Meld. St. 28 (2023–2024)
Regulering av pensjonar i 2024 og inntektstilhøve for pensjonistar
Tilråding frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet 7. juni 2024, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Melding til Stortinget
Meldinga gjer greie for reguleringa av grunnbeløpet i folketrygda, reguleringsfaktorar, satsar for minste pensjonsnivå og satsar for garantipensjon i folketrygda frå 1. mai 2024 (trygdeoppgjeret). Den gjer også greie for den kontakten som i forkant av trygdeoppgjeret har vore med pensjonistanes, organisasjonane til dei funksjonshemma og arbeidstakarane og det talgrunnlaget som skal leggjast til grunn ved oppgjeret. Meldinga gjer vidare greie for faktorar som påverkar realinntektsutviklinga og kjøpekrafta til pensjonistane. Endeleg gjer meldinga greie for inntektsutviklinga blant den eldre delen av befolkninga og rapporterer om utviklinga i talet på mottakarar av minste pensjonsnivå og om utviklinga i låginntekt blant alderspensjonistane i folketrygda.