner i all innsats innan fred og tryggleik. Noreg starta i 2022 arbeidet med utvikling av den femte nasjonale handlingsplanen for kvinner, fred og tryggleik, og har òg støtta Ukraina sitt arbeid med oppdatering av den nasjonale handlingsplanen deira.
FN-organisasjonen for kvinnerettar og likestilling (UN Women) og FNs befolkningsfond (UNFPA) er sentrale samarbeidspartnarar i arbeidet for kvinnerettar, inkludert at kvinner har rett til å bestemme over eigen kropp. Regjeringa har òg tett samarbeid med sivilsamfunnsaktørar i arbeidet for internasjonal likestilling, inkludert FOKUS, CARE, Plan og Sex og Politikk.
Noreg har tatt internasjonalt leiarskap i kampen mot seksualisert og kjønnsbasert vald og i å betre tilgangen til seksuelle og reproduktive helsetenester i humanitære kriser. Dette blir mellom anna gjort gjennom støtte til UNFPA, Den internasjonale Raude Kross-komiteen (ICRC), Kirkens Nødhjelp og FN-kontoret for konfliktrelatert seksualisert vald.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte målet om likestilling mellom kjønna i fem land i EØS. Støtta er primært retta mot å førebyggje vald i nære relasjonar.
Regjeringa har som mål at minst 50 prosent av all bilateral bistand skal ha likestilling som hovud- eller delmål. Beløpet auka frå 2021 til 2022, men grunna store løyvingar til Ukraina og til flyktningar i Noreg gjekk prosentdelen ned frå 41 til 35.
Mål 6: Sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle
Noreg har tilfredsstillande sanitærforhold og god tilgang på reint drikkevatn. Om lag 88 prosent av innbyggjarane i landet får vatn frå rapporteringspliktige vassforsyningssystem. Over 99 prosent av desse innbyggjarane har drikkevatn med tilfredsstillande hygienisk kvalitet. Likevel er det behov for tiltak for å hindre framtidige problem. Det kommunale leidningsnettet er generelt i dårleg stand, og lekkasjegraden er høg. I gjennomsnitt lek 30 prosent av produsert og reinsa drikkevatn ut før det når forbrukaren. Ei anna utfordring er at vassforsyningssystema kan vere sårbare for uønskte hendingar. Alle vassforsyningssystem skal ha beredskapsplanar slik at det òg under kriser, katastrofar eller ved konfliktsituasjonar kan leverast nok trygt drikkevatn.
Noreg har fastsett nasjonale mål og sett i verk ei rekkje tiltak i tråd med WHO-/UNECE-protokollen for vatn og helse. Den nye drikkevassforskrifta frå 2017 har strengare krav til drift og vedlikehald av leidningsnettet, beredskap, leveringstryggleik og vern av drikkevasskjelder. Forslag til endringar av enkelte av forskriftane vart sende på høyring i 2022. Folkehelseinstituttet (FHI) kartlegg sjukdomsbyrda som følgje av konsum av drikkevatn. Kartlegginga er forventa å ligge føre i 2023.
Utslepp av kjemikaliar og materiale som kan påverke vasskvaliteten og drikkevatnet er strengt regulerte. Majoriteten av befolkninga er knytt til kommunale reinseanlegg. Om lag 60 prosent av befolkninga er knytte til reinseanlegg der avløpsvatnet blir reinsa biologisk eller kjemisk. Ein stor del av det kommunale leidningsnettet er gamalt og/eller dårleg, og mange avløpsreinseanlegg oppfyller ikkje reinsekrava i forureiningsregelverket. Dette fører til utslepp av ureinsa og dårleg reinsa avløpsvatn.
For langsam fornying av både drikkevass- og avløpsnettet fører til risiko for spreiing av ureinsa avløpsvatn til vassførekomstar og drikkevassnettet, og dermed fare for spreiing av smittsame sjukdommar. Å tilpasse vass- og sanitærsystema til forventa klimaendringar vil vere ei utfordring i ein del kommunar.
For å styrkje og samordne samfunnstryggleiken innanfor vassområdet på grunn av endra risikobilete, forventa klimaendringar og stort vedlikehaldsetterslep, har regjeringa oppretta eit interdepartementalt samarbeidsforum for vatn og avløp med deltaking på departementsrådsnivå frå Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Olje- og energidepartementet. Det er eit arbeid i gang for å revidere dei nasjonale måla for vatn og helse, med ein tverrsektoriell gjennomføringsplan. Det blir teke sikte på å fastsetje revidert nasjonal plan for vatn og helse i 2023.
I oktober 2022 la Europakommisjonen fram forslag til revidert avløpsdirektiv. Noreg har gjennomført gjeldande direktiv i forureiningsforskrifta. Forslaget til revidert direktiv har som føremål å trygge menneske og økosystem frå utilstrekkeleg reinsa avløpsvatn, og å gi eit føreseieleg rammeverk, betre transparens og styring av avløpssektoren. I tillegg skal direktivet bidra til å nå måla i den grøne given, oppnå klimanøytralitet og nullforureining i 2050 og overgang til ein sirkulær økonomi, òg støtte arbeid med folkehelse og berekraftsmål 6. Dette gjer forslaget til revidert direktiv betydeleg meir ambisiøst enn dagens direktiv. Kommisjonen foreslår mellom anna nye reinsekrav for å redusere utsleppa av mikroforureining som bakteriar og virus, mikroplast, legemiddelrestar og miljøgifter som kan transporterast med havstraumane. Direktivforslaget vil krevje endringar i norsk rett dersom det blir vedtatt og innlemma i EØS-avtalen. Klima- og miljødepartementet følgjer den politiske behandlinga av forslaget i EU tett. Det er forventa at eit revidert direktiv blir vedteke i 2024.
Regjeringa arbeider òg med oppfølging av forslaget frå overvassutvalet om verkemiddel i NOU 2015: 16 Overvann i byer og tettsteder – som problem og ressurs. Regjeringa fremma forslag til endringar i plan- og bygningslova om handtering av overvatn i 2022. Forslaget vart vedtatt av Stortinget 27. juni 2022 og skal tre i kraft 1. januar 2024. Forslag til endringar i vass- og avløpsanlegglova og forureiningslova var på høyring i 2020 og er til behandling i Klima- og miljødepartementet. I 2023 har regjeringa lagt fram Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn. Overvatn er eit sentralt tema i meldinga. Her har regjeringa sagt at dei vil vurdere fordelar og ulemper ved å innføre eit eige gebyr for overvatn og greie ut ulike gebyrmodellar. Regjeringa vil òg sende forslag til nytt kapittel i forureiningsforskrifta med krav til etablering, tømming og vedlikehald av sandfang, på høyring og greie ut behov for endringar i forureiningslova om ansvar for skade forårsaka av avløpsanlegg.
Noreg forvaltar nasjonale og grenseoverskridande vassressursar, og vernar og restaurerer vassrelaterte økosystem på ein god måte. Vassdirektivet til EU blir gjennomført gjennom nasjonal lovgiving. I tråd med vassforvaltningsplanane blir det sett i verk tiltak for å oppnå dei økologiske og kjemiske måla for vassførekomstar innan 2033. Planane skal revurderast og om nødvendig oppdaterast kvart sjette år for å sikre ei meir målretta og betre prioritering av innsatsen. Den første oppdateringa av planane vart gjort i oktober 2022. Måloppnåinga auka i planperioden og er forventa å auke ytterlegare som eit resultat av tiltaka som er gjennomførte i den førre og den noverande planperioden. I naturlege vassførekomstar oppnår over 74 prosent i dag god eller særs god økologisk tilstand. For at meir av vatnet skal nå målet, er det behov for miljøforbetrande tiltak. Innanfor jordbrukssektoren blir det mellom anna arbeidd med strengare krav til lagring og bruk av gjødsel. For vasskrafta blir revisjon av miljøvilkåra i konsesjonar nytta i større grad. Den økologiske tilstanden i våtmark er middels. Naturstrategi for våtmark frå juni 2021 har som mål å bremse nedbyggingstakta vi ser i dag, og betre den økologiske tilstanden i våtmark. Fleire av tiltaka i strategien er godt i gang. I nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, forventer regjeringa at omdisponering og nedbygging av karbonrike areal, inkludert myr, tidevass-sump og andre typar våtmark og skog blir unngått så langt som mogleg i kommunale og regionale planar. Restaurering av våtmark held fram etter anna Plan for restaurering av våtmark i Norge (2021–2025), vassforvaltningsplanar, Nasjonal strategi for restaurering av vassdrag 2021–2030 og Oppfølgingsplan for trua natur. I 2023 vart det brukt 35 millionar kroner på restaurering av myr og anna våtmark og gitt tilskot til 77 vassmiljøtiltak i vassdrag.
Det er eit godt samarbeid med nabolanda om grenseoverskridande vassdrag. Noreg har inngått ei rekkje bilaterale avtalar med Finland, Russland og Sverige. Enkelte av desse avtalane er knytte til oppnåing av krava i vassdirektivet, medan andre regulerer konkret bruk av vassdraget til vasskraft eller fiske.
Internasjonalt er Noreg sin innsats for berekraftsmål 6 knytt til innsats på område som helse, utdanning, utvikling på landsbygda, mattryggleik og humanitær bistand. Om lag 2,2 milliardar menneske manglar tilgang til trygt drikkevatn og 3,4 milliardar har ikkje tilgang til gode sanitærløysingar. Dei utviklingsmessige konsekvensane av dette er omfattande. Kirkens Nødhjelp er den viktigaste samarbeidspartnaren når det gjeld vatn, sanitær og hygiene (WASH). Noreg arbeider òg med å fremje berekraftig forvaltning av, og samarbeid om, grensekryssande vassressursar som Nilen og elvane i Himalaya-området.
Mål 7: Sikre tilgang til påliteleg, berekraftig og moderne energi til ein overkomeleg pris
I Noreg er praktisk talt alle sikra tilgang til energi. Vi har ei høg elektrifiseringsgrad. Det gjer at kraft og tilgangen på elektrisitet er avgjerande for det norske samfunnet. Fornybardelen i kraftproduksjonen var 98 prosent i 2022, der vasskrafta utgjorde rett over 88 prosent av total produksjon. Dette er høgt i internasjonal samanheng. Noreg har overskot av kraft i eit normalår. Energisystemet vårt sørger for at ressursane blir utnytta effektivt, at forsyningstryggleiken er ivareteke og at krafta ikkje blir dyrare enn nødvendig.
Energimarknadene globalt og i Europa står overfor store endringar, mellom anna som følgje av ny teknologi, skjerpa klimapolitikk og aukande energietterspørsel. I åra framover er bruken av elektrisitet i Noreg venta å stige i fleire sektorar og på nye område, særleg på grunn av elektrifisering av industri, transport, petroleumsinstallasjonar på norsk kontinentalsokkel og ny kraftkrevjande næringsverksemd.
Energimarknaden i Europa har vore i ein ekstraordinær situasjon sidan hausten 2021. Regjeringa innførte derfor ei rekkje mellombelse støtteordningar som hjelp til å handtere dei rekordhøge straumprisane, med auka bustønad, straumstipend til studentar og ei straumstøtteordning for hushalda. På bakgrunn av oppdaterte vurderingar av kraftsituasjonen framover er den mellombelse straumstøtteordninga for hushalda forlenga fleire gonger.
Regjeringa følgjer kraftsituasjonen nøye. Det blir arbeidd med tiltak som skal legge til rette for betre tilbod av fastprisavtalar. Regjeringa utnemnte i februar 2022 ein energikommisjon som skulle kartlegge energibehova og foreslå auka energiproduksjon. Mandatet fastsette at dei skulle vurdere dette i tråd med målet om at Noreg framleis skal ha overskotsproduksjon av kraft, og at norsk industri og straumkundar framleis skal ha rikeleg tilgang til fornybar kraft. Energikommisjonen leverte utgreiinga si den 1. februar 2023, og den har vore på høyring fram til 2. mai 2023. I utgreiinga foreslår kommisjonen ei rekkje tiltak. Dei fell innunder fem hovudkategoriar: tiltak for auka kraftproduksjon, tiltak for ein meir effektiv og fleksibel energibruk, tiltak for fjernvarme, bioenergi og varmepumper, tiltak for raskare og betre saksgang og tiltak for auka nettkapasitet. Energikommisjonen stilte seg i stor grad bak vurderingane til Straumnettutvalet, som leverte utgreiinga si i juni 2022. Regjeringa har allereie sett i verk fleire av tiltaka som kommisjonen og Straumnettutvalet peikar på. Mellom anna har regjeringa langt fram ein handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi, og ein handlingsplan for raskare nettutbygging og betre utnytting av straumnettet. Regjeringa har òg nedsett eit ekspertutval som skal vurdere dagens system for å fastsetja straumprisen. Utvalet skal vurdere kva tiltak som på kort og lang sikt kan sikre straumbrukarar lågare og meir føreseielege prisar, innanfor handlingsrommet i EØS-avtalen.
Vasskrafta utgjer ein viktig del av den norske kraftforsyninga, men potensialet for ny vasskraft er avgrensa. Verneplan for vassdrag ligg i hovudsak fast. Sjølv om det største potensialet er realisert, vil vasskrafta framleis stå for størsteparten av den norske kraftforsyninga i tida framover.
Dei siste åra er det særleg vindkraft på land som har bidratt med ny fornybar kraftproduksjon i Noreg. Produksjon av vindkraft er klimavenleg, som annan fornybar energi. Samstundes må utbygginga skje slik at det ikkje gir uakseptable verknader for lokalsamfunn og viktige miljø- og samfunnsinteresser. Etter ei pause på tre år opna regjeringa frå april 2022 for konsesjonsbehandling av vindkraft på land. Behandlinga av nye prosjekt skjer på bakgrunn av vindkraftmeldinga (Meld. St. 28 (2019–2020)) og stortingsbehandlinga av denne. I juni 2023 slutta òg Stortinget seg til regjeringa sitt forslag om endringar i energilova og plan- og bygningslova knytt til vindkraft på land, jf. Prop. 111 L (2022–2023). Det skal framover vere ei overordna kommunal områderegulering før eit konsesjonsvedtak. Dette skal gi betre lokal forankring og styrkje kommunane si rolle i prosessen når det gjeld vindkraft på land.
Regjeringa har ein ambisjon om innan 2040 å tildele areal tilsvarande 30 GW havvind. Dette er nesten like mykje som heile det norske vasskraftsystemet. I mars 2023 lyste Olje- og energidepartementet ut konkurranse om prosjektområde til fornybar energiproduksjon til havs i to område på norsk kontinentalsokkel: Sørlege Nordsjø ll og Utsira Nord. NVE har, saman med ei direktoratsgruppe, identifisert 20 område som kan eigne seg for havvind. Dei nye områda skal gjennom ei strategisk konsekvensutgreiing før dei eventuelt blir opna. For å sikre eit handlingsrom til å justere eller redusere dei identifiserte områda, har NVE og direktoratsgruppa identifisert vesentleg meir areal enn det som faktisk er nødvendig for å byggje ut 30 000 MW havvind. Dei områda som eventuelt blir opna og utvikla vil avhenge av den strategiske konsekvensutgreiinga.
Det er ikkje avklart kor store delar av krafta som vil gå inn i det norske kraftsystemet, og kor store delar som vil bli eksportert til Europa. Hywind Tampen er under utbygging. Dette blir den største flytande havvindparken i verda med ein kapasitet på 88 MW. Havvindparken skal dekke delar av kraftbehovet på petroleumsfelta Snorre og Gullfaks.
Verkemidla på tilbods- og forbrukssida støttar opp om ytterlegare overgang frå fossil til fornybar energi og meir effektiv energibruk. Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser presenterte ein elektrifiseringsstrategi med tiltak som på kort og lang sikt skal bidra til ei balansert utvikling av kraftsystemet. Stortingsmeldinga presenterte òg eit vegkart for etablering av ei samanhengande verdikjede for hydrogen der produksjon, distribusjon og bruk blir utvikla parallelt. Regjeringa stilte seg bak dette vegkartet og oppdaterte arbeidet med hydrogen i Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021).
For at hydrogen skal vere ei klimaløysing, må vi produsere det med svært låge eller heilt utan utslepp, og det må vere tilgjengeleg, konkurransedyktig og sikkert. Noreg har i utgangspunktet gode føresetnader for å ta del i ein eventuell framtidig hydrogenmarknad. Noreg har eit sterkt næringsliv og gode forskings- og teknologimiljø. Norske industriverksemder har kompetanse og ambisjonar for produksjon og bruk av hydrogen. Våre fornybarressursar og naturgassressursar kan brukast til produksjon av hydrogen. Det er stor uvisse om og eventuelt når ein hydrogenmarknad vil få ein viss storleik, og i kva segment hydrogen eventuelt vil vinne fram. Utviklinga er i stor grad avhengig av politisk bestemte klimatiltak og av teknologiutviklinga for både hydrogen og konkurrerande teknologiar og løysingar. Regjeringa vil bidra til ein samanhengande verdikjede for hydrogen produsert med låge eller ingen utslepp, der produksjon, distribusjon og bruk blir utvikla i parallell. Regjeringa vil òg medverke til utviklinga av ein marknad for hydrogen i Europa mellom anna gjennom å delta i relevante samarbeidsforum og -program for hydrogen, regelverksutforming i Europa, forskingssamarbeid og bilateralt samarbeid med relevante land. I 2022 sette Olje- og energidepartementet i gang ei ekstern utgreiing, som vart levert i mai 2023. Utgreiinga viser kva avvegingar vi står overfor dersom Noreg skal ta ein posisjon i ein framtidig hydrogenmarknad, og det er sett på behovet for eventuelle nye eller forsterka verkemiddel. Utgreiinga vil vere ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for korleis staten best mogleg kan medverke til å byggje ei økonomisk berekraftig verdikjede for hydrogen produsert med låge eller ingen utslepp.
Det er strenge energikrav til nye bygg og krav om økodesign og energimerking av energirelaterte produkt. Noreg har eit nasjonalt mål om å betre energiintensiteten med 30 prosent frå 2015 til 2030. Energiintensiteten viser kor effektivt vi som samfunn brukar energien. Elektrifiseringa av samfunnet og etablering av ny grøn industri vil auke kraftbehovet og føre til ein meir krevjande kraftbalanse i tiden framover. Energieffektivisering kan bidra til betre kraftbalanse, og eit redusert behov for auka kraftproduksjon, effektutvidingar og meir straumnett, og dermed reduserte areal- og miljøinngrep og konfliktnivå i slike saker. Verknaden av energieffektivisering er òg ofte størst om vinteren, når presset på kraftsystemet er størst og prisane er høgast. Energieffektiviseringstiltak vil ofte kunne gjennomførast raskare enn utbygging av ny kraftproduksjon og nytt straumnett.
Internasjonalt bidrar bistandsbudsjettet til auka utbygging av fornybar energi og auka tilgang til elektrisitet og reinare kokeløysingar. Omtrent 700 millionar menneske manglar tilgang til elektrisitet og 2,4 milliardar har ikkje tilgang til reine kokeløysingar. Utfordringane er størst i Afrika der nesten 600 millionar menneske manglar tilgang til elektrisitet. Mindre enn ein prosent av dei globale energiinvesteringane skjer i dei minst utvikla landa.
For å nå klima- og berekraftsmåla må den globale innsatsen styrkast og investeringane må minst firedoblast fram mot 2030. Regjeringa støttar internasjonale initiativ som bidrar til varig energiomlegging og utfasing av kolkraft i utviklingsland. Noreg er partnar til større internasjonale program leia av G7-landa for rettferdig omstilling av energisektoren og utfasing av kolkraftverk i Indonesia og Vietnam. Statsministeren leiar alliansen «Global Energy Alliance for People and Planet» (GEAPP). Alliansen bidrar til å mobilisere privat og offentleg kapital til investeringar i fornybar energi i utviklingsland.
Norfund, som er Noreg sitt hovudinstrument for utbygging av fornybar energi i utviklingsland, forplikta i 2022 1,073 milliardar kroner til investeringar i fornybar energi (innanfor utviklingsmandatet). Desse investeringane vil gi 1,415 MW i auka produksjonskapasitet. Klimainvesteringsfondet vart operativt i 2022. Norfund har gjennom dette forplikta 2,14 milliardar kroner til investeringar i prosjekt i Sør-Afrika og India som vil gi 2,443 MW og vil redusere forventa utslepp av klimagassar med 6,2 millionar tonn CO2 ekvivalentar. Fondet får ein årleg kapitaltilførsel på 1 milliard kroner frå statsbudsjettet og 1 milliard kroner frå Norfund.
Regjeringa støtta òg i 2022 nye garantiinstrument gjennom internasjonale organisasjonar (MIGA – Multilateral Investment Guarantee Agency og ATI – African Trade Insurance Agency). Kunnskapsprogrammet Energi for utvikling vart òg lansert. Løyvinga til fornybar energi dekker tiltak som forbetrar investeringsklimaet, betrar energiforvaltninga i samarbeidslanda, byggjer ut straumnettet, støtter lokale straumløysingar, bidrar til auka bruk av reine kokeomnar, energieffektivisering og til utfasing av kol. Innsatsen er særleg retta mot partnarland i Afrika.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte målet om rein energi til alle i sju av EØS-landa. Støtta er primært retta mot fornybar energi, energieffektivisering og energitryggleik.
Mål 8: Fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle
Det er fortsett høg aktivitet i norsk økonomi. Både løns- og prisveksten er på eit høgt nivå.
Det høge velstandsnivået i Noreg kjem i stor grad av høg sysselsetjing og effektiv ressursbruk. Eit vanleg mål på effektivitet i økonomien er arbeidsproduktivitet, som måler kor mykje produksjonen aukar for kvar arbeidstime som blir lagd inn. Auka produktivitet inneber at me får fleire og betre varer og tenester ut av ressursane, og det er over tid den klart viktigaste årsaka til velstandsauke. Bidraget frå andre faktorar, som auka petroleumsprisar, har historisk hatt langt mindre betyding.
Berekraftig økonomisk vekst og full sysselsetjing blir best oppnådd med openheit mot andre økonomiar, sterk konkurranse, gode og stabile rammevilkår for næringslivet og insentiv til å arbeide, investere og til å ta utdanning. Fri handel med varer og tenester gir land høve til å utnytte relative fortrinn og er ei viktig drivkraft for vekst i inntekter og levestandard. Sterk konkurranse, både mellom nasjonale og internasjonale aktørar, fremjar høg produktivitet og god utnytting av ressursar. Universelle støtteordningar fangar opp dei som fell utanfor, og må formast ut slik at dei ikkje undergrev insentiv til utdanning og arbeid.
Berekraftig vekst fordrar at så mange som mogleg deltek i arbeidslivet. Ein aktiv arbeids- og velferdspolitikk legg til rette for dette. I tillegg er særskilde innsatsar, som den nye integreringslova som vart innført i januar 2021 og den nye ungdomsgarantien som vart innført i juli 2023, viktige for å bidra til at fleire kan delta i arbeidslivet. Integreringslova skal bidra til at innvandrarar får gode norskkunnskapar, kunnskap om norsk samfunnsliv, formelle kvalifikasjonar og ei varig tilknyting til arbeidslivet. Lova set tydelegare krav til norskkunnskapar.
Berekraftsmål 8.4 handlar mellom anna om å bryte koplinga mellom økonomisk vekst og miljøskadar. Noreg har gjennomgåande effektive verkemiddel for å redusere miljøproblem som er knytt til økonomisk aktivitet. For andre miljøproblem enn utslepp av klimagassar blir det ofte nytta ulike typar direkte reguleringar. For dei fleste miljøproblema er utfordringane mindre i Noreg enn i dei fleste andre industriland, men vi har utfordringar med tap av naturmangfald, klimagassutslepp og eit høgt materielt forbruk.
Regjeringa vil føre ein politikk som gjer at norsk petroleumsindustri blir utvikla, ikkje avvikla. Petroleumsverksemda skal kome heile landet til gode. Ein del av dette er å oppnå ringverknader på land gjennom at norskbaserte leverandørar kan vere med å konkurrere om oppdrag i samband med leiting, utbygging og drift. Petroleumsnæringa er ei næring med tydeleg distriktsprofil. Dei direkte sysselsette knytte til aktiviteten på kontinentalsokkelen har bustad i 330 kommunar over heile landet. Utvikling av kapitaltunge innovasjonsprosjekt på norsk sokkel gir grunnlag for eit samspel mellom leverandørnæringa og den tradisjonelle, konkurranseutsette fastlandsindustrien. Dette skjer gjennom læringseffektar som bidrar til ein breiare, meir robust og kunnskapsrik næringsstruktur – over heile landet. Det skal leggjast til rette for at norsk kontinentalsokkel framleis skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av olje og gass til Europa i ei svært krevjande tid. Regjeringa ønskjer eit stabilt aktivitetsnivå på norsk sokkel, med auka innslag av nye næringar som karbonfangst og -lagring, hydrogen, havvind, havbruk og mineral.
Petroleumsverksemda vil spele ei viktig rolle i norsk økonomi i lang tid framover. Ho vil framleis vere den største næringa i landet, men er ikkje venta å bli ein like stor vekstmotor fram mot og forbi 2030. Grunnlaget for vidare vekst må kome frå andre næringar. Vi kan ikkje forvente at éi ny enkeltnæring vil ta over som vekstmotor etter petroleumssektoren.
Reiseliv er ei framtidsnæring som skal bidra til å sikre verdiskaping og arbeidsplassar i heile landet. Regjeringa vil bidra til å gjere næringa meir berekraftig og for å sikre fleire heilårs arbeidsplassar. Destinasjonsselskap og regionalt samarbeid skal sikre grunnlaget for dei lokalt forankra reiselivsverksemdene. NOU 2023: 10 Leve og oppleve – Reisemål for en bærekraftig fremtid vart lagt fram i mars 2023. Utredninga har vore på høyring og handsamast no i Nærings- og fiskeridepartementet.
Ein fleksibel arbeidsmarknad, god makroøkonomisk styring og samarbeid med partane i arbeidslivet støttar opp under berekraftsmåla om full sysselsetjing, anstendig arbeid for alle, lik løn for likt arbeid, ungdomssysselsetjing og arbeidstakarrettar. Den norske arbeidslivsmodellen vernar arbeidstakarrettar og fremjar eit trygt arbeidsmiljø for alle. Partane i arbeidslivet spelar ei sentral rolle i å bidra til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Samarbeidet mellom partane bidrar til at relativt få årsverk går tapt gjennom arbeidskonfliktar.
Etter ønske frå partane i arbeidslivet har regjeringa satt ned eit utval som skal sjå på utfordringar for den tradisjonelle norske lønsdanninga. Utvalet skal vurdere om det er utviklingstrekk i økonomien som kan svekke oppslutninga om frontfagsmodellen. Utvalet skal avlevere sin rapport innan 15. desember 2023. I mars 2023 sette regjeringa ned eit utval som skal sjå på omfang og utvikling av låge løningar. Utvalet skal mellom anna sjå på kjenneteikn ved låglønte. Utvalet skal òg vurdera eksisterande verkemiddel og institusjonelle forhold med betyding for omfanget av lågløn og eventuelt foreslå endringar i dei.
I nokre delar av arbeidslivet er det likevel utfordringar med useriøsitet, med mellom anna sosial dumping, arbeidslivskriminalitet og svart arbeid. Useriøsitet og sosial dumping kan mellom anna innebere brot på reglar i arbeidsmiljølova om arbeidskontraktar, arbeidstid, overtid osb., eller manglar ved opplæring, tryggingstiltak og innkvartering som arbeidsgivaren har ansvar for. Utanlandske arbeidstakarar med avgrensa språkkunnskapar og manglande kunnskap om rettar og plikter i det norske arbeidslivet har større risiko for å bli utnytta. Det er òg risiko for at kriminelle aktørar nyttar arbeidslivet som arena for å få økonomisk vinning. Regjeringa har styrkt innsatsen mot dei useriøse aktørane i arbeidslivet, og det er etablert eit omfattande samarbeid mellom offentlege etatar om å førebyggje og kjempe mot arbeidslivskriminalitet. Regjeringa la i oktober 2022 fram ein handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Det vart òg lagt fram ein handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren. Det offentlege har ei viktig rolle som innkjøpar og kan stille krav til leverandørar om at regelverk for etisk, sosial og grøn handel blir etterlevd. Regjeringa arbeider med forslag om nasjonale seriøsitetskrav for alle offentlege innkjøp («Noregsmodellen») og lanserte i november 2022 det første steget med krav til seriøsitet i bygg, anlegg og reinhald ved offentlege innkjøp.
Regjeringa vil styrkje arbeidstakarrettar og legge til rette for at heile og faste stillingar skal vere hovudregelen i arbeidslivet. Etter forslag frå regjeringa har Stortinget vedteke å fjerne tilgangen til generelle mellombelse tilsetjingar, gjeninnføre søksmålsretten til fagforeiningar ved ulovleg innleige, styrkje retten til heiltidsstillingar og avgrense tilgangen til bruk av innleige frå bemanningsføretak. Det er òg vedteke lovendringar som skal gjere det tydeleg kven som skal reknast som arbeidstakarar, og endringar knytt til arbeidsgivaransvar i konsern.
Unge under 30 år blir prioriterte i tenestetilbodet til Arbeids- og velferdsetaten, både ved oppfølging og ved tildeling av arbeidsmarknadstiltak. Regjeringa innførte frå juli 2023 ein ny ungdomsgaranti som inneber at unge under 30 år som har behov for arbeidsretta bistand, skal få ei tettare oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten.
Internasjonalt arbeider Noreg for berekraftig økonomisk vekst og full sysselsetjing mellom anna ved å fremje fri internasjonal handel. Handelsretta utviklingssamarbeid skal bidra til at utviklingsland står betre rusta til å bruke internasjonal handel som ei kjelde til utvikling. Noreg bidrar til fleire multilaterale fond oppretta for dette føremålet, mellom anna som ein av dei viktigaste bidragsytarane til programmet Enhanced Integrated Framework; eit program som er eksplisitt nemnt i berekraftsmål 8.a.
Mange fattige land lir under svakt utbygd rettssystem, mangelfullt vern av privat eigedomsrett, svakt utbygd infrastruktur, utbreidd korrupsjon, eit lite effektivt system for å drive inn skattar og låg produktivitet i offentleg forvaltning. Omtrent halvparten av folka i verda tener så lite at dei ikkje kan leve av løna si. Å skape anstendige arbeidsplassar fram mot 2030 er ei stor utfordring for alle land. Ein lønsam privat sektor som bidrar til verdiskaping, sysselsetjing og skatteinntekter er nøkkelen til berekraftig vekst og fattigdomsreduksjon. Tilgang til marknader og finansiering, betre rammetilhøve og tilgang til energi er viktige føresetnader for at næringslivet i utviklingsland kan få inntekter og skape arbeidsplassar.
Investeringsfondet til staten for næringsverksemd i utviklingsland (Norfund) er det viktigaste norske verktøyet for å fremje berekraftig næringsutvikling i fattige land. Gjennom investeringar, lån og garantiar bidrar Norfund til å utvikle levedyktig, lønsam verksemd som elles ikkje ville ha blitt sett i gang som følgje av høg risiko. Norfund vart tilført 2,68 milliardar kroner over statsbudsjettet i 2023. Av desse midla var 1 milliard kroner øyremerka til Klimainvesteringsfondet under Norfund.
Norge har leia forhandlingane om UNGP (UN Guiding Principles) i FN og om tema ansvarleg næringsliv i MR-rådet. Sveits overtok nyleg dette ansvaret. Vidare støttar Noreg ei rekkje bistandsprogram i regi av FNs særorganisasjon for arbeidslivet (ILO) der hovudmålet er å skape berekraftige, anstendige arbeidsplassar, òg å fremje arbeidstakarane sine rettar.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte målet om anstendig arbeid og økonomisk vekst i 13 EØS-land. Støtta er primært retta mot trepartssamarbeid, kulturelt entreprenørskap, kulturarv og kultursamarbeid.
Mål 9: Byggje solid infrastruktur og fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon
Noreg har gjennomgåande godt utbygd infrastruktur for transport, tilgang til energi og vatn og digitale nettverkstenester. Dette har mykje å seie for eit velfungerande samfunn og eit konkurransedyktig næringsliv. Regjeringa vil halde fram med å vedlikehalde og byggje ut infrastruktur. I tillegg vil regjeringa fremje utvikling av ny teknologi og nødvendig omstilling, slik som ytterlegare elektrifisering av transportsektoren. Regjeringa har vedteke å framskunde arbeidet med neste nasjonale transportplan. Planen vil leggjast fram våren 2024, og vil gjelde for perioden 2025–2036. Ei viktig årsak til at arbeidet er framskunda, er at den økonomiske planramma i noverande transportplan – som vart lagt fram i 2021 – blir rekna som lite realistisk grunna m.a. auka behov i andre sektorar.
Kvaliteten i forsking og høgare utdanning er avgjerande for kor godt Noreg lykkast med å utvikle og ta i bruk ny kunnskap til å skape verdiar og å løyse samfunnsutfordringar nasjonalt og globalt. Regjeringa vil styrkje norsk forsking, mellom anna ved å vidareføre treprosentmålet i forskingspolitikken og legge fram ein strategi for at forsking og utvikling i næringslivet skal utgjere to prosent av BNP innan 2030. Regjeringa vil òg auke forskingsdelen i departementa og sikre betre samordning av forskingspolitikken.
Noreg har god infrastruktur for elektroniske tenester, inkludert finanstenester og andre tenester som blir leverte over mobil- og breibandnett. Utvikling av slike tenester og utbygging av nødvendig digital infrastruktur skjer kontinuerleg. Over 90 prosent av husstandane i landet har dekning frå 5G-nett, og dekninga er forventa å vere på nivå med 4G-dekninga i løpet av 2024. Utbygginga av fast breiband med høg fart går raskt i heile landet. Over 90 prosent av husstandane har tilbod om høghastigheitsbreiband i dag. Målet til regjeringa er at alle husstandar og verksemder skal ha høghastigheitsbreiband med minst 100 Mbit/s nedlastingsfart innan utgangen av 2025. Sjølv om dekninga for breiband generelt sett er god i Noreg, er det enkelte stader som har for dårleg dekning. Derfor er det over fleire år gitt tilskot til utbygging av breiband i område der det manglar kommersielt grunnlag for utbygging.
Tilgang til kapital og velfungerande kapitalmarknader er ein føresetnad for berekraftig vekst, omstilling og innovasjon. I Noreg fungerer kapitalmarknadene i hovudsak godt, og finansføretaka er solide og likvide. Det kan likevel vere utfordrande for enkelte vekstverksemder å finne finansiering i tidleg utviklingsfase. Særleg gjeld dette verksemder med eit lengre utviklingsløp. For å bøte på desse utfordringane finst det offentlege verkemiddel som stimulerer til auka investeringar i vekstverksemder over heile landet.
Samhandlingsforumet Prosess21 har gitt råd og tilrådingar til regjeringa om korleis Noreg best kan redusere klimagassutslepp frå prosessindustrien fram til 2050 og samstundes legge til rette for at verksemder har berekraftig vekst. Gruppa framhevar spesielt verdien av Europas grøne giv og at grøn industriutvikling blir prioritert. Prosess21 er ført vidare, fram til 2024.
Regjeringa har gjennom satsinga på eit grønt industriløft lagt eit løp for korleis heile regjeringa kan bidra til å få fart på nye grøne industriprosjekt, samstundes som vi kuttar klimagassutslepp og bidrar til nye, lønsame jobbar i heile landet. Målet til regjeringa er at Noreg skal halde fram med å vere ein viktig energiprodusent og ei industriell drivkraft òg i framtida. Regjeringa har lagt fram eit vegkart som viser korleis vi saman vil arbeide for å realisere ambisjonane for eit grønt industriløft. Særlege innsatsområde er hydrogen, havvind, CO2-handtering, batteri, prosessindustri, skog- og trenæringa og annan bioøkonomi, og den maritime verdikjeda. Regjeringa har lagt frem eit vegkart 2.0 grønt industriløft der to nye innsatsområde inkluderast; manufacturing og solindustri.
Berekraftsmåla spelar ei stadig viktigare rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Noreg treng både verdsleiande fagmiljø og høg kvalitet i heile breidda av forsking og høgare utdanning for å utvikle og ta i bruk ny kunnskap for verdiskaping, omstilling og berekraft. Regjeringa prioriterer forsking for omstilling til lågutsleppssamfunnet og utvikling av teknologi og løysingar for grøn omstilling. Regjeringa vil styrkje kunnskapsgrunnlaget for berekraftig vekst, og dette vert spegla i den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (2023–2032).
Noreg har eit verkemiddelapparat for næringsutvikling som skal fremje forsking, utvikling og innovasjon i næringslivet innafor berekraftige rammer. Regjeringa har i statsbudsjettet for 2023 innført eit hovudprinsipp om at prosjekt som mottar støtte gjennom det næringsretta verkemiddelapparatet, skal ha ein plass på vegen mot målet for omstilling mot 2030 og at Noreg skal vere eit lågutsleppsamfunn i 2050. Berekraft blir vektlagt i generelle ordningar og gjennom målretta verkemiddel for klima- og miljøvennlege løysingar. Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, Enova, Gassnova, Siva og Nysnø er nokre av aktørane som har verkemiddel som bidrar til grøn omstilling. Verkemiddelapparat skal mobilisere gode prosjekt som bidrar til grøn omstilling eller svarer til andre viktige føremål, mellom anna knytt til område som er peikt ut i regjeringas vegkart for grønt industriløft.
Internasjonalt har Noreg ei leiande rolle i arbeidet med å fremje globale digitale fellesgode og open kjeldekode, opne data og opne modellar for kunstig intelligens som fundament for berekraftig utvikling. Tilnærminga med å fritt gjere tilgjengeleg havdata, skogdata, vêrdata, helseinformasjonssystem og ID-system mv., har gitt utviklingsland umiddelbar tilgang til tidlegare svært kostbar digital infrastruktur og ressursar. Gjennom programmet Visjon 2030 samarbeider næringsliv, forsking og sivilsamfunn om å fremje fattigdomsreduksjon i land som mottar norsk bistand. Noreg har konkrete innsatsar inn mot mellom anna auka digitale ferdigheiter hos unge, støtte til inkubatorar og innovasjonssenter for unge entreprenørar, inkludert personar med funksjonsnedsetjingar. Noreg har bidratt til auka mobilisering av finansiering og teknologiar frå partnarar for grunnleggjande, digital infrastruktur gjennom leiarskapet i Alliansen for digitale fellesgode.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte målet om innovasjon og infrastruktur i 11 land i EØS. Støtta er primært retta mot næringsutvikling og innovasjon for små og mellomstore verksemder, og dessutan forsking.
Mål 10: Redusere ulikskap i og mellom land
Noreg er blant dei landa i verda som har minst ulikskap. Dette gjeld både fordelinga av inntekt og fordelinga av levekår og livskvalitet. Låg ulikskap er eit sentralt rettferdsprinsipp som òg blir knytt til høg mellommenneskeleg tillit og tiltru til styresmaktene. I Noreg, som i dei fleste andre land, har inntektsulikskapen auka noko dei siste 30 åra. Ulikskapen i formue er høg og aukande. Det har over tid blitt ein større del personar som lever i hushald med vedvarande låginntekt, og det har òg blitt fleire barn i låginntektshushald.
Fordelinga av inntekt og andre økonomiske ressursar blir bestemt av ei rekkje faktorar, mellom anna internasjonale drivkrefter som digitalisering, globalisering, konjunkturar og demografiske endringar. Regjeringa vil føre ein økonomisk politikk som reduserer dei økonomiske, sosiale og geografiske skilnadene i samfunnet. Det påverkar ei rekkje politikkområde som utdanning, arbeid, helse, bustad, skatt og avgift.
Mens bustadprisveksten har bidratt til velstandsvekst for mange, er utviklinga òg kjelde til auka ulikskap. Det er i dag store sosiale og geografiske forskjellar i bustadmarknaden. Husbanken samarbeider med kommunane om at fleire skal bli bustadeigarar, mellom anna gjennom startlån. Regjeringa er oppteken av at det skal være tilgang på eigna bustader i heile landet, og Husbanken skal prioritere lån til finansiering av bustader i distrikta.
Bustøtta skal sikre at husstandar med låge inntekter og høge buutgifter kan bu i ein trygg og god bustad. Seks av sju av dei som mottar bustøtte, leiger bustaden dei bur i. Ordninga har hatt mellombelse reglar i 2022 og 2023, slik at langt fleire enn normalt har hatt høve til å få bustøtte. Dei som har fått bustøtte, har òg fått ekstra utbetalingar i fleire periodar for å avhjelpe situasjonen med høge straumprisar. Ei ekspertgruppe har gått gjennom bustøtta. Regjeringa vil følgje opp rapporten og vurdere tiltak som kan utvikle ordninga som eit bustadpolitisk verkemiddel.
Høg sysselsetjing er eit viktig verkemiddel for å førebyggje langvarig låginntekt og auke inntektene i låginntektsgruppene. Sysselsetjing sikrar kvar enkelt inntekt og er ein føresetnad for finansiering av velferdsordningar, som saman med progressiviteten i skattesystemet bidrar til å jamne ut skilnader. Det inntektspolitiske samarbeidet bidrar til at lønsdanninga fungerer godt og fordeler gevinstar og tap mellom arbeidstakarar og kapitaleigarar.
Brei deltaking i arbeidslivet er avgjerande for ei jamn inntektsfordeling, og er eit mål for regjeringa. Arbeidsmarknadspolitikken skal leggja til rette for at arbeidssøkjarar kan komma i jobb og gi inntektssikring til personar som mellombels er utan arbeidsinntekt. IA-avtalen skal bidra til å førebyggje og redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Arbeids- og velferdsetaten forvaltar ulike verkemidlar som skal hjelpa dei som står utanfor arbeidslivet til å komma i arbeid, mellom anna arbeidsmarknadstiltak som skal styrkje deltakaranes høvet til å skaffe seg eller halde på inntektsgivande arbeid. Integreringslova og ny ungdomsgaranti er døme på innsatsar som skal bidra til at utsette grupper blir inkluderte i arbeidsmarknaden.
Noreg har dei siste tiåra hatt høg innvandring frå låginntektsland. Mange av migrantane har lågare yrkesdeltaking enn innbyggjarane elles, mellom anna som følgje av manglande utdanning og svakare norskkunnskapar. Dette gir tilstrøyming til låginntektsgruppene. Det kan òg bidra til press nedover på løningar for personar med låg utdanning. For å motverke auka inntektsskilnader er det særleg viktig med rask integrering av innvandrarar i arbeidsmarknaden. Det er lagt til rette for at fleire innvandrarar kjem i jobb ved å styrkje verkemidla for kvalifisering av nykomne.
God utdanning gir sjølvstende og høve til å forsørgje seg sjølv, og er eit kraftfullt verktøy for sosial mobilitet og utjamning. Dei første leveåra er avgjerande for utvikling og læring seinare i livet, og regjeringa vil styrkje arbeidet med ein meir samordna og tidlegare innsats for alle barn og unge. Sjå mål 4 for nærare omtale av dette.
I gjennomsnitt har grupper med høg utdanning og inntekt best helse. Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar, som ein del av Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar. Tiltak som inngår i meldinga skal innrettast slik at dei verker best for dei som treng det mest, og fordelingsperspektivet skal vektleggjast meir i det systematiske folkehelsearbeidet.
Skattesystemet er eit sentralt verktøy for omfordeling. Personskattlegginga er progressiv. Skattesystemet bidrar til å redusere den målte inntektsulikskapen direkte med nærare 40 prosent. Skattesystemet påverkar òg fordelinga av økonomiske ressursar ved å skaffe staten inntekter som finansierer offentlege tenester, og ved å påverke økonomisk aktivitet. I eit fordelingsperspektiv er det viktig at skattesystemet støttar opp om høg deltaking i arbeidslivet og skaffar staten inntekter på ein måte som er lite skadeleg for økonomien. Regjeringa ønskjer eit skatte- og avgiftssystem som bidrar til sterkare sosial og geografisk omfordeling. I tråd med Hurdalsplattforma er det gjennomført endringar for å redusere inntektsskatten for dei med inntekter under 750 000 kroner og auka skatt for store formuar og inntekter.
Berekraftsmål 10 forpliktar Noreg til å jobbe for å sikre like moglegheiter og redusere skilnader i levekår, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgiving og tiltak som er eigna til å nå dette målet. Det er eit lovfesta forbod mot diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. I arbeidslivet er det forbod mot diskriminering på bakgrunn av politisk syn og medlemskap i arbeidstakarorganisasjon.
Regjeringa vil føre ein politikk som gjer at alle blir inkluderte i samfunnet, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, alder, funksjonsevne og etnisitet. Regjeringa vil arbeide for auka mangfald i arbeidslivet og betre kjønnsbalanse i dei kjønnsskeive bransjane. Det er eit mål for regjeringa å styrkje den universelle utforminga av samfunnet. Regjeringa ser med uro på det aukande omfanget av rasistiske og andre ytterleggåande idéar og totalitære rørsler, og vil prioritere arbeidet mot netthets, konspirasjonsteoriar og ekstremisme.
Likestillingssamarbeidet med partane i arbeidslivet skal styrkjast. Regjeringa har auka støtta til dei regionale likestillingssentera og styrkt tilskotsordninga for kjønnslikestilling. Regjeringa har styrka Diskrimineringsnemnda sitt budsjett og vil setje i gang ein ekstern gjennomgang av Likestillings- og diskrimineringsombodet og Diskrimineringsnemnda for å sikre eit godt fungerande lågterskeltilbod for diskrimineringssaker. Vidare har regjeringa sett ned eit utval for å sjå på likestillingsutfordringane menn møter. Innsatsen mot seksuell trakassering skal styrkjast. Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) skal vidareutviklast som verktøy for å sikre deltaking og likestilling. Regjeringa har lagt fram ein ny handlingsplan for LHBT+-personar og eit lovforslag om å forby konverteringsterapi.
Internasjonalt arbeider Noreg mot ulovleg kapitalflyt og korrupsjon og for meir inkluderande handelssystem og rettferdig byrdefordeling i kampen mot klimaendringar. Nasjonale og globale prosessar må verke saman for å oppnå redusert forskjell mellom land og internt i land.
Verdsbanken har sett inkluderande vekst for dei 40 prosent fattigaste i verda som eit overordna mål, på linje med å utrydde ekstrem fattigdom. Noreg og dei andre nordiske landa har vore pådrivarar for auka innsats for progressiv skatt, kamp mot ulovleg kapitalflyt og kamp mot korrupsjon i arbeidet til Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane.
Noreg støttar menneskerettsbaserte tilnærmingar til ulikskap og støttar opp om internasjonale konvensjonar og gjennomføringsmekanismar som rettar seg mot diskriminering av kvinner, urfolk, personar med nedsett funksjonsevne, eldre menneske, LHBT+-personar, religiøse minoritetar og marginaliserte grupper.
Noreg bidrar til å støtte målet om mindre forskjellar i 14 land i EØS. Støtta er primært retta mot menneskerettar og sårbare grupper.
Mål 11: Gjere byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige
Nesten alle har tilgang til tilfredsstillande bustad, drikkevatn, avløp, offentleg transport og energiforsyning. Norske byar er gjennomgåande trygge. Regjeringa har som mål å utvikle attraktive, levande og inkluderande byar og lokalsamfunn i heile landet, som fremjar livskvalitet og verdiskaping. Vel 80 prosent av innbyggjarane bur i byar og tettstader. Byar og tettstader med et mangfaldig tilbod av arbeidsplassar, kulturtilbod, service og tenester er viktig for både lokale innbyggjarar, dei som pendlar og besøkjande.
Noreg har få bustadslause, og dei aller fleste bur godt og trygt. Meir enn 80 prosent av innbyggjarane bur i bustader dei sjølve eig. Regjeringa vil føre ein aktiv bustadpolitikk for å jamne ut sosiale og geografiske skilnader. Derfor legg regjeringa til rette for at det blir bygd fleire bustader i heile landet, med gode bumiljø, og på ein klimavennleg måte. Enklare regelverk og digitale søknadsprosessar legg til rette for effektiv bustadbygging. Det er sett i verk ei rekkje tiltak for å bidra til at fleire skal kunne eige, og at leige skal vere eit trygt alternativ. Regjeringa har mellom anna sett ned eit utval som skal gå gjennom husleigelova. Regjeringa vil etter planen legge fram ei heilskapleg bustadmelding med ein berekraftig bustadpolitikk for heile landet våren 2024. Meldinga vil mellom anna ta føre seg innsats for bustadbygging og å skape gode og varierte bustadmiljø, gi fleire høve til å eige eigen bustad og sikre ein trygg og føreseieleg leigemarknad.
Det er ingen slumområde i norske byar og tettstader, men enkelte byar og folkerike og befolkningstette område har utfordringar med opphoping av levekårsutfordringar. I Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader samlar regjeringa sin politikk for å halde ved lag og styrkje den sosiale berekrafta i norske byar og nabolag, gjennom å legge til rette for gode levekår, høg livskvalitet og gode oppvekst- og nærmiljø. Regjeringa har avtaler med fleire kommunar om ein ekstra innsats i levekårsutsette område gjennom områdesatsingar.
Regjeringa legg vekt på at arealplanlegginga etter plan- og bygningslova fremjar utvikling av berekraftige byar og tettstader. Potensialet for fortetting, transformasjon og gjenbruk av areal og eksisterande bygningar bør utnyttast før nye utbyggingsområde blir tekne i bruk. Fortettinga må skje med kvalitet. Arkitekturen bør brukast som verktøy for berekraftig samfunnsutvikling, og dermed bidra til å nå samfunnsmål om folkehelse, livskvalitet, fellesskap, klima og miljø. For å styrkje og klargjere den nasjonale arkitekturpolitikken vedtok regjeringa hausten 2022 at Kommunal- og distriktsdepartementet tar over koordineringsansvaret for den nasjonale arkitekturpolitikken. Regjeringa har nedsett ei interdepartemental arbeidsgruppe som i 2023 skal gjennomgå politikken og verkemidla til staten og vurdere om det er behov for betre samordning og nye tiltak.
Byvekstavtalane er det viktigaste verktøyet regjeringa har for å samordne transport- og arealpolitikken i byområda. Hovudmålet er nullvekst i persontransport med bil. Målformuleringa angir òg kva omsyn som ligg til grunn: «I byområdene skal klimagassutslipp, kø, luftforurensing og støy reduseres gjennom effektiv arealbruk og ved at veksten i persontransporten tas med kollektivtransport, sykling og gange». I dei store byane som har byvekstavtalar, skal hovudtyngda av vekst i bustader og arbeidsplassar kome i eller i nærleiken av større knutepunkt innanfor avtaleområda. Ei samordna areal- og transportplanlegging er svært viktig for å kunne nå målsetjinga om nullvekst i personbiltrafikken og byggje opp under den store statlege satsinga på kollektivtransport, sykling og gåing til byområda som er omfatta av ordninga med byvekstavtalar. Dette gjeld særleg for å sikre eit godt passasjergrunnlag for lokal kollektivtransport der det no blir gjort store investeringar. Arealdisponering er det viktigaste bidraget frå lokale styresmakter til byvekstavtalane og er venta å bli enda viktigare framover for å påverke reisevanane i tråd med nullvekstmålet.
Statlege retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging samanfattar dei nasjonale føringane for arealplanlegging etter plan- og bygningslova for heile landet. Regjeringa har igangsett ei fornying av desse retningslinjene.
At ingen skal utelatast er eit grunnleggjande prinsipp i 2030-agendaen. Det er eit mål at flest mogleg skal oppleve god mobilitet og godt tilgjenge uavhengig av funksjonsevne. Universell utforming skal vere del av grunnlaget for oppgradering og bygging av ny infrastruktur innanfor ansvarsområdet til transportverksemdene. For å oppnå samanhengande universelt utforma reisekjeder krevst det samarbeid mellom forvaltningsnivåa og mobilitetsaktørane. Statens vegvesen har rolla som kollektivdirektorat, noko som inneber eit nasjonalt koordineringsansvar og fagleg ansvar for kollektivtransport, inkludert universell utforming.
Byggteknisk forskrift sikrar at nye bustader har tilgjenge for personar med funksjonsnedsetjing. 35 prosent av bustadene i Noreg har tilgjenge for bruk av rullestol. Ein ny handlingsplan for universell utforming vart lagd fram sommaren 2021. Det er behov for meir kunnskap om korleis planlegginga kan brukast for å utvikle universelle løysingar. Det blir derfor gitt støtte til kompetanseheving i regional og kommunal planlegging med midlar frå handlingsplanen for universell utforming. I program for eit aldersvennleg Noreg blir det lagt vekt på arbeidet med aldersvennlege lokalsamfunn og å fremje deltaking i samfunnet, aktivitet og eigenmeistring. Regjeringa har lagt fram Meld. St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – bu trygt heime, der eit av føremåla er å bidra til aldersvennlege bustader og bumiljø, og stimulere til at fleire eldre tar ansvar for og blir meir medvitne eigen bustadsituasjon.
Norske byar har i internasjonal samanheng lite luftforureining. Noreg er blant dei landa i Europa som har lågast risiko for tidleg død på grunn av lokal luftforureining, men luftforureining gir likevel store helseplager for mange. For å gjere regionale og lokale styresmakter i stand til å sikre rein luft er det mellom anna etablert ei fagbrukarteneste og ei varslingsteneste for luftkvalitet. Regjeringa har òg igangsett ei vurdering av dei statlege retningslinjene for behandling av luftkvalitet i arealplanlegging.
Klimaendringane vil mellom anna føre med seg endra nedbørsmønster. Dette auker risikoen for skader frå flaum, skred og overvatn i byar og tettstader, og skaper utfordringar for vass- og avløpsnettet. Kommunane skal, gjennom verksemds- og eigarstyring, areal-, samfunns- og beredskapsplanlegging og byggjesaksbehandling, bidra til at lokalsamfunn blir betre rusta til å møte klimaendringane. Dette inneber å unngå eller avgrense risiko, sårbarheit og ulempe, og å dra nytte av fordelar som følgje av endringar i klimaet, som til dømes redusert fyringsbehov, lengre vekstsesong og forventa auka produksjon av vasskraft. Kommunane får òg hjelp frå staten, blant anna bidrar Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjennom arbeidet med kartlegging, sikring, arealplanbehandling og overvaking og varsling av naturfare. Regjeringa arbeider med ei ny stortingsmelding om flaum og skred som skal gjennomgå og oppdatere politikken for naturfareområdet.
Kommunane har ei plikt og eit ansvar for å ha oversikt over risiko og sårbarheit i kommunen sin. Eit verktøy for å få ei slik oversikt er heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar). Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har i 2023 fått i oppdrag å utarbeide forslag til forskrift til plan- og bygningslova § 4-3 som fastset krav til risiko- og sårbarheitsanalysar. Forslag til endringar i gjennomførings- og byggjesaksdelen av plan- og bygningslova for å styrkje omsynet til overvatn var ute på høyring i 2021 og blir no følgt opp. Kommunane har ei viktig rolle som eigarar av avløpsnett og ansvar for oppgraderingar.
Kommunane har òg ei viktig rolle i avfallshandteringa og skal sikre forsvarleg handtering av det avfallet som oppstår i norske hushald. Det kjem stadig strengare krav til materialattvinning, som skal sikre at meir av ressursane kjem inn i krinsløpet att. Sjå mål 12 for nærare omtale av dette.
Regjeringa er oppteken av gode og tilgjengelege grøntområde for alle. Kvart år blir ei rekkje attraktive grøntområde tilrettelagde og varig sikra for allmenta med statleg økonomisk bidrag. Også gjennom rettleiing og kompetansebygging bidrar regjeringa til at kommunar sikrar og utviklar grøntområde i nærmiljøet. Data frå Statens kartverk tyder på at 40 prosent av turvegane er tilgjengelege for personar med funksjonsnedsetjing. Tilgang til bustadnære trygge og attraktive tur-, gange- og aktivitetsområde for alle uavhengig av alder, sosial bakgrunn og funksjonsnivå er viktig for folks daglege fysiske aktivitet og for helse og livskvalitet, og er derfor vektlagt i regjeringa si Meld. St.15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar og i handlingsplanen for fysisk aktivitet 2020–2029 – Sammen om aktive liv.
Den nasjonale strategien for urbant landbruk (2021) syner korleis planlegging kan skape samarbeid om fleire av berekraftsmåla, og bidra til å utvikle framtidas byer og tettstader i ein sirkulær og berekraftig retning. Lokal samhandling om urbant landbruk bidrar til matproduksjon, næringsutvikling, jordvern, betre ressursbruk, inkluderande lokalsamfunn og betre miljø og folkehelse. Å halde matjord i hevd og sjå til at ferdigheiter og kunnskap om matproduksjon finst hos fleire i samfunnet, styrkjer òg samfunnssikkerheit og beredskap.
Internasjonalt bidrar Noreg til å kjempe mot luftforureining i byar gjennom WHO, Verdsbanken og koalisjonen for klima og rein luft. Gjennom FN og Verdsbanken har Noreg bidratt til at risikoreduksjon og katastrofeberedskap vart integrert i byutvikling og planlegging for å byggje motstandsdyktige byar. Noreg støttar arbeidet for robuste og berekraftige byar mellom anna gjennom dei multilaterale utviklingsbankane og FNs busetjingsprogram. Desse har hjelpt styresmaktene med regulering av arealbruk, byplanlegging, bygging av bustader og infrastruktur, skattlegging og samfunnstryggleik. Behova til kvinner, ungdom og utsette grupper er prioriterte.
Som oppfølging av prioriteringane i medlemskapen i Unescos verdsarvkomité i perioden 2017–2021 har Noreg hatt merksemd på å sikre dei universelle verdiane til natur- og kulturarven. Ein særleg innsats har vore knytt til kapasitetsbygging, mellom anna gjennom finansiering av World Heritage Leadership Programme som skal bidra til globale kompetansehevingstiltak på verdsarvområdet.
Samarbeidet med EU gir vinst for byar både i Noreg og EU-landa. Ein innsats for berekraftige byar og samfunn blir òg gjort via EØS-midla. Heile 13 land i EØS får støtte, og hovudvekta ligg på lokal utvikling og kamp mot fattigdom. Norske byar deltek i ei rekkje EU-program, mellom anna er Oslo, Trondheim og Stavanger vald ut til å vere tre av 112 europeiske byar som skal bli klimanøytrale innan 2030 ved hjelp av EUs samfunnsoppdrag om klimanøytrale og smarte byar.
Mål 12: Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster
Målet inneber at produsentar og forbrukarar skal ta omsyn til eksterne kostnader, særleg kostnader for miljøet, ved produksjon og forbruk. Norske styresmakter brukar økonomiske og rettslege verkemiddel for å fremje berekraftig forvaltning og bruk av naturressursar. Enkelte verkemiddel er retta inn mot grøne forbruksval og styrking av stillinga til forbrukarane, som rett til miljøinformasjon, merke- og sertifiseringsordningar for miljø og rett til reparasjon i forbrukarkjøp. Strategien for ein grøn sirkulær økonomi (2021) omtalar korleis ei omlegging til ein meir sirkulær økonomi i Noreg kan bidra til at ein når klima- og miljømåla, og til meir grøn verdiskaping i Noreg. Plaststrategien (2021) har til føremål å redusere miljøkonsekvensar av plastbruk og fremje berekraftig bruk av plast. Det samla arbeidet med miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege stoff er beskrive i Handlingsplan for en giftfri hverdag, som gjeld for perioden 2021–2024. Handlingsplan for klima- og miljøvennlege offentlege innkjøp og grøn innovasjon varar frå 2021–2030, med revidering i 2024 og 2027. Regjeringa arbeider med ein handlingsplan for sirkulær økonomi.
EU-kommisjonen publiserte 15. mai 2023 eit nytt oppfølgingsrammeverk for den sirkulære økonomien med indikatorar for mellom anna miljøfotavtrykket frå forbruk (consumption footprint), materialbruk (material footprint) og materialavhengnad. Rammeverket inkluderer òg indikatorar for å måle avfallsførebygging, klimagassutslepp frå produksjon, materialimportavhengnad og grad av EUs sjølvforsyning med kritiske råvarer.
Som del av EUs handlingsplan for sirkulær økonomi utviklar EU-kommisjonen no eit forsterka produktrammeverk med krav om at produkt blir designa for å vere berekraftige (ny økodesignforordning), og spesifikke reglar for sju utpeika produktverdikjeder: emballasje, plast, mat, tekstil, batteri og køyretøy, elektriske og elektroniske produkt og byggjevarer. Forslaga inneheld krav til haldbarheit, innhald av materialgjenvinne råvare og reparerbarhet for produkt, og skal fremja miljømessig og sosial berekraft, auka ressurseffektivitet, auka konkurransekraft og tilgang på kritiske råvarer for det grøne, sirkulære skiftet. Det følgjer av EU-kommisjonens forslag til ny økodesignforordning at store verksemder offentleg skal informere om destruksjon (øydelegging, kasting/kassering etc.) av uselde forbrukarprodukt, og at EU-kommisjonen seinare kan vedta underliggjande regelverk om forbod mot destruksjon av uselde forbrukarprodukt. Parlamentet og Rådet har foreslått forbod mot destruksjon av tekstilar direkte i forordninga. Klima- og miljødepartementet sendte i juni 2023 forslag til ny lov om berekraftige produkt og verdikjeder på høyring.
Forbrukarane har ei viktig rolle i omstillinga til sirkulær økonomi, både med tanke på det generelle materielle forbruket, produktval og at ein nyttar seg av dei rettane ein har. EU-kommisjonen har lagt fram forslag til tre ulike regelverk for å styrkje forbrukarvernet under den grøne given og handlingsplanen for sirkulær økonomi: Styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet, miljøpåstandar og miljømerke og om å fremje reparasjon av varer. Forslaga har som føremål å gjere det enklare for forbrukarar å ta meir berekraftige val. Mellom anna skal dei sikre betre informasjon om haldbarheit og reparasjonsmoglegheiter, gi sterkare vern mot handelspraksis som motverkar berekraftig forbruk, til dømes villeiande miljømarknadsføring («grønvasking»), fortidig produktforelding og upåliteleg berekraftsmerking. Direktivforslaga blir no handsama i Rådet og i EU-parlamentet.
Det er eit nasjonalt mål å auke materialattvinninga av avfall. Vidare er det eit mål å kople veksten i mengda avfall frå veksten i økonomien. Regjeringa vedtok i 2022 endringar i avfallsregelverket som stiller krav til utsortering og materialattvinning av plastavfall og biologisk avfall. Sommaren 2023 sendte regjeringa òg nye krav til utsortering, separat innsamling og materialattvinning av glas- og metallemballasje, papp, papir og tekstilar frå hushald og næringar som genererer hushaldsliknande avfall, på høyring. EU-kommisjonen la 5. juli 2023 fram forslag til revidert rammedirektiv om avfall, som inneheld krav om alle EU/EØS-land skal innføra utvida produsentansvar for tekstilar, òg rettsleg bindande mål for reduksjon av matavfall.
Regjeringa har gjennomført endringar i kravet til byggjevareforskrifta ved omsetnad av brukte byggjevarer. Forskriftsendringa skal gjere det lettare å bruke brukte byggjevarer og dermed bidra til meir sirkulær økonomi i byggjeverksemda. Regjeringa har òg gjennomført endringar i klima- og miljøkrava i byggteknisk forskrift. Endringane skal legge til rette for betre ressursutnytting og reduserte klimagassutslepp frå materiale.
EU-kommisjonen la i 2022 fram forslag til revidert byggjevareforordning. Med forslaget ønskjer ein å skapa harmoniserte reglar for å vurdere og angi miljø- og klimaeigenskapar for byggjevarer. Nye krav til produkt skal sikre at utforming og produksjon av byggjevarer er baserte på den nyaste teknologien for å gjere produkta meir haldbare, enklare å reparera, materialgjenvinnbare og lettare å reprodusere. Byggjevareforordninga er til behandling i Rådet og EU-parlamentet.
I 2017 signerte staten ei bransjeavtale med aktørane i verdikjeda for mat, der målet er å halvere matsvinnet innan 2030. Første hovudrapportering frå arbeidet under avtala viser at matsvinnet vart redusert med om lag 10 prosent i perioden 2015–2020. For å auke innsatsen for å nå målet om å halvere matsvinnet innan 2030, sette regjeringa ned eit utval i februar 2023 som skal utgreie tiltaks- og verkemiddelbruk, og korleis ein matkastelov skal inngå i ei slik samla verkemiddelbruk. Utvalet skal ferdigstille sitt arbeid innan utgangen av 2023.
Bioøkonomistrategien (2016) beskriv korleis ein kan legge til rette for auka verdiskaping og sysselsetjing, og samstundes redusere klimagassutslepp og ta i bruk fornybare biologiske ressursar på ein meir effektiv måte. Strategien peikar på at kunnskap, teknologi og føremålstenlege reguleringar er ein føresetnad for auka, berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam utnytting av fornybare biologiske ressursar. Forsterka innsats på desse områda er forankra i Nasjonal strategi for ein grøn sirkulær økonomi (2021), og vil legge til rette for auka sirkularitet i bionæringane og auka utnytting av sidestraumar og restråstoff frå dei ulike verdikjedene. Innsatsen blir mellom anna retta inn mot ei kunnskapsbasert utvikling av regelverk og standardar for auka utnytting av bioressursar som i dag blir definerte som avfall, utgreiing av eit tverrsektorielt marknadssystem for restråstoff og bioressursar, og auka produksjon av berekraftig fôr til fisk og husdyr.
Det offentlege brukte 740 milliardar kroner på innkjøp i 2022 og står for ein betydeleg del av det norske klima og miljøfotavtrykket. Statlege, fylkeskommunale og kommunale styresmakter og offentlegrettslege organ skal innrette innkjøpspraksisen sin slik at han bidrar til å redusere skadeleg miljøpåverknad og til å fremje klimavennlege løysingar der dette er relevant. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har lagt fram ein handlingsplan for auka klima- og miljøvennlege offentlege innkjøp og grøn innovasjon. Offentlege oppdragsgivarar skal i sine innkjøp søkje å fremje null- og lågutsleppsløysingar og sirkulær økonomi, og dessutan søkje å unngå helse- og miljøfarlege stoff spesielt innan dei prioriterte kategoriane: transport, bygg og anlegg, mat og måltidstenester, plastprodukt og produkt som inneheld plast, IKT/elektriske og elektroniske produkt, batteri, møblar og tekstilar. Regjeringa arbeider samstundes med å styrkje klima- og miljøforskriftane i innkjøpsregelverket, og har vedtatt ny forskrift med krav om 30 prosent vekting av klima- og miljø som hovudregel. Forskrifta trer i kraft frå 1.januar 2024, og følgjer mellom anna opp Riksrevisjonens rapport som viste at offentlege oppdragsgivarar ikkje i tilstrekkeleg grad bidrar til å fremje klima- og miljøomsyn i sine innkjøp. I tillegg har regjeringa satt ned et lovutval som skal revidera heile innkjøpsregelverket. Grøn omstilling og sirkulær økonomi er framheva i mandatet til utvalet.
I Meld. St. 6 (2022–2023) Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap, har regjeringa utvikla og forsterka statens forventningar til selskap med statleg eigardel. Dette gjeld særleg områda klima, natur, leiarløn og ansvarleg verksemd. Regjeringa forventar at selskapa inkluderer arbeidet med berekraftsmåla i sine strategiar og arbeider aktivt med å følgje dette opp i dagleg drift.
Ei lov om openheit i verksemder og arbeid med grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold (openheitslova) vart sett i kraft 1. juli 2022. Lova pålegg større verksemder å gjennomføre aktsemdsvurderingar i tråd med OECD-retningslinjene for fleirnasjonale selskap og å offentleggjere ei forklaring om dette arbeidet. I tillegg blir allmenta gitt rett til å krevje informasjon frå verksemdene om korleis dei handterer negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i leverandørkjeda.
EU-kommisjonen la i februar 2022 fram eit forslag til direktiv om tilbørleg varsemd for berekraft for føretak. Forslaget inneheld reglar om selskapsleiinga med krav om høvesvis aktsemdsvurderingar om menneskerettar, arbeidstakarrettar og miljø, klimaomstillingsplan og ansvaret til leiinga, og dessutan reglar om handheving og erstatning. Leiinga i selskap som er omfatta av direktivforslaget blir pålagd eit ansvar for å sikre at det blir tatt omsyn til berekraft i alle avgjerder, og at selskapsstrategien er i tråd med målet i Parisavtalen om å avgrense temperaturauken til godt under 2 gradar og streva etter å avgrense auken ned mot 1,5 grader. Kommisjonen foreslår at direktivet i første omgang skal gjelde for store verksemder med meir enn 500 tilsette og med ei nettoomsetning på over 150 millionar euro. Direktivforslaget har vore på høyring i Noreg, og det er utarbeidd ein norsk posisjon til forslaget.
OECDs retningslinjer for fleirnasjonale verksemder vart oppdatert under OECDs ministerrådsmøte i juni 2023. Retningslinjene stiller forventningar til selskap om ansvarleg forretningsdrift, kor selskapa mellom anna er forventa å vurdere om selskapet har ein negativ innverknad på område som menneskerettar, arbeidstakarrettar, antikorrupsjon, miljø og teknologi. Oppdateringa inneber mellom anna nye tilrådingar for verksemder om å innrette seg etter internasjonalt vedtatte mål om klimaendringar og naturmangfald, forventningar til bruk av teknologi, av dette innsamling og bruk av data og styrka prosedyrar for implementering av retningslinjene.
Skulen skal bidra til at elevane utviklar naturglede, respekt for naturen og klima- og miljøbevisstheit. Elevane skal utvikle bevisstheit om korleis levesettet til menneska påverkar naturen og klimaet, og dermed òg samfunna våre. Noreg har innført berekraftig utvikling som eitt av tre tverrfaglege tema i skulen, jf. omtale under mål 4. Gjennom arbeid med temaet skal elevane utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst. Elevane skal få forståing for at handlingane og vala til den enkelte betyr noko.
Internasjonalt arbeider Noreg for ein ambisiøs global avtale om plastforureining i dei mellomstatlege forhandlingane igangsatt av FNs miljøforsamling. Første utkast til avtaletekst skal diskuterast i november og komiteens arbeid skal etter planen ferdigstilles innan utgangen av 2024. Noreg leier ein høgambisjonskoalisjon med over 55 medlemsland saman med Rwanda for å auke ambisjonsnivået i forhandlingane. Noreg fremmar mellom anna forslag om rettsleg bindande forpliktingar retta mot heile plastens livslaup og prioriterer tiltak så langt oppe i produksjonskjeda som mogleg. Under bistandsprogrammet mot marin forsøpling blir det arbeidd for å styrkje avfallshandtering i utviklingsland og fremje meir berekraftig bruk av plastprodukt. Noreg støttar òg aktivt opp om arbeidet med plastavfall under Baselkonvensjonen om avfall.
Noreg er pådrivar for å fase ut miljøgifter og for sterkare internasjonale reglar for kontroll av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. For å sikre god, felles kunnskap som grunnlag for tiltak for å motverke den tredje store miljøtrusselen, forureining, er det sett i gang ein internasjonal forhandlingsprosess for å etablere eit vitskapspanel for kjemikaliar, avfall og redusert forureining. Forhandlingane skal vere ferdige i 2024. For perioden 2022–2025 har medlemslanda i FN slutta seg til at FNs miljøprogram skal prioritere berekraftig produksjon og forbruk på tvers av alle sektorar og miljøproblem.
Mål 13: Handle omgåande for å motarbeide klimaendringane og konsekvensane av dei
Klimaendringar og klimapolitikk påverkar dei fleste samfunnsområda og dermed dei fleste andre berekraftsmåla. Oppfølginga av Parisavtalen dannar grunnlag for å oppfylle berekraftsmål 13. Noreg har meldt inn at utsleppa av klimagassar i 2030 skal vere reduserte med minst 55 prosent samanlikna med nivået i 1990. EU har òg forsterka klimamålet sitt til minst 55 prosent. Noreg ønskjer å samarbeide med EU om gjennomføring av det forsterka klimamålet for 2030. Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er i regjeringsplattforma formulert som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 prosent samanlikna med 1990. Det inneber at regjeringa har eit nasjonalt mål om å omstille både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor. Hensikta er at heile det norske næringslivet skal omstille seg i retning lågutsleppssamfunnet.
Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Målet er å redusere klimagassutsleppa med 90–95 prosent innan 2050 samanlikna med utsleppsnivået i 1990.
Dei norske klimagassutsleppa er på veg ned. Foreløpige tal for 2022 viser at dei samla norske utsleppa av klimagassar i 2022 var 48,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Det er det lågaste nivået sidan 1993, vel 13 prosent under toppnivået i 2007, og ein reduksjon på 2,4 millionar tonn sidan 1990. Sjå miljøstatus.no for nærare oversikt over nasjonale klimamål og indikatorar.
Noreg fører ein ambisiøs klimapolitikk. Sektorovergripande verkemiddel i form av avgifter og deltaking i det europeiske kvotesystemet er hovudverkemidla, og dekker om lag 85 prosent av klimagassutsleppa i Noreg. Norske klimaavgifter er svært høge i internasjonal samanheng, både i utbreiing og nivå. Desse verkemidla set ein pris på utslepp og bidrar dermed til at produksjon og forbruk blir vridd i meir klimavennleg retning. Prising av utslepp fører til auka lønsemd for verksemder som finn måtar å redusere utslepp på, og stimulerer dermed teknologiutvikling. I tillegg til kvotar og avgifter blir direkte regulering, standardar, avtalar, informasjon og subsidiar til utsleppsreduserande tiltak brukt som verkemiddel i klimapolitikken, inkludert støtte til forsking og teknologiutvikling.
Regjeringa legg årleg fram Klimastatus og -plan som eit særskilt vedlegg til forslaget til statsbudsjett. I planen sett regjeringa tal på den berekna klimaeffekten av forslag til verkemidlar i statsbudsjettet. Regjeringas klimastatus og -plan viser korleis Noreg ligg an til å nå klimamåla og presenterer eit styringssystem og regjeringas plan for å oppfylle måla. Klimastatus og -plan er òg regjeringas rapportering etter klimalova. Blant tiltaka som skal bidra til dette, er ein gradvis auke i avgifta på klimagassutslepp til 2 000 kroner per tonn CO2 innan 2030, rekna i 2020-prisar. Regjeringa har i budsjettet for 2022 og 2023 og i forslag til 2024 budsjettet auka CO2-avgifta i tråd med ei slik opptrapping. Klimaplanen viser òg korleis det vil bli lagt til rette for reduksjon i utslepp og auka CO2-opptak i skog og andre areal, og dessutan verkemiddel for å stimulere låg- og nullutsleppsløysingar i kvotepliktig industri. Eit offentleg utval er i gang med å greie ut vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050. Utvalet skal legge fram si utgreiing i november 2023.
Regjeringa vil satse meir på grøn teknologi og nullutsleppsløysingar. I Klimastatus og -plan presenterer regjeringa virkemiddelpakker, irekna avgift, krav og støtte, for å redusere utslippene frå dei viktigaste ikkje-kvotepliktige utsleppskjeldene.
Enova skal bidra til at Noreg når klimaforpliktingane og til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Styringsavtalen til Enova legg derfor vekt på ikkje-kvotepliktige utsleppsreduksjonar mot 2030 og teknologiutvikling og innovasjon som medverkar til utsleppsreduksjonar fram mot lågutsleppssamfunnet i 2050.
Regjeringa har sett i verk eit grønt industriløft for nye industrinæringar og større grøne prosjekt i den eksisterande fastlandsindustrien. Gjennom Langskip-prosjektet bidrar Noreg til utvikling av teknologi for fangst, transport og lagring av CO2. Ordninga Grøn plattform er vidareført med nye utlysingar som gir støtte til forskings- og innovasjonsdriven grøn omstilling i næringslivet. Regjeringa arbeider for å få på plass låg- og nullutsleppskriterium og klimakrav i offentlege innkjøp av ferjer, hurtigbåtar og andre sjøtransporttenester, og vil bruke innkjøpsmakta i stat og kommune til å utvikle og ta i bruk ny teknologi for klimavennleg transport.
Kommunane har ei viktig rolle i å bidra til at Noreg når klimamåla og berekraftsmål 13, særleg gjennom rolla som planmyndigheit. Regjeringa vil legge til rette for at kommunane skal ta omsyn til klima i sin planlegging.
Samfunnet blir kvart år ramma av store skadar på grunn av overvatn. Våtare og villare ver, sentralisering og fortetting kan auke problema. Regjeringa vil at overvatn skal vere ein ressurs, og ikkje berre eit problem. Endringar i plan- og bygningslova, som gir kommunane betre verkemiddel for tiltak mot overvatn, vil tre i kraft frå 1. januar 2024.
Norske styresmakter arbeider for å gjere samfunnet mindre sårbart for klimaendringar. Eit godt naturvitskapleg kunnskapsgrunnlag er sentralt i arbeidet med klimatilpassing. Norsk klimaservicesenter (KSS) skaffar, legg til rette og formidlar klima- og hydrologiske data for bruk i arbeidet til forvaltninga med klimatilpassing, og gir råd om bruk av data. Det er løyva middel for at KSS skal utvikle ei nasjonal dataplattform, kalla «Klimakverna». Klimakverna skal sørge for at det blir enklare å ta i bruk klima- og hydrologiske framskrivingar til dømes i planverket til kommunane. Nettstaden Klimatilpasning.no bidrar til å spreie kunnskap om klimaendringar og klimatilpassing. Omsynet til klimatilpassing er innarbeidd i statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging.
For å styrkje klimaberedskapen la regjeringa 16. juni 2023 fram ei stortingsmelding om ein ny strategi for klimatilpassing. Stortingsmeldinga Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn inneheld planen regjeringa har for det nasjonale arbeidet med klimatilpassing for perioden 2024–2028. Eit viktig føremål med meldinga er å byggje eit rammeverk for auka tilpassingsinnsats i og på tvers av sektorar og samfunnsområde. Eit forbetra styringssystem for det nasjonale klimatilpassingsarbeidet skal føre til at omsynet til eit klima i endring blir vurdert og implementert systematisk i alle sektorar, at arbeidet blir meir heilskapleg og betre samordna og at vi får meir kunnskap om utviklinga i risiko og sårbarheit for Noreg og om effektar av innsats og tiltak.
Internasjonalt skal norsk klimafinansiering til utviklingsland innrettast slik at han bidrar til at utviklingslanda når måla sine under Parisavtalen. Noreg har eit mål om ei dobling av norsk klimafinansieringa frå 7 milliardar kroner i 2020 til 14 milliardar kroner seinast i 2026. Innanfor doblingsmålet har Noreg òg eit mål om å tredoble støtta til klimatilpassing. Tala frå 2022 viser at norsk klimafinansiering var på om lag 15,5 milliardar kroner (ein tar atterhald om moglege endringar i desse talla, som er berekningar). Auka i klimafinansieringa i 2022 komer i hovudsak av privat kapital utløyst av offentlege middel. Det var òg en auke i offentleg klimafinansiering. Kapital mobilisert gjennom privat kapital vil variere frå år til år. Derfor er det ingen garanti for at vi når måltalet om 14 milliardar kroner til neste år.
Klima- og skoginitiativet er den største internasjonale enkeltsatsing på klimafeltet i Noreg. Initiativet har gjort Noreg til eit føregangsland i langsiktig finansiering for å stanse tapet av naturskog og bidra til berekraftig arealforvaltning. I 2022 etablert regjeringa eit nytt klimafond som skal investere i fornybar energi i utviklingsland med mål om å bidra til reduserte klimagassutslepp. Norfund har ansvaret for å forvalte fondet. Det er vedtatt å setje av 10 milliardar kroner i perioden 2022-2026 for å oppkapitalisere klimainvesteringsfondet. Finansieringa kjem frå Stortingets årlege løyving over statsbudsjettet og overføring av totalt 5 milliardar kroner frå Norfunds overskotskapital over fem år. I 2022 bidro Klimainvesteringsfondet til finansiering av 2 443 MW fornybar energi og til estimerte unngåtte klimagassutslepp på 6,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Ved utgangen av 2022 var total avtalefesta portefølje for fondet på 2,14 milliardar kroner.
Det grøne klimafondet (GCF) er ein hovudkanal for norsk multilateral klimafinansiering. Noreg gir eit bidrag på 3,2 milliardar kroner i perioden 2024–2027 til GCF. Noreg bidrar òg med finansiering gjennom utviklingsbankane, som gir ein vesentleg og aukande del av midla sine til klimarelaterte tiltak. Det bidrar til langsiktig og føreseieleg finansiering av både utsleppsreduserande tiltak og klimatilpassing i utviklingsland. Regjeringa har òg styrka satsing på bistand til klimatilpassing for å følgje opp regjeringa sin strategi Klima, sult og sårbarhet. I tillegg støttar Noreg viktige klimatiltak gjennom det bilaterale samarbeidet på landnivå.
Mål 14: Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling
Noreg har omfattande reguleringar for å sikre god forvaltning av havområda. Miljøtilstanden i norske havområde er på mange måtar god, men blir påverka i aukande grad av klimaendringar, som har ein tydeleg påverknad på tilstanden i økosystema både i Nordsjøen og i Barentshavet. Petroleumsproduksjon, fiskeri, fiskeoppdrett, skipsfart og turisme er basert på utnytting av ressursar i og ved havet. Noreg er avhengig av eit reint og rikt hav for å hauste og produsere rein mat. Verdiskaping i havnæringane er avhengig av berekraftig forvaltning av marine ressursar, god miljøtilstand og rikt naturmangfald i dei norske kyst- og havområda.
Regjeringa vil sørgje for god sameksistens mellom dei ulike havnæringane, mellom anna ved å utarbeide næringsplanar for Nordsjøen, Barentshavet og Norskehavet. Regjeringa vil legge til rette for at havnæringane bidrar til å skape fleire trygge heilårsarbeidsplassar, større verdiskaping lokalt og nasjonalt og kutt av klimagassutslepp.
Forvaltningsplanane for Barentshavet–Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen–Skagerrak er felte ned i Meld. St. 20 (2019–2020) med tiltak for berekraftig bruk og bevaring av økosystema. Planane legg til rette for verdiskaping og mattryggleik, og bidrar til å halde oppe miljøverdiane. Forvaltningsplanane for dei norske havområda skal vidareutviklast fram mot neste oppdatering i 2024.
I samband med vedtaket om eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald under partsmøtet i Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) i desember 2022 har Noreg slutta seg til eit globalt mål om å bevare minst 30 prosent av havet gjennom eit nettverk av marine verneområde og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak. Det blir arbeidd vidare med å redusere utslepp frå hav- og landbaserte forureiningskjelder, inkludert utslepp av mikroplast. Det er òg behov for å redusere tilførsel av næringssalt frå fiskeoppdrett, utslepp og avrenning frå jordbruket.
Regjeringa er i gang med å forbetre fiskerikontrollen. Målet er ei berekraftig fiskeriforvaltning med rettferdig konkurranse mellom aktørane. Både forvaltninga og kontrollstyresmaktene treng pålitelege data om det som blir hausta og omsett. Alle fiskefartøy skal sporast, og aktivitet og fangst skal rapporterast elektronisk. Det langsiktige målet er å automatisere innsamlinga av data, slik at næringa kan dokumentere at fangst og omsetning er innanfor lovlege kvotar. Fiskeridirektoratet, fiskesalslaga og Kystvakta har viktige roller i fiskerikontrollen. Samstundes styrkjer politiet sin innsats mot fiskerikriminalitet i tråd med eigne trusselvurderingar.
God forvaltning og utnytting av ressursane i havet krev kunnskap. Botnkartlegginga av norske havområde (Mareano-programmet) har djupnemålt om lag 292 000 km2 av norske havområde som grunnlag for planlegging og kartlegging av geologisk, biologisk og kjemisk miljøtilstand på sjøbotnen. Dei årlege fiskeritokta til Havforskingsinstituttet bidrar til kunnskap om norske fiskebestandar og grunnlaget for berekraftig bruk. I Barentshavet har Noreg dei seinaste åra òg registrert plast som blir tatt opp under tokta.
Kunnskapsbaserte tiltak og forskingsinnsats er viktig for å setje i verk gode tiltak i havforvaltninga. Noreg er kjent for god forvaltning av fiskeriressursane og for å sørgje for omfattande forsking som grunnlag for forvaltning av økosystem og ressursar i hav- og kystområda. Prioriteringane kan ein spegle i dei årlege tildelings- og tilskotsbreva til Havforskingsinstituttet, Noregs forskingsråd, Nofima, Veterinærinstituttet mfl., og blir omtalte i den nye langtidsplanen til regjeringa for forsking og høgare utdanning (2023–2032).
Forvaltningssystemet for havbruk er i dag innretta for å sikre berekraftig bruk av havet. Det miljømessige fotavtrykket spelar ei vesentleg rolle ved tildeling av løyve og klarering av lokalitetar. Strenge krav til anlegg og drift skal sikre omsynet til miljø og vill laksefisk. Miljømessig berekraft er ein føresetnad for vidare vekst i oppdrettsnæringa.
Verdas behov for mineral for gjennomføring av overgangen til lågutsleppssamfunnet vil auke monaleg i tida framover. Materialattvinning og andre tiltak for å få på plass ein meir sirkulær økonomi er viktig, men vil ikkje vere tilstrekkeleg til å dekke framtidig etterspørsel. Auka tilgang på mineral er derfor viktig for å nå fleire av berekraftsmåla. Moglegheita for utvinning av mineral frå havbotnen kan bidra til å dekke deler av det framtidige behovet, så lenge det er lønsamt og ressursane kan utvinnast på ein berekraftig og forsvarleg måte. Regjeringa har lagt fram ei melding for Stortinget om opning av område på norsk kontinentalsokkel for mineralverksemd.
Regjeringa har som mål at eit representativt utval av natur i havområda skal bevarast. Til no er det etablert 17 marine verneområde for å verne særlege naturverdiar og stor biologisk produksjon, og dessutan fire nasjonalparkar med stor del marine areal. I tillegg nyttast andre arealbaserte bevaringstiltak i havområda. Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur legg grunnlaget for vidare arbeid med bevaringstiltak i norske havområde.
Reguleringane av fiske brukar verktøy som forbod mot å fiske med visse reiskapar, tidsavgrensa fiske, opning og lukking av fiskefelt og arealbaserte reguleringar. Atten område med kaldvasskorallar er verna mot øydelegging frå fiskeriaktivitet med botnrammande reiskapar. I alt er 44 prosent av norske havområde underlagde areal- og fiskeribaserte forvaltningstiltak.
Regjeringa vil legge til rette for utvikling av konkurransedyktig, sikker og miljøvennleg sjøtransport og beredskap mot akutt forureining som hindrar og avgrensar miljøskade. Ein omfattande maritim infrastruktur og ei rekkje tenester sikrar sjøtryggleiken i norske farvatn. Det er etablert anbefalte seglingsleier for skipstrafikken der det er mykje skipstrafikk, òg i norsk økonomisk sone. Både tiltak for førebyggjande sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining er basert på miljørisikoanalysar. Fiskeridirektoratet har dei siste åra auka innsatsen sin både med opprydding av tapte fiskereiskapar og med å førebyggje marin forsøpling frå fiskeri- og havbruksnæringa.
Internasjonalt er Noreg ein pådrivar for å løfte havspørsmåla på den internasjonale dagsordenen. Havspørsmål er viktige samarbeidsområde i ei rekkje av dei bilaterale relasjonane til Noreg, og dette har òg ein positiv effekt på norske havnæringar og verdiskaping.
Norge arbeider aktivt for å sikre at berekraftsmåla har ein sentral plass i den reviderte strategiske planen og arbeidsprogrammet til Den internasjonale sjøfartsorganisasjon (IMO). Noreg er ein pådrivar for at alle kyststatar skal ha ei heilskapleg, økosystembasert havforvaltning. Statsminister Støre leier Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi (Havpanelet), som i dag er sett saman av 17 stats- og regjeringssjefar. Storbritannia har slutta seg til panelet det siste året. Landa har forplikta seg til ei ambisiøs tiltaksliste, mellom anna å etablere ei planmessig, berekraftig forvaltning av hav- og kystområda sine innan 2025. Panelet viser til at investeringar i berekraftige havnæringar løner seg og kan gi betydeleg større bidrag til energitilgang, matforsyning, helse og reduksjon av klimagassutslepp enn i dag.
Noreg var blant initiativtakarane til FNs havforskingstiår 2021–2030. Det er FNs havforskingskommisjon, IOC-UNESCO (Intergovernmental Oceanographic Commission), som har ansvar for å leie arbeidet. Tiåret skal stimulere og koordinere forskingsinnsatsen nasjonalt og globalt. Noreg er ein av dei største bidragsytarane til IOC-UNESCO og støtta går i hovudsak til kapasitetsutvikling og gjennomføringa av havforskingstiåret. Statsminister Støre deltar som høg beskyttar i Havtiårsalliansen, ei koordinerings- og støttegruppe for havforskingstiåret. Noregs engasjement for berekraftig forvaltning av dei nasjonale havområda i Havpanelet sjåast i samanheng med arbeidet med havforskningstiåret.
Kunnskapsprogrammet Hav for utvikling (Hfu) skal bidra til samfunnsøkonomisk lønsam, berekraftig og inkluderande utvikling innan havnæringar i samarbeidslanda. I 2022 vart det inngått ein samarbeidsavtale med Indonesia. Det vart òg jobba vidare med avklaringar av tematiske område for samarbeid for etablering av eit Hfu-samarbeid med Mosambik. Ei samarbeidsavtale med Mosambik er forventa inngått andre halvår 2023.
Kunnskapsprogrammet Fisk for utvikling (Ffu) vart etablert i 2016 for å oppnå meir strategisk og heilskapleg tilnærming til norsk fiskeribistand. Målet er at fiskeri- og oppdrettssektoren skal bidra til positiv samfunnsøkonomisk utvikling i samarbeidslanda. Samarbeid innanfor Ffu består av institusjonssamarbeid med norske ekspertar, og av støtte til multilaterale organisasjonar, sivilt samfunnsorganisasjonar, privat sektor og utdanningssamarbeid. Ffu bidrar til berekraftig fiskeri og økosystem i utviklingsland, og jobbar blant anna med å forbetra akvatisk dyrehelse og biotryggleik. Nansen-programmet og forskingsfartøyet Dr. Fritjof Nansen er ein sentral del av Ffu og hjelper 32 kystland i Afrika og Bengalbukta i å utvikla ein ansvarleg og berekraftig fiskeriforvaltning. I 2022 starta arbeidet med å utvikle ein ny fase (2024–2028) for Nansen-programmet. Auka vekt på institusjonsbygging og forvaltningskapasitet, i tillegg til styrkja fokus på mat og ernæringssikkerheit vil vektleggjast.
Noreg prioriterer aktiv deltaking i internasjonal regelutvikling for å sikre bevaring og berekraftig bruk av havet. I Den internasjonale havbotnsmyndigheita blir det forhandla eit regelverk for utvinning av mineralressursar i område utanfor nasjonal jurisdiksjon. Det har i FN blitt forhandla ein avtale under FNs havrettskonvensjon om bevaring og berekraftig bruk av marin biodiversitet i havområde utanfor nasjonal jurisdiksjon, der Noreg har deltatt aktivt. Avtalen vart vedtatt i juni 2023. Nasjonalt arbeider ein no med å underteikne og ratifisere avtalen.
Noreg støttar internasjonale initiativ for å fjerne subsidiar som fører til overkapasitet, overfiske og ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Noreg var til dømes ein viktig bidragsytar til at WTO fekk på plass ein avtale om reduksjon av skadelege fiskerisubsidiar i 2022. Det blir no forhandla om uløyste problemstillingar relatert til slike subsidiar, for å sikre at ein meir fullstendig WTO-avtale kjem på plass innan rimeleg tid.
Arbeidet gjennom Blue Justice-initiativet blir ført vidare. Initiativet er ei oppfølging av den internasjonale erklæringa mot grensekryssande organisert kriminalitet i den globale fiskeindustrien (Københavnerklæringa), som 61 partar har slutta seg til.
Noreg arbeider for ein ambisiøs global avtale om plastforureining i dei mellomstatlege forhandlingane igangsatt av FNs miljøforsamling, og under bistandsprogrammet mot marin forsøpling blir det arbeidd for å styrkje avfallshandtering i utviklingsland. Sjå mål 12 for nærarer omtale.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte liv under vatn i seks land i EØS. Støtta er primært retta mot miljøvern og økosystem.
Mål 15: Verne, tilbakeføre og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, motverke ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald
I Noreg er mykje gjort for å vareta økosystema gjennom ei kunnskapsbasert forvaltning. Om lag 17,6 prosent av fastlandsarealet i Noreg verna etter naturmangfaldslova – 25 prosent av landarealet når vernet på Svalbard og Jan Mayen også blir rekna med. Regjeringa meiner at det ikkje er behov for eit omfattande nytt vern, men at skogvernet skal aukast i tråd med målet frå Stortinget om 10 prosent vern av skogen. I resten av økosystema er det behov for eit avgrensa vern av enkelte naturtypar som i dag ikkje er godt nok sikra i dei eksisterande verneområda. Om lag 70 prosent av elvar og innsjøar har god eller svært god tilstand i samsvar med klassifiseringa etter vassforskrifta. Den samla statusen for økologisk tilstand i elvar og innsjøar er vurdert til middels god. Ifølgje miljøstatus.no er tilstand i hav og i fjell god. Sidan 1990 har utviklinga i havet samla sett vore stabil. I fjellet er utviklinga svakt negativ. Tilstand for våtmark og kulturlandskap og opent lågland er middels god, men har samla sett hatt ei negativ utvikling. Tilstand i skog er òg middels god, med ei svak positiv tendens i utvikling.
Nedbygging og anna arealbruksendring splittar opp leveområde for artar og påverkar naturmangfald, jordvern og klima. For å sikre berekraftig forvaltning av verdifull natur, karbonrike areal og matjord må styresmaktene planlegge heilskapleg og kunnskapsbasert. Forureining, framande artar og klimaendringar, som er ein stadig aukande påverknadsfaktor, påverkar òg naturmangfaldet negativt. Det vart i 2021 laga ein oppfølgingsplan for den mest truga naturen, og relevante direktorat samarbeider med å følgje opp planen.
Arealendringar er den klart viktigaste negative påverknadsfaktoren for truga artar, i Noreg og globalt. Artsdatabanken gav i november 2021 ut Norsk raudliste for artar. I overkant av 2700 artar har fått status som truga. Ein meiner at om lag 85 prosent av dei truga artane er i nedgang. Nær halvparten av dei truga artane lever i skog, medan om lag ein tredel av dei truga artane lever i kulturlandskapet.
Regjeringa vil intensivere arbeidet med å redde truga artar og naturtypar og ta vare på bier og andre pollinerande insekt. Ein tverrsektoriell tiltaksplan frå 2021 for pollinerande insekt inneheld ei rekkje tiltak for å ta vare på leveområde, byggje opp kunnskap og formidle kunnskapen om insekt. Eit nasjonalt overvakingssystem for insekt bidrar òg til å hente inn ny kunnskap.
Som eit ledd i å betre tilstanden for naturen, restaurerast forringa natur. I tillegg til at restaurering er viktig for å betre tilstanden for naturen, kan det sikre karbonlager og avgrense verknader av klimaendringane. Til grunn for arbeidet med restaurering ligg mellom anna Plan for restaurering av våtmark i Norge (2021–2025), vassforvaltningsplanar, Nasjonal strategi for restaurering av vassdrag 2021–2030 og Oppfølgingsplan for trua natur.
Om lag 40 prosent av landarealet i Noreg er dekt av skog. Det er eit krav at det skal leggjast til rette for at det kjem opp ny skog etter hogst, slik at produksjonsevna til skogarealet kan utnyttast i eit langsiktig perspektiv. Skogen er også viktig for å binde karbon. Kommunane kontrollerer foryngingsinnsatsen til skogeigarane årleg. Det blir gjennomført miljøregistreringar for å skaffe eit godt kunnskapsgrunnlag om livsmiljø for artar og andre miljøverdiar. Samstundes er skogen leveområde for et stort naturmangfald. Regjeringa har satt i gang arbeid med å etablere en meny av ulike tiltak som bidrar til å oppretthalde eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand.
Norsk matproduksjon er avhengig av langsiktig og berekraftig forvaltning av jorda. I behandlinga av berekraftsmeldinga slutta Stortinget seg til ambisjonen om eit forsterka mål for maksimal nedbygging av jordbruksjord. Jordbruk og reindrift brukar utmark til beite. Utmarksbeite bidrar til å halde oppe naturmangfald og variasjon i natur og landskap. Natur- og kulturlandskap er likevel mange stader under endring som følgje av attgroing, utbygging og endra driftsformer.
Tilgang til norske genetiske ressursar blir regulert av naturmangfaldslova og forskrift om tradisjonell kunnskap knytt til genetiske ressursar. Noreg gir årlege bidrag til fondet til plantetraktaten for fordelsdeling og gir tilgang til plantegenetiske ressursar for mat og landbruk i tråd med forskriftene til traktaten. Regjeringa følgjer opp stortingsmeldinga om miljøkriminalitet med tiltak og verkemiddel for å redusere den negative påverknaden som miljøkriminalitet har på klima og miljø. I 2020 vart det vedtatt ei kvalitetsnorm for villrein, og i 2022 vart klassifiseringa av dei ti nasjonale villreinområda etter kvalitetsnorma klar. Av desse har seks dårleg kvalitet og fire middels kvalitet etter norma. Ingen av områda har god kvalitet.
I 2022 vart det vedtatt eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald under Konvensjonen om biologisk mangfald (ofte omtalt som naturavtalen). Naturavtalen sitt oppdrag er å handle snarast for å stanse og reversere tap av naturmangfald for at naturen skal kunne gjenopprettast. I rammeverket er det fastsette fire overordna mål fram mot 2050 og 23 handlingsretta mål fram mot 2030. Måla spenn vidt, og handlar om å redusere truslar mot naturmangfald, berekraftig bruk og løysningar som må på plass for å mogleggjere gjennomføring. Måla er globale og det er den samla nasjonale politikken til kvart land, saman med internasjonale initiativ, som skal sørgje for at måla blir nådd. Regjeringa vil legge fram Noreg si oppfølging av naturavtalen i form av ei stortingsmelding til neste år. Dette vil vere Noreg sin nye handlingsplan for natur.
Internasjonalt er den norske innsatsen retta mot naturmangfald, berekraftig skogforvaltning og miljøkriminalitet. Noreg bidrar gjennom utviklingspolitikken og aktiv deltaking i mellomstatleg samarbeid, inkludert i FN-organisasjonen for mat og landbruk (FAO) og konvensjonen om biologisk mangfald (CBD). Norske bistandsmiddel blir mellom anna kanaliserte gjennom FNs miljøprogram (UNEP) og Den globale miljøfasiliteten (GEF). Klima- og skoginitiativet er dei største internasjonale tiltaka frå Noreg for å redusere og reversere avskoging i tropiske skogland. Det er òg Noreg sitt største tiltak for å ta vare på naturmangfald. Om lag to tredelar av landjordas naturmangfald lever i skog. Klima- og skoginitiativet har bilaterale skogsamarbeid med dei store regnskoglanda som mellom anna omfattar betaling for gjennomførte utsleppsreduksjonar. Dei store regnskoglanda (Brasil, Indonesia, DR Kongo, Colombia, Peru, Ecuador m.fl.) er alle såkalla megadiversitetsland. Det vil seie at dei har den høgste delen av jordas artar og flest stadbundne artar. Utbetalingane til desse landa bidrar mellom anna til å kartlegge, overvake og verne spesielt naturrike områder, og til berekraftig forvaltning i samarbeid med lokalbefolkninga. Klima- og skoginitiativet støttar mellom anna dei rettane urfolk har til land, til forvaltning av naturen på tradisjonelt vis, innsats mot skogkriminalitet, ulovleg omdisponering av skog, og til avskogingsfri råvareproduksjon. Om lag 90 prosent av avskoginga skjer på grunn av landbruksekspansjon. Målretta tiltak for å produsere råvarer meir effektivt på mindre areal har ein svært positiv verknad på naturmangfaldet. Noreg underteikna i 2021 Glasgow Leaders’ Declaration on Forest and Land Use saman med 145 andre land med mål om å stanse alt tap av skog og arealforringelse innan 2030, og i 2022 vart Noreg med i Forest and Climate Leaders’ Partnership for å følgje opp gjennomføringa av desse måla.
Mål 16: Fremje fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå
Demokrati, menneskerettar og likskap for lova er ein grunnpilar i det norske samfunnet. Grunnlova er eit sentralt fundament for å sikre ytringsfridom og grunnleggjande rettsvern. Noreg har eit velfungerande rettsvesen med godt utbygde institusjonar.
Beredskapen til politiet er styrkt ved mellom anna auka bemanning, etablering av beredskapssenteret og kjøp av tre nye politihelikopter. Regjeringa vil legge fram ein plan for å styrkje nærværet til politiet i heile landet.
Kriminaliteten i Noreg er i internasjonal samanheng låg, og det har vore ein trend mot mindre kriminalitet i Noreg dei siste tiåra. Trenden gjeld både for opplevd og meld kriminalitet. Det er likevel utfordringar knytte til vald i nære relasjonar og partnardrap. For å styrkje innsatsen på dette området vil regjeringa legge fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar i løpet av hausten 2023. Tilrådingane i utgreiinga frå partnardrapsutvalet frå 2020 utgjer ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget. Regjeringa vil òg legge til rette for auka bruk av vernetiltak som flyttar belastninga frå den valdsutsette til den som utøver valden.
I 2022 vart det publisert ei ny nasjonal risikovurdering og eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om kvitvasking og terrorfinansiering. Regjeringa vil legge fram ei stortingsmelding om økonomisk kriminalitet, som kan bidra til politikkutvikling på området.
Mange utanlandske arbeidstakarar opplev krevande arbeidsforhold. Det er etablert målretta tiltak for å hjelpe personar i gruppa som kan vere offer for menneskehandel. Det er òg sett i verk fleire informasjonstiltak for å førebyggje utnytting og menneskehandel av ukrainske flyktningar i Noreg.
Noreg har ei handlingsplan for å motvirke radikalisering og valdeleg ekstremisme, òg ein kontraterrorstrategi. Desse dokumenta gir ei overordna strategisk retning for arbeidet. Innsatsen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme er bredt anlagt og retta mot alle former for ekstremisme. Det er etablert ordningar med radikaliseringskontaktar i politidistrikt og kriminalomsorga. I tillegg er det gjennom fleire år arbeidd med tiltak mot radikalisering i mange sektorar, frå skular og barnevern via helsesektoren til PST, politiet og kriminalomsorga. Den nasjonale rettleiings- og ressursfunksjonen på feltet bidrar til å styrkje arbeidet. Nettressursen utveier.no gir handlingskompetanse og støtte i arbeidet med førebygging, handtering av uro og endringsarbeid. Regjeringa har satt ned ein ekstremismekommisjon for å få meir kunnskap om korleis ekstremisme oppstår, og kva tiltak som kan fungere for å førebyggje og motverke radikalisering og ekstremisme.
Noreg har i mange år og gjennom ulike fora arbeidd for openheit og tillit. Vi tar derfor del i det arbeidet som OECD gjer for å auke tilliten til forvaltninga gjennom mellom anna meir openheit og medverknad. Noreg slutta seg på eit ministermøte i november 2022 til Luxembourg-erklæringa som inneheld ulike handlingsplanar med mål om å byggje tillit og å styrkje demokratiet.
Noreg deltar i Open Government Partnership (OGP) som har som mål at offentleg sektor og det sivile samfunnet skal samarbeide om å skape ei meir open, velfungerande og brukarvennleg forvaltning. Det viktigaste verkemiddelet i OGP er dei nasjonale handlingsplanane som blir utarbeidde i samråd med det sivile samfunnet. Eit eige OGP-råd har gitt regjeringa råd om arbeidet med openheit i forvaltninga. Noreg arbeider med ein ny handlingsplan som skal vare frå 2024 til 2027. Regjeringa ser mellom anna meir openheit om offentlege innkjøp, antikorrupsjonsarbeid, digital inkludering og evaluering av e-innsyn som prioriterte område i denne planen. Det sivile samfunnet har kome med innspel til forpliktingar i handlingsplanen både gjennom samskaping og gjennom høyringar. Ålmenn høyring medverka til at alle, ikkje berre organiserte interesser, kunne kome med forslag til forpliktingar.
Eit av føremåla i kommunelova er å legge til rette for eit sterkt og representativt lokaldemokrati med aktiv innbyggjardeltaking. Lova slår fast kommunalt og fylkeskommunalt sjølvstyre og krev lovheimel for å avgrense dette. Vidare krev lova at alle kommunar og fylkeskommunar skal fremje medverknad og ha råd for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom. Ho legg òg til rette for å sikre inkludering og involvering av nasjonale minoritetar og urfolk. Det er eigne konsultasjonsprosedyrar i spørsmål som kan påverke samiske interesser.
Valglova skal sikre frie og hemmelege val til Stortinget, fylkesting og kommunestyre. Valdirektoratet skal bidra til korrekte og sikre val gjennom å rettleie kommunar og fylkeskommunar, under dette tilby eit elektronisk valadministrasjonssystem. Direktoratet bidrar òg med informasjon til veljarar og opplysningar om valresultat. Alle desse elementa bidrar til å styrkje eit velfungerande demokrati og tilliten til val.
For å oppnå rettstryggleik er det nødvendig at den enkelte har høve til å sikre sine rettar og plikter. Ordninga med fri rettshjelp er viktig for å sikre den grunnleggjande rettstryggleiken til borgarane. Frå 1. januar 2023 er ordninga styrkt ved at inntekts- og formuesgrensene er endra, slik at fleire no har tilgang til fri rettshjelp. I tillegg jobbar Justis- og beredskapsdepartementet med å følgje opp utgreiinga frå Rettshjelputvalet frå 2020.
Forvaltningslovutvalet (2015) gjennomførte ein brei gjennomgang av den gjeldande forvaltningslova frå 1967 og ulovfesta forvaltningsrett. Utvalet vart bede om å utarbeide ei lov som sikrar rettstryggleiken og tilliten til forvaltninga, og som samstundes legg til rette for god og effektiv saksbehandling. Mandatet la vekt på at den nye lova bør legge til rette for digitalisering av saksbehandling og ta omsyn til at lova skal nyttast på mange ulike område og tilpassast til ulike former for organisering av offentleg verksemd. Utvalet leverte utgreiinga i 2019 og foreslår ei ny lov om saksbehandlinga i offentleg forvaltning til avløysing av den nogjeldande forvaltningslova. Utgreiinga frå utvalet var på høyring hausten 2019 og er til behandling i Justis- og beredskapsdepartementet.
Tilgang til rettsvesenet og prøving av rettsspørsmål føreset kompetente og effektive domstolar som kan ta autoritative, grundige og raske avgjerder. For å sikre rettstryggleiken til borgarane og sikre domstolar med stadleg leiing har regjeringa sendt på høyring eit forslag om å gjeninnføre domstolstrukturen frå før strukturendringane av 2021. Regjeringa jobbar med å følgje opp innspela etter høyringa. Vidare er det lagt til rette for at domstolane kan halde fram digitaliseringsarbeidet for å redusere tidsbruken og køane i domstolane.
For at den sivile rettspleia skal bli billigare for partane og samfunnet, fremma regjeringa 16. desember 2022 ein lovproposisjon med forslag om endringar i tvistelova mv. Proposisjonen inneheld mellom anna forslag til endringar i reglane om rettsmekling, ankenekting, førebuing av saka, behandlinga i forliksrådet og sakskostnader i domstolane. Gjennom hausten 2022 vart det heldt fleire arbeidsmøte med sentrale aktørar for å kartlegge korleis sakskostnadene kan reduserast. Justis- og beredskapsdepartementet jobbar vidare med å følgje opp dette arbeidet.
Internasjonalt har den norske innsatsen for berekraftsmål 16 fire delvis overlappande delar: Innsats for fred og tryggleik i norske nærområde, innsats for å støtte fred og stabilitet i andre statar og regionar, innsats for å fremje rettsstat, rettferd og vel fungerande institusjonar og prosessar i land som treng støtte til dette, og internasjonal innsats for å førebyggje og kjempe mot korrupsjon og tilhøyrande ulovleg kapitalflyt.
Den russiske angrepskrigen mot Ukraina er ei påminning om at fred i Europa ikkje kan takast for gitt. Det viktigaste målet for norsk tryggleiks- og forsvarspolitikk er å sikre norsk suverenitet, territorial integritet og politisk handlefridom. Vidareføringa av eit sterkt nasjonalt forsvar, den kollektive tryggleiken i NATO og bilateralt forsvarssamarbeid med allierte er sentrale verkemiddel for å oppnå dette målet.
Å hindre krig – og å bevare fred – er alltid målet for ein sikkerheitspolitikk som er internasjonalt ønskt og legitim. I den grad det internasjonale samfunn evner å forhindre eller motverke aggresjon over tid, er dette uttrykk for ein internasjonal sikkerheitsorden som er berekraftig. Den russiske angrepskrigen mot Ukraina illustrerer at ein internasjonalt ønskt, legitim og berekraftig sikkerheitsorden ikkje kan bli tatt for gitt. Berekraft i denne samanheng føreset at militære og andre maktmidlar kan brukast legitimt for å avskrekke frå angrep og i verste fall forsvara det internasjonale samfunn mot den type militær aggresjon som Russland i dag gjer seg skuldig i. Slik er janusansiktet til militærmakta, men legitim militær makt utgjer det internasjonale samfunnets evne til kollektivt sjølvforsvar, som både nasjonalt og i allianse er sjølve garantien for en berekraftig sikkerheitsorden, i Europa og internasjonalt.
Noreg legg stor vekt på å bidra til å støtte fred og stabilitet i andre statar og regionar. Noreg er ein partnar i konfliktførebygging, konfliktløysing og fredsbygging. I dialog- og fredsprosessar der Noreg har ei formell rolle, fremjar vi deltaking frå kvinner og sivilsamfunnet. Noreg støttar arbeidet mot seksualisert og kjønnsbasert vald, uavhengig av kjønn. Vern av barn som er fødde i krig, og dei som er særleg utsette for diskriminering, er eit anna prioritert område.
Norsk politi og personell frå Forsvaret deltek i internasjonale fredsoperasjonar for å sikre fred og støtte statar med å byggje opp att normale samfunnsstrukturar etter krig og konflikt.
Noreg bidrar til rettferd og vel fungerande offentlege institusjonar i land som treng støtte til dette, og er ein pådrivar i arbeidet for å verne om dei internasjonale menneskerettssystema. Respekt for menneskerettane og rettsstatsprinsippa er føresetnader for at ingen skal utelatast. Noreg fremjar folkestyre basert på menneskerettane og sivilsamfunnet gjennom omfattande samarbeid med globale, regionale og nasjonale partnarar og på globale og regionale arenaer. FNs høgkommissær for menneskerettar er den viktigaste internasjonale partnaren til Noreg på dette feltet.
Noreg arbeider for å styrkje internasjonale normer, standardar og operative tiltak for å førebyggje og kjempe mot korrupsjon, mutingar, skattesvik, kvitvasking og ulovleg kapitalflyt. Dette gjeld særleg ulovlege finansstraumar i offentleg og privat sektor på tvers av landegrenser. Noreg arbeider for meir finansiell openheit, ansvarlegheit og integritet. Noreg er og ein pådrivar i det normgivande arbeidet på globale skattespørsmål i FN, og er den største givaren til skattekomiteen i FN. I tillegg støtter Noreg to-pilarprosessen i OECD/G20 om skattefordeling og minimumsskatt for multinasjonale selskap. Noreg er ein av dei fem største givarane til dette arbeidet.
Noreg støtter bygging av kunnskap og kapasitet i offentlege institusjonar i land i Sør på felt som skatt, forvaltning av naturressursar, statistikk og anti-korrupsjon. Anti-korrupsjon er eit tverrgåande omsyn, på same måte som klima og miljø, menneskerettar og likestilling, og det er nulltoleranse for økonomisk misferd i utviklingssamarbeidet.
Noreg er ein pådrivar for NATO-arbeidet for å styrkje godt styresett i forsvars- og tryggingssektoren hos allierte og partnarland. Noreg samarbeider med Albania, Bosnia Hercegovina, Kosovo, Montenegro, Nord-Makedonia og Ukraina om utvikling av demokratiske og robuste institusjonar gjennom godt styresett som forebygger maktmisbruk, korrupsjon og annan uetisk eller kriminell åtferd.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte målet om fred og rettferd i 14 land i EØS. Støtta er primært retta mot å styrkje justissektoren.
Norsk kriminalomsorg er ansvarleg for EØS-program i Bulgaria, Latvia, Litauen, Polen, Romania og Tsjekkia der det blir bygd pilotfengsel og opplæringssenter for å styrkje kriminalomsorga i landa i tråd med FNs standardar (The United Nations Standard Minimum Rules for the Treatment of Prisoners (the Nelson Mandela Rules)). Noreg har òg bidratt til utvikling av kriminalomsorga i Ukraina og Russland, men dette arbeidet er stansa på grunn av den pågåande krigen i Ukraina.
Mål 17: Styrkje verkemidla som trengst for å gjennomføre arbeidet, og fornye globale partnarskap for berekraftig utvikling
Internasjonalt samarbeid er under press, men er heilt nødvendig for å løyse dei globale utfordringane. Partnarskap mellom land og samarbeid mellom offentleg sektor, næringsliv, sivilsamfunn og akademia er ein føresetnad. For alle land vil betre utnytting av eigne ressursar, irekna å redusere lekkasjar i form av ulovleg kapitalflyt frå skatteunndraging, korrupsjon og anna kriminalitet vere det viktigaste bidraget for å nå berekraftsmåla. Mange av dei fattigaste landa treng bistand utanfrå for å akselerere denne prosessen.
FN har vedteke eit mål om at 0,7 prosent av bruttonasjonalinntekta (BNI) skal gå til offisielt utviklingssamarbeid (ODA). I 2022 var det fem land som nådde dette målet: Sverige, Noreg, Luxembourg, Danmark og Tyskland. Samla var den internasjonale bistanden i 2022 historisk høg. Dette er fjerde året på rad at ODA er rekordhøgt. Til saman gav OECD-landa 204 milliardar amerikanske dollar, ein auke på 13,6 prosent frå året før. Det svarar til 0,36 prosent av BNI i OECD-landa. OECD forklarer at aukinga i 2022 i hovudsak er knytt til flyktningutgifter i givarland og støtte til Ukraina.
Det er uro for at bistanden vil minke framover i takt med at mange land er venta å stramme inn den offentlege pengebruken, samstundes som veksande ulikskap, klimakrisa, etterdønningar av pandemi og Russlands angrepskrig mot Ukraina bidrar til at behovet for bistand har auka. Diskusjonen om korleis ein skal prioritere bruken av bistanden, skjer mot eit bakteppe av sterkare internasjonale spenningar og stadig fleir og meir samansette kriser enn på lenge. Regjeringa vil derfor auke det aktive diplomatiet globalt. Tilliten mellom land og innetter i land er også under press. Dette forsterkar tydinga av at vi framleis skal stille opp for fattige og sårbare land.
Frå norsk side fårså arbeidet med å finne betre systemiske løysingar prioritet. Til dømes har norske bistandsfaglege samarbeidsprogram gjennom Kunnskapsbanken som overordna mål å styrkje kompetanse og kapasitet i offentlege institusjonar i samarbeidsland. Fagleg samarbeid legg til rette for god ressursforvaltning og auka mobilisering av nasjonale ressursar for berekraftig utvikling.
Norec inngår i Noreg sin samla innsats for å gjennomføre 2030-agendaen og bidrar til å realisere dei overordna måla i norsk utviklingspolitikk. Gjennom gjensidig kompetanseutveksling, medrekna sør-sør samarbeid, skal Norec støtte globale partnarskap i arbeidet for å nå berekraftsmåla.
Velfungerande marknader og eit rettferdig handelssystem er grunnleggjande for å skape arbeidsplassar og økonomisk vekst og å redusere fattigdom. Auka økonomisk openheit er avgjerande for fattigdomsreduksjon og velstandsvekst. Det felles regelverket til verdssamfunnet for internasjonal handel har vore under press dei siste åra. Noreg arbeider for å styrkje multilaterale regelverk for handel og investeringar, slik at dei bidrar til berekraftig utvikling.
Generalized System of Preferences (GSP-systemet) gjer lågare tollsatsar for import frå utviklingsland. Dei minst utvikla landa og andre låginntektsland har lenge hatt toll- og kvotefri tilgang til den norske marknaden for alle varer. Dei fleste lågare mellominntektslanda blir klassifiserte som GSP+-land. Desse landa blir i dag tilbodne, med nokre unntak, 20 prosenteiningar lågare tollsats enn andre mellominntektsland.
Dei siste tiåra er verda knytt tettare saman gjennom handel, arbeidsinnvandring og kapitalstraumar. Den økonomiske openheita som følgjer med globalisering, gjer òg at negative hendingar lettare spreier seg på tvers av landegrenser. Noreg arbeider gjennom IMF for å styrkje overvaking av finansmarknadene og for å setje i verk forskrifter som gjer finansmarknadene sterke og effektive.
For regjeringa er det viktig å sikre at moglege positive og negative verknader for utviklingsland blir inkluderte i avgjerdsgrunnlaget og tatt omsyn til når det blir gjort politiske vedtak. Det er eit mål at nasjonal politikk skal henge saman med andre politikkområde, inkludert utviklingspolitikken. Politikken skal vere samstemt og sikre at breidda i arbeidet til regjeringa bidrar best mogleg til å nå berekraftsmåla. Toppleiarforum for berekraftsmåla, som vart etablert i 2022, skal bidra til å sikre dette.
Noreg samarbeider med partnarar i nærområda for ei meir berekraftig utvikling. Berekraft er sjølve kjernen i Europas grøne giv. Målet er å sikre ein meir berekraftig og sirkulær økonomisk utvikling med mindre forureining og lågare klimagassutslepp, betre helse, auka livskvalitet og nye arbeidsplassar. Dei fleste elementa i EU si ambisiøse «Klar for 55»-pakke er vedtatt i EU. Pakken stakar ut kursen for den industrielle og økonomiske omstillinga mot 55 prosent utsleppskutt før 2030 (samanlikna med 1990). Den inkluderer ei rekkje regelverk som har mykje å seie for Noreg og som vil bidra til å nå nasjonale klimamål.
Dei nordiske landa samarbeider i oppfølginga av berekraftsmåla. Norge er saman med dei andre nordiske landa forplikta på Visjon 2030 om at «Norden skal vere den mest berekraftige og integrerte regionen i verda» og på målet om eit grønt, konkurransedyktig og sosialt berekraftig Norden. Nordisk ministerråd følgjer opp visjonen gjennom ein handlingsplan 2021–2024 med nordiske prosjekt. Arbeid med å oppdatere planen for perioden 2025–2030 går alt føre seg. Effektiv nordisk integrasjon, mobilitet og samvirke over grensene er ein vesentleg føresetnad for å følgje opp visjonen. Noreg deltar òg i berekraftsarbeidet i Austersjørådet. Noreg hadde ordførarskapet i rådet i 2021–22 og la i denne samanhengen vekt på samarbeid om avkarbonisering og styrka samhandling med byar og fylke om grønt skifte og klimanøytralitet i Austersjøregionen.
I arbeidet med EØS-midla for inneverande finansieringsmekanisme har det vore samspel mellom 18 norske partnarinstitusjonar og søsterorganisasjonane deira i dei 15 mottakarlanda i Europa. Partnarsamarbeidet via EØS-midla bidrar til at enkeltpersonar, verksemder og offentlege etatar blir styrkja fagleg i mottakarlanda og i givarlanda, får internasjonal erfaring og nye nettverk over landegrenser. Verksemder får høve til å utvikle prosjekta sine og utvida tilgangen sin til nye marknader. Alle dei norske fylkeskommunane er partnarar i prosjekt som er støtta av EØS-midlane. EØS-midla er ei viktig plattform for politisk samarbeid på lokalt og nasjonalt nivå.
Arktisk råd og Barentsrådet har vore hjørnesteinar i det regionale samarbeidet for berekraftig utvikling og vern av miljøet i Arktis og Barentsregionen. Arbeidet i begge råda har vorte påverka av den russiske angrepskrigen i Ukraina. Det har vore lagt vekt på å vidareføre prosjekt og aktivitetar utan russisk deltaking. Noreg overtok leiarskapen i Arktisk råd i mai 2023. Målsetjinga er å vidareføre rådets viktige arbeid og gjennom dette bidra til innsatsen med berekraftsmåla. Noreg vil fokusere på Arktisk råds kjerneoppgåver, som effekten av klimaendringane og berekraftig utvikling.
Statistisk sentralbyrå samarbeider med ei rekkje land for å bidra til nasjonale statistikksystem som gir god offisiell statistikk som faktagrunnlag for politikkutforming, evaluering og debatt. Noreg deltar i og støttar det arbeidet OECDs utviklingskomité gjer med regelverket for offisiell bistand og utvikling av statistikk. Noreg deltar i ei arbeidsgruppe som er oppretta av FNs statistiske kommisjon, og som har vidareutvikla målinga av utviklingsfinansiering i tråd med 2030-agendaen. Noreg støttar òg OECD-sekretariatet for Partnarskapet i statistikk for utvikling i det 21. hundreåret (Paris21), som er ansvarleg for rapportering om berekraftsmåla med omsyn til statistisk lovgiving, nasjonale statistikkplanar og finansiering av støtte til statistikk i utviklingsland.