Del 1
Daglegvaremarknaden – ein marknad for alle
1 Innleiing og samandrag
Få marknader har like mykje å seie for folk flest som daglegvaremarknaden. Ein velfungerande daglegvaremarknad er kjenneteikna av at forbrukarane kan gjere informerte val. Dette inneber god tilgang til eit breitt utval av daglegvarer av god kvalitet i ulike priskategoriar.
Den norske daglegvaremarknaden har utfordringar. Noreg har høgare prisar og mindre vareutval i daglegvarehandelen enn nabolanda våre. Dette er det fleire årsaker til, mellom anna geografi, spreidd befolkning, klima, rammevilkår, som til dømes landbrukspolitikken, og ein utfordrande konkurransesituasjon. Det er få aktørar i marknaden og få nye aktørar etablerer seg. Samstundes har virusutbrotet som skjedde tidleg i 2020 vist at matforsyninga i Noreg er robust og fleksibel.
Regjeringa har lenge hatt stor merksemd om forholda i verdikjeda for daglegvarer, og har sett i verk fleire tiltak som skal bidra til å styrkje konkurransen i daglegvaremarknaden. I 2016 blei mellom anna fusjonskontrollen i daglegvaremarknaden styrkta, ved at Konkurransetilsynet påla alle daglegvaregrupperingane opplysningsplikt om alle fusjonar og oppkjøp som ikkje er meldepliktige etter konkurranselova. I november 2018 bad regjeringa Konkurransetilsynet om å styrkje handhevinga av konkurranselova i daglegvaremarknaden, og løyving til Konkurransetilsynet blei styrkt både i 2019 og 2020 for dette formålet. Dette er eit målretta tiltak mot åtferd som reduserer konkurransen i marknaden. I desember 2019 fremja regjeringa forslag til lov om god handelsskikk, som blei vedteke mars 2020.
Konkurranse mellom føretak gjer at dei blir meir effektive, og prisane til kundane lågare. Dette fører til meir effektiv ressursutnytting og auka verdiskaping. Det er positivt for både kundane og samfunnet. Korleis konkurransen i verdikjeda for daglegvarer fungerer, har difor mykje å seie for forbrukarane.
Regjeringa ynskjer betre konkurranse i verdikjeda for daglegvarer. Arbeidet med denne stortingsmeldinga har vist at det er utfordringar i verdikjeda for daglegvarer som har verknad på konkurranseforholda. Dette gjeld mellom anna skilnader i daglegvaregrupperingane sine innkjøpsprisar, tilgang til butikklokale og grossisttenester. I meldinga fremjar regjeringa fleire tiltak som kan føre til betre konkurranse, tiltak som regulerer åtferda til dei eksisterande aktørane og tiltak som kan leggje til rette for nye aktørar.
1.1 Samandrag
Stortingsmeldinga har som mål å setje konkurransesituasjonen i verdikjeda for daglegvarer inn i ein større samanheng, då det er viktig for å få ein heilskapleg forståing av verdikjeda. Det blir difor vist utviklingstrekk i verdikjeda, presentert nokre av dei sentrale aktørane og dei forskjellige ledda i verdikjeda. Vidare blir det vist til forhold som har direkte eller indirekte verknad på konkurransen og nokre av dei forholda regjeringa meiner har størst verknad på konkurransen. Til slutt blir det gjort vurderingar av korleis daglegvaremarknaden vil sjå ut i framtida.
Permanent satsing på daglegvare i Konkurransetilsynet
Gjennomgangen av verdikjeda for daglegvarer viser at det utfordringar som få aktørar på detaljistleddet, i fleire av leverandørmarknadene er det aktørar som har sterk marknadsmakt, og etableringshindringane er betydelege. På grunn av at verdikjeda for daglegvarer har så mykje å seie for forbrukarane og økonomien, meiner regjeringa at det heile tida er viktig å overvake konkurransen i verdikjeda og vurdera korleis ein kan leggje til rette for meir konkurranse. Regjeringa vil difor ha ei permanent satsing på daglegvare i Konkurransetilsynet. Satsinga vil innebere at Konkurransetilsynet kan oppretthalde den styrkte handhevinga av konkurranselova i verdikjeda for daglegvarer, noko som er eit målretta tiltak mot åtferd som svekkjer konkurransen. Konkurranselova har sentrale føresegner for å ivareta konkurransen i daglegvaremarknaden, enten det er ulovleg samarbeid og koordinering, utilbørleg utnytting av ein dominerande marknadsposisjon eller auke av konsentrasjon som følgje av fusjonar og oppkjøp. I tillegg har konkurransemyndigheitene andre verkemiddel for å overvake og føre kontroll med marknaden, gjennom til dømes ei vid myndigheit til å krevje informasjon frå aktørane. Ei permanent satsing inneber også at Konkurransetilsynet kan halde fram med auka marknadsovervaking i verdikjeda for daglegvarer, gjennomføre ulike analysar i marknaden, og vurdere korleis ein kan leggje til rette for meir konkurranse i verdikjeda for daglegvarer.
Selskapsstruktur, lønnsemd og marknadsmakt i fleire marknader
Fleire aktørar i verdikjeda er store konsern som har kompliserte selskapsstrukturar med mange dotterselskap, noko som gjer marknaden lite transparent. Vidare er det krevjande å finne gode berekningar for lønnsemd i bransjen. Ei kartlegging kan gje oppdaterte tal for lønnsemda, informasjon om skilnader i effektivitet hos dei ulike aktørane og moglege bindingar mellom aktørar i verdikjeda for daglegvarer, som potensielt kan verke konkurranseavgrensande. Kartlegging kan også gje indikasjonar på kor det kan liggje føre høg grad av marknadsmakt.
Daglegvaregrupperingane overtek i større og større grad kontroll over fleire av dei viktige ledda i verdikjeda for daglegvarer. Utforminga og handhevinga av konkurranseretten gjer det nødvendig å avgrense marknader, ut frå både kva slags produkt det gjeld og geografisk område. Marknadsmakta til daglegvaregrupperingane kan derimot handle om summen av deira posisjonar i ulike marknader, der daglegvaregrupperingane isolert sett til dømes ikkje har ein dominerande posisjon. Den auka makta til daglegvaregrupperingane blir ikkje nødvendigvis fanga opp av føresegna i konkurranselova, men kan framleis verke konkurranseavgrensande og forsterke etableringshindringane. Regjeringa meiner det er grunn til å vurdere om desse rammene er tilstrekkelege for å handtere utfordringane knytte til den aukande kontrollen og marknadsmakta, eller om det er behov for nye verkemiddel eller endringar i gjeldande regelverk.
Vertikale bindingar
Forhold ved vertikal integrasjon, eigne merkevarer, kontraktsforhold og franchiseavtalar i verdikjeda for daglegvarer medfører fleire konkurranseutfordringar. Det er effektivitetsgevinstar knytte til vertikale bindingar, som til dømes betre utnytting av kapasitet, vareflyt, distribusjon, lågare transaksjonskostnader og stor- og samdriftsfordelar.
Introduksjonen av eigne merkevarer har med høgt sannsyn styrkt innovasjonsinsentiva til både daglegvaregrupperingar så vel som leverandørar. Vidare har framveksten av eigne merkevarer i den norske daglegvaremarknaden bidrege til auka forhandlingsmakt for daglegvaregrupperingane. Som følgje av den auka forhandlingsmakta har daglegvaregrupperingane sannsynlegvis kunna forhandle seg fram til betre vilkår frå leverandørane. Jo meir effektiv konkurransen i daglegvaremarknaden er, dess større del av gevinstane ved betre vilkår frå leverandørane kjem forbrukarane til gode.
Eksklusivavtalar mellom daglegvaregrupperingar og leverandørar kan ha positive og negative verknader. Regjeringa meiner at det er naudsynt å kartleggje omfanget av eksklusivitetsavtalar mellom daglegvaregrupperingar og leverandørar, og vurdere korleis slike avtalar påverkar forbrukarane sitt vareutval i butikkane.
Lov om god handelsskikk skal bøte på nokre av dei problema som Matkjedeutvalet identifiserte i utgreiinga si. Lova gjev reglar for forhandlingsprosessane til detaljistkjeder og leverandørar og åtferda deira i forhandlingar. Lova slår fast at god handelsskikk skal vere basert på reielegheit, føreseielegheit og lojalitet. Lova legg ikkje opp til å regulere det vertikale kontraktsforholdet, ut over å stille dei krava til forhandlingar og utforming av kontraktar. Formålet er difor ikkje å beskytte aktørane i seg sjølv, eller å regulere fordelinga mellom desse, men å syte for at avtalane blir meir effektive enn dei ville ha vore utan lova. Etter lova skal det bli oppretta eit daglegvaretilsyn som skal handheve lov om god handelsskikk.
På bakgrunn av lite tilgjengeleg informasjon om franchiseverksemda i daglegvaremarknaden, og at denne organisasjonsforma er mykje brukt, vil regjeringa vurdere kva franchisekontraktar har å seie for konkurransen på daglegvaremarknaden.
Styrkt kontroll av innkjøpsprisar
Funna til Konkurransetilsynet viser at det er til dels store skilnader i innkjøpsprisane til aktørane i daglegvarebransjen. Regjeringa vurderer at desse skilnadene kan utgjere ei utfordring for konkurranseevna for både nye og allereie etablerte aktørar. På bakgrunn av funna til Konkurransetilsynet, finn regjeringa det nødvendig å setje i verk tiltak.
På bakgrunn av uvissa knytt til årsaker til kvifor slike skilnader oppstår, i tillegg til at få empiriske studiar som føreligg, om verknader av eit forbod, meiner regjeringa at eit forbod mot prisdiskriminering ikkje er eit formålstenleg tiltak. Eit forbod mot skilnader i innkjøpsprisar vil kunne ha utilsikta verknader, gjennom redusert investerings- og forhandlingsinsentiv og høgare forbrukarprisar.
Regjeringa meiner at kontrollen med innkjøpsprisar må styrkjast. Styrkt og vedvarande kontroll gjennom årlege kartleggingar frå Konkurransetilsynet vil gjere det enklare for tilsynet å avdekkje konkurranseskadelege skilnader. I tillegg vil kontrollen kunne verke preventivt ved at marknadsaktørane i større grad vil avstå frå å avtale eventuelle konkurranseskadelege innkjøpsvilkår. I tillegg meiner regjeringa at det er behov for auka kunnskap om årsaker til skilnader i innkjøpsprisar, og tek sikte på å innføre krav til grunngjeving frå leverandørar som opererer med store skilnader.
Tilgang til grossisttenester
I Noreg er det få uavhengige grossistar som leverer tenester til aktørane i verdikjeda for daglegvarer. Dette medfører at mindre detaljistar som ikkje har eigne grossistverksemder, kan ha behov for grossisttenester frå ei av dei tre store daglegvaregrupperingane. Dette inneber òg at nye aktørar, til dømes utanlandske kjeder som vil etablere seg i Noreg, kan vere avhengig av enten å etablere eit eiget grossistnettverk, eller å kjøpe tilgang frå ein av dei eksisterande grossistane. Det eksisterer i dag fleire grossistsamarbeid i den norske verdikjeda for daglegvarer.
Det er vurderinga til regjeringa at etablering av eit nytt landsdekkjande grossistnettverk, kan vere ei omfattande investering som kan representere ei etableringshindring. I tillegg er det sannsynleg at det finst stordriftsfordelar i grossist- og distribusjonsverksemd, som vil kunne vere ei etableringshindring. Det er difor vurderinga til regjeringa at tilgang til eksisterande grossistverksemd er viktig for mindre aktørar i verdikjeda for daglegvarer for at dei skal kunne drive verksemd i daglegvaremarknaden. Tilgang til eksisterande grossistverksemd kan òg bidra til å senke etableringshindringar, og dermed tiltrekkje potensielle nye aktørar til den norske daglegvaremarknaden.
Regjeringa vil vurdere om det er reell tilgang på grossisttenester for nye aktørar. Regjeringa vil òg vurdere behovet for regulering av tilgang på grossisttenester, og korleis ei slik regulering kan bli utforma.
Konkurranse frå tilgrensande marknader
Daglegvaregrupperingane konkurrerer kvar dag med verksemd i tilgrensande marknader som servicehandel og serveringsbransjen, i tillegg til butikkar som spesialiserer seg på enkelte varegrupper som daglegvarebutikkane òg sel. Fleire aktørar har peikt på at forbod mot sal av alkohol i servicehandelen og ulike opningstidsføresegner gjer det vanskeleg å konkurrere med tradisjonelle daglegvarebutikkar. Desse reguleringane er fyrst og fremst meint å ta vare på andre omsyn enn konkurranse, til dømes folkehelseomsyn, ruspolitiske omsyn og omsyn til å beskytte arbeidstakarar mot meir heilagdagsarbeid.
Servicehandelen har eit potensial til å utøve eit visst konkurransepress mot dagens daglegvareaktørar. Det er difor viktig å sjå på korleis det i større grad kan leggjast til rette for konkurranse frå tilgrensande marknader.
Ein annan arena for sal av daglegvarer er storhushald. Departementet har bestilt ei utgreiing om verknadene av store offentlege kontraktar. Ein av marknadene utgreiinga tok utgangspunkt i, var storhushaldsmarknaden. Sjølv om offentlege kontraktar utgjer ein liten del av den totale matmarknaden blir presisert at det må gjerast ei avveging mellom omsynet til effektivitet og verknadene på konkurransen i vurderinga av storleiken på den offentlege kontrakten. Basert på dette blir det i rapporten foreslått at det blir utarbeidd ein rettleiar for korleis offentlege anskaffingar av mat og drikke kan gjerast på ein måte som opnar for små aktørar. Regjeringa vil jobbe vidare med kunnskapen og anbefalingane frå rapporten til Oslo Economics om marknadsmessige verknader av oppdeling av store offentlege kontraktar.
Konkurranse om butikklokaler
Attraktive lokale er ein knapp ressurs. Lågt tilbod kombinert med høg etterspørsel, gjer at det ofte blir høge prisar for gode butikklokale. Det kan difor vere kostbart for både små og nyetablerte aktørar å konkurrere med dei største daglegvaregrupperingane om attraktive lokale. Dette kan gjere etablering eller ekspansjon ulønnsamt, og regjeringa meiner dette kan vere ei konkurranseutfordring og etableringshindring i daglegvaremarknaden. Regjeringa ynskjer å bruke tilgjengeleg informasjon til ytterlegere analysar av korleis eigedomsverksemd i daglegvarebransjen påverkar konkurransesituasjonen. Regjeringa vil kartleggje konkurranseavgrensande åtferd som avgrensar tilgangen til butikklokale for aktørar i marknaden.
Vektlegging av konkurranseomsyn i plan- og bygningslova og ein konkurransetest basert på korleis etablering av ein butikk vil påverke marknadskonsentrasjonen mellom aktørar i eit geografisk område og, kan fremje lokal konkurranse. Regjeringa vil vurdere om konkurranseomsyn kan takast inn i plan- og bygningslova og vurdere verknader av å innføre ein standardisert konkurransetest kommunar kan nytte i arbeidet med å etablere nye butikkar.
Framtidas daglegvaremarknad
I dag skjer teknologisk utvikling på fleire område i samfunnet. Viktige problemstillingar for konkurransemyndigheitene i denne samanheng er til dømes korleis stordata, prisalgoritmar og kunstig intelligens vil verke inn på konkurransen, òg i daglegvaremarknaden. Bruk av stordata om kundeåtferd kan gjere det enklare for aktørar i verdikjeda for daglegvarer å tileigne seg og utnytte marknadsmakt. Vidare kan sjølvlærande prisalgoritmar gjere det lettare for marknadsaktørar å samarbeide og samordne verksemdene sine. For daglegvareaktørane blir det viktig å tilpasse sine forretningsmodellar og verksemder til endringane som finn stad på etterspørsels- og tilbodssida i daglegvaremarknaden.
Konkurransepolitikken blir stadig utfordra ved at den teknologiske og kommersielle utviklinga skaper nye marknader, bransjegliding og samhandlingsformer mellom føretak og mellom forbrukarar og føretak, som dagens regelverk ikkje nødvendigvis tek høgde for. Det gjeld både vurderingar av situasjonen i enkeltmarknader og for nye produkt. Det er difor behov for å greie ut om det er behov for nye konkurransepolitiske verkemiddel for å handtere moglege framtidige konkurranseutfordringar.
1.2 Om utarbeidinga av meldinga
I arbeidet med meldinga har Nærings- og fiskeridepartementet fått ei rekkje skriftlege innspel, og det har vore lagt stor vekt på å ha god kontakt med sentrale marknadsaktørar og bransjeorganisasjonar i daglegvarebransjen. Det er gjennomført mange møte med aktørane i bransjen. Det er også gjennomført innspelsmøte om innkjøpsprisar, tiltak for å styrkje konkurransen i daglegvarekjeda og om utfordringane i daglegvaremarknaden og korleis desse kan løysast. Tema som er omtalte i denne meldinga, er i stor grad baserte på innspel og tilbakemeldingar frå dei ulike aktørane.
Regjeringa har vore oppteken av at meldinga skal byggje på eit solid faktagrunnlag og på gode faglege analysar. Det finst mange undersøkingar om ulike forhold ved verdikjeda for daglegvarer. Desse undersøkingane har vore brukt aktivt når regjeringa gjennom denne meldinga foreslår tiltak som kan føre til betre konkurranse i verdikjeda for daglegvarer. I arbeidet med meldinga har det også blitt utarbeidd tal for marknadskonsentrasjon på leverandørleddet og for delen eigne merkevarer i norsk daglegvarehandel. Her er det nytta data frå analyseselskapet Nielsen Norge.
Konkurransetilsynet har utført utgreiingar som har blitt nytta i meldinga. I supplerande tildelingsbrev nr. 1 for 2018 bad departementet Konkurransetilsynet mellom anna å kartleggje innkjøpsprisane til daglegvaregrupperingane. Formålet var å avdekkje om det finst forhold som kan danne grunnlag for ei utgreiing av eit eventuelt forbod mot prisdiskriminering frå dominerande leverandørar. Konkurransetilsynet leverte i 2019 rapporten Kartlegging av innkjøpsbetingelser i norsk dagligvaresektor. Funna til Konkurransetilsynet blir omtala nærmare i delkapittel 5.2.2.
Det er òg bestilt fleire utgreiingsrapportar om ulike forhold i verdikjeda for daglegvarer. Forbruksforskingsinstituttet SIFO har på oppdrag for Nærings- og fiskeridepartementet undersøkt butikkstruktur, vareutval og prisar i norske butikkar, og samanliknar dette med andre land. Resultata viser mellom anna at vareutvalet er betre og prisane lågare i svenske daglegvarebutikkar, men utvalet av varer veks raskare i Noreg.
Ei arbeidsgruppe blei nedsett i 2019, beståande av professorane Tommy Staahl Gabrielsen (Universitetet i Bergen), Espen R. Moen (Handelshøyskolen BI) og Tore Nilssen (Universitetet i Oslo), med sistnemnde som leiar. Arbeidsgruppa skulle sjå på konsekvensar av å innføre eit forbod mot prisdiskriminering, for både forbrukarane, konkurransen og nyetableringar, og gje ei tilråding om eit forbod burde bli innført. Arbeidsgruppa avleverte rapporten Utredning av prisdiskriminering i dagligvarebransjen i januar 2019. Denne rapporten blir omtala nærmare i delkapittel 5.2 om innkjøpsprisar.
Departementet gav også i 2019 Menon Economics i oppdrag å gjennomføre ei utgreiing av årsaker til ulike innkjøpsprisar i den norske daglegvaremarknaden. Menon Economics leverte rapporten Årsaker til ulike innkjøpspriser til Nærings- og fiskeridepartementet i desember 2019. Rapporten frå Menon Economics og funna deira blir omtala nærmare i delkapittel 5.2.4 om årsaker til skilnader i innkjøpsprisar.
Rammevilkåra som blir omtala og beskrivne i meldinga, tilhøyrer ansvarsområda til fleire departement. Innspela frå Konkurransetilsynet og andre departement har vore viktige bidrag i arbeidet med meldinga.
1.3 Avgrensing av innhaldet i meldinga
Stortinget bad regjeringa i Innst. S. 292 (2017–2018) og vedtak nr. 767 (2017–2018) av 28. mai 2018 om å fremje eit forslag om lov om god handelsskikk, og å utgreie tiltak som verkar konkurransefremjande, legg til rette for nyetablering og fremjar innovasjon i mat- og daglegvaremarknaden.
I Innst. 292 S (2017–2018) uttalar ein samla næringskomité at konkurransen og moglegheitene til nyetableringar i daglegvaresektoren i dag ikkje er tilfredsstillande, og at det er viktig å få gjennomført tiltak som kan betre konkurransen i marknaden, sikre høg innovasjonsgrad, meir mangfald og nyetableringar. Komiteen seier vidare at tiltak regjeringa kjem tilbake til Stortinget med, må gje auka konkurranse som kjem forbrukarane til gode. Det bør ikkje bli innført tiltak som svekkjer konkurransen i noko ledd av verdikjeda for mat, eller har store etterlevingskostnader for bedriftene. Dette er viktige føresetnader som legg føringar på kva tiltak regjeringa vil innføre. Tiltak som svekkjer konkurransen, eller aukar kostnadene til føretaka slik at dei blir velta over på forbrukarane i form av auka prisar, vil som regel medføre at forbrukarane kjem dårlegare ut.
Forbrukarane, og korleis eventuelle tiltak slår ut for dei, er dermed målestokken for kva tiltak som bør bli sette i verk. Det er ein nær samanheng mellom velfungerande marknader med god konkurranse og forbrukarvelferd. I Prop. 114 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019 melde regjeringa at ho ville leggje fram ei stortingsmelding om konkurransen i daglegvaremarknaden i løpet av våren 2020. I Prop. 1 S (2019–2020) Nærings- og fiskeridepartemenet seier regjeringa at stortingsmeldinga er målretta mot, og avgrensa til, konkurransen i daglegvaremarknaden.
Regjeringa har i denne meldinga retta merksemda mot konkurranseforholda i verdikjeda for daglegvarer, og tiltak som kan styrkje konkurransen, til fordel for forbrukarane. Denne avgrensinga inneber at andre forhold som arbeidsforhold, kompetansetiltak, merkjeordningar, miljøomsyn, sysselsetjing mv., ikkje er behandla, men nokre av dei er kort omtala. Dette er likevel viktige forhold som har mykje å seie for forbrukarane og norsk næringsliv. Mange av desse tema er behandla i Meld. St. 9 (2018–2019) Handelsnæringen – når kunden alltid har nett og Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital.
Det er heller ikkje retta tiltak særleg mot primærprodusentane. Vurderinga til Regjeringa er at tiltak som kan styrkje effektiviteten og konkurransen i verdikjeda for daglegvarer, vil òg vere ein fordel for primærprodusentane, og vere med på å sikre at produkta deira får avsetning i den norske marknaden.
1.4 Om innhaldet i meldinga
Stortingsmeldinga er delt inn i tre delar. Del I som består av kapittel 2 og 3, beskriv verdikjeda for daglegvarer og sentrale utviklingstrekk i verdikjeda dei siste tiåra. Prisar og utval i norske daglegvarebutikkar blir samanlikna med nabolanda våre, og det blir vurdert moglege årsaker til kvifor norske butikkar har høgare prisar og mindre utval. Deretter blir aktørane i verdikjeda for daglegvarer, marknadsdelar og konsentrasjon, organiseringsform, eigne merkevarer og tilgrensande marknader beskrivne.
Del II omhandlar ulike forhold ved konkurransen i verdikjeda for daglegvarer og kva verkemiddel som finst for å vareta konkurransen i verdikjeda. Dette går fram av kapittel 4. Konkurransesituasjonen er utfordrande, med få aktørar og det er krevjande for nye aktørar, å etablere seg. Fleire reguleringar, som varetek andre omsyn enn konkurranse, gjer situasjonen meir utfordrande. Særlege problemstillingar i verdikjeda for daglegvarer som vertikal integrasjon, produksjon av eigne merkevarer, franchisekontraktar, skilnader i innkjøpsprisar, tilgang til grossisttenester og tilgang til butikklokale blir drøfta i kapittel 5.
Bruk av nye digitale løysingar og teknologi, bransjegliding og nye samarbeidsformer utfordrar konkurransepolitikken. Del III ser framover, og i kapittel 6 blir det diskutert korleis daglegvaremarknaden vil kunne sjå ut om fem til 10 år.
Kapittel 7 omtalar administrative og økonomiske konsekvensar av tiltak foreslått i meldinga.
1.5 Tiltak for å bidra til betre konkurranse i verdikjeda for daglegvarer
Regjeringa varslar ei rekkje tiltak i meldinga. Tiltaka, og bakgrunnen for dei, blir nærmare gjennomgått i dei ulike kapitla.
Regjeringa vil:
innføre ei permanent satsing på daglegvare i Konkurransetilsynet
be Konkurransetilsynet styrkje kontrollen av skilnader i innkjøpsprisar i verdikjeda for daglegvarer gjennom årlege kartleggingar
ta sikte på å innføre krav til grunngjeving frå leverandørar som opererer med store skilnader i innkjøpsprisar
opprette eit daglegvaretilsyn som skal handheve lov om god handelsskikk
vurdere konkurranseverknader av marknadsmakta daglegvaregrupperingane har i fleire marknader, og om det er behov for nye verkemiddel eller endringar i gjeldande regelverk.
vurdere om konkurranseomsyn kan takast inn som eksplisitte omsyn i plan- og bygningslova
kartleggje omfanget av konkurranseavgrensande åtferd som avgrensar tilgang til butikklokale
greie ut verknader av å innføre ein standardisert konkurransetest ved etablering av nye butikkar
sjå på korleis det i større grad kan leggjast til rette for konkurranse frå tilgrensande marknader i verdikjeda for daglegvarer
undersøkje om det er reell tilgang på grossisttenester for nye aktørar
vurdere behovet for regulering av tilgang på grossisttenester, og korleis ei slik regulering kan bli utforma
kartleggje lønnsemd og selskapsstrukturar i verdikjeda for daglegvarer
jobbe vidare med kunnskapen og anbefalingane frå rapporten til Oslo Economics om marknadsmessige verknader av oppdeling av store offentlege kontraktar
kartleggje omfanget av eksklusivitetsavtalar mellom daglegvaregrupperingar og leverandørar, og vurdere korleis slike eksklusivitetsavtalar påverkar vareutvalet forbrukarane får i butikkane
vurdere konkurranseverknader av franchisekontraktar i daglegvaremarknaden
greie ut om det er behov for nye verkemiddel i konkurransepolitikken for å handtere moglege framtidige konkurranseutfordringar som den kommersielle og teknologiske utviklinga skaper
1.6 Kva koronautbrotet har å seie for verdikjeda for daglegvarer
Undervegs i arbeidet med denne stortingsmeldinga, inntrefte ein av dei mest alvorlege pandemiane i nyare tid, og verken verdikjeda for daglegvarer eller denne stortingsmeldinga er upåverka av dette. Restriksjonar innan hotell, restaurant og catering-marknaden, påskefeiring heime og sosial distansering har sett eit preg på daglegvaremarknaden dei seinaste månadene. Det må takast atterhald om at det på tidspunktet for utarbeidinga av stortingsmeldinga, ikkje er mogleg å ha fullstendig oversikt over problemstillingane eller empiri på verknader av virusutbrotet. Virusutbrotet har også vist kor viktige butikkane er for både matforsyning og kjensla av tryggleik i samfunnet. Butikk- og bensinstasjonstilsette blei erklærte som kritisk personell som er avgjerande for å oppretthalde forsyningstryggleiken.1
Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å handtere koronasituasjonen, særleg innan arbeidsliv. Til dømes tek staten ein større del av rekninga for permitteringar av arbeidstakarar, for å møte dei store behova for permitteringar og redusere skadeverknadene for både føretak og arbeidstakarar.
Regjeringa har òg som følgje av koronakrisa lansert ein kompetansepakke med ei rad tiltak retta mot arbeidsledige og permitterte som treng meir utdanning og opplæring. Kompetansepakken på totalt 190 millionar kroner inneheld mellom anna 100 millionar kroner til å opprette fleire treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling, mellom anna i varehandelen og mat- og drikkevareindustrien. Bransjeprogramma skal bidra til at fleire får tilgang til og deltek i kompetanseheving. Kompetansepakken er ein del av kompetansereforma til regjeringa. Meldinga om kompetansereforma blei lagd fram for Stortinget 22. april 2020.2
Som ein del av dei økonomiske tiltaka for å få Noreg ut av koronakrisa foreslår regjeringa å løyve 100 millionar kroner til tiltak som skal fremje ein meir sirkulær økonomi og betre utnytting av ressursane. Regjeringa føreslår eit tilskot til Virke på 10 millionar kroner til kompetanseheving innan berekraft i detaljistleddet.3
Regjeringa gav også transportbransjen mellombels unntak frå forbodet mot samarbeid i konkurranselova for avtalar som er naudsynte for å sikre samfunnskritiske funksjonar.4 Regjeringa har utvida Konkurransetilsynets tidsfristar i fusjonssaker for å sikre forsvarleg handsaming, for at ikkje korona-krisa gjev framtidig marknadsmakt. Konkurransetilsynet slutta seg til ei felles utsegn frå det europeiske nettverket av konkurransemyndigheiter (ECN – European Competition Network).5 Utsegna viste til at koronasituasjonen kunne utløyse behov for at føretak samarbeider for å sikre levering og rettferdig distribusjon av produkt som det er avgrensa tilgang til. EU-kommisjonen kom også med ein rettleiar som spesielt gjaldt mellombelse samarbeid som er naudsynte for å fremje produksjon og tilgjengelegheit på varer og tenester som er kritiske for å handtere koronasituasjonen.6 Konkurransetilsynet, og EFTAs overvakingsorgan, ESA, uttrykte at dei ville sjå hen til rettleiaren til Kommisjonen i aktuelle situasjonar.7 Konkurransetilsynet etablerte også eit team for uformell rettleiing i spørsmål rundt samarbeidsinitiativ under koronasituasjonen.
Virusutbrotet har vist nokre interessante rørsler i marknaden. Dei omfattande tiltaka regjeringa vedtok for å hindre spreiing av covid-19, har ført til at mange verksemder i serveringsbransjen har måtta halde stengt, og at fleire har handla i daglegvarebutikkar og ete heime. Nokre forbrukarar har hamstra matvarer, og andre har hamstra hushaldsartiklar. Dette har ført til ein veldig auke i omsetnaden til daglegvaregrupperingane. Nokre butikkar har likevel hatt ein sterk nedgang i omsetnad. Dette gjeld særleg i område der butikkane er avhengige av turisme og hytteturistar.8 Regjeringa auka difor tilskotet til Merkur-programmet, slik at butikkar ramma av korona kunne søkje om ekstratilskot.9
Ifølgje Nielsen vaks omsetnaden i norsk daglegvare med 7,2 prosent i fyrste kvartal 2020. Covid-19 er den store vekstdrivaren, men det er også andre forklaringsvariablar som speler inn.10 Daglegvarehandel på nett og aktørar som tilbyr heimlevering, har hatt særleg stor pågang. Både Kolonial.no og Meny.no har meldt at dei har opplevd ein stor auke i pågang og omsetnad, og Kolonial.no hadde i slutten av mars dobla omsetnaden samanlikna med same tid i 2019, og hadde seks til sju gonger så mange nye kundar – kvar dag.11 Dette har medført at dei har hatt behov for å tilsetje 200 nye vikarar og tilsette.12 Det blir interessant å sjå om dette vil ha ein varig verknad i marknaden, og om forbrukarane vil halde fram å handle daglegvarer på nett etter at koronasituasjonen er over, eller om det berre har vore ein forbigåande trend. I tillegg har forbrukarar teke færre turar til butikken, men handla meir om gongen.13
På den andre sida har omsetnaden til forskjellige aktørar i storhushaldsmarknaden hatt ein kraftig nedgang. Til dømes har grossistane innan storhushald opplevd ein vesentleg nedgang i leveringa til hotell, restaurantar, kantiner og catering. Servicegrossistene AS («Servicegrossistene») opererer berre i storhushaldsmarknaden, og dei fleste av kundane deira er påverka av tiltaka. Servicegrossistene anslår at omtrent ein månads omsetnad er uteståande frå kundar som ikkje har midlar til å betale. Asko har også opplevd ein nedgang på rundt 70 prosent, men har i motsetning til Servicegrossistene kundar innan daglegvare i tillegg, og har difor høve til å hente inn noko av nedgangen derfrå. Dagligvareleverandørenes forening («DLF») har i den samanhengen uttrykt ein uro for at det kan ende opp med ein monopolsituasjon på grossistleddet i storhushaldsmarknaden.14
Leverandørar til verdikjeda for daglegvarer har også opplevd ein nedgang, og til dømes har BAMA Storkjøkken måtta permittere over 200 tilsette.15 Orkla, som er ein av dei største leverandørane til daglegvaremarknaden, har varsla at fallet i kronekursen har ført til auka råvarekostnader, i tillegg til stengde grenser og dårlegare tilgang på sesongarbeidarar frå utlandet. Dette vil føre til høgare kostnader til forbrukarane, ifølgje Orkla.16
Helsedirektoratet innførte 14-dagars karantene for alle som kjem til Noreg frå utlandet, noko som har medført at dei som har vore over riksgrensa til Sverige for å handle, har måtta vere i karantene i 14 dagar. Dette har resultert i at færre nordmenn har teke seg til Sverige for å handle, og det blir meldt om ein nedgang på opp til 80–90 prosent i omsetnad på den svenske sida. Til gjengjeld melder butikkar og Vinmonopolet på den norske sida ein tilsvarande oppgang.17 I påskeveka var det over 2 300 personar som reiste til Sverige for å handle, trass sterke oppmodingar om å la vere. Dette førte til at det blei innført ei forskrift som gjorde at dei som bryt med reiseråda til nasjonale myndigheiter og får karanteneplikt ved heimkomst, kan bli nekta sjukepengar,18 noko som truleg har ført til endå mindre grensehandel. Det blei også innført karantene ved innreise til Noreg, noko som òg har hatt innverknad på grensehandelen.
Daglegvaregrupperingane hadde mindre marknadsføringsaktivitetar, og priskrigen i påska blei det ikkje noko av.19 Nokre aktørar meinte også at det ville vere umoralsk å ha priskrig, då det ville føre til auka kundetrafikk og dermed auka risiko for smitte. Konkurransetilsynet stilte seg uforståande til at koronasituasjonen blei nytta som argument for ikkje å setje ned prisane. Det blei åtvara mot å gå ut i media og avblåse priskrig, då dei andre kjedene i dette tilfellet fekk liten grunn til å frykte priskutt frå denne kjeda.20 Like etter blei priskonkurransen starta opp att.21
Det er for tidleg å seie om dei sjokka som koronasituasjonen har påført verdikjeda for daglegvarer, og aktørane og forbrukarane i den, vil føre til endringar på lengre sikt. Det kan vere at dei som har handla mykje på nett, har blitt fortrulege med det, og vil halde fram etter pandemien, eller at forbrukarane held fram med å handle meir sjeldan og større handlekorger. Ei slik utvikling kan føre til at forbrukarane i større grad blir trekte mot større butikkar med eit breiare utval. Samstundes med at koronasituasjonen har ført til auka etterspørsel i daglegvarehandelen, mellom anna fordi restaurantar og kantiner er stengde og mange arbeider frå heimekontor, opplever leverandørar både utfordringar med import av innsatsfaktorar til produksjonen og redusert etterspørsel frå nokre av kundane. Myndigheitene er førebudd på eit auka tal konkursar i næringa. Det kan vere ei uro for at dette treffer leverandørane ulikt, der det er dei minste aktørane og dei nye utfordrarane som fyrst blir trefte av dette. Det er viktig at ikkje korona-krisa fører med seg svekt konkurranse fordi det er dei aktørane med høgast marknadsdel og dei djupaste lommene som kjem heilskinna gjennom krisa. Styresmaktene sine krisepakker vil hjelpe mange føretak gjennom krisa.
Samstundes vil nok mange bedriftseigarar vurdere konsolidering som ei løysing på deira problem. Om fusjonar fører til svekt konkurranse, vil konkurranselova kunne stanse dei. Det er uansett på noverande tidspunkt vanskeleg å vite kva slags langtidsverknader koronasituasjonen kan få på verdikjeda for daglegvarer.
1.6.1 Matvareforsyning
Matvareforsyninga i Noreg kan skildrast som ei kjede beståande av mellom anna produsentar og importørar, næringsmiddelindustrien, grossistar, transportørar og butikkar. Ansvaret for matforsyninga ligg fyrst og fremst hos marknadsaktørane (primærnæringar, industri, importørar, grossistar og detaljistar). I eit samfunnstryggleiks- og beredskapsperspektiv, er myndigheitene si merksemd i fyrste rekkje retta mot ulike situasjonar som påverkar verdikjeda på ein slik måte at dei næringsdrivande ikkje kan levere nok mat til å dekkje behovet til befolkninga.22
Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har koordineringsansvar for matvareforsyninga i Noreg. For å styrkje tilgangen på forsyningar i kriser, har departementa heimel i lov om næringsberedskap til å sørgje for naudsynte prioriteringar og omfordeling av varer og tenester gjennom samarbeid mellom offentlege myndigheiter og næringslivet. Planlegging og handtering av forsyningskriser innan matvaresektoren blir gjort i samarbeid med andre myndigheiter og næringsdrivande.
Allereie før 12. mars, då Regjeringa innførte dei strengaste nasjonale tiltaka sidan andre verdskrig, hadde departementet hatt fleire møte med dei fem største matvaredistributørane i landet, som utgjer Rådet for matvareberedskap. Rådet for matvareberedskap er eit rådgjevande organ og er ein del av kriseorganisasjonen til NFD. Det blei raskt etablert rapporteringsrutinar frå medlemane i Rådet på utviklinga av situasjonen og det var faste møte kvar veke.
I tida før og etter 12. mars reagerte delar av befolkninga med å hamstre og panikkhandle i butikkane. Fleire butikkar opplevde hyller tomme for tørrvarer, hushaldsprodukt og varer med lang haldbarheit. Denne situasjonen skapte eit stort press på alle delar av forsyningskjeda. Tilsette og leiinga både i produksjon, distribusjon, handel og transport arbeidde hardt i fleire veker for å få fylt opp butikkane med varer. Det var likevel aldri mangel på varer.
Regjeringa innførte 15. mars strengare grensekontroll på grenseovergangane, flyplassane og hamnene. Alle utan opphaldsløyve i Noreg, ville bli vist vekk frå grensa.23 Regjeringa var tydeleg på at trass i stengde grenser, skulle varetransporten gå som før for å sikre vareflyten inn til Noreg. Andre land innførte også strengare grensekontrollar, og enkelte land stengde grensene sine heilt. Dette førte til lange køar på dei mest sentrale grenseovergangane i Europa, og det blei meldt om forseinkingar på enkelte varegrupper. EU-kommisjonen innførte 23. mars såkalla «green lanes» for å sikre forsyningslinjene og flyt av varer. Dette bidrog tydeleg til å redusere dei rapporterte forseinkingane som oppstod i kjølevatnet av tiltaka.
Internasjonale og regionale organisasjonar som FN, WTO og WHO har gjennom heile perioden vore tydelege på at ein i så stor grad som mogleg, må unngå eksportrestriksjonar.24 Det kom ei felles ministererklæring 5. mai frå 42 medlemmar i WTO som også understreka kor viktig det er å halde vareflyten i gang for å sikre matvareforsyninga og handelen mellom land.25 Enkelte land innførte eksportrestriksjonar på til dømes korn, men dette hadde korkje stor betyding for handelen mellom land eller for forsyningssikkerheita totalt sett.26
Samarbeidet med Rådet for matvareberedskap og næringa generelt har vore godt gjennom den krisa som covid-19 har forårsaka. Erfaringane så langt syner at forsyningskjeda både er robust og fleksibel. Det har ikkje vore mangel på mat. Sjølv om det blei registrert enkelte forseinkingar på enkeltvarer, er ikkje dette noko som har påverka forsyningssikkerheita i det store biletet.
2 Den norske verdikjeda for daglegvarer
2.1 Verdikjeda for daglegvarer
Verdikjeda for daglegvarer er her definert som verdikjeda for matvarer og hushaldsartiklar. Dette inneber verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar. Verdikjeda for daglegvarer inkluderer i denne samanheng ikkje storhushaldssektoren, kioskar, bensinstasjonar eller andre serveringsstader. Desse er likevel tilgrensande marknader, som påverkar konkurransen i verdikjeda for daglegvarer. Dei blir nærmare omtala i delkapittel 3.6. Verdikjeda for daglegvarer er illustrert i figur 2.2.
I 2018 brukte nordmenn i gjennomsnitt 11,6 prosent av inntekta si på mat og alkoholfri drikke,27 og delen gjekk ned til 11,4 prosent i 2019.28 Norske forbrukarar kan handle daglegvarer frå ei rekkje detaljistar og gjennom ulike salskanalar.
Leverandørane importerer eller produserer varene som blir selt i butikkane. Grossistverksemder driv innkjøp av varer frå leverandørar og distribusjon av varene frå leverandør til butikk. Det aller meste av omsetnaden og distribusjonen av daglegvarer skjer gjennom daglegvaregrupperingar og deira profilkjeder som er vertikalt integrerte med eigne både detaljist- og grossistverksemder. Eit fåtal leverandørar frakter sjølv varene direkte til butikk.
Det er stor skilnad på leverandørane i den norske verdikjeda for daglegvarer, mellom anna når det gjeld størrelse, marknadsdel, eigarskapsform, om dei produserer sine eigne merke eller eigne merkevarer for kjedene, og om dei er lokaliserte i Noreg eller i utlandet. Det er totalt sett eit stort tal leverandørar i Noreg, men dei opererer likevel i mange ulike produktmarknader der daglegvaregrupperingane er kjøparar. Enkelte leverandørar er eigde av, eller har inngått langvarige produksjonsavtalar med, ei daglegvaregruppering.
Norske forbrukarar møter rundt 15 ulike profilkjeder i daglegvaremarknaden. Nesten alle er tilknytte ei av dei tre største nasjonale daglegvaregrupperingane, enten som underliggjande profilkjeder, eller ved at dei er med i eit innkjøpssamarbeid.
2.2 Historisk utvikling og utviklingstrendar
Fram til starten av 1980-talet var den norske verdikjeda for daglegvarer prega av samvirkeføretak, industri og grossistar som primært betente regionalt avgrensa marknader. Detaljistleddet var prega av små og uavhengige detaljistar, som i liten grad opptredde samla i kjeder og felles innkjøpsforbund. I 1981 var berre 39 prosent av daglegvarebutikkane knytte til ei kjede.29 Det var mange uavhengige grossistar, og grossistleddet var ikkje integrert i detaljistleddet, slik det er i dag. Grossistane utgjorde eit viktig bindeledd mellom dei ofte små, uavhengige detaljistane og leverandørane. Grossistane praktiserte i stor grad opne kanalar, med få eller ingen barrierar mot leverandørsida.
I løpet av 1980-talet endra situasjonen seg med framveksten av store landsdekkjande daglegvaregrupperingar. Etter den tid har bransjen gjennomgått både horisontal integrasjon, som inneber at aktørar i same ledd i verdikjeda slår seg saman (til dømes daglegvaregruppering og daglegvaregruppering), og vertikal integrasjon, som inneber at ein aktør driv verksemd på fleire ledd i verdikjeda (daglegvaregruppering og produsent av matvarer). I daglegvaremarknaden driv dei store daglegvaregrupperingane med sal til forbrukar og grossistverksemd. Vidare er daglegvaregrupperingane involverte i produktutvikling og vareproduksjon gjennom ulik grad av vertikal integrasjon, eigne merkevarer og andre vertikale bindingar. Dei mange uavhengige butikkane slo seg saman i daglegvaregrupperingar og oppnådde meir effektiv drift som følgje av stordriftsfordelar i innkjøp, distribusjon og kjededrift.
Samfunnsøkonomisk analyse publiserte i 2019 ein analyse av lønnsemda i varehandelen i perioden 2003–2017. Dei finn at utviklinga i marknaden har medført effektivisering gjennom auka teknologisk utvikling og produktivitetsutvikling. Vidare har det vore store strukturendringar i matindustrien, som går i retning av færre produksjonsanlegg og konsolidering av verksemder. Samfunnsøkonomisk analyse finn òg at lønnsemda i daglegvaremarknaden har vore høgast innanfor lågprissegmentet, då store volum kompenserer for låge marginar.30 Dette kan vere med på å forklare framveksten av lågprissegmentet, noko som blir omtala nærmare i delkapittel 3.1.2.
I dag er om lag alle daglegvarebutikkane tilknytte ei gruppering.31 Denne utviklinga samanfall med framveksten av aktørar som lågpriskjedene Rema 1000 og Rimi gjennom 80 og 90–talet. Gjennom franchiseorganisering vaks desse kjedene raskt. Eit sterkt sentralstyrt konsept med tanke på innkjøp, sortiment, distribusjon, prisfastsetting og marknadsføring, nødvendiggjorde kontroll over distribusjonsfunksjonen. I løpet av kort tid blei grossistfunksjonen integrert i daglegvaregrupperingane. Eit anna viktig utviklingstrekk er framveksten av daglegvaregrupperingane sine eigne merkevarer. Dette blir omtala nærmare i delkapittel 3.5.
Matkjedeutvalet gjorde ei utgreiing av utviklinga i daglegvaremarknaden,32 og då spesielt med tanke på korleis maktforholda i verdikjeda har utvikla seg. Dei fann at utviklinga skildra ovanfor, har medført at konsentrasjonen har auka, spesielt på detaljistleddet. Matkjedeutvalet fann også at denne utviklinga har medført at daglegvaregrupperingane har styrkt makta si, på kostnad av leverandørane. Uavhengige grossistar finst ikkje lenger i noko særleg omfang.
2.3 Kort om utviklinga i totalmarknaden for mat og drikke
Den samla omsetnaden i daglegvare- og serveringsmarknaden i Noreg auka med 2,9 prosent i perioden 2017–2018, og enda på 296 milliardar kroner sistnemnde år. Totalmarknaden for mat og drikke omfattar salskanalane taxfree-butikkar, grensehandelsbutikkar, netthandel, faghandel, serveringsstader, kioskar og bensinstasjonar, spesialforretningar og daglegvarebutikkar.33
Taxfree-butikkane opplevde størst vekst i omsetnad av mat og drikke i perioden 2017–2018 på til saman 11 prosent. Med ein total omsetnad i 2018 på ca. to milliardar kroner hadde taxfree-butikkane ein marknadsdel på 0,7 prosent av den totale marknaden for mat og drikke. Grensehandelsbutikkane og faghandelsbutikkane opplevde også positiv vekst i omsetnad av mat og drikke i perioden 2017–2018 på høvesvis 4,1 og 3,9 prosent. Deira totale omsetnad i 2018 var på 10,3 og fire milliardar kroner, som svarar til høvesvis 3,5 og 1,3 prosent av totalmarknaden.34
Servicehandelsmarknaden, som består av kioskar, bensinstasjonar og servicehandel, enda i 2018 opp med ein total omsetnad på 7,4 milliardar kroner, målt etter utsalspris frå grossistar og direkteleverandørar. Dette inneber ein reduksjon på om lag 0,2 prosent samanlikna med året før.35
Nettbutikkar og spesialforretningar for mat og drikke opplevde også ein negativ omsetnadsvekst i perioden 2017–2018 på høvesvis 1,7 og 1,2 prosent. Samla omsetnad i 2018 for nettbutikkane med mat og drikke svara til 2,9 milliardar kroner, mens spesialforretningane oppnådde ein totalomsetnad på 4,3 milliardar kroner. Delane av totalmarknaden for mat og drikke i 2018 for sistnemnde salskanalar var høvesvis éin og 1,4 prosent.36 Utviklinga i mathandel på nett og grensehandelen blir omtala i delkapittel 3.2 og 3.6.1.
2.4 Verdikjeda for daglegvarer si betyding for sysselsetjing og verdiskaping i norsk økonomi
Norsk daglegvarehandel er ein vesentleg bidragsytar i norsk økonomi, både i verdiskaping og når det gjeld sysselsetjing. Ved utgangen av 2019 var det totalt 3 848 daglegvarebutikkar i Noreg, og daglegvaremarknaden omsette for 178 milliardar kroner.37
Daglegvaremarknaden sysselset nær 104 000 personar i Noreg, noko som gjer daglegvarehandelen til ein av dei største private sysselsetjarane i Noreg.38
I Meld. St. 9 (2018–2019) Handelsnæringen – når kunden alltid har nett går det fram at i store delar av handelsnæringa har formell kompetanse tradisjonelt sett ikkje vore ein viktig føresetnad for å få jobb. I staden har det å vere personleg eigna ofte vore vektlagt ved rekruttering av nye tilsette. For å styrkje kompetansen til dei tilsette har verksemdene i stor grad utvikla eigne system for verksemdsintern opplæring eller eigne, private bransjeskular.
At formell kompetanse ikkje er ein føresetnad for å få jobb innanfor næringa, har gjort at varehandelen har hatt ein funksjon som inngangsport til arbeidslivet og bidrege til at varehandelen har kunna sysselsettje store grupper i norsk økonomi. Mange studentar, innvandrarar og andre grupper med til dømes avgrensa grad av formell kompetanse har starta arbeidslivet i handelsnæringa. Eit anna kjenneteikn er at varehandelen har mange deltidsstillingar. I daglegvaremarknaden jobbar seks av 10 deltid, og tilsette under 25 år utgjer nesten halvparten av arbeidsstyrken i marknaden.39
Mykje av produksjonen av varer som norske daglegvarebutikkar sel, skjer i Noreg. Særleg gjeld det jordbruksvarer og sjømat. Ifølgje Mat og Industri 2018, er matindustrien den største fastlandsindustrien i Noreg, med over 50 000 tilsette, og produksjonen skjer i alle delar av landet.40 Primærnæringa blir omtala nærmare i delkapittel 3.7. Næringsmiddelindustrien er privateigd og omfattar alt frå enkeltpersonføretak med råvareproduksjon og lokal foredling på gard, til store samvirkeføretak og børsnoterte føretak med fleire tusen tilsette.
2.5 Forbrukarane sine val av moglege salskanalar
Daglegvarer blir ikkje berre selde i tradisjonelle daglegvarebutikkar. I dag kan forbrukarar kjøpe daglegvarer i fleire salskanalar, til dømes kioskar, bensinstasjonar, multivarebutikkar (Nille AS («Nille»), Normal Norge AS («Normal»), Rusta AB («Rusta») og Europris AS («Europris»)), nettbutikkar, taxfree-butikkar og gjennom grensehandel. Daglegvarer kan kjøpast i tradisjonelle daglegvarebutikkar, og kan i nokre område bli bestilt over internett for levering på døra eller ved hentepunkt.
Det finst også eigne salskanalar for lokalmat, som Bondens marknad, lokalmatutsal og gardsutsal. Desse salskanalane inneber at ein kan kjøpe mat direkte frå bonden. Bondens marknad blei introdusert i Noreg i 2003, og har i dag om lag 20 ulike utsalsstader.41 Den siste tida har også REKO-ringar blitt meir utbreidde. REKO-ring, som står for rettferdig konsum, er eit konsept som opphavleg kjem frå Finland. På berre to år har dette konseptet vakse til meir enn 220 000 innmelde forbrukarar.42 REKO-ringar er ein distribusjonskanal direkte mellom småprodusent og forbrukar i eit nærområde. Dette konseptet gjer det mogleg for lokale bønder og matprodusentar å selje varene sine utan mellomledd.
Salet av lokalmat har vakse mykje dei siste åra, og i 2019 blei det totalt selt lokalmat for om lag 11 milliardar kroner. Målet til regjeringa om ein samla omsetnad av lokalmat på over 10 milliardar innan 2025, er allereie nådd med god margin. Dette tyder på at norske forbrukarar verdset lokalmat.43 Dette inkluderer sal til daglegvare, storhushald og restaurantar. Dersom ein ser på daglegvaremarknaden isolert, blei det omsett lokalmat for 5,3 milliardar i 2019, noko som er ein auke på 5,6 prosent frå 2018.44
Mathandel på nett utgjer framleis ein liten del av daglegvareomsetnaden i Noreg, men omsetnaden er venta å auke framover. Kolonial.no AS («Kolonial.no») er Noregs største daglegvarebutikk på nett, og tilbyr eit breitt sortiment av varer og middagsretter. I tillegg til fullsortimentsbutikkar på nett finst det såkalla «matkasser» som tilbyr middagsløysingar med ingrediensar og oppskrifter levert på døra.
Norske forbrukarar kjøpte daglegvarer for totalt 16 milliardar kroner i 2019 på dagsturar til utlandet.45 Årsaker til grensehandelen mellom Noreg og Sverige er mellom anna prisskilnader og ulikt vareutval. Prisar og vareutval i norske daglegvarebutikkar blir nærmare omtala i delkapittel 2.10.
I kva grad forbrukarane opplever desse andre salskanalane som reelle alternativ til dei tradisjonelle daglegvarebutikkane, avheng mellom anna av kjøpssituasjonen og preferansane til forbrukarane.
2.5.1 Distriktsbutikkar og Merkur-programmet
Befolkningsmønsteret i Noreg er spreidd, og ifølgje SSB bur 18 prosent utanfor tettbygde strøk.46 Det er daglegvarebutikkar over heile landet, og dei lokale daglegvarebutikkane er ein stor bidragsytar for næringsutvikling og for å halde oppe busettinga utanfor tettbygde strøk. Distriktsbutikkane dekkjer ofte fleire funksjonar enn daglegvarehandel, slik som apotek, posttenester, drivstoffsal, kafé og liknande. Distriktsbutikkane er ofte eit samlingspunkt for befolkninga i små lokalsamfunn.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet forvaltar eit utviklings- og kompetanseprogram for dei minste daglegvarebutikkane i distrikta – Merkur-programmet. Målet for programmet er å sikre folk i distrikta tilgang til ein nærliggjande daglegvarebutikk med god kvalitet. Ein velfungerande daglegvarebutikk er viktig for innbyggjarane, lokalt næringsliv og tilreisande. Mange av dei minste daglegvarebutikkane i distrikta har så låg omsetnad og lønnsemd at vidare drift står i fare. I 2020 er det løyvd 59,4 millionar kroner til Merkur-programmet.47
Eit av formåla til Merkur-programmet er å samle fleire tenester og funksjonar i daglegvarebutikkane. Slike tilleggstenester bidreg til betre lønnsemd og gjer dermed butikkane meir robuste. Kva slags tilleggstenester som bør samlast i butikken, blir ofte avgjort i ein dialog mellom butikkdrivaren og innbyggjarane i lokalsamfunnet.
I tillegg til daglegvarebutikkar arbeider Merkur-programmet for å sikre drivstofftilgang i distrikta og har eit eige innsatsområde retta mot bokhandlarar i distrikta.
2.6 Butikktettleik
Butikktettleiken i Noreg gjeve ved talet på butikkar per 10 000 innbyggjarar er høg. Dette kan til dels forklarast av busetjingsmønsteret i Noreg, jf. delkapittel 2.6.2. Talet på butikkar hos daglegvaregrupperingane er som følgjer:
Norgesgruppen ASA: om lag 1 800 butikkar48 per 2019
Coop SA: om lag 1 121 butikkar49 per 2019
Rema 1000 AS: om lag 950 butikkar50 per 2018
Bunnpris: om lag 250 butikkar51 per 2018
Kundegrunnlaget til daglegvarebutikkane avheng av kor mange innbyggjarar det er per butikk. Kundegrunnlaget i 2018 totalt for heile landet var 1 374 personar, som svara til 7,3 butikkar per 10 000 innbyggjarar. Her er det store regionale skilnader:52
Nord-Noreg: 986 personar per butikk
Midt-Noreg: 1 157 personar per butikk
Vestlandet: 1 317 personar per butikk
Vestre Austland: 1 418 personar per butikk
Austre Austland: 1 620 personar per butikk
Oslo: 1 757 personar per butikk
2.6.1 Utvikling i talet på butikkar
Talet på daglegvarebutikkar i Noreg har hatt ein stabil nedgang dei siste 40 åra. På slutten av 1970-talet var det nesten 9 000 daglegvarebutikkar i Noreg, mens i 1990 var dette talet blitt redusert til 6 220.53
Av figur 2.6 ser ein at talet på butikkar fall fram til 2015. Nedgangen frå 2014 til 2015 fall tidsmessig saman med Coop sitt oppkjøp av Ica i 2015, og oppryddinga i butikkstruktur som fann stad etter oppkjøpet. Frå 2015 har det vore ein jamn auke på 16 butikkar, noko som representerer eit trendbrot frå utviklinga skildra over. Sjølv om talet på butikkar held seg relativt stabilt, er det endringar i den eksisterande butikkstrukturen. Ein kan sjå ein klar trend mot at fleire og fleire butikkar blir omstrukturerte til lågprisbutikkar. Dette blir omtala nærmare i delkapittel 3.1.2. Fordelt på regionar er det Nord-Noreg som har hatt den største nedgangen i talet på butikkar sidan 2014, med ein reduksjon på 38 butikkar. Oslo har på den andre sida hatt ein oppgang på fem butikkar sidan 2014.54
2.6.2 Butikktettleik i dei nordiske landa
Det er variasjon i talet på butikkar i dei nordiske landa. Danmark har færrast butikkar av dei nordiske landa med 2 76455 butikkar per 2018, mens Noreg hadde flest med 3 854 butikkar, sjå figur 2.6. Finland hadde 2 804 butikkar i 2018, der det var 1 969 innbyggjarar per butikk.56 Dette svarar til 5,1 butikkar per 10 000 innbyggjar. Noreg og Sverige har tilnærma likt tal butikkar, mens Sverige har omtrent dobbelt så mange innbyggjarar. Sverige og Noreg hadde ein butikktettleik på høvesvis 3,8 og 7,3 butikkar per 10 000 innbyggjar. Dette indikerer at Noreg har høg butikktettleik samanlikna med befolkningsgrunnlaget. Figur 2.7 viser kundegrunnlag i gjennomsnitt per butikk i dei nordiske landa i 2018 og talet på butikkar per 10 000 innbyggjarar. Noreg har lågast kundegrunnlag av dei fire nordiske landa med rundt 1 374 innbyggjarar per butikk, som samstundes impliserer at Noreg har høgast butikktettleik.
Friberg mfl. (2020) har òg studert butikktettleiken i Noreg og Sverige. I deira samanlikning mellom Oslo og Stockholm finn dei at befolkninga i Stockholm har 35 butikkar innanfor 10 minuttars reiseavstand, mens befolkninga i Oslo har 137 butikkar. Når dei inkluderte Akershus, fell dette talet til i underkant av 80 butikkar innanfor 10 minuttars reiseavstand. På bakgrunn av befolkningstettleiken i Oslo/Akershus og Stockholm, som har høvesvis 1,3 millionar og 2,3 millionar innbyggjarar, finn dei at butikktettleiken i Oslo og Akershus er svært høg.57
2.7 Utvikling og lansering av nye daglegvarer
For leverandørar og daglegvaregrupperingar er produktinnovasjon viktig for å halde på eksisterande kundemasse og for å vinne nye kundar frå konkurrentane. Opptil 20 prosent av forbrukarane her til lands synest nye daglegvarer og produktinnovasjon er spanande og testar ut ei stor mengd av dei nye lanseringane som kjem årleg.58
Innovasjon av daglegvarer omfattar prosessar med varierande grad av nyskaping. Nokre innovasjonsprosjekt tek sikte på å utvikle heilt nye varekategoriar og nye daglegvarer, mens andre prosjekt har som mål å justere og vidareutvikle allereie eksisterande produkt. Ny emballasje og endringar i ingrediensar og produktutforming er døme på justeringar som gjer det mogleg for leverandørar å introdusere eit nytt produkt fleire gonger på daglegvaremarknaden.
Fleire gonger i året introduserer daglegvareaktørane i samarbeid med leverandørane sine nye daglegvarer i sine profilkjeder og nettbutikkar.59 Som gjennomgangen i delkapittel 6.2 viser er viktige forbrukartrendar innan daglegvare knytte til unike kundeopplevingar, helse og sunnheit, miljø og berekraft, og tidssparing.
Undersøkingar viser at 25 prosent av nye daglegvarer blir tekne ut av daglegvaregrupperingane sitt sortiment innan eitt år. Delen mislukka produktlanseringar aukar til 50 prosent når det har gått to år. Etter fire år er om lag 30–35 prosent av dei lanserte nyheitene fremleis i omsetnad, mens 65–70 prosent er blitt tekne ut av daglegvaregrupperingane sine varesortiment.60 Opptil 30 prosent av dei lanserte produkta som fell ut av marknaden, blir justert, og vidareutvikla av leverandørane i etterkant med sikte på nok ei lansering.61
For å lukkast med innovasjonsprosessane sine må aktørane i verdikjeda for daglegvarer utvikle produkt som i tilstrekkeleg grad svarar til forbrukarane sine opplevde behov og forventningar. Ei årsak til det høge talet på mislukka lanseringar av daglegvarer kan vere at daglegvareaktørane involverte i produktinnovasjon, ikkje har forstått forbrukarane sine behov godt nok. Ei anna forklaring kan vere at marknadsføringa og sjølve lanseringa av dei nye daglegvarene ikkje har vore godt nok utforma.62
For å effektivisere prosessane og arbeidet med lansering av nye produkt har aktørane i verdikjeda for daglegvarer utarbeidd ein lanseringsstandard som skal leggje til rette for høg kundeservice ved lanseringar, sørge for at nye daglegvarer er på plass til avtalt tidspunkt, unngå at leverandørane ikkje blir utselde midt i ein lanseringsperiode og redusere unødige kostnader knytte til svinn og reklamasjon.63
2.8 Ein berekraftig daglegvaremarknad
Utfordringane knytte til miljø, berekraft og klima er omfattande. Matsvinn er ei stor kjelde til ressurssløsing og CO2-utslepp.64 Forbrukarane blir stadig meir miljøbevisste, og daglegvaremarknaden har også engasjert seg. Matsvinnet i delar av matbransjen i Noreg har blitt redusert med 12 prosent per innbyggjar frå 2015 til 2018. Det blir likevel kasta mat i Noreg for mange milliardar kroner kvart år.65 Stort matsvinn har betydelege konsekvensar og er verken lønnsamt eller berekraftig for miljø og samfunn.
I 2017 blei det signert ein frivillig bransjeavtale mellom regjeringa og den norske matbransjen, med formål om å redusere matsvinnet i Noreg med 50 prosent innan 2030. Avtalen er underteikna av fem departement og 12 bransjeorganisasjonar.66 Eit av formåla i avtalen er å bidra til betre kunnskap og haldningar blant forbrukarane og i matbransjen for å hindre matsvinn.
Forbrukarane er likevel den gruppa som kastar mest mat, og står for om lag halvparten av totalt matsvinn i Noreg.67 Matbransjen har sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere matsvinn hos forbrukarane dei siste åra. Mellom anna har datomerkinga endra ordbruk frå «best før», til «best før, ofte god etter» på eigna varer. Slike tiltak er meinte for å hjelpe forbrukarane i å ta sine eigne vurderingar av om maten er etande. I tillegg blir prisen på varer nær datomerking sett ned, noko som vil auke insentivet til å kjøpe desse varene. Vidare har appar som «Too Good To Go» blitt meir populært.68 Too Good To Go samarbeider med fleire restaurantar og serveringsstader, der kundar kan kjøpe overskotsmat til ein redusert pris. Denne tenesta har til formål å redusere matsvinn. I tillegg arbeider Matsentralen Norge med å samle saman overskotsmat frå matbransjen som skal hjelpe vanskelegstilte.69
Daglegvareaktørane arbeider med å redusere eigne klimagassutslepp, både frå butikk og transport av varer. Dette inneber mellom anna meir energieffektive lokale og auka bruk av fornybar energi. Aktørane ynskjer vidare å redusere bruken av plast som emballasjemateriale, og prøver å finne andre eigna materiale. I tillegg har fleire aktørar kutta bruk av palmeolje frå sortimentet. Det har også vore ein auke i omsetnaden av økologiske varer i verdikjeda for daglegvarer. I 2018 blei økologiske varer omsette for 2,8 milliardar kroner, noko som svarar til ein auke på åtte prosent, samanlikna med 2017.70
Klimakur 203071 omtalar tiltak innanfor ikkje-kvotepliktig sektor som kan bidra til å nå målsetninga om 50 prosent reduksjon av klimagassutslepp innan 2030. Tiltaka som blir beskrivne, er mellom anna overgang frå raudt kjøtt til plantebasert mat og fisk, redusert matsvinn og diverse gjødselstiltak. I tillegg er det eit tiltak knytt til å elektrifisere industrielle prosessar og transport, noko som vil krevje vesentlege investeringar og omstilling i verdikjeda for mat.
Berekraft, miljø og klima er prioritert av daglegvareaktørane i bransjen i dag, og dette vil truleg bli endå viktigare i framtida. I samband med arbeidet med denne stortingmeldinga, har departementet bede aktørane i daglegvarebransjen komme med innspel til korleis daglegvaremarknaden vil sjå ut i framtida. I den samanhengen har tema som berekraftig konkurranse ofte blitt trekt fram. Fleire aktørar seier at dersom ein ikkje kan vise til berekraftige val, vil dei i større eller mindre grad bli valde bort av kundane. Framtidas verdikjede for daglegvarer blir omtala nærmare i kapittel 6.
2.9 Folkehelse
Samanhengen mellom mat og helse, miljø og etikk ved produksjon og forbruk av mat har fått mykje merksemd. Dette er tema som er viktige for matvala til mange forbrukarar. Regjeringa arbeider for at forbrukarane skal få god og rett kunnskap om samanhengen mellom kosthald, ernæring og helse. Difor la regjeringa i 2017 fram ein nasjonal handlingsplan for kosthald.72 Handlingsplanen viser mellom anna til at eit usunt kosthald, saman med høgt blodtrykk og tobakk, er det som tek flest liv i Noreg. Vidare blir det mellom anna peikt på at eit plantebasert kosthald og eit kosthald med meir fisk og mindre kjøtt vil medverke til at ein når både helse- og klimapolitiske mål. God informasjon om kosthald er difor prioritert av regjeringa, og var eitt av temaa i Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital.
I Meld. St. 25 (2018–2019) er forbrukarinformasjon, og utfordringar knytte til dette, belyst. Det blir peikt på at daglegvaremarknaden sjølv har ei utfordring i å gje forbrukarane god og rett informasjon om merking, kvalitet, pris og vareutval. Matinformasjon som er lett tilgjengeleg for forbrukarane, skal kunne bidra til informerte val, gjere det enklare å setje saman eit sunt kosthald og utøve forbrukarmakt i daglegvaremarknaden. Regelverket for matinformasjon, inkludert merking, blir regulert av matlova73 og underliggjande regelverk, og set mellom anna krav til informasjon om næringsdeklarasjonen74. Vidare er det merkeordningar for sunnare mat (nøkkelholet), norsk mat (Nyt Norge) og økologisk mat (ø-merket). Dette skal gjere det lettare for forbrukarane å ta informerte matval.
2.10 Prisar og utval i daglegvaremarknaden
2.10.1 Matvareprisar
Ei rekkje studiar gjennomført dei seinare åra, viser at matprisane i Noreg er høgare enn i andre europeiske land. Figur 2.9 viser nivået på norske prisar i 2018 for matvarer og alkoholfrie drikkevarer,75 og for konsumvarer76 samanlikna med andre land i EU. Prismaterialet som inngår i berekninga av prisnivåindeksane for ulike land i figur 2.9, omfattar nominelle utsalsprisar til forbrukar inkludert avgifter. Indeksane er heller ikkje justerte for særnorsk høgt lønns- og kostnadsnivå.77 Det går fram av figuren at Noreg i 2018 hadde eit prisnivå på matvarer og alkoholfrie drikkevarer som låg 63 prosent over gjennomsnittet i EU og var høgast i Europa. Ei samanlikning med nordiske land viser at dei norske prisane for matvarer og alkoholfrie drikkevarer i 2018 var ni prosent høgare enn på Island, 20 prosent høgare enn i Danmark, 26 prosent høgare enn i Finland og 28 prosent høgare enn i Sverige. Moglege årsaker til det relativt høge norske prisnivået på matvarer og alkoholfrie drikkevarer er omtala i delkapittel 2.10.3.1.
Dersom ein ser på prisnivået på konsumvarer generelt i 2018, var prisnivået 40 prosent høgare i Noreg og på Island samanlikna med EU-gjennomsnittet. Vidare var det norske prisnivået på konsumvarer 11 prosent høgare enn i Danmark, 17 prosent høgare enn i Finland og 19 prosent høgare enn i Sverige. Det er altså eit generelt fenomen at Noreg har eit høgt prisnivå, men det ser ut til å gjelde i større grad for daglegvarer.
Figur 2.10 viser same prisindeks som figur 2.9, men no fordelt på sju ulike varegrupper. Noreg har eit høgare prisnivå enn EU-gjennomsnittet for alle varegrupper med unntak av fisk. Biletet er altså noko meir samansett enn det ei generell samanlikning viser, men ein kjem ikkje unna at Noreg jamt over har høgare prisar på daglegvarer enn resten av Europa.
Figur 2.11 viser utviklinga av prisar på mat og alkoholfrie drikkevarer samanlikna med utviklinga av prisar på konsumvarer generelt, i perioden 2000–2019. Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer fall mellom 2000 og 2002, men har stige meir eller mindre kvart år sidan då. Ei viktig forklaring på prisreduksjonen mellom 2001 og 2002 er at meirverdiavgifta på mat og alkoholfrie drikkevarer blei halvert frå 24 til 12 prosent i 2001. Prisane innanfor varegruppa mat og alkoholfrie drikkevarer steig totalt 35 prosent mellom 2000 og 2019. I same periode steig prisane på konsumvarer generelt med 47 prosent.
Ved å samanlikne prisutviklinga i Noreg med utviklinga i EU-land ser ein at prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer har auka meir i nokre land i EU enn i Noreg, mens det er motsett for andre EU-land. Figur 2.12 viser at prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer auka med seks prosent i Noreg frå 2015 til 2019. Dette er same prisauke som i Frankrike og gjennomsnittet for alle EU-landa. I Tyskland og Sverige auka prisane på mat og alkoholfri drikke med åtte og ni prosent, mens Danmark og Island opplevde ei prisstiging på fire og fem prosent. Lågast prisauke på matvarer og alkoholfrie drikkevarer oppnådde Finland med berre to prosent, etterfølgt av Storbritannia med tre prosent, Danmark med fire prosent og Island med fem prosent.
Vidare kjem det fram av figur 2.12 at dei norske prisane på konsumvarer auka med 12 prosent i perioden 2015–2019. Til samanlikning låg EU-gjennomsnittet på fem prosent. Lågast prisauke på konsumvarer oppnådde Island på berre to prosent, etterfølgt av Danmark med tre prosent, Finland med fire prosent og Frankrike med fem prosent.
SIFO (2019) har også sett på prisutviklinga for utvalde matvaregrupper i perioden 2015–2018.78 Dei finn at prisutviklinga varierer mykje mellom matvaregrupper, både i Noreg og i dei andre EU-landa. Noreg har hatt ei spesielt beskjeden prisutvikling for kategorien kjøtt, mens fisk har hatt ei sterk utvikling samanlikna med andre land. Prisane på frukt og grønt har også hatt ei relativt beskjeden utvikling i Noreg. SIFO (2019) finn fleire moglege årsaker til at prisutviklinga innanfor bestemte matvaregrupper er ulik i Noreg og i resten av Europa. Importvernet, priskrigar og avgifter kan vere nokre av dei.
For å seie noko om prisnivået på daglegvarer i Noreg er det relevant å sjå på kor mykje nordmenn bruker av inntekta si på mat, samanlikna med andre land. Figur 2.13 gjev ei oversikt over kor mykje av dei totale utgiftene i eit hushald som gjekk med til mat og alkoholfri drikke i ulike europeiske land. For hushalda i EU utgjorde mat og alkoholfri drikke i gjennomsnitt 12,1 prosent av hushalda sine totale utgifter i 2018. Til samanlikning gjekk 11,6 prosent av norske hushald sine totale utgifter til mat og alkoholfri drikke, som er om lag like mykje som for hushalda i Finland, Danmark og Nederland.
Gjennomgangen over viser at det ikkje er rett fram å slå fast om norske daglegvareprisar er «høge» eller ikkje. Noreg har eit av dei høgaste prisnivåa på mat og alkoholfrie drikkevarer i Europa. På den andre sida har ikkje daglegvareprisane i Noreg stige meir enn konsumprisane generelt, eller enn daglegvareprisane i andre samanliknbare land. I rangeringa av europeiske land etter kor mykje av hushalda sine totale utgifter som går med til kjøp av matvarer og alkoholfri drikke, ligg Noreg på same nivå som Nederland, Danmark og Finland. For norske hushald har prosentdelen falle dei siste åra frå 12,5 prosent i 2015 til 11,4 prosent i 2019.79 Samstundes utgjer utgifter til mat og alkoholfrie drikkevarer ei stor belastning for mange av dei med låg kjøpekraft i Noreg.
2.10.2 Utvalet i norske daglegvarebutikkar
Å kunne velje mellom ulike produktvariantar er i seg sjølv eit viktig gode. Forbrukarane har ulike preferansar, enten det gjeld kvalitet, storleik, pris eller liknande. Eit godt vareutval har difor mykje å seie for forbrukarane.
Ein vanleg metode for å vurdere det norske utvalet er å samanlikne utvalet i norske butikkar med utvalet i butikkar i samanliknbare land, som Sverige og Danmark. Ein slik metode byr på ei rekkje metodiske utfordringar. For det fyrste kan det vere vanskeleg å få tilgang til samanliknbare data. Vidare er det skilnader mellom land, med omsyn til offentlege rammevilkår, konkurranseforhold og busetjingsmønster som kan forklare skilnader i marknads- og butikkstruktur. Det er likevel gjennomført ein del studiar som har forsøkt å samanlikne utvalet av daglegvarer i Noreg med andre land, trass i desse metodiske vanskane.
Matkjedeutvalet80 kartla vareutvalet i norske daglegvarebutikkar i perioden 2008–2010, og samanlikna vareutvalet i Noreg og Sverige. Dei fann at gjennomsnittsbutikken i Sverige hadde dobbelt så stort utval som ein gjennomsnittsbutikk i Noreg. Denne undersøkinga blei oppdatert i 2016 på oppdrag frå Forbrukarrådet.81 Oppdateringa frå 2016 viser om lag same skilnad i gjennomsnittleg vareutval i norske og svenske butikkar som samanlikninga frå 2011. Trass i ein reduksjon i talet på super- og hypermarknader og ein betydeleg auke i lågprisbutikkar auka vareutvalet i ein gjennomsnittleg norsk daglegvarebutikk med 30 prosent i perioden frå 2008 til 2015. Auken var særleg stor innanfor ferske varer som kjøtt, egg, frukt og bær.
Menon Economics har på oppdrag frå Norgesgruppen to gonger analysert vareutvalet i 10 norske og 10 svenske butikkar med parvis samanfallande storleik, omsetnad og konsept.82 Nærmare bestemt består analysane i å samanlikne fem Meny- og fem Kiwibutikkar i Noreg med høvesvis fem Hemköp- og fem Willys Hemma-butikkar i Sverige. Datasettet til Menon omfattar informasjon om utvalet av mat og drikke i dei 20 butikkane fordelt på 87 produktkategoriar, og korleis utvalet i dei 20 butikkane endrar seg over tid. Studien i 2019 avdekkjer at det i gjennomsnitt er fire prosent fleire varelinjer i dei 10 svenske butikkane samanlikna med dei norske. Denne skilnaden var i 2016 på sju prosent. I både 2016 og 2019 er det stor variasjon i skilnadene i utval mellom dei 87 produktkategoriane. Dei norske butikkane har størst utval innanfor dei tre kategoriane frukt og grønt, fersk fisk og skaldyr og ferskt kjøtt. Dei svenske butikkane har eit breiare utval av meierivarer, sjokolade og langtidshaldbare matvarer som til dømes pasta. Menon finn vidare at talet på unike leverandørar representerte i dei norske butikkane i 2016 og 2019 var høvesvis 57 og 59 prosent lågare enn i dei svenske butikkane. I rapportane peiker Menon også på at den svenske gjennomsnittlege butikken er om lag dobbelt så stor som den norske rekna i m2, og at ein høgare del av total omsetnad i Sverige skjer i hypermarknader med areal over 2 500 m2.
SIFO har i 2019 oppdaterert deira tidlegare undersøkingar av det norske vareutvalet frå 2011 og 2016.83 På enkelte område er undersøkingane utvida, mellom anna ved at dei også inkluderer Nederland i samanlikningane for nokre varekategoriar. Vidare er fleire varegrupper inkluderte i analysen. SIFO (2019) viser same mønster som i 2016, men betydeleg mindre skilnader.
SIFO sine estimeringar i 2019 viser at ein gjennomsnittleg norsk butikk har 61 prosent av vareutvalet til ein gjennomsnittleg svensk butikk. Dette kjem mellom anna av skilnader i butikkstorleik. Figur 2.14 viser vareutval innanfor ulike kategoriar av butikkar (storleikar). Her er skilnadene blitt mindre sidan 2016, men framleis er dei store. I kategorien 400–999 m2, der ein finn over halvparten av dei norske butikkane, ligg dei norske butikkane på om lag 84 prosent av vareutvalet til dei svenske. Samstundes ser ein at veksten i vareutvalet har vore høgare i Noreg enn i Sverige. Ifølgje SIFO-rapporten har den gjennomsnittlege norske butikken fått 2,9 prosent fleire varer frå 2016 til 2018, mens svenske butikkar har hatt ein auke på 0,7 prosent.SIFO meiner likevel at den viktigaste skilnaden mellom resultata frå 2019-undersøkinga og resultata frå 2016 heng saman med utvidinga av varegrunnlaget nytta i sjølve estimeringane.
Skilnadene i utval varierer mellom varegrupper. Dei norske butikkane er nærmast dei svenske innanfor gruppene fersk mat (68 prosent) og drikkevarer (75 prosent). Skilnadene er størst for varegruppa kjølevarer, der norske butikkar har 53 prosent av utvalet til dei svenske butikkane. Nokre av desse skilnadene har med butikkstorleik å gjere. Kontrollert for dette, forsvinn mesteparten av skilnadene innanfor varegruppa fersk mat, mens dei i stor grad blir haldne ved lag for andre grupper. I nokre få varegrupper er utvalet i Noreg større enn i Sverige. Dette gjeld mellom anna djupfrosen pizza og djupfrosen fisk. Norske butikkar i storleikskategorien 400–999 m2 har betre utval i begge desse varegruppene enn både dei svenske og dei nederlandske butikkane.
SIFO (2019) samanliknar også det norske utvalet med det nederlandske, for nokre varegrupper. Resultata viser at det nederlandske utvalet ligg ein stad mellom det norske og det svenske. I dei største og dei minste storleikskategoriane ligg utvalet i Nederland over det norske, mens for butikkar i storleikskategorien 400–999 m2 er vareutvalet i dei norske og dei nederlandske butikkane likt.
Vidare har SIFO (2019) sett på regionale skilnader i vareutval i Noreg. Dei finn at vareutvalet varierer nokså mykje i dei ulike regionane. Butikkane med størst utval finn ein på Austlandet. Butikkane på Austre Austland har flest varelinjer i Noreg, etterfølgt av Vestre Austland og Oslo. Nord-Noreg, på den andre sida, har det smalaste vareutvalet, med 15 prosent færre varer enn Austre Austland. Dei største skilnadene i utval finn ein for varegruppene fersk mat og kjølevarer, som er dei to gruppene med kortast haldbarheit og den mest krevjande logistikkjeda.
Av delkapittel 2.6 går det fram at Noreg har relativt høg butikktettleik samanlikna med nabolanda Sverige, Danmark og Finland. Dette er med å sikre at dei fleste norske forbrukarane over heile landet kan velje mellom ulike daglegvarebutikkar med forskjellig vareutval. Denne valmoglegheita inneber at det reelle vareutvalet forbrukarane i Noreg har tilgang til, er større enn vareutvalet i kvar enkelt daglegvarebutikk.84
Varegruppene «Frukt og bær» og «Grønsaker og poteter» er ikkje med i SIFO si samanlikning av utval av daglegvarer i Noreg og Sverige på grunn av manglande data. Dette er kategoriar der utvalet ifølgje utgreiingane til Menon Economics er relativt betre i norske daglegvarebutikkar. Vidare har SIFO utelate daglegvaregrupperingane Lidl og Netto, som utgjer i underkant av ni prosent av den svenske daglegvaremarknaden, og i tillegg uavhengige butikkar, frå dei svenske utvalsdataa. Lidl og Netto er lågprisaktørar, med eit smalt vareutval. Førnemnde forhold kan ha betyding for resultata til SIFO når det gjeld vareutval.
2.10.3 Moglege årsaker til høge norske matprisar og avgrensa utval
Det er fleire moglege årsaker til at Noreg har generelt høgare daglegvareprisar og meir avgrensa vareutval enn nabolanda våre. I 2011 peikte Matkjedeutvalet85 på at politiske, institusjonelle, strukturelle og geografiske ulikskapar er faktorar som kan bidra til å forklare skilnadene i prisnivå mellom Noreg og andre land i Europa. Alle desse faktorane er relevante også i dag.
2.10.3.1 Høge norske daglegvareprisar
Noreg har eit høgt generelt lønns- og kostnadsnivå som bidreg til eit relativt høgt prisnivå. Ufaglærte tener meir i Noreg enn andre stader i Europa. Eit relativt høgt norsk lønnsnivå driv opp kostnadene ved å produsere daglegvarer beskytta av importvernet og kostnadene knytte til å omsetje matvarer i daglegvarebutikkar. Dette vil i sin tur drive opp matvareprisane på eit høgare nivå i Noreg enn i land med lågare lønnsnivå.
Graden av konkurranse på dei ulike ledda i verdikjeda for daglegvarer påverkar moglegheita aktørane har til å auke utsalsprisane sine. Når konkurransen er effektiv på tvers av alle ledd i verdikjeda, blir aktørane tvinga til å halde prisane så låge som mogleg. Skilnader i konkurransen på ulike ledd i verdikjeda for daglegvarer kan difor vere med og forklare prisforskjellar mellom land.
I Noreg blir det lagt særavgifter på ei rekkje daglegvarer. Mellom anna er det avgifter på alkoholhaldige drikker og sukkerhaldige varer. Vidare er det her til lands mellom anna avgift på eingongsemballasje. Den norske meirverdiavgifta på mat og alkoholfri drikke er på 15 prosent. I Danmark og Sverige svarer den til høvesvis 25 og 12 prosent.86
I Noreg har myndigheitene gjort ei politisk prioritering og innført verkemiddel for å sikre høge prisar på utvalde landbruksprodukt som gjer det mogleg med landbruk i betydeleg omfang over heile landet. Denne politikken bidreg til å sikre tilgang på norskproduserte landbruksprodukt som kjøtt, fjørfe, frukt og bær mv. Samstundes medfører dei førnemnde politiske prioriteringane at norske forbrukarar står overfor relativt høgare prisar på matvarer og drikke som følgje av vern av norske landbruksprodukt frå importkonkurranse. Vidare vil importvernet kunne gjere det vanskelegare for utanlandske daglegvaregrupperingar å etablere seg på den norske daglegvaremarknaden. Til dømes vil internasjonale daglegvaregrupperingar på grunn av importvernet ikkje kunne dra fullt nytte av sine konkurransedyktige innkjøpsavtalar med store internasjonale produsentar av daglegvarer. Importvernet for landbruksvarer er omtala i delkapittel 4.6.1.
Primærnæringsunntaket i konkurranselova87 gjev primærprodusentane og organisasjonane deira unntak frå forbodsføresegnene i konkurranselova. Unntaket gjer mellom anna at bøndene gjennom produsentsamvirka sine kan forhandle samla mot foredlingsindustri og grossistar. Gjennom å avgrense konkurransen seg imellom kan bøndene oppnå høgare prisar for produkta sine enn kva dei elles ville. Bøndene og deira samvirke er gjennom primærnæringsunntaket også gjevne høve til å samarbeide om marknadsregulering, som mellom anna skal bidra til å realisere målprisane fastsette i landbrukspolitikken.
Prissøylene i figur 2.15 skal illustrere korleis skilnader i norske og svenske daglegvareprisar skriv seg frå skilnader i meirverdiavgift, særavgifter, produksjonskostnader, marginpåslag (kostnader) på ulike ledd i verdikjeda og importvernet.
Dei to søylene heilt til venstre i figur 2.15 viser kva det høge norske lønns- og kostnadsnivået og dei særnorske avgiftene har å seie, som i sum driv opp kostnadene på dei ulike ledda i den norske verdikjeda for daglegvarer, og derav dei norske daglegvareprisane. Vidare får desse søylene fram at sjølv om kostnadene er identiske på tvers av verdikjedeledd og land, så gjer norske særavgifter og ei høgare meirverdiavgift at daglegvareprisane her til lands blir høgare enn dei svenske. Søylene heilt til høgre i figur 2.15 synleggjer verknaden av det norske importvernet, som gjer at utsalsprisane på importerte daglegvarer underlagde toll overstig pris til kunde i Noreg.
Pettersen (2020)88 analyserer korleis norske matvareprisar har utvikla seg relativt til nabolanda Sverige og Danmark, og moglege årsaker til dei observerte prisskilnadene på matvarer mellom Noreg og gjennomsnittet for Sverige og Danmark. I 2018 låg dei norske prisane på mat 32 prosent over snittet for matvareprisane i Danmark og Sverige. I 2005 var denne prisskilnaden på 22 prosent. Den fyrste delen av analysen viser betydinga av det norske importvernet og ulike nasjonale meirverdisatsar som forklaringsfaktorar for det relativt høge norske prisnivået på daglegvarer. Analysen seier at importvernet bidreg til auka prisforskjell, mens ulike meirverdiavgifter legg ein dempar på han.
I den andre delen av analysen blir rekneskapsdata tekne i bruk for å kartleggje om prisskilnaden på matvarer mellom Noreg og nabolanda kan bli forklart med bruttomarginar på industri-, engros- og detaljistleddet. Funna indikerer at matindustrien og engroshandelen har bidrege noko til aukande relative norske daglegvareprisar, mens detaljistleddet har hatt motsett verknad. Av dei forklaringsfaktorane som kan talfestast, er det importvernet som har bidrege mest til aukande relative norske daglegvareprisar dei seinare åra. I begge dei to analysedelane er det betydelege restledd som ikkje blir forklarte. Skilnader i innsatsfaktorprisar og importprisar for daglegvarer blir nemnde som utelatne forklaringsfaktorar som bidreg til å blåse opp restledda i analysen. Skilnader i graden av konkurranse på ulike ledd i verdikjeda for daglegvarer mellom Noreg og nabolanda kan vere nok eit døme på ein utelaten forklaringsfaktor.
2.10.3.2 Avgrensa utval i norske daglegvarebutikkar
Mange av studiane omtalte i delkapittel 2.10.1 om norske matvareprisar og delkapittel 2.10.2 om utvalet i norske daglegvarebutikkar peiker på fleire årsaker til at utvalet er meir avgrensa i Noreg samanlikna med andre land. Blant desse er forskjellige forbrukarpreferansar og handlevanar, ulik butikktettleik og butikkstorleik og forskjellig marknadsstruktur på leverandørleddet.
Forbrukarpreferansar og handlevanar har noko å seie for utvalet av daglegvarer. Nordmenn er på verdstoppen når det gjeld kor ofte dei handlar i butikk, med eit gjennomsnitt på 3,4 gonger i veka. I land der forbrukarar handlar sjeldnare, som til dømes 1–3 gonger i veka, er det ein større toleranse for lengre reiseveg.89 Dette verkar inn på storleiken og tilgangen på butikkane, og på forbrukarane sine preferansar for produkt med lengre haldbarheit (frysevarer framfor ferskvarer). Vidare kan skilnader i utval innan enkelte varegrupper blir forklart ut ifrå nasjonale matvanar og mattradisjonar.
Lågprisbutikkar har eit smalare vareutval enn supermarknader. Dette er fordi butikkar med få kundar vil få problem med varer med kort haldbarheit og låg omsetnad som fører til høgare svinn og kapitalbinding. I 2018 var berre 16 prosent av butikkane i Noreg større enn 1 000 m2, mens dei tilsvarande tala for Nederland og Sverige var høvesvis 49 og 31 prosent.90
Vareutvalet blir også påverka av befolkningstettleik, demografi og graden av konkurranse. Det er demografiske og geografiske skilnader mellom Noreg og andre nordiske land som gjer kostnadene ved å drive butikk her til lands relativt høge. Samanlikna med Sverige og Nederland legg dei demografiske og geografiske forholda i Noreg i mindre grad til rette for sentralisert butikkstruktur, med færre og større butikkar og kortare avstandar. Dette kan bidra til eit avgrensa gjennomsnittleg norsk vareutval.
Som det går fram av figur 2.16, gjer spreidd busetnad i eit langstrekt land at kundegrunnlaget til kvar butikk i gjennomsnitt blir relativt lågt i Noreg samanlikna med land som Sverige og Nederland. Gjennomsnittsbutikken i Noreg har om lag ein tredel av kundegrunnlaget til gjennomsnittsbutikken i Nederland, og litt over halvparten av kundegrunnlaget til gjennomsnittsbutikken i Sverige. Dersom gjennomsnittsbutikken i Oslo skulle ha same kundegrunnlag som gjennomsnittsbutikken i Nederland, måtte ca. 60 prosent av butikkane i Oslo bli lagde ned. I 2018 var det i Noreg i gjennomsnitt 1 374 innbyggjarar per butikk, mens talet i Sverige var nesten dobbelt så høgt. Demografiske og geografiske forhold kan forklare ein stor del av desse nasjonale skilnadene.
SIFO (2019) finn store regionale skilnader på vareutval også mellom regionar i Noreg. Oslo har trass i sine mange relativt små butikkar, eit godt utval av dei fleste produkta som er med i utgreiinga. Nord-Noreg har mindre utval enn resten av landet. Også Midt-Noreg kjem dårleg ut når det gjeld vareutval. Dei minste skilnadene mellom regionar finn ein for kategorien «Sjokolade», mens dei største skilnadene er knytte til dei to varegruppene «Mjølk» og «Frukt og grønt».
3 Aktørane i verdikjeda for daglegvarer
3.1 Detaljistleddet
Ein detaljist er ei verksemd som sel varer i små mengder direkte til sluttbrukarar for konsum.91 På detaljistleddet i verdikjeda for daglegvarer er det i dag tre store og ei lita daglegvaregruppering. Dei tre store er Norgesgruppen ASA («Norgesgruppen»), Coop SA («Coop»), og Rema 1000 AS («Rema 1000»), som til saman står for 96,4 prosent av omsetnaden på detaljistleddet. I.K Lykke AS («Bunnpris») har dei resterande 3,6 prosentane av omsetnaden, sjå figur 3.1. I tillegg hadde Kolonial.no ein omsetnad på om lag éin milliard kroner i 2019, noko som utgjer om lag 0,5 prosent av totalomsetnaden i daglegvaremarknaden.92 Det finst framleis nokre uavhengige daglegvarebutikkar i Noreg. Desse er ofte små butikkar med eit avgrensa utval daglegvarer.
Det er stordriftsfordelar knytte til drift av butikkar gjennom kjeder. Det er kostnadseffektivt å samkøyre innkjøp av varer og tenester, sortimentsstyring, marknadsføring, profilering, prissetjing og analysar. Dei fleste butikkane i Noreg inngår difor i ei profilkjede, styrt av eit kjedekontor. Butikkane i profilkjedene har vanlegvis felles profilering og marknadsføring, og i stor grad felles utval og prisar. Likevel kan det vere betydeleg variasjon mellom butikkane i ei kjede.
Kvar daglegvaregruppering kan ha ei rekkje ulike butikktypar, med ulikt konsept og utval. Dei tre største daglegvaregrupperingane eig til saman med Bunnpris rundt 15 ulike profilkjeder i Noreg.
Tabell 3.1 Profilkjeder per daglegvaregruppering og totalomsetnad
Norgesgruppen | Coop Norge | Rema 1000 | Bunnpris |
---|---|---|---|
Total omsetnad: | Total omsetnad: | Total omsetnad: | Total omsetnad: |
90,5 milliardar i 20191 | 52,5 milliardar i 20192 | 61,7 milliardar i 20183 | 2,7 milliardar i 20184 |
Meny | Obs | Rema 1000 | Bunnpris |
Kiwi | Extra | Bunnpris & Gourmet | |
Joker | Coop Mega | ||
Spar/Eurospar | Coop Prix | ||
Nærbutikken | Coop marknad | ||
CC | Matkroken |
1 Norgesgruppen (2020). Års- og bærekraftsrapport 2019.
2 Opplysningar gitt i dialog mellom Coop Norge og Nærings- og fiskeridepartementet. Her omfattar omsetnad òg sal av faghandelsvarer i det som blir definert som daglegvarebutikkar. Dette inkluderer ikkje omsetnad frå Coop Obs Bygg.
3 Rema 1000 (2019). Årsrapport 2018. Tal er basert på oppgitt butikkomsetnad, inkludert franchiseomsetnad. Tal frå 2019 var ikkje tilgjengeleg på tida da meldinga blei publisert.
4 Tal henta frå proff.no. Tal er frå 2018. Tal frå 2019 var ikkje tilgjengeleg på tida da meldinga blei publisert. Sjå til dømes: https://www.proff.no/roller/ik-lykke/trondheim/hovedkontortjenester/IDGO1KI10NZ-2/.
Det er få utanlandske daglegvaregrupperingar i Noreg. Tidlegare har svenske Ica og den tyske «hard discount»-kjeda93 Lidl forsøkt seg i den norske daglegvaremarknaden. Ica selde verksemda si til Coop Norge i 2014, og Lidl selde butikkane sine til Rema 1000 i 2008, sjå delkapittel 4.7.2.94 I 2008 måtte også hypermarknadskjeda Smart Club gje opp sitt forsøk på å etablere seg i daglegvaremarknaden, og kjeda blei kjøpt opp av Coop Norge.95 I daglegvaremarknaden i Noreg finst det i dag berre to utanlandske daglegvarekjeder; Vanlig Mat AS («Iceland») og Vanlig Norge («Picard»). Den britiske kjeda Iceland har fem butikkar i Noreg, og sel i hovudsak frosenmat.96 Iceland har inngått samarbeid om sal av produkta sine i Circle K Norge AS («Circle K»)97, Europris98 og Kolonial.no.99 Den franske kjeda Picard opna sin fyrste butikk i Noreg 4. september 2019, og sel også i hovudsak frosenmat.100
Marknadsdelane til dei ulike daglegvaregrupperingane har halde seg relativt stabil over tid i perioden 2009–2019.
Som ein ser av figur 3.2 har Norgesgruppen hatt ein relativt stabil vekst i marknadsdelar frå 2009 til 2019, mens Bunnpris har lege stabilt på rundt fire prosent. Coop hadde ein nedgåande trend frå 2009, men denne snudde i 2014 i samanheng med Coop si overtaking av 457 Ica-butikkar. Rema har hatt ein jamn vekst frå 2009 til 2016, men opplevde eit fall i marknadsdelar frå 24,4 til 23,4 prosent i 2017.
3.1.1 Organiseringsform
Organiseringsform varierer mellom kjedene. Nokre av kjedene eig og driv sjølv matbutikkar («eigeneigde butikkar») via ein tilsett butikksjef. Andre butikkar er eigde og drivne av kjøpmenn som har inngått ein franchiseavtale med ei kjede, som sikrar retten til å drive ein butikk med konseptet til kjeda. I tillegg varierer makta til franchisetakaren, og i kor stor grad dei sjølv kan fastsetje konkurranseparametrar som prisar, utval og kampanjar i eigen butikk.
Som den einaste grupperinga, driv Rema 1000 hovudsakleg berre gjennom franchiseavtalar.101 I Norgesgruppen og Bunnpris er høvesvis om lag 50102 og i underkant av 72103 prosent av butikkane drivne og eigde av lokale kjøpmenn med franchiseavtale. Av Coop sine butikkar er dei fleste eigde og drivne av Coop sine rundt 70 samvirkelag, mens over 150 er franchisedrivne då dei følgde med etter oppkjøpet av Ica.104
3.1.1.1 Franchise
Franchiseverksemd er ein utbreidd måte å organisere verksemd på i daglegvarebransjen. Den utstrekte bruken av franchise i daglegvarebransjen byggjer på ein lang tradisjon der daglegvarebutikkar er drivne av lokale kjøpmenn.
Franchise inneber at den som har ført fram ein metode og namn for sal av varer og tenester, inngår avtale med andre føretak som mot betaling får tilgang til metoden og namnet. Den som eig konseptet, blir kalla franchisegjevar, og den som nyttar konseptet mot å betale, blir kalla franchisetakar. Som regel inneber franchise at partane ved kontrakt blir knytte saman i eit tett, langsiktig samarbeid, der franchisetakar får rett og plikt til å bruke forretningskonseptet i eige føretak, for eiga rekning og for eigen risiko mot vederlag til franchisegjevar.105 Frå utsida står ein franchisebutikk fram som ein del av profilkjeda, på lik linje med butikkane som blir drifta direkte av profilkjeda. Franchisedrift er basert på kontrakt og skil seg frå ei ordinær organisering der ein enten driv dei ulike delane av den enkelte verksemda innanfor eit selskap eller som del av eit konsern.
Franchisar opererer som regel med ein einskapleg identitet i marknaden. Opplevinga av butikkdrifta skal vere lik for kunden, uavhengig av kva føretak vedkommande handlar i. Dette legg til rette for ei rekkje stordriftsfordelar slik som felles marknadsføring og kampanjar. Kontrakten kan òg gje grunnlag for enklare kontroll og styring, og innebere assistanse til dei enkelte franchisetakarane innanfor rekneskap, økonomistyring, logistikk og anna oppfølging.
3.1.1.2 Eigedomsverksemder
Eigna butikklokale er ein viktig innsatsfaktor i daglegvaremarknaden. Alle daglegvaregrupperingane har eigne eigedomsverksemder, høvesvis Norgesgruppen Eiendom Holding AS, Reitan Eiendom AS, Coop Norge Eiendom AS og I. K. Lykke Eiendom AS. Målet for desse føretaka er å arbeide langsiktig og strategisk med å skaffe eigne butikklokale.
Eigarskapet av butikklokala varierer. I nokre tilfelle eig profilkjeda butikklokala, i andre tilfelle leiger butikkane lokale frå eigedomsselskap tilknytt profilkjeda, eller ekstern gardseigar, og nokre gonger er lokala eigde av kjøpmennene. I nokre få tilfelle er lokala eigde av føretak som er kontrollerte av konkurrerande daglegvaregrupperingar. Dette kan til dømes skrive seg frå at ein kjøpmann har bytt daglegvaregruppering, det kan vere reine eigedomsinvesteringar eller det kan vere strategiske grep frå daglegvaregrupperingar som ynskjer kontroll over butikklokala til konkurrenten. Konkurranseutfordringar knytte til tilgang på lokale er omtala i delkapittel 5.5.
3.1.2 Segmentfordeling og utvikling blant butikkane
Daglegvaregrupperingane sine profilkjeder blir ofte delte inn i følgjande segment: nærbutikk, lågprisbutikk, supermarknad og hypermarknad. Over halvparten av norske daglegvarebutikkar blir definerte som lågprisbutikkar. I 2018 var 58 prosent lågprisbutikkar, 27 prosent nærbutikkar, 14 prosent supermarknader, og éin prosent hypermarknad. Utviklinga dei siste åra har vore prega av ei omfattande omstrukturering av butikkar. Ved Coops oppkjøp av Ica i 2015, forsvann nokre av Ica sine hypermarknader. Coop og Norgesgruppen har også profilert om nokre butikkar til høvesvis Extra og Kiwi, noko som har ført til ytterlegare vekst i lågprissegmentet.106 Figur 3.3 gir ei oversikt over talet på butikkar i kvart daglegvaresegment i 2018.
Norgesgruppen har kjeder i alle segmentgrupper, forutan hypermarknad. Coop har på si side profilkjeder i alle fire segmentgrupper. Rema 1000 har berre ei profilkjede med butikkar som opererer i lågprissegmentet. Bunnpris har Bunnpris og Bunnpris & Gourmet, og begge blir normalt kategoriserte i lågprissegmentet.
Figur 3.4 viser at dei største profilkjedene målt i omsetnad er Rema 1000, Kiwi og Extra, som hadde ein marknadsdel på høvesvis 23,2 prosent, 21,8 prosent og 14,7 prosent i 2019. Desse profilhusa blir kategoriserte som lågprisbutikkar.
Dersom ein ser på omsetnadsdel per daglegvaresegment, er det ein klar trend at profilkjedene i lågprissegmentet har teke delar på kostnad av dei tre andre segmenta. Som det går fram av figur 3.5, har lågprisbutikkane sidan 2009 auka omsetnadsdelen sin frå 50,9 prosent, til 67,1 prosent i 2019. Hypermarknadssegmentet stod for 5,1 prosent av omsetnaden i 2019, mens nærbutikksegmentet utgjorde 6,5 prosent.107 Supermarknadssegmentet har sidan 2018 hatt ei stabil utvikling og har ein marknadsdel på 21,4 prosent.
Boks 3.1 Samanlikning med marknadene i Norden
Store daglegvaregrupperingar med høg marknadsdel er ikkje eit særnorsk fenomen. Det som likevel skil Noreg frå dei andre landa, er mengda aktørar i marknaden. I Noreg er det færre aktørar i daglegvaremarknaden, og heller ikkje innslag frå internasjonale aktørar.
Tabell 3.2 Marknadsdel i andre land, per 20181
Noreg | Sverige | Danmark | Finland |
---|---|---|---|
Norgesgruppen 43,2 % | Ica 51,5 % | Salling Group 35,2 % | S Group 46,4 % |
Coop 29,3 % | Coop 16,9 % | Coop 34,5 % | K Group 36,1 % |
Rema 1000 23,7 % | Axfood 17,8 % | Reitan Gruppen 11,9 % | Lidl 9,6 % |
Bunnpris 3,7 % | Bergendahls 7,0 % | Frie kjøpmenn (Dagrofa) 11,4 % | Tokmanni Group 3,0 % |
Andre 0,1 % | Lidl 4,7 % | Aldi 3,0 % | Minimani 0,5 % |
Netto2 2.1 % | Lidl 2,9 % | M Chain 0,5 % | |
Andre 0,0 % | Andre 0,9 % | Andre 3,9 % |
1 Kolonial.no hadde i 2019 ein omsetnad på om lag éin milliard, noko som utgjer rundt 0,5 prosent av marknaden. Nielsen (2020). Dagligvarerapporten 2020. Pressenotat 13. februar 2020. Samanlikninga med Sverige, Danmark og Finland er basert på tal frå 2018.
2 Merk at Nettos verksemd i Sverige blei kjøpt opp av Coop sommaren 2019.
Kjelde: Tal henta frå Nielsen (2019). Dagligvarefasiten 2019, Delfi (2019). Dagligvarukartan 2019, og PTY (2019) The Gorcery trade market in Finland.
I 2018 omsette daglegvaremarknaden i Sverige for over 266 milliardar svenske kroner1, noko som tilsvara omtrent 255 milliardar norske kroner. Daglegvaremarknaden i Finland omsette for 18,2 milliardar euro, som tilsvara omtrent 185 milliardar norske kroner.2 Vidare omsette daglegvaremarknaden i Danmark for 189 milliardar danske kroner, som tilsvara 254 milliardar norske kroner.3
I Sverige er det seks daglegvaregrupperingar, der Ica er den største med ein marknadsdel på 51,5 prosent.4 Ica er dermed den største daglegvaregrupperinga i Norden. I Danmark er det også seks daglegvaregrupperingar, mens i Finland er det sju.
I både Sverige og Finland har den største aktøren, høvesvis Ica og S-Group, høgare marknadsdel enn Norgesgruppen har i Noreg. Vidare har dei nest største aktørane i Danmark og Finland større marknadsdel enn den nest største aktøren i Noreg. Sverige skil seg ut ved at den nest største aktøren har vesentleg lågare marknadsdel enn i dei andre landa.
I Noreg, Sverige og Danmark har dei to største daglegvareaktørane til saman ein marknadsdel på rundt 70 prosent. Finland skil seg ut ved at dei to største aktørane har ein marknadsdel på rundt 83 prosent, samstundes som det er ei rekkje små aktørar i marknaden.
1 Delfi (2019). Dagligvarukartan 2019.
2 PTY (2019). The Grocery trade market in Finland.
3 Dansk Erhverv (2018). Dagligvarer online – et marked i stor vækst.
4 Delfi (2019). Dagligvarukartan 2019.
Lågpris er også det segmentet som veks mest i Europa. Målt ved total omsetnad av daglegvarer i Europa var Schwarz-gruppen med mellom anna lågpriskjeda Lidl størst i 2019 med ein samla omsetnad på 1 182 milliardar kroner. På andreplass kom den andre velkjende tyske lågpriskjeda Aldi med ein omsetnad på 650 milliardar kroner, etterfølgt av franske Carrefour S.A. («Carrefour») med totalt sal lik 640 milliardar kroner og britiske Tesco PLC på fjerde plass med ein omsetnad på 601 milliardar kroner.108
3.1.3 Bonusprogram
Dei tre største daglegvaregrupperingane tilbyr kundane eit bonusprogram. Dette gjev mellom anna kundane bonus og rabattar ved kjøp i butikkane, og til gjengjeld får kjedene betre kunnskap om kundane. Det er frivillig for forbrukarane å bli med i desse programma.
Norgesgruppen har «Trumf» som gjev medlemmene mellom anna ein bonus som vanlegvis svarar til éin prosent av kjøpesummen, og tre prosent på enkelte torsdagar.109 Bonusprogrammet til Coop inneber mellom anna at medlemmene fyrst kjøper seg inn som medlem i Coop sitt lokale samvirkelag. Deretter får medlemmene krav på minimum éin prosent kjøparutbytte på alt dei handlar i Coop sine butikkar.110 Bonusprogrammet til Rema «Æ»«gjev mellom anna medlemmene 10 prosent rabatt på dei 10 varene dei har brukt mest pengar på i løpet av dei 10 siste handleturane. Æ skil seg frå konkurrentane sine bonusprogram ved at ein får alle rabattane med ein gong i kassa som eit frådrag på kjøpesummen.111
3.1.4 Daglegvaregrupperingane sine eigarskap i verdikjeda for daglegvarer
Verdikjeda for daglegvarer er karakterisert ved ulike former for vertikale bindingar mellom aktørar på ulike verdiledd. Døme på vertikale bindingar er leverandørkontraktar om produksjon av daglegvaregrupperingane sine eigne merkevarer, vertikal integrasjon, felles marknadsføringstiltak, etablering av eksklusive distribusjonskanalar og rabattutforming i leverandørkontraktar.112
Daglegvaregrupperingane eig i dag selskap i fleire ledd i verdikjeda, sjå figur 3.6 – figur 3.9. I tillegg til daglegvaremarknaden har Norgesgruppen og Reitangruppen verksemd i andre tilgrensande marknader, som kiosk, bensin og servicehandel (servicehandel) og storhushald (hotell, restaurant og catering). Norgesgruppen eig mellom anna kioskane Deli de Luca og MIX og fastfood-kjeda Jafs. Reitangruppen eig Narvesen og 7-eleven i Noreg, og bensinstasjonane YX og YX/7-eleven. Daglegvaregrupperingane har også oppretta eigne eigedomsselskap, sjå delkapittel 3.1.1.2. Ifølgje proff.no inngår Norgesgruppen ASA i eit konsern med 298 selskap, Coop Norge SA inngår i eit konsern med 69 selskap, Reitangruppen AS inngår i eit konsern med totalt 181 selskap og I K Lykke AS inngår i eit konsern med totalt 89 selskap.
Figur 3.6 – figur 3.9 gjev overordna oversikter over eigarskapet til daglegvaregrupperingane Norgesgruppen, Reitangruppen, Bunnpris og Coop på ulike ledd i verdikjeda for daglegvarer, og i tillegg i andre bransjar. Figurane er ikkje meinte å vise i detalj korleis daglegvaregrupperingane sitt eigarskap er formelt organisert, men er eit forenkla bilete av kva for handelskonsept, bransjar og salssegment dei ulike daglegvaregrupperingane er engasjerte i.
I delkapittel 4.7 er det nærmare omtale av etableringshindringar, mens konkurransemessige verknader med opphav i vertikal integrasjon blir gjennomgått i delkapittel 5.1.1. Daglegvaregrupperingane sine eigne merkevarer er omtala i delkapitla 3.5 og 5.1.2.
Av figur 3.6 – figur 3.9 går det for det fyrste fram at alle dei tre største daglegvaregrupperingane Norgesgruppen, Rema 1000 og Coop er vertikalt integrerte med kvar sin grossist gjevne ved høvesvis Asko Norge, Rema Distribusjon og Coop Norge. Bunnpris som er utan eigen integrert grossistfunksjon, har dei siste åra hatt eit innkjøpssamarbeid med Asko Norge. Aktørane i grossistleddet er omtala nærmare i delkapittel 3.3.
Vidare viser figur 3.6 – 3.9 at alle fire daglegvaregrupperingar har eigarskap i forskjellige leverandørmarknader. Norgesgruppen sitt heileigde føretak Unil AS har ansvar for produktutvikling, innkjøp, sal og marknadsføring av Norgesgruppen sine eigne merkevarer.
Rema 1000 Industrier AS blei oppretta i 2010 av Reitangruppen som er einaste eigar i føretaket. Rema Industrier skal bidra til å auke daglegvaregrupperinga Rema 1000 si konkurransekraft gjennom innovasjon og utvikling av eigne merkevarer.113 Føretak som Rema Industrier i dag har eigardelar i, går fram av figur 3.7.
Bunnpris eig i dag Kløverbakeriet som har sitt nedslagsfelt i Trøndelag. Kløverbakeriet framstiller brød, wienerbrød, rundstykke og anna gjærbakst. Konditorvarer blir kjøpte inn frå ulike samarbeidspartnarar.114
På lik linje med dei andre daglegvaregrupperingane har Coop eigardelar i ei rekkje leverandørføretak. Coop Norge Industri AS eig mellom anna føretaka Gomanbakeren Holding, Ferskvarehuset, Røra Fabrikker og TradeWay.
Kva vertikal integrasjon har å seie i verdikjeda for daglegvarer, blir omtala nærmare i delkapittel 5.1.1.
3.1.5 Marknadskonsentrasjon
Marknadskonsentrasjon er eitt av fleire moment for å vurdere om det kan vere konkurranseproblem i ein marknad. Høg marknadskonsentrasjon kan indikere at konkurransen er svak og at aktørane kan utøve marknadsmakt. Samstundes er høg marknadskonsentrasjon ikkje tilstrekkeleg for å utelukke at det finst effektiv konkurranse.
Formålet med å talfeste konsentrasjon er å på ein enkel måte kunne seie noko overordna om fordelinga av marknadsdelane i ein marknad og dermed gje ein peikepinn på graden av konkurranse. At konsentrasjonen er høg, tyder nødvendigvis ikkje at konkurransen er svak ettersom konsentrasjonsmåla berre ser på marknadsdelane til aktørane og ikkje tek høgde for ei lang rekkje faktorar, til dømes etableringshindring, vekstambisjonar, konkurransenærleik, kapasitetsavgrensingar, stillteiande og eksplisitt samarbeid mellom aktørane i marknaden og andre faktorar som kan påverke konkurranseintensiteten i ein marknad. Men sannsyna for svakare konkurranse er høgare i marknader med høg konsentrasjon.
3.1.5.1 Konsentrasjonsmål
Konsentrasjonen i ein marknad kan talfestast ved hjelp av ulike metodar. Dei to vanlegaste måla er konsentrasjonsratar (på engelsk «Concentration Ratios» (CR)) og Herfindahl-Hirschman-indeksen (HHI).
CR kalkulerer den samlande marknadsdelen til den/dei største aktørane i marknaden. CR1 måler marknadsdelen til den største aktøren, CR2 er ekvivalent med summen av marknadsdelane til dei to største aktørane osv. Det er to vanskar knytte til å bruke CR som mål på grad av konkurranse i ein marknad. For det fyrste, er ikkje den relative storleiken på bedriftene synleg. Til dømes kan ein ha to veldig ulike scenario som begge gjev ein CR3 på 60 prosent:
Bedrift 1 har marknadsdel på 55 prosent, bedrift 2 og 3 har marknadsdel på 2,5 prosent kvar.
Bedrift 1, 2 og 3 har 20 prosent marknadsdel kvar.
Konkurransen i desse to marknadene kan arte seg ulikt, sjølv om dei har same verdi i målet av konsentrasjon. For det andre ignorerer CR den totale mengda av føretak i marknaden, og også marknadsdelane til dei mindre bedriftene.
HHI er ein indeks som ofte blir nytta som mål på konsentrasjon i ein marknad. I motsetning til CR, tek HHI omsyn til alle aktørane i marknaden. Dermed vil indeksen i større grad enn CR representere heilskapen av marknadskonsentrasjonen. HHI blir kalkulert ved å summere kvadratet av marknadsdelane til aktørane i marknaden og kan skrivast som:
der sier marknadsdelen til aktør i, og n er mengda aktørar. Indeksen går på ein skala frå 0 til 10 000, der 10 000 tyder at ein aktør har monopol (100 prosent marknadsdel).115 Praksis frå EU-kommisjonen og Konkurransetilsynet inneber at verdiar lågare enn 1 000 tyder på at marknaden ikkje er konsentrert. Verdiar mellom 1 000 og 2 000 tyder på ein moderat konsentrasjon, mens verdiar over 2 000 indikerer at marknaden har høg konsentrasjon.116
3.1.5.2 Konsentrasjon på detaljistleddet i verdikjeda for daglegvarer
Når konsentrasjonen i detaljistleddet skal beskrivast, er det naturleg å leggje til grunn at alle Profilkjeder som blir kontrollerte av ei og same daglegvaregruppering, blir rekna som ein marknadsaktør. Sjølv om ei daglegvaregruppering kan velje å organisere verksemda si slik at profilkjedene blir drivne uavhengig av kvarandre, endrar ikkje dette på kontrollforholdet. Tilsvarande vil ei konseptkjede som har avtale med ei daglegvaregruppering om innkjøp, distribusjon med meir, bli rekna som ein sjølvstendig aktør når ein ser på konkurransesituasjonen på detaljistleddet.
Figur 3.10 viser korleis HHI og marknadsdelane til daglegvaregrupperingane har utvikla seg over tid, frå 2005 til 2019. I 2019 hadde detaljistleddet i daglegvarebransjen ein HHI lik 3 331, noko som tilseier høg konsentrasjon. HHI har vore stabil på omtrent 2 500 fram til 2010, og auka då Ica tredde ut av marknaden i 2015. Hakon Gruppen, som seinare blei kjøpt opp av det svenske daglegvarekonsernet Ica, hadde på 90-talet marknadsdelar på over 25 prosentpoeng. Daglegvaregrupperinga tapte deretter marknadsdelar gjennom heile 2000-talet. Ica annonserte eit innkjøps- og distribusjonssamarbeid med Norgesgruppen i 2013, men etter at Konkurransetilsynet varsla inngrep mot avtalen, valde Ica Sverige å selje verksemda si i Noreg til Coop.
Vidare viser figuren at Norgesgruppen har hatt ein jamn vekst frå 2005 til 2019. Bunnpris har hatt stabile marknadsdelar i heile perioden på omtrent fire prosentpoeng. Coop har hatt ein slak negativ trend i sine marknadsdelar, men dei auka betydeleg i storleik etter oppkjøp av Ica. Rema har hatt ein jamn vekst i sine marknadsdelar, men hadde sin fyrste nedgang etter 2016.
Figur 3.11 viser CR3-mål for dei tre største daglegvaregrupperingane. Konsentrasjonen målt ved CR3 har naturleg nok også vore aukande i perioden, og dei største auken i CR3 skjedde i 2015. Marknadskonsentrasjon i andre land er omtala i boks. 3.2.
3.2 Mathandel på nett
Sal av daglegvarer over nett skjer gjennom ulike konsept og med ulike leveringsmetodar. Nokre aktørar spesialiserer seg på visse typar mat, mens andre fører eit breitt sortiment tilsvarande tradisjonelle daglegvarebutikkar. Nokre aktørar tilbyr såkalla «matkasser» med middagsløysingar med ingrediensar og oppskrifter, mens andre sel meir eller mindre eteklar mat. Nettbutikkar med breitt utval av daglegvarer er til stades fyrst og fremst i sentrale strøk og område der avstandane mellom sentrallager og kundar er relativt korte.
Ein nettbutikk med eit breitt sortiment er truleg eit nærare substitutt til ein daglegvarebutikk, enn det ein matkasseleverandør er. Dette skuldas mellom anna at nettbutikken kan tilby det same utvalet som ein tradisjonell daglegvarebutikk, mens ein matkasseleverandør i utgangspunktet berre tilbyr middagsløysningar eller andre ferdige samansette pakkar.
Mathandel på nett omsette totalt for om lag to milliardar kroner i 2019, som tilseier at dei norske nettbutikkane oppnådde ein marknadsdel på rundt éin prosent.117
Boks 3.2 Marknadskonsentrasjon i andre land
Ved å undersøkje marknadskonsentrasjonen på detaljistleddet i dei nordiske landa ser ein at konsentrasjonen varierer. Dette er framstilt i figur 3.13 Ein ser at HHI i dei nordiske landa varierer mellom 2718 og 3573, noko som inneber at det er høg konsentrasjon i daglegvaremarknaden i alle dei nordiske landa. Danmark har den lågaste konsentrasjonen av dei nordiske landa, med 2718, mens Noreg og Sverige har omtrent lik konsentrasjon. Sjølv om Finland er det landet i Norden som har flest aktørar i daglegvaremarknaden, er det dei som har høgast konsentrasjon. Dette kjem av at dei to største aktørane samla sett har vesentleg høgare marknadsdel enn i dei andre landa.
Som omtale i boks 3.1, tabell 3.2 ser ein at marknadsdelen til dei tre største aktørane (CR3) i Noreg og Finland skil seg ut. Her har Noreg ein marknadsdel på 96,2 prosent, mens Finland har ein marknadsdel på 92,1 prosent.1 I Danmark og Sverige har dei tre største aktørane til saman ein marknadsdel på høvesvis 81,6 og 86,2 prosent.2
1 Delfi (2019). Dagligvarukartan 2019.
2 Delfi (2019). Dagligvarukartan 2019.
Tenesta er eit velsett tilbod for kundar som har vanskeleg for å kome seg til butikken på eiga hand. Vidare frigjer netthandel med daglegvarer tid slik at kvardagen blir enklare og mindre hektisk.118
I dag er Kolonial.no den største matbutikken på nett i Noreg.119 Kolonial.no er nærmare omtala i boks 3.3. Norgesgruppen har sidan 2016 starta opp tre nettbutikkar som sel daglegvarer gjevne ved Meny.no, Joker.no og Spar.no.120
Grunna koronakrisa etablerte Coop Norge i april 2020 nettbutikk med breitt utval av daglegvarer og heimlevering over mesteparten av landet.121 Heimlevering skjer i samarbeid med Posten AS. Bunnpris har også starta opp netthandel i utvalde butikkar, som eit mellombels tiltak for å lette utfordringane knytte til Covid-19.122 I tillegg til førnemnde nettverksemder finst det aktørar som Godtlevertgruppen AS, som leverer matkassane Godt levert, Adams matkasse og Proviant, og som samla hadde ein omsetnad på rundt 500 millionar i 2019.123 Rema 1000 har på noverande tidspunkt ikkje nettverksemd med daglegvarer.
Det er fleire aktørar som har forsøkt å selje matvarer på nett. Blant dei fyrste selskapa i Noreg som forsøkte seg med nettsal av eit breitt utval av daglegvarer, var Matnett.no som blei etablert på midten av 1990-talet. Verksemda blei lagd ned i 1998 på grunn av manglande lønnsemd. Fleire andre aktørar har sidan forsøkt å etablere seg i marknaden for netthandel med mat, men utan å lukkast.124 Vinteren 2016 starta marknad.no opp på Austlandet. På eigarsida hadde selskapet mellom anna Komplett Group. Nettbutikken blei lagd ned i 2018, og selskapet peikte på dårlege innkjøpsvilkår som ein av hovudgrunnane til manglande vekst og sviktande lønnsemd.125 Andre nettbutikkar med breitt utval av daglegvarer som etter fleire år med økonomiske tap la ned verksemda si, er 123Levert.no og Handleriet.no som gjekk konkurs i høvesvis 2017 og 2019.126
Boks 3.3 Kolonial.no
Nettbutikken Kolonial.no blei etablert av til saman 10 gründerar i 2013 og er i dag den største matbutikken på nett i Noreg.1 I sitt segment er Kolonial.no det selskapet som veks raskast i Norden. I 2019 oppnådde Kolonial.no ein samla omsetnad på om lag 1,1 milliardar kroner. Veksten i omsetnad svara i 2019 til om lag 20 prosent.2
Kolonial.no tilbyr eit utval av daglegvarer og middagsrettar levert enten heim eller til hentepunkt. I tillegg tilbyr nettbutikken elektroniske produkt leverte av Clas Ohlson.3 Kolonial.no leverer til både privatkundar og føretak på store delar av Austlandet.
I 2014 inngjekk Kolonial.no eit grossistsamarbeid med Rema 1000 som i dag er minoritetseigar i selskapet.4 Kolonial.no har sidan etableringa i 2013 gått med underskot, og eigarar har ved fleire høve skote inn kapital i nettbutikken. Det svenske investeringsselskapet Kinnevik er i dag blant dei største aksjonærane i Kolonial.no.5
1 Årsrapporten 2019 til Kolonial.no AS.
2 DN (2020). Nettmataktørene jager vekst – ingen tjener penger. Henta frå: https://www.dn.no/handel/norgesgruppen/meny/kolonialno/nettmataktorer-jager-vekst-ingen-tjener-penger/2-1-748054.
3 Henta frå: https://kolonial.no/kategorier/462-clas-ohlson/
4 Rema 1000 (2014). Rema 1000 inngår avtale med Kolonial.no. Henta frå: https://www.rema.no/nyheter/rema-1000-inngar-avtale-med-kolonial/.
5 Dn.no (2020). Nettmataktørene jager vekst – ingen tjener penger. Henta frå: https://www.dn.no/handel/norgesgruppen/meny/kolonialno/nettmataktorer-jager-vekst-ingen-tjener-penger/2-1-748054.
I andre land har netthandel med daglegvarer høgare salsdelar enn i Noreg. I Storbritannia og Frankrike stod nettverksemd med daglegvarer for 7,2 og 5,6 prosent av total daglegvareomsetnad i 2018, som inneber ein vekst i marknadsdel på høvesvis 20 og 40 prosent frå året før.127 I Sverige stod nettbutikkar for om lag 1,6 prosent av total daglegvareomsetnad i 2017, og nettverksemda med mat og drikke vaks raskt. Mens salet i fysiske svenske daglegvarebutikkar auka med 2,8 prosent i 2019, vaks salet i nettbutikkane med 22 prosent.128 Utviklinga i andre land kan indikere at netthandelen i Noreg har vekstpotensiale. Likevel er føresetnadene for netthandel ulike i dei ulike landa, noko som gjer at utviklinga ikkje nødvendigvis vil sjå lik ut på tvers av land.
Netthandel med mat utgjer med andre ord ein liten del av daglegvareomsetnaden i Noreg. I tillegg kan ein sjå at netthandelen er dominert av aktørar som også er store innanfor den tradisjonelle daglegvarehandelen. Det finst likevel reine nettaktørar utanlands som har lukkast i å oppnå rikelege marknadsdelar. Døme på dette er Ocado i Storbritannia og Amazon Fresh i USA. Framtidas daglegvaremarknad og netthandel blir omtalt nærmare i kapittel 6.
3.3 Grossistleddet
Ein grossist driv verksemd som omfattar innkjøp av varer frå leverandørar og distribusjon av varene, via mellomlager, frå leverandør til butikk. I staden for at detaljistar kjøper inn sine varer direkte hos kvar enkelt leverandør, kan detaljisten kjøpe større vareparti hos grossisten, samstundes som detaljistane ikkje behøver eit stort varelager. Ein grossist kan difor vere eit effektivt mellomledd mellom leverandør og detaljist.
3.3.1 Grossist- og distribusjonsmarknaden i daglegvaremarknaden
Grossistverksemd i daglegvaremarknaden inneber innkjøp, lagring og distribusjon av daglegvarer. Daglegvaregrupperingane har eigne innkjøpseiningar som forhandlar med leverandørane kvart år på vegner av deira profilkjeder om kva slags produkt som skal bli kjøpt inn, og til kva slags vilkår. Forhandlingar i innkjøp blir omtala nærmare i delkapittel 5.1.4.
I grossistleddet blir varene kjøpte frå leverandørane og distribuerte ut til butikk, normalt via mellomlagring på eitt eller fleire lager. Dei ulike daglegvaregrupperingane har integrert grossistverksemd.Norgesgruppen har Asko som grossist, Rema 1000 har Rema Distribusjon, og Coop Norge har ansvaret for grossist- og logistikkverksemda til Coops butikkar. Tidlegare låg ansvaret for varefylling hos leverandørane, men no er det profilkjedene sjølv som har overteke dette ansvaret.129
Som omtala i delkapittel 2.6 er butikktettleiken i Noreg høg, noko som mellom anna kjem av geografiske forhold og forbrukarane sitt kjøpemønster. For å sikre at daglegvarebutikkane over heile landet får varene sine når dei treng det, til høg kvalitet og låge prisar, er det nødvendig med ein effektiv distribusjonskanal.130
Verksemda i distribusjonsleddet blir utført på forskjellige måtar. Distribusjon kan omfatte frakt av varer frå leverandør til grossistlager, og vidare ut til kvar enkelt butikk, direkte eller via mellomlager. Nokre leverandørar transporterer varene til grossisten sitt lager, mens grossisten transporterer dei vidare til butikkane til detaljistkjeda. Ein annan variant er at grossisten transporterer varene til lageret til detaljistkjeda, mens detaljistkjeda distribuerer til eigne butikkar eller kundar.
Menon Economics skil mellom tre former for distribusjon:
Direktedistribusjon, som inneber at leverandørane sjølv transporterer varer til detaljistane.
Kjededistribusjon, som inneber at daglegvaregrupperingane gjennom eige grossist- og distribusjonsledd, transporterer varene frå leverandør, via grossist og ut i butikk.
Uavhengig distribusjon, som inneber at uavhengige aktørar distribuerer varer frå leverandør til grossist, eller frå grossist til butikk utan å vere tilknytte verken leverandør eller daglegvaregruppering.
Det har vore ein langvarig trend at daglegvaregrupperingane og deira vertikale integrerte grossistar, Asko, Rema Distribusjon og Coop, har overteke ein stadig større del av distribusjonen frå produsent til butikk.
Sjølv om kjededistribusjon står for hovuddelen av omsetnaden, er det framleis eit stort tal leverandørar som leverer direkte til norske daglegvarebutikkar. Til dømes hadde Norgesgruppen 900 direkteleverandørar i 2019, og stod for om lag 16 prosent av varene målt i omsetnad (ekskl. Bama). Av dei store daglegvareleverandørane er det berre Tine SA og Ringnes AS som framleis står for eigen distribusjon.131 Det er ingen frittståande grossistar som kan tilby eit totalsortiment i den norske daglegvaremarknaden. Mindre aktørar i daglegvaremarknaden, og aktørar som ynskjer å etablere seg, må difor enten etablere eiga grossistverksemd eller få tilgang på grossisttenester frå eksisterande aktørar, som også vil vere konkurrentar. Ein uavhengig grossist, Servicegrossistane, leverer til storhushaldsmarknaden. Leverandørar og andre daglegvareaktørar må i stor grad bruke ein av grossistane til dei tre store daglegvaregrupperingane.
Bunnpris har til dømes ein innkjøps- og distribusjonsavtale med Norgesgruppen, mens nettbutikken Kolonial.no har eit grossistsamarbeid med Rema Distribusjon.132 Sidan Bunnpris ikkje har eigen distribusjon, og såleis ikkje er ein aktør i grossistleddet, er grossistleddet meir konsentrert enn detaljistleddet. Konsentrasjonen i grossistleddet blir omtala nærmare i delkapittel 3.3.5.
Det er rimeleg å anta at det er stordriftsfordelar i distribusjon, høvesvis at større volum og eit større butikknettverk gjer det mogeleg med meir optimal vareflyt ettersom ein kan auke fyllingsgraden i bilane og optimalisere lagerstruktur og leveringsmønster. Stordriftsfordelar i grossistverksemd er nærmare omtalt i delkapittel 5.3.2.
I figur 3.15 blir marknadsdelar i grossistleddet presentert. Tal er berekna ut frå daglegvaregrupperingana sine marknadsdelar på detaljistleddet, sjå figur 3.1. For Norgesgruppen/Asko sin del er Bunnpris sin marknadsdel teken med i berekninga, grunna grossistsamarbeid.
3.3.2 Asko Norge AS
Asko er grossistverksemda til Norgesgruppen, og stod i 2019 for 67 prosent av alle vareleveransar til daglegvarebutikkar knytte til Norgesgruppen, og også Bunnpris. I tillegg transporterer Asko varer for Bama. Inkludert dei tilknytte grossistane H. I Giørtz Sønner AS og K. Ekrheim AS, leverer Asko 84 prosent av varene i Norgesgruppen-butikkane.133 Asko hadde ein total omsetnad på om lag 67 milliardar kroner i 2019,og består av 13 regionale Asko-selskap, ni Storcash-butikkar, sentrallager og samlastingsterminal på Vestby i Akershus.134 Deira sentrallager er heilautomatisert, der varesuppleringa er automatisk. Dette systemet heiter NG-flyt, og inneber at det blir bestilt varer automatisk til butikkane, basert på presise prognosar.135 Målet er å effektivisere varebestillingane, og Asko opererer no med soneleveransar. Dette inneber at vareleveransane blir tilpassa etter definerte soner i butikkane.
Asko er også ein stor leverandør til servicehandelen og storhushaldsmarknaden, og høvesvis om lag tre prosent og 16 prosent av omsetnaden til Asko stammar frå desse segmenta. Lagerdrift er den største kostnaden for Asko, og utgjer om lag 38 prosent av driftskostnadene deira.136
3.3.3 Coop Norge SA
Coop Norge har ansvar for grossist- og logistikkverksemda i Coop. I tillegg løyser dei fellesoppgåvene som innkjøp, vareforsyning og kjededrift.Coop Norge hadde ein omsetnad på 47,3 milliardar kroner i vareforsyning/engros i 2018.137
Coop Transport AS, som er heileigd av Coop Norge SA, har ansvar for distribusjon frå lager til butikk. Logistikksentralen til Coop Norge ligg på Gardermoen/Jessheim i Akershus, og er eit av Europas mest moderne og automatiserte matvaredistribusjonsanlegg.
Coop er den einaste av daglegvaregrupperingane som ikkje opererer i andre sektorar, som til dømes servicehandel og storhushald.
3.3.4 Rema Distribusjon AS
Rema Distribusjon har ansvaret for å distribuere varer ut til Rema-butikkane i Noreg. Sentrallageret til Rema Distribusjon ligg på Vinterbro i Akershus. Dei hadde ein omsetnad på 28,9 milliardar kroner i samla grossist- og distribusjonsverksemd i 2018.138
I 2014 inngjekk dei ein avtale om innkjøp og distribusjon med Kolonial.no. Dette inneber at Rema hentar nokre av varene til Kolonial.no, og sender dei vidare til sentrallageret deira. Rema eig 7,2 prosent av Kolonial.no.139
Rema Distribusjon leverer varer til servicehandelen, i tillegg til daglegvaregrupperinga. Rema er også involvert i storhushaldsmarknaden gjennom eit innkjøpssamarbeid med Servicegrossistene sidan 2013.140
3.3.5 Marknadskonsentrasjon
Konsentrasjonen på grossistleddet målt i HHI er lik 3 646 i 2019, noko som tilseier høg konsentrasjon. Dette kjem fram i figur 3.16. Sidan Bunnpris ikkje er ein aktør på grossistleddet, vil grossistleddet vere meir konsentrert enn detaljistleddet. Figur 3.16 viser daglegvaregrupperingane sine delar av grossistdistribusjonen til norske daglegvarebutikkar. Marknadsdelane i grossistleddet er som nemnd i delkapittel 3.3.1 basert på marknadsdelane i detaljistleddet, og i Norgesgruppen/Asko sin marknadsdel er Bunnpris sin marknadsdel teken med i berekninga.
Norgesgruppen og Rema har hatt ein jamn vekst frå 2005 til 2019, med unntak av to større skift i høvesvis 2012 og 2017. Desse skifta kjem av at Bunnpris har bytt grossist mellom Norgesgruppen og Rema. Coop har hatt ein svak nedgang fram til oppkjøpet av Ica i 2015. Lidl etablerte seg i Noreg med eiga grossistverksemd i 2004 og hadde verksemd i Noreg fram til 2008 då dei blei kjøpte opp av Rema.
3.4 Leverandørleddet
Matindustrien er den største fastlandsindustrien i Noreg, og hadde 53 000 sysselsette over heile landet i 2017. I Mat og Industri 2018 finn dei at produksjonsverdien i matindustrien auka med 120 prosent frå 2000 til 2017, og verdiskapinga auka med 99 prosent i same periode. I tillegg blir mykje av maten i matindustrien eksportert til utlandet. I 2017 eksporterte Noreg tilarbeidde mat- og drikkevarer for om lag 46 milliardar kroner, mens Noreg importerte tilarbeidde matvarer for om lag 47 milliardar kroner.141
Leverandørane i den norske verdikjeda for daglegvarer driv produksjon og vidaresal av daglegvarer til mellom anna grossistar og daglegvaregrupperingar. På same måte som daglegvaregrupperingane i daglegvaremarknaden, opererer leverandørane òg i andre delar av marknaden, som til dømes storhushaldsmarknaden og servicehandelen. Samanlikna med detaljist- og grossistleddet, er det større mangfald av leverandørar innanfor daglegvarer. I 2017 var det rundt 1 500 daglegvareleverandørar i Noreg.142 Det er stor skilnad på leverandørane, mellom anna med omsyn til storleik, marknadsdelar, eigarskapsform, om dei produserer merkevarer eller generiske varer, og om dei er lokaliserte i Noreg eller i utlandet. Føretak som Orkla ASA inngår i eit konsern med 44 selskap, Tine SA inngår i eit konsern med 19 selskap og Nortura SA inngår i eit konsern med 21 selskap og har milliardar i omsetnad, mens aktørar som Mere Mat AS er ei lita bedrift med 12,3 millionar kroner i omsetnad i 2018.
Boks 3.4 Gründer – Mere Mat
Mere Mat er ei lita, sjølvstendig bedrift starta av søstrene Jannike og Elisabeth Isachsen. Mere Mat tilbyr supper og gryteretter som er laga i deira suppefabrikk i Stokke. Dei har sidan 2009 selt ferske supper, Mere Suppe, til kjedene NorgesGruppen, Coop og Rema 1000.
I oppstarten gjorde søstrene alt sjølv; laga suppe, tappa den og køyrde ut til nokre få butikkar i Oslo. I dag produserer Mere Mat fleire hundre tusen beger i året hos Matprodusenten i Stokke i Vestfold, som har spesialisert seg i å produsere matvarer for små og mellomstore føretak.
Frå å levere til 10 butikkar i 2009, hentar no alle dei store grossistane varene deira, og distribuerer Mere Suppe til over 600 butikkar over heile landet.1
Ferske supper er eit segment som har vakse mykje dei siste åra. I 2017 og 2018 omsette Mere Mat for høvesvis 9,1 millionar kroner og 12,3 millionar. I dag har Mere Mat fem tilsette.2
1 Mere Mat AS (u.å). Sjå: https://www.meremat.no/gr%C3%BCnderhistorien
2 Proff.no (2020). Sjå https://www.proff.no/selskap/mere-mat-as/jar/produsenter/IGFF5B5016D/
Ifølgje NIBIO (2018) bestod den totale matindustrien av 2 900 bedrifter i 2016, der 94 prosent av desse var små- eller mellomstore bedrifter (SMB).143 Likevel stod seks prosent av bedriftene for halvparten av omsetnaden i totalmarknaden. Dette er illustrert i figur 3.18.
Dei største leverandørane i Noreg er Tine SA (Tine), Nortura SA (Nortura) og Orkla ASA (Orkla). Tine og Nortura er samvirkeføretak eigd av bønder.144 I tillegg er Carlsberg (Ringnes) ein stor leverandør innan sitt produktsegment. Desse leverandørane eig sterke merkevarer som Jarlsberg, Gilde, Nora og Tuborg. Menon Economics (2019) fann at det i svenske butikkar er 59 prosent fleire leverandørar enn det ein har i norske butikkar.145 Ei forklaring på dette kan vere dei handelspolitiske reguleringane i Noreg, som blir omtala i delkapittel 4.6. Det kan òg vere slik at forskjellen kan kome av eit stort tal små leverandørar i Sverige i tillegg til nokre få store, mens leverandørane i Noreg er jamstore. Det kan vere at dei norske leverandørane er til stades i fleire produktgrupper, noko som kan gje lågare konsentrasjon og sterkare konkurranse internt i kvar enkelt produktgruppe, sjølv om talet leverandørar totalt sett er lågare.
Leverandørane i daglegvaremarknaden har ulik merkevarestyrke, der dei største leverandørane ofte har sterkare merkevarer enn dei små. Merkevarestyrken kan likevel variere mellom område, og leverandørar med svak nasjonal merkevarestyrke kan ha sterk regional eller lokal merkevarestyrke, i tillegg til at det kan finnast leverandørar med berre ein eller nokre få sterke merkevarer. Marknadsdelen til store leverandørar kan nokre gonger gje eit upresist bilete av marknadsmakta deira. Til dømes kan store aktørar som Orkla vere til stades i mange produktkategoriar, mens til dømes Tine er store i nokre få produktkategoriar.
Figur 3.19 viser omsetnaden for 15 store produktgrupper i perioden 2017–2019. Fleire store produktgrupper, til dømes frukt og grønt, er utelatne frå figuren. Kvifor enkelte produktgrupper er utelatne, blir omtala i delkapittel 3.4.1.
Figur 3.19 vidare viser at omsetnaden for mjølk i 2019 var på om lag seks milliardar kroner. Produksjonen av mjølk fall i 2019, og gjekk frå ein samla leveranse av ku- og geitemjølk til meieri tilsvarande 1 520 millionar liter i 2018 til 1 480 millionar liter i 2019. Mjølk nytta til produksjon av meieriprodukt fall med 35,6 millionar liter i 2019, samanlikna med 2018.146
I meierimarknaden finst det tiltak som skal bidra til at mjølkeprodusentane får same pris for mjølka uavhengig av lokalisering og bruk på meieriet. Denne ordninga blir kalla prisutjamningsordninga (PU). Tine er den største aktøren i PU, og stod for 78,2 prosent av all mjølk nytta til produksjon av meieriprodukt i Noreg i 2018, og samvirket står i ei særstilling innanfor meieriproduksjon. I 2019 stod Tine for 77,4 prosent av nytta mjølk.
Andre aktørar som deltek i PU er Q-meieriene, Synnøve Finden, Normilk, Rørosmeieriet, Mondelez Norge og Valdresmeieriet. Synnøve Finden produserer i hovudsak modna ost og brunost, Normilk produserer mjølkepulver, Rørosmeieriet produserer økologisk mjølk, smør, rømme og fløyte, Valdresmeieriet produserer modna ost, mens Mondelez Norge produserer fersk ost.147 Q-meieriene produserer i hovudsak drikkemjølk, modna ost, fersk ost, rømme og fløyte. Ifølgje Q-meieriene var marknadsdelen deira på mjølk 25,6 prosent i 2019, og 15 prosent marknadsdel innan yoghurt.148
Vidare ser ein frå figur 3.19 at total omsetnad for øl i 2019 var på om lag 10 milliardar kroner. Ringnes hadde ifølgje eigne berekningar i 2018 ein marknadsdel på 51,7 prosent innanfor øl, 43,4 prosent innan brus og 70,6 prosent innanfor vatn.149
Frukt og grønt er ei betydeleg produktgruppe i verdikjeda for daglegvarer. I 2018 var omsetnaden for grønsaker, frukt og bær om lag 9,7, 6,7 og 1,6 milliardar kroner.150 Marknaden for frukt og grønt er prega av konkurranse frå import.151 Dei fleste produsentane innan frukt og grønt er tilknytte ei produsentforeining, som leverer til ei eller fleire daglegvaregrupperingar. Bama Gruppen AS er ein betydeleg leverandør innan frukt og grønt, og leverer frukt og grønt til Norgesgruppen og Rema 1000.152 Norgesgruppen har ein eigardel i Bama Gruppen AS på om lag 46 prosent, mens Rema 1000 har ein eigardel på om lag 20 prosent.153
Leverandørstrukturen innan sjømat i Noreg er fragmentert og har mange aktørar. Det finst to store aktørar, Lerøy Seafood Group ASA og Insula AS. Desse eig fleire av bedriftene som er sentrale leverandørar til den norske daglegvaremarknaden, som til dømes Sjømathuset AS, Lofotprodukt AS og Frøya Salmon AS. Vidare er det mange små og middels store bedrifter som leverer nasjonalt, til dømes Salmon Brands AS (Salma laks), Troll Salmon AS og Norsk Sjømat AS. Til slutt finst det lokale leverandørar av sjømat fleire plassar i landet.154 Mellom 2009 og 2015 auka salet av sjømat med 10,4 prosent i volum innan daglegvare. Etter 2015 av sjømat i norsk daglegvare med meir enn ni prosent. Hovudårsaka til dette er ein kraftig auke i prisen på fisk.155
Lerøy Seafood Group og Norgesgruppen har eit samarbeid, Sjømathuset, som leverer ferdigpakka sjømat og sushi til alle butikkane til Norgesgruppen.156 Sjøfrisk Norge AS er Rema 1000 sin eigen leverandør for fisk og sjømat, og er eit samarbeid mellom Insula og Rema 1000.157 Norsk Kvalitetsmat har levert fiskemat til Coop sine butikkar sidan 2008, gjennom merkevara Coop Smak*, og frå 2019 eig Coop 45 prosent av føretaket.158
Innan produktgruppa kjøtt er Nortura marknadsregulator, på lik linje som Tine er marknadsregulator for mjølk.159 Dette inneber oppgåver og plikter knytte til mellom anna importvern, mottaksplikt og forsyningsplikt. Nortura sin marknadsdel i verdikjeda for daglegvarer, inkludert produksjon av daglegvaregrupperingane sin eigne merkevarer, utgjorde 44,5 prosent per tredje kvartal 2019.160 I tillegg er Nordfjord Kjøtt og Fatland store leverandørar innan kjøtt. Den samla produksjonen av kjøtt frå gris, storfe, kylling, sau og lam har auka med 26 prosent sidan 2004.161 I 2017 omsette kjøttbransjen for om lag 45 milliardar kroner.162
Nortura, Nordfjord Kjøtt og Fatland er sentrale leverandørar for kjøtt til daglegvare, og har inngått samarbeidsavtalar med dei ulike daglegvaregrupperingane. Nortura og Norgesgruppen har merkevaren Nordfersk AS, som blir selt eksklusivt i butikkane til Norgesgruppen.163 Fatland produserer mellom anna kjøttvarene til Coop sine butikkar,164 mens Nordfjord Kjøtt sine varer blir selt i butikkane til Rema 1000.165
3.4.1 Marknadskonsentrasjon
Statstikken i dette delkapittelet framstiller forskjellige mål på konsentrasjon i daglegvaremarknaden. Statistikken er utarbeidd med tal frå analyseselskapet Nielsen som utgangspunkt. Konkurransetilsynet har gjort berekningar på dette datagrunnlaget på vegner av Nærings- og fiskeridepartementet.
Databasane frå Nielsen er godt eigna til føremålet. Dei inneheld mellom anna salstal for kvar veke for alle varelinjer i daglegvarebutikkar i Noreg. Desse tala er basert på såkalla scannerdata, data frå kvart sal i norske daglegvarebutikkar. Det er nokre mindre manglar med dei. Mellom anna er ikkje all omsetnad rekna med. Sal av varer som Nielsen ikkje klarer å plassere, blir utelate, og Nielsen får heller ikkje salstal frå butikkar under 100 m2. Samla omsetnad i 2017 i databasane til Nielsen var 163,3 milliardar kroner, mot den reelle omsetnaden på 171,3 milliardar. kroner same år. Databasane inneheld over 95 prosent av omsetninga i marknaden.
Det er teke fleire grep for å gjere resultata skikka for ei slik framstilling. Omsetnad utan kjend leverandør er ikkje teke med i berekningane. Om produkta utan kjend leverandør kjem frå små aktørar, blir dei berekna marknadsdelane for høge når denne omsetnaden ikkje er del i berekninga, og konsentrasjonsmåla gjev gale resultat. Om produkta kjem frå store leverandørar, vil konsentrasjonen som blir berekna, bli for låg. Når omsetnaden blir teken ut av analysen, er det det same som å seie at den blir fordelt proporsjonalt mellom dei kjende leverandørane basert på deira berekna marknadsdelar. Det er fleire grunnar til at informasjon om leverandør manglar, og det ikkje lett å seie om det at desse tala er tekne ut av berekninga, fører til for høge eller for låge konsentrasjonsmål. Likeins er berre dei produktgruppene der meir enn 90 prosent av omsetnaden kjem frå kjende leverandørar, nytta i analysane.166167 Dette betyr at viktige kategoriar som reint kjøtt, grønsaker og poteter og frukt og bær er utelatne frå analysane.168 Samstundes er uvissa minska, slik at konsentrasjonstala for dei produktgruppene som blir framstilte, er til å lite på. Vidare er det samla inn tal frå daglegvaregrupperingane om kva for leverandørar dei nyttar for produksjon av eigne merkevarer, for å få betre informasjon om desse leverandørane.169170
I figur 3.20 er det presentert eit konsentrasjonsmål for dei største produktgruppene i daglegvaremarknaden dei tre siste åra.171 Dersom CR3 (marknadsdelane til dei tre største leverandørane) er høg, indikerer det høg konsentrasjon. Figuren viser at for åtte av produktgruppene er CR3 på over 80 prosent, og at sju av gruppene har CR3 under 80 prosent. Det har vore lite endring i marknadskonsentrasjonen på leverandørleddet, og den har vore høg i heile perioden.
Figur 3.21 viser HHI for nokre av dei største produktgruppene i daglegvaremarknaden for dei tre siste åra. Desse produktgruppene stod for 64 milliardar kroner i 2019. 14 av dei 15 produktgruppene har HHI-verdiar på over 2 000 som indikerer at det er høg konsentrasjon.
I samandrag viser kartlegginga at konsentrasjonen kan bli omtala som høg i store og viktige produktgrupper på leverandørleddet. Både HHI og CR3 viser høge verdiar som indikerer at konsentrasjonen på leverandørleddet er høg. Undersøkinga av utvikling over tid viser at det har vore store endringar i nokre få produktgrupper, men små endringar i dei fleste gruppene.
Matkjedeutvalet172 gjorde også analysar av marknadskonsentrasjonen på leverandørleddet i 2010, sjå figur 3.13 i delkapittel 3.5.3 i rapporten til Matkjedeutvalet og vedlegg 12 i det særskilte vedlegget til NOU 2011: 4. Matkjedeutvalet berekna CR3 og HHI noko annleis enn kva som er gjort her, ved at dei blei baserte på omsetnadstal frå Nielsen, i tillegg til opplysningar frå daglegvaregrupperingane. Dette gjer at tala ikkje kan samanliknast direkte, men ei samanlikning gjev likevel ein indikasjon på utviklinga i produktgruppene sidan 2010. Matkjedeutvalet nytta ikkje alle dei same produktgruppene som er nytta i desse analysane.
Ei samanlikning av til dømes produktgruppene mjølk og fjørfe viser at det har vore ein betydeleg reduksjon i HHI. For mjølk kjem dette av at den største aktøren har ein litt mindre marknadsdel, noko som gjev betydeleg utslag i HHI, dersom den største aktøren er stor i utgangspunktet. Innan produktgruppa fjørfe har det vore endringar som dereguleringar, auka grad av vertikal integrasjon og auke i store aktørar frå to til tre. Produktgruppa «ferske brød» har blitt meir konsentrert, frå ein CR3 på om lag 60 prosent i 2010, til ein CR3 på om lag 80 prosent i 2019.
3.5 Eigne merkevarer
Daglegvaregrupperingane sine eigne merkevarer utgjer ein aukande del av omsetnaden deira. Ein finn eigne merkevarer i heile produktspekteret, både i lågprissegmentet, og som eksklusive eigne merkevarer som konkurrerer på både pris og kvalitet.
Utvikling av eigne merkevarer skjer i samarbeid mellom daglegvaregrupperingane og leverandørane. Det er stor variasjon rundt kven som utviklar oppskriftene, kven som eig oppskriftene og om merket blir leia av leverandøren, daglegvaregrupperinga eller begge. Nokre leverandørar produserer berre eine nasjonale merkevarer, mens andre produserer både eigne merkevarer og nasjonale merkevarer. Det finst nokre produsentar som berre produserer eigne merkevarer for daglegvaregrupperingane, særleg innanfor produktkategoriane bakeri, kjøtt og fiskeprodukt.
Eigne merkevarer omfattar merke som blir selde eksklusivt i ei norsk daglegvaregruppering, merke som heilt eller delvis er eigde av ei daglegvaregruppering, eller merke der det er eit eksklusivt samarbeid med ein merkevareleverandør, der heile merkevaren må seljast eksklusivt innanfor ei daglegvaregruppering. Døme på eigne merkevarer i Noreg er First Price (Norgesgruppen), Prima (Rema) og Änglamark (Coop).
I figur 3.22 ser ein utviklinga i eigne merkevarer i Noreg i åra 2010, 2015 og tredje kvartal 2019. Her var delen eigne merkevarer av totalmarknaden på høvesvis 9,2 prosent, 16,8 prosent og 17,3 prosent.
Det kan sjå ut som at skilnaden mellom eigne merkevarer og nasjonale merkevarer blir gradvis mindre. Til dømes har både Coop og Rema i meierikategorien satsa på eigne merkevarer som er økologiske. Coop har samarbeid med Rørosmeieriene og fører merket Änglamark. Tine og Rema har også eit samarbeid der dei fører økologisk meieriserie eksklusivt i Rema sine butikkar.
Boks 3.5 Eigne merkevarer – kjøtt og meieri – store skilnader
Det er fleire faktorar som har noko å seie for om eigne merkevarer blir store i ein kategori. marknadsmakt hos leverandørane, styrken på merkevarer som dei konkurrerer med, og i kva grad det er mogleg å differensiere produkta. Dei to største leverandørane i Noreg, Tine og Nortura, har omfattande sal innan meieri og kjøtt. Desse produktgruppene har nokre fellestrekk ved at dei har relativ stor omsetnad, marknader med høg marknadskonsentrasjon, produkta er beskytta av tollvern og det er reguleringar i marknadene. Dette er faktorar som har betyding for konkurranseforholda i dei aktuelle marknadene. Derimot er omfanget av eigne merkevarer forskjellig mellom meieri og kjøtt. I kategoriane ost og mjølk er det låg del eigne merkevarer, høvesvis rundt sju og to prosent. Deigar/farsar-kategorien har høgast omfang av eigne merkevarer på over 80 prosent. Vidare ligg eigne merkevarer på 66 prosent i kategorien reint kjøtt og 48 prosent i fjørfe-kategorien.
Delen eigne merkevarer er langt høgare i andre land enn i Noreg. Dersom ein ser på Norden, var delen eigne merkevarer i Sverige og Danmark på 25 prosent i 2016173, mens tilsvarande del i Finland var på 24 prosent i 2018.174 I Frankrike og Storbritannia var delen eigne merkevarer i 2016 på høvesvis 26 prosent og 41 prosent.175
Det er stor variasjon i kva produktgrupper som har høg eigne merkevarer-del. I Frankrike og Storbritannia er det produktgruppene frosenmat og kalde ferskvarer som blir dominerte mest av eigne merkevarer. I Frankrike og Storbritannia var delane eigne merkevarer for frosenmat høvesvis 40 prosent og 44,6 prosent, og for kalde ferskvarer høvesvis 34,6 prosent og 60 prosent i 2018.176
Ettersom utbreiinga av eigne merkevarer i Noreg er lågare enn i ei rekkje andre land, kan ein dra lærdom av erfaringar frå andre land. Til dømes skreiv dei svenske konkurransemyndigheitene ein rapport om eigne merkevarer i daglegvarehandelen i 2018.177 Dei fann at delen eigne merkevarer i Sverige har vakse mest i produktkategoriar der differensieringspotensialet er mindre og innovasjonstakta er låg. Dette kan til dømes vere innanfor produktkategoriar som grønsaker, fisk og mjølk. Vidare fann Konkurrensverket at eigne merkevarer i mindre grad blir etablerte i produktkategoriar der leverandørar har sterke posisjonar, då eigne merkevarer typisk tek marknadsdelar frå svakare merkevarer. Eigne merkevarer blir omtala nærmare i delkapittel 5.1.2.
3.6 Tilgrensande marknader
Daglegvarer blir ikkje berre kjøpte i norske daglegvarebutikkar, men kan til dømes kjøpast i kioskar, på bensinstasjonar, på bakeri, i utanlandske butikkar og på taxfree. Vidare blir det selt ei rekkje såkalla «non-food»-produkt i daglegvarehandelen. Dette inkluderer mellom anna skjønnheitsartiklar, hushaldsprodukt og bøker. Til dømes hadde tradisjonelle daglegvarebutikkar ein nedgang på 1,7 prosent og 2,9 prosent innan høvesvis vask- og hushaldsprodukt og, helse- og skjønnheitsartiklar per tredje kvartal 2019.178 Dette tilseier at daglegvarebutikkane, utover det konkurransepresset dei utøver på kvarandre, også kan møte noko konkurransepress frå andre aktørar, til dømes Nille, Normal og Europris, på delar av utvalet.
Dei andre salskanalane har i varierande grad overlappande produkt og tenester med daglegvarehandelen, og i mange tilfelle vil dei difor ikkje vere eit alternativ til ein daglegvarebutikk for ein kunde som skal handle daglegvarer. Dette gjeld særleg detaljistar som i mindre grad kan tilby breidda av varer som dei fleste daglegvarekundar etterspør. Offentlege reguleringar kan vere medverkande til dette. Til dømes har ikkje kioskar og bensinstasjonar lov til å selje alkoholhaldig drikke, noko som fleire aktørar meiner reduserer evna deira til å konkurrere mot daglegvarehandelen.179 Det aukande tilbodet av ferdigrettar og mat-i-farta i daglegvarebutikkane er eit døme på aukande bransjegliding mellom særleg take-away segmentet i serveringsbransjen, kioskhandel og daglegvare.180
Fleire marknader gjer seg relevante i analysen av den norske daglegvaremarknaden. Storhushaldsmarknaden gjer seg fyrst og fremst gjeldande ved at fleire av daglegvaregrupperingane er involverte her gjennom grossistverksemda si. Til dømes leverer både Norgesgruppen og Rema 1000 gjennom høvesvis ASKO og Servicegrossistene til storhushaldsmarknaden i Noreg. Servicehandelen, som består av kioskar, bensinstasjonar og storkioskar, sel òg daglegvarer, men blir ikkje rekna for å vere i same produktmarknad som daglegvarebutikkane.181 Sortimentet til dei fleste daglegvarebutikkane inneheld andre produkt enn mat, og slik kjem daglegvarebransjen i konkurranse med aktørar innan til dømes klede, elektronikk, kjøkkenreiskapar mv.
3.6.1 Grensehandel
I Meld. St. 9 (2018–2019) Handelsnæringen – når kunden alltid har nett, varsla regjeringa at dei ville utgreie behovet for eit årleg grensehandelsbarometer. Statistikken skulle òg omfatte grensekryssande netthandel med varer og tenester. SSB har på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet og Finansdepartementet gjennomført ei pilotundersøking om grensehandel som blei publisert 8. januar 2020.182
SSB sin pilotstudie viser at nordmenn i september 2019 grensehandla varer for om lag to milliardar kroner på dagsturar til utlandet. Figur 3.25 viser at litt over halvparten av pengane blei brukt på brus og mineralvatn, alkohol, snus og tobakk, i tillegg til godteri og sjokolade. Dette er produktgrupper som er høgt avgiftsbelagde i Noreg.
Som nemnt i delkapittel 2.5, handla nordmenn for om lag 16 milliardar i utlandet i 2019. Dette er ein nedgang på 0,6 prosent samanlikna med 2018. Figur 3.26 viser at det har vore ein stabil auke i grensehandel i perioden 2004–2019, med unntak av nokre enkelte år.
Om grensehandel utgjer eit reelt konkurransepress mot norske daglegvarebutikkar, avheng i stor grad av kvar i landet butikken er lokalisert. Til dømes viser tal frå SSB at austlendingar stod for 77 prosent av grensehandelen i 2019.183 Difor vil konkurransepresset frå grensehandelen sannsynlegvis vere høgare i område i nærleiken av svenskegrensa. Likevel finn Steen et al. (2019) at forbrukarar er villige til å reise langt for å få billigare daglegvarer, dersom prisskilnadene er tilstrekkeleg store.184 Til dømes grensehandla befolkninga i Agder/Rogaland og Vestlandet for om lag 1,6 milliardar kroner i 2019.185 Grensehandel kan difor bidra til auka konkurranse og effektivitet i daglegvaremarknaden. Men grensehandel medfører også tapte avgiftsinntekter og redusert aktivitet for norsk handelsnæring.
3.6.2 Servicehandel
Servicehandelen omfattar i hovudsak kioskar og bensinstasjonar. I 2018 var det om lag 3 000 verksemder innan servicehandel, og 25 000 tilsette.186 Av dei tre daglegvaregrupperingane er Norgesgruppen og Reitangruppen aktørar i servicehandelsmarknaden, Norgesgruppen eig Mix, Jafs og Deli de Luca, mens Reitangruppen eig Narvesen, 7-eleven og bensinstasjonane YX.
Figur 3.27 viser utviklinga i totalt innkjøp i servicehandelsmarknaden i perioden 2015–2018. Ein ser at utviklinga har vore relativt stabil, men har sokke noko dei siste åra.
Daglegvareprodukt er store varekategoriar for kioskar og bensinstasjonar. Dersom ein ser på varekategoriane som blir selde i kioskar og bensinstasjonar, ekskludert drivstoff, er mat og drikke den største kategorien, og utgjer 51 prosent av servicemarknaden. Merk at varekategorien mat og drikke her ikkje inkluderer sjokolade, sukkervarer, snacks, lesestoff og tobakk. Desse utgjer kioskvarer, og svara til 46 prosent av totale innkjøp, som illustrert i figur 3.28. Innkjøp er i denne forbindelse definert som innkjøpet til servicehandel ekskludert meirverdiavgift, pris frå grossist eller direkte frå leverandør. I 2018 stod drikkevarer for 20 prosent av totale innkjøp i servicehandelsmarknaden, og det var den nest mest kjøpte varekategorien, etter tobakk med 26 prosent av totale innkjøp.187
Ser ein på den samla omsetnaden for mat og drikke, var den i 2018 på i overkant av 296 milliardar kroner.188 Her står daglegvaregrupperingane for omtrent 60 prosent av omsetnaden av daglegvarer. Dersom ein ser på innkjøp av varekategoriane mat og drikke og kioskvarer i servicehandelen, utgjorde dette over 7,1 milliardar kroner i 2018.189
Av figur 3.29 ser ein at det er stor variasjon når det gjeld kva slags varer som blir levert direkte, og kva som blir levert av grossistar i servicehandelsmarknaden. Ifølgje Flesland Markedsinformasjoner AS blei om lag 70 prosent av alle varer i servicehandelen levert via grossist, mens om lag 30 prosent blei levert direkte frå leverandør.190
Det har likevel vore ei negativ utvikling i sal av daglegvarer i servicehandelen dei siste åra. Samanliknar ein fyrste halvdel av 2018 med fyrste halvdel av 2019, gjekk omsetnaden av daglegvarer ned med rundt fem prosent i servicehandelen.191
Daglegvaregrupperingane har over fleire år teke større og større del av salet av kioskvarer og bilrekvisita frå aktørane i servicehandelen. For aktørane i servicehandelen har den auka konkurransen om sal av kiosk- og daglegvarer medført eit behov for omstilling gjennom satsing på nye varer og tenester, som til dømes sal av raske måltidsløysingar og drikke kundane konsumerer i farten. Dette blir omtala nærmare omtala i delkapittel 5.4. Ei anna strukturell endring som vil prege bensinstasjonsnæringa sterkare og sterkare framover, er omstillinga av Noreg til eit lågutsleppssamfunn. Det grøne skiftet vil utfordre fortenestegrunnlaget til bransjen og tvinge aktørane i servicehandelen til å utvikle nye forretningsidear for å kunne verke relevante for forbrukarane også i framtida.
Circle K har inngått samarbeid med daglegvarekjeda Iceland om sal av frysevarer, jf. delkapittel 3.1, mens enkelte bensinstasjonskjeder har avstått ledig areal på ulike stasjonsområde til Kolonial.no som hentepunkt for daglegvarer. Norgesgruppen bruker også bensinstasjonar som hentepunkt for daglegvarer bestilt på Meny.no. Likevel kan ikkje kioskar og bensinstasjonar tilby eit komplett utval daglegvarer, medrekna svake alkoholhaldige drikkevarer. Dette har av Virke Servicehandel blitt trekt fram som ei konkurranseutfordring i daglegvaremarknaden. Dette blir omtala nærmare i delkapittel 5.4.2.
3.6.3 Storhushald
Med storhushald meiner ein hotell, restaurantar, kafear, kantine, catering og institusjonsmarknaden. I 2018 omsette storhushaldsmarknaden for om lag 28 milliardar kroner.192 Dette svarar til omtrent 10 prosent av den totale omsetnaden av daglegvarer i marknaden i 2018. Som det går fram av figur 3.30 var totalomsetnaden på 27,2 milliardar kroner i år 2017, som inneber ein auke på 3,5 prosent i perioden 2017–2018.
Storhushaldsmarknaden blir ofte delt inn i tre ulike sektorar:
Hotell- og restaurantmarknaden: 19,4 milliardar kroner i 2018
Kantine- og cateringmarknaden: 6,4 milliardar kroner i 2018
Institusjonsmarknaden: 2,4 milliardar kroner i 2018
Av totale innkjøp i storhushaldsmarknaden i 2018 stod hotell- og restaurantmarknaden for om lag 69 prosent, noko som tilsvara ein auke på om lag tre prosent samanlikna med 2017. Innkjøp er i denne forbindelse definert som innkjøpet til storhushald ekskludert meirverdiavgift, pris frå grossist eller direkte frå leverandør. Ifølgje Flesland Markedsinformasjoner AS var det varegrupper som «fisk og skaldyr» og «frukt/grønt og poteter» som vaks mest i hotell- og restaurantmarknaden i 2018. Likevel har det vore ei vriding frå magre kjøttprodukt til farseprodukt, samstundes som ferdigretter og pizza har hatt ein auke i 2018. Vidare stod kantine- og cateringmarknaden for 22 prosent av totale innkjøp i storhushaldsmarknaden i 2018, noko som tilsvara ein auke på om lag fem prosent samanlikna med 2017. Til slutt stod institusjonsmarknaden stod for ni prosent av totale innkjøp i storhushaldsmarknaden i 2018, noko som tilsvara ein auke på om lag éin prosent samanlikna med 2017. Med institusjonsmarknaden meiner ein mellom anna sjukehus, institusjonar for eldre, barn, funksjonshemma, forsvar og asylmottak. Institusjonsmarknaden har hatt ei stabil utvikling, og har normalt eit innkjøp på mellom 2,2–2,5 milliardar kroner.193
Dei fleste storhushaldsbedriftene i Noreg er tilknytte ulike former for innkjøpsavtalar og innkjøpssamarbeid. I tillegg er offentlege institusjonar ofte tilslutta offentlege innkjøpssamarbeid. Oslo Economics har estimert at tre til fire milliardar kroner i offentlege innkjøp i 2018 utgjorde mellom 10 og 14 prosent av etterspørselen i marknaden for mat og drikke til storhushald, rundt 10 prosent av etterspørselen i storhushalds- og servicehandelsmarknaden, og mellom éin og to prosent av den samla marknaden for mat på over 200 milliardar kroner.194
Figur 3.31 viser fordelinga av totalt innkjøp per varekategori i storhushaldsmarknaden i 2018. Ein ser at drikkevarer står for den største del av totale innkjøp, med 32 prosent av innkjøpsverdien i storhushaldsmarknaden. Frukt, grønt og poteter står for 14 prosent av totale innkjøp.
Storhushaldsmarknaden blir ofte delt inn i to delar; ein for grossistar, og ein for direkteleverandørar, produsentar og spesialgrossistar. Ifølgje Flesland Markedsinformasjoner AS blei om lag halvparten av alle varer i storhushaldsmarknaden levert direkte frå leverandør, mens halvparten blei distribuert av grossistane.195 Som ein kan sjå frå figur 3.32, er det stor variasjon når det gjeld kva slags varer som blir levert direkte, og kva som blir levert av grossistar.
Ifølgje Norgesgruppen sine eigne berekningar leverer Asko cirka 70 prosent av det som blir kjøpt av grossistar innanfor storhushald. Av det totale innkjøpet frå storhushald estimerer Norgesgruppen at 35,4 prosent blir levert av Asko per 2018.196 Asko er den største aktøren innanfor grossistsal av matvarer til storhushald. Servicegrossistene er den nest største aktøren, og dei har som nemnt eit innkjøpssamarbeid med Rema Distribusjon. Asko og Servicegrossistene er dei einaste grossistane innan storhushaldsmarknaden med nasjonal dekning og eit fullsortiment for daglegvarer. I delkapittel 5.3 blir konkurranseutfordringar knytte til grossistverksemd nærmare omtala.
3.6.4 Andre tilgrensande marknader
Butikkjeder som til dømes Europris, Rusta, Nille og Normal, med eit breitt vareutval kan til ein viss grad utøve eit konkurransepress mot dei tradisjonelle daglegvarebutikkane, både når det gjeld sal av matvarer og non-food-varer. Aktørane sel varer som i stor grad overlappar med varene som blir selde i daglegvarebutikkane. Sidan 2014 har den gjennomsnittlege årlege omsetnadsveksten vore på 7,3 prosent. Ifølgje Virke er bransjen langt på veg bygd opp på bransjegliding, og veksten til kjedene er basert på kontinuerleg utviding av utvalet med nye og relativt lønnsame varekategoriar. Bransjegliding inneber at omsetnad av bestemte produkt finn stad i fleire salskanalar samstundes. Dermed blir tidlegare skilje mellom salskanalar meir utydelege grunna overlappande vareutval. Kjedene med breitt vareutval har mellom anna henta omsetnad frå faghandelsbransjar som jernvare, byggjevarer, sportsutstyr, leiker, sport, elektronikk, kjøkkenutstyr og hushaldsartiklar. Til breiare vareutvalet er, dess lettare er det for kundane å finne dei varene dei ynskjer og til meir attraktive blir butikkane med breitt vareutval.197
Europris har i dag rundt 260 butikkar fordelte over heile landet, og dei hadde i 2019 ein omsetnad på 6,2 milliardar kroner.198 Dette svarar til ein vekst på 7,2 prosent, samanlikna med 2018.199
I juni 2017 opna den danske butikkjeda Normal sin fyrste butikk i Noreg. Normal satsar på sal av kjende merkevarer og andre varer til låge prisar. Den danske kjeda omsette for 294 millionar i 2018, og 944 millionar kroner i 2019.200 Dette inneber ein vekst på rundt 220 prosent.201 Normal har om lag 90 butikkar i Noreg.202
I butikkar som Europris, Nille og Normal er det større fokus på varegrupper som ikkje er omfatta av norsk importvern. Dette medfører at aktørar i denne bransjen er mindre avhengig av norske leverandørar og innkjøpsvilkåra deira. Difor kan det vere enklare for utanlandske aktørar å etablere seg i denne delen av varehandelen. Korleis bransjegliding påverkar konkurransesituasjonen i daglegvaremarknaden, er omtala nærmare i delkapittel 5.4.
Breidda i vareutvalet til kjeder som Europris, Normal og Nille tilseier at desse aktørane konkurrerer mot dei fleste faghandelsbransjane. I perioden 2012–2017 auka salet mest for møblar og elektronikk.203 I 2019 hadde daglegvaregrupperingane ei negativ utvikling i omsetnaden innan helse- og kosmetikkprodukt og vaske- og hushaldsprodukt til butikkar med breitt vareutval.204 Vidare er det konkurranse mellom daglegvarebransjen og bransjar med breitt utval som sal av sjokolade, syltetøy og andre sukkervarer, i tillegg til juice og ei rekkje hushaldsartiklar.
3.7 Primærleddet
Primærnæringa i Noreg er sentral i verdikjeda for daglegvarer. Utgangspunktet for å skape konkurransedyktige verdikjeder for volumproduksjon av landbruksprodukta i Noreg er vanskelegare enn i mange andre land. Noreg har kortare vekstsesong, kaldt klima og dermed låg arealproduktivitet.205 Om lag 3,7 prosent av det samla arealet i Noreg er jordbruksareal.206
Norsk næringsliv er i stadig endring, og omstillingstempoet har auka som følgje av mellom anna innføring av ny teknologi. Tenestenæringa i Noreg har auka, som i andre industrialiserte land, og er i dag den klart største næringa målt i både sysselsetjing og verdiskaping.207 I Meld. St. 27 (2016–2017): Industrien – grønnere, smartere og mer nyskapende, blir teknologisk utvikling, handel og stadig tettare økonomiske samband med andre land trekte fram som viktige drivkrefter for utviklinga i næringsstrukturen.
Figur 3.35 viser omstillinga i næringssamansetninga i Noreg i perioden 1900–2018.I 1950 arbeidde 29 prosent av alle sysselsette i primærnæringa, 30 prosent i sekundærnæringa og 41 prosent i tertiærnæringa.208 I 2018 har sysselsetjinga i primærnæringa falle til om lag tre prosent, sekundærnæringa til 19 prosent, mens tertiærnæringa har auka til 78 prosent av total sysselsetjing. Målt på produksjonsleddet var samla verdi for jordbruksproduksjon i Noreg 45,3 milliardar kroner i 2018, inkludert alle tilskot.209 NIBIO (2020) finn at bøndene si totale inntekt utan tilskot var 34,4 milliardar kroner.
Det er også aukande krav til meir klimavenleg produksjon, noko som òg medfører behov for kontinuerleg omstilling. Omstillinga i næringssamansetninga har ført til produktivitetsvekst i primærnæringa og industrien, noko som inneber at ein produserer det same volumet, men med langt færre tilsette.Ei viktig årsak til auka effektivitet i jordbrukssektoren er at manuelt arbeid er erstatta med effektivt produksjonsutstyr, i tillegg til utnytting av skalafordelar i primærproduksjonen. Det blir over tid færre og meir spesialiserte aktørar i næringa. God omstillingsevne, evne til å ta i bruk ny teknologi og kompetanse, og evne til å utnytte marknadsmoglegheitene vil i framtida ha like stor betyding for primærnæringa, som i andre næringar.210
Rammevilkåra for landbruket i Noreg blir i stor grad påverka av naturgjevne forhold, teknologisk utvikling, landbruks- og handelspolitikk og den generelle økonomiske utviklinga. Lønnsemda i norsk jordbruk blir påverka av importvernet og støtteordningar innanfor jordbruksavtalen. Dette blir omtala nærmare i delkapittel 4.6.
Sjølv om jordbruk utgjer ein relativt liten del av nasjonaløkonomien, har næringa relativt mykje å seie i enkelte kommunar og fylke.211
Norsk fisk er ei av dei viktigaste eksportnæringane i Noreg, og i 2019 blei det eksportert sjømat for 104 milliardar kroner. 212 I tillegg hadde sjømatnæringa eit bidrag til BNP på 100 milliardar kroner i 2018, noko som tilsvara ein auke på om lag 30 milliardar sidan 2015. Ifølgje SINTEF (2019) kom auken mellom anna av prishoppet på laks og aure frå 2016, god etterspørsel i marknaden og svak norsk valuta mot dei sentrale handelsvalutaene.213
Den norske fiskeflåten er blant dei mest moderne flåtane i verda, og dei haustar av berekraftige ressursar. Sjømatnæringa nyttar stadig nye teknologiar og ny kunnskap for å auke konkurransekrafta og verdiskapinga. Den aukande aktiviteten og verdiskapinga i sjømatnæringa gjev positive ringverknader i mange lokalsamfunn langs kysten. Berekraftig forvalting av fiskeria og eit berekraftig havbruk, i tillegg til tilgang og kvalitet på råstoffet, er av stor betyding for utviklinga av heile verdikjeda.214
Omfanget av oppdrettsnæringa har òg auka dei siste åra. I 2018 blei det selt oppdrettslaks for 64,5 milliardar i Noreg, noko som svarar til ein auke på 4,7 prosent frå 2017.215
Fotnotar
Sjå pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet av 14. mars 2020: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/disse-ansatte-i-kritiske-samfunnsfunksjoner-far-tilbud-om-barnehage-og-barneskole/id2693623/.
Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet
Sjå pressemelding fra Klima- og miljødepartementet 29.05.2020. Regjeringa vil fremme ein meir sirkulær økonomi. Henta frå: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/sirkular-okonomi/id2704461/
Forskrift om midlertidig unntak fra konkurranseloven § 10 for samarbeid i transportsektoren.
European Competition Network (2020). Antitrust: Joint statement by the European Competition Network (ECN) on application of competition law during the Corona crisis. Tilgjengeleg omsett til norsk på heimesidene til Konkurransetilsynet.
EU-Kommisjonen (2020). Communication from the Commission Temporary Framework for assessing antitrust issues related to business cooperation in response to situations of urgency stemming from the current COVID-19 outbreak 2020/C 116 I/02.
Konkurransetilsynet (2020). Veiledning for selskaper som leverer kritiske varer og tjenester til COVID-19 pasienter. Henta frå: https://konkurransetilsynet.no/veiledning-for-selskaper-som-leverer-kritiske-varer-og-tjenester-til-covid-19-pasienter/.
E24.no (2020). Coop om eksplosiv omsetning: – Har aldri sett lignende tall. Henta frå: https://e24.no/naeringsliv/i/Qob2bW/coop-om-eksplosiv-omsetning-har-aldri-sett-lignende-tall.
Pressemelding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (2020). Koronarammede Merkur-butikker kan nå søke om ekstratilskudd. Henta frå: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/koronarammede-merkur-butikker-kan-na-soke-om-ekstratilskudd/id2701370/.
Nielsen (2020). Nielsen Kvartalsrapport DVH Q1 2020.
Sjå til dømes Nettavisen (2020). Har doblet omsetningen etter koronapandemien brøt ut. Henta frå: https://www.nettavisen.no/okonomi/har-doblet-omsetningen-etter-koronapandemien-brot-ut/3423943348.html.
Sjå til dømes NRK (2020). Disse selskapene holder koken oppe under covid-19. Henta frå: https://www.nrk.no/norge/disse-selskapene-holder-koken-oppe-under-covid-19-1.14955514.
Nets (2020). Bruk av bankkort falt markant i mars. Henta frå: https://www.nets.eu/no-nb/nyheter/Pages/Bruk-av-bankkort-falt-markant-i-mars.aspx.
E24.no (2020). Frykter coronakrisen kan føre til monopol. Henta frå: https://e24.no/norsk-oekonomi/i/zG1RP9/frykter-coronakrisen-kan-foere-til-monopol.
BAMA (2020). Behov for tiltakspakke for norsk frukt og grønt. Henta frå: https://www.bama.no/aktuelt/arkiv/2020/behov-for-tiltakspakke-for-norsk-frukt-og-gront-denne-uka/.
NRK (2020). Orkla varsler økte dagligvarepriser. Henta frå: https://www.nrk.no/norge/orkla-varsler-okte-dagligvarepriser-1.15004742.
NRK (2020). Katastrofe for svenskehandelen: https://www.nrk.no/innlandet/korona-katastrofe-for-svenskehandel-1.14990132.
Midlertidig forskrift om unntak fra folketrygdloven og arbeidsmiljøloven i forbindelse med Covid-19-pandemien, § 3-1 andre ledd.
Dn.no (2020). Årets priskrig er avblåst: – Det ville vært ekstremt umoralsk. Henta frå: https://www.dn.no/handel/koronaviruset/coop/norgesgruppen/arets-priskrig-er-avblast-det-ville-vart-ekstremt-umoralsk/2-1-789364.
Dn.no (2020). Reagerer på manglende priskrig: – Uheldig for forbrukerne. Henta frå: https://www.dn.no/mat/konkurransetilsynet/coop/norgesgruppen/reagerer-pa-manglende-priskrig-uheldig-for-forbrukerne/2-1-790453.
Dn.no (2020). Kiwi byr opp til priskrig – kutter prisen på 200 varer. Henta frå: https://www.dn.no/handel/kiwi/jan-paul-bjorkoy/lars-sorgard/kiwi-byr-opp-til-priskrig-kutter-prisen-pa-200-varer/2-1-793059; Dn.no (2020). Coop ut mot Kiwis priskrig: – Vi ville aldri brukt krisen til å fremme oss sjølv. Henta frå: https://www.dn.no/handel/coop/kiwi/handel/coop-ut-mot-kiwis-priskrig-vi-ville-aldri-brukt-krisen-til-a-fremme-oss-selv/2-1-793332.
https://www.dsb.no/globalassets/dokumenter/rapporter/kiks-2_januar.pdf
Sjå: https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/nasjonale-tiltak/id2693684/?expand=factbox2693689
Sjå:https://www.wto.org/english/news_e/news20_e/igo_26mar20_e.htm
Sjå:https://www.regjeringen.no/globalassets/departementene/ud/vedlegg/handelspolitikk/minister_covid19.pdf.
Landbruksdirektoratet (2020). Henta frå: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/internasjonal-handel/import-av-landbruksvarer/import-av-landbruksvarer/fortsatt-stabil-og-god-matforsyning
SSB (2019). Norske matvarepriser på topp i Europa. Henta frå: https://www.ssb.no/priser-og-prisindekser/artikler-og-publikasjoner/norske-matvarepriser-pa-topp-i-europa.
Sjå forbruksstatistikken til Eurostat (Final consumption expenditure of households by consumption purpose). Tal for Noreg er henta frå: https://ec.europa.eu/eurostat/web/proucts-datasets/product?code=nama_10_co3_p3.
NOU 2011: 4 Mat, makt og avmakt – om styrkeforholdene i verdikjeden for mat. Kapittel 3.
Samfunnsøkonomisk Analyse (2019). Lønnsomhet i varehandelen 2003–2017. Rapport 11-2019.
Nielsen (2020). Dagligvarefasiten 2020.
NOU 2011: 4 Mat, makt og avmakt – om styrkeforholdene i verdikjeden for mat.
Virke 2020. Dagligvarehandelen 2019/2020, kapittel 1. Alle omsetnadar er eksklusiv moms. Sal av drikke omfattar øl, men ikkje vin/sprit.
Virke (2019). Dagligvarehandelen 2019/2020. Kapittel 1.
Flesland Markedsinformasjoner AS (2019). Servicehandelsmarkedet 2019/2020.
Virke (2019). Dagligvarehandelen 2019/2020. Kapittel 1.
Nielsen (2020). Dagligvarefasiten 2020.
Virke (2019). Dagligvarehandelen 2019/2020.
Virke (2019). Dagligvarehandelen 2019/2020.
NIBIO (2019). Mat og Industri 2018. Status og utvikling i norsk matindustri.
Sjå bondensmarked.no
NRK.no (2019). 220.000 nordmenn har meldt seg inn – Els selde 100 kasser kalkun på Facebook. Henta frå: https://www.nrk.no/vestland/220.000-nordmenn-har-meldt-seg-inn-_-els-solgte-100-kasser-kalkun-pa-facebook-1.14741311.
Sjå pressemelding: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/salget-av-lokalmat-oker/id2677600/.
Stiftelsen Matmerk (2019). Omsetning av lokalmat- og drikke i 2019.
SSB (2020). Stabil grensehandel. Henta frå: https://www.ssb.no/varehandel-og-tjenesteyting/artikler-og-publikasjoner/stabil-grensehandel.
SSB (2019). Tettsteders befolkning og areal. Henta frå: https://www.ssb.no/befolkning/statistikker/beftett
Prop. 1 S (2019–2020) Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Norgesgruppen (2020). Års- og bærekraftsrapport for 2019.
Opplysningar oppgitt i dialog mellom Coop Norge og Nærings- og fiskeridepartementet.
Rema 1000 (2019). Årsrapport for 2018. Tal frå 2019 var ikkje tilgjengeleg på tida da meldinga blei publisert.
Menon Economics (2018). Konkurranse i dagligvaremarkedet – konkurranse i alle ledd. Menon-publikasjon nr. 33/2018. Tal frå 2019 var ikkje tilgjengeleg på tida da meldinga blei publisert.
SIFO (2019). Kartlegging av utviklingen i butikkstruktur, dagligvareutvalg og dagligvarepriser. Rapport nr. 5–2019.
SIFO (2017). Dagligvaretilgang i ulike regioner – utvikling 1980–2000.
SIFO (2019). Kartlegging av utviklingen i butikkstruktur, dagligvareutvalg og dagligvarepriser. Rapport nr. 5–2019.
De Samvirkende Købmænd (2019). Udvikling i dansk dagligvarehandel. Henta frå: https://dsk.dk/udviklingen-i-dansk-dagligvarehandel/.
PTY (2019). Finnish grocery trade 2019.
Friberg, R. Pettersen, I., Steen, F. og Ulsaker, S.A. (2020). Annerledeslandet Norge: butikktilgjengelighet og markedskonsentrasjon i Sverige og Norge. I Steen, F. og Pettersen, I. (red.). Mot bedre vitende i norsk matsektor. (Kap. 2, s. 35-70). Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
Aftenposten (2018). Sjoko-pizza på vei ut av lavpriskjedene. Henta frå: https://www.aftenposten.no/okonomi/i/0E4nME/sjoko-pizza-paa-vei-ut-av-lavpriskjedene.
E24.no (2015). Nå slippes 1.700 nye dagligvarer. Henta frå: https://e24.no/naeringsliv/i/MRE0PK/naa-slippes-1700-nye-dagligvarer.
Dinside (2015). Syv av ti av matnyhetene flopper. Henta frå: https://www.dinside.no/okonomi/syv-av-ti-av-matnyhetene-flopper/61088952.
BigBlue&Company (2019). Hilleland til Aftenposten: «Handelen ønsker fornyelse». Henta frå: https://www.bigbluecompany.no/jan-hillesland-i-bigbluecompany/.
Kantar (u.å.). Innovasjon og produktutvikling. Henta frå: https://kantar.no/radgivningsekspertise/innovasjon-og-produktutvikling/.
Sjå omtale av lanseringsstandarden «STAND011»« her: https://www.dlf.no/stand-011-effektive-sortimentsendringer/. Standarden er utarbeidd av Standardiseringsutvalget for Norsk Dagligvarebransje.
Virke (2019). Dagligvarehandelen 2019/2020.
Østfoldforskning (2019). Matsvinn i Norge – Rapportering av nøkkeltall 2015–2018. Rapport nr. OR.32. 19.
Henta frå: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/avtale-om-a-redusere-matsvinn/id2558931/
SIFO (2019). Kunnskapsoppsummering om temaet matsvinn på forbrukernivå i Norge og Europa. Rapport 14-19.
Sjå www.toogoodtogo.no.
Sjå www.matsentralen.no.
Landbruksdirektoratet (2019). Produksjon og omsetning av økologiske landbruksvarer. Rapport nr. 17/2019.
Miljødirektoratet (2020). Klimakur 2030 – Tiltak og virkemidler mot 2030.
Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021). Sunt kosthold, måltidsglede og god helse for alle.
Lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven).
Forskrift 28. november 2014 nr. 1497 om matinformasjon til forbrukere (matinformsjonsforskriften).
Varegruppa «Matvarer og alkoholfrie drikkevarer» inkluderer brød og kornprodukt, kjøtt, fisk, mjølk, ost og egg, olje og feitt, frukt, grønsaker og potet.
Varegruppa «Konsumvarer» inkluderer ei stor mengd konsumvarer som strekk seg frå brød og vin til frisørtenester og bilvask. På engelsk omtalar ein prisindeksen for konsumvarer generelt som «All-items Harmonised Index of Consumer Prices» (HICP).
Svennebye, Lars H. (2013) Kjøpekraftspariteter, prisnivåindekser og prisnivåjustering. En brukerveiledning.
SIFO (2019) Kartlegging av utviklingen i butikkstruktur, dagligvareutvalg og dagligvarepriser. Rapport nr. 5–2019.
Forbruksstatistikken til Eurostat (Final consumption expenditure of households by consumption purpose). Tal for Noreg henta frå: https://ec.europa.eu/eurostat/web/products-datasets/product?code=nama_10_co3_p3.
Særskilt vedlegg til NOU 2011: 4 Mat, makt og avmakt – om styrkeforholdene i verdikjeden for mat. Sentrale underlagsdokumenter. Vedlegg 10. Vareutvalg i norske og svenske dagligvarekjeder.
SIFO (2016) Vareutvalg av mat og drikke i norske dagligvarebutikker: Utvikling, egne merkevarer og sammenligning med Sverige. Oppdragsrapport nr. 7–2016.
Menon Economics (2016) Utvalget av mat og drikke i norsk og svensk dagligvare. Menon-publikasjon nr. 56/2016.
SIFO (2019). Kartlegging av utviklingen i butikkstruktur, dagligvareutvalg og dagligvarepriser. Rapport nr. 5–2019.
SIFO (2019). Kartlegging av utviklingen i butikkstruktur, dagligvareutvalg og dagligvarepriser. Rapport nr. 5–2019. Kapittel 10.
NOU 2011: 4 Mat, makt og avmakt – om styrkeforholdene i verdikjeden for mat. Kapittel 3.
NOU 2019:11. Enklere merverdiavgift med én sats. Kapittel 12.
Forskrift 23. april 2004 nr. 651 om unntak for samarbeid mv. innen landbruk og fiske.
Pettersen, I. (2020). Priser og marginer i verdikjeden for matvarer. I F. Steen & I. Pettersen (Red.), Mot bedre vitende i norsk matsektor. (Kap. 5, s. 158–192). Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
SIFO (2019). Kartlegging av utviklingen i butikkstruktur, dagligvareutvalg og dagligvarepriser. Rapport nr. 5–2019. Kapittel 1.
SIFO (2019). Kartlegging av utvikling i butikkstruktur, dagligvareutvalg og dagligvarepriser. Rapport nr. 5-2019. Kapittel 7.
Skallerud, K. (2018). Detaljist. I Store norske leksikon. Henta frå: https://snl.no/detaljist
Nielsen (2020). Dagligvarerapporten 2020. Pressenotat 13. februar 2020.
Dei nordiske konkurransemyndigheitene beskriv «hard discount» som kjeder som opererer med liten grad av service, høg turnover-rate, lågast mogleg kostnader, og som fører ein politikk med vedvarande låge prisar. Det er få varer, derav mange eigne merkevarer. Nordic Competition Authorities (2005). Nordic Food Markets – a taste for competition.
SIFO (2019). Kartlegging av utviklingen i butikkstruktur, dagligvareutvalg og dagligvarepriser. Rapport nr. 5–2019.
NOU 2011: 4 Mat, makt og avmakt – om styrkeforholdene i verdikjeden for mat. Kapittel 3.
Iceland (2020). www.icelandmat.no
Circle K (2020). Iceland Mat blir en nasjonal aktør i samarbeid med Circle K. Henta frå: https://kommunikasjon.ntb.no/pressemelding/iceland-mat-blir-en-nasjonal-aktor-i-samarbeid-med-circle-k?publisherId=16596283&releaseId=17879670
Henta frå: https://www.europris.no/ep/samarbeid-iceland-frysevarer?itm_source=frontpage&itm_medium=banner&itm_content=frysevarer-iceland.
Nettavisen (2020). Går i strupen på Rema, Kiwi og Coop: Iceland inngår samarbeid med Kolonial.no. Henta frå: https://www.nettavisen.no/okonomi/gar-i-strupen-pa-rema-kiwi-og-coop-iceland-inngar-samarbeid-med-kolonialno/3423934644.html.
Picard (u.å). Henta frå: http://picardnorge.no/.
Sjå til dømes https://www.rema.no/informasjon/hva-er-franchise/.
Norgesgruppen (2020). Års- og bærekraftsrapport 2019.
Menon Economics (2018). Konkurranse i dagligvaremarkedet – konkurranse i alle ledd. Menon-publikasjon nr. 33/2018. Tal for 2019 er ikkje tilgjengelig på nåverande tidspunkt.
Coop Norge SA (2020). Sjå til dømes https://coop.no/om-coop/virksomheten/datterselskaper/norsk-butikkdrift-as. Tal for 2019 er ikkje tilgjengelig på nåverande tidspunkt.
Norheim, Lars G. (1996). Franchising og konkurranseretten. Tidsskrift for Forretningsjus, nr. 1 1996. Definisjonen samsvarar i det vesentlege med den lagt til grunn i EU-domstolen i Pronuptio de Paris GmbH v. Pronuptia de Paris Irmgard Schillgallis, sak C-161/84.
SIFO (2019). Karlegging av utviklingen i butikkstruktur, dagligvareutvalg og dagligvarepriser. Rapport nr. 5–2019.
Nielsen (2020). Dagligvarerapporten 2020. Pressenotat 13. februar 2020.
Reidar Molthe (2020). Aldi and Lidl take the lead. Henta frå: https://www.nhh.no/en/research-centres/food/food-news/2020/aldi-and-lidl-take-the-lead/.
https://www.trumf.no/.
https://coop.no/medlem/medlemsfordeler.
For meir informasjon, sjå: https://www.rema.no/ae/.
Særskilt vedlegg til NOU 2011:4 Mat, makt og avmakt – om styrkeforholdene i verdikjeden for mat. Sentrale underlagsdokumenter. Vedlegg 2. Paraplykjedenes eierskap.
Rema 1000 (2019). Årsrapport 2018.
Kalvø, Lily (2016). Kløveribakeriet – Vi skal være litt annerledes. Henta frå: https://www.bakeri.net/kloverbakeriet-vaere-litt-annerledes/.
Hjelmeng, E. og L. Sørgard (2014). Konkurransepolitikk: Rettslig og økonomisk analyse. Fagbokforlaget.
Sjå Europakommisjonen sine retningslinjer for horisontale føretakssamanslutningar (2004/C 31/03) og sak COMP/JV.55 – Hutchison/RCPM/ECT.
Nielsen (2020). Dagligvarefasiten 2020.
Menon Economics (2018). Tidsbruk ved dagligvarehandel på nett. Menon-publikasjon nr. 91/2018.
Årsrapporten 2019 til Kolonial.no AS.
Henta frå: https://www.norgesgruppen.no/om-oss/dette-er-norgesgruppen/.
Henta frå: https://matlevering.coop.no/.
Sjå til dømes https://bunnpris.no/nyhet/midlertidig-netthandel.
Nielsen (2020). Dagligvarerapporten 2020. Pressenotat 13. februar 2020.
Digi.no (1998). Handlenettet snurpes for Matnett. Henta frå: https://www.digi.no/artikler/handlenettet-snurpes-for-matnett/338031
DN (2018). Nettmat-eventyr endte med 290 millioner i tap. Henta frå: https://www.dn.no/handel/stein-erik-hagen/marked/rimi/nettmat-eventyr-endte-med-290-millioner-i-tap/2-1-381109.
Convenience.no (2019). Dagligvarebutikk på nett konkurs – 14 mister jobben. Henta frå: https://www.convenience.no/budstikka-dagligvarer-pa-nett-e24/dagligvarebutikk-pa-nett-konkurs--14-mister-jobben/562832.
Statista (2019). Value share of online grocery shopping market in countries of the EU 2017/2018.
Ecommerce News Europe (2019). Online grocery shopping in Sweden grows 21.9%.
NorgesGruppen (31. mars 2014). Nye grep for betre varetrykk i butikk.
Menon Economics (2020). Grossist- og distribusjonsvirksomhet i norsk dagligvare: Analyse av dagens organisering og vurdering av innspill knyttet til regulering. Menon-publikasjon nr. 27/2020.
Menon Economics (2018). Konkurranse i dagligvaremarkedet – konkurranse i alle ledd. Menon-publikasjon nr. 33/2018.
Rema 1000 (2014). REMA 1000 inngår avtale med Kolonial.no. Henta frå: https://www.rema.no/nyheter/rema-1000-inngar-avtale-med-kolonial/.
Menon Economics (2020). Grossist- og distribusjonsvirksomhet i norsk dagligvare: Analyse av dagens organisering og vurdering av innspill knyttet til regulering. Menon-publikasjon nr. 27/2020.
ASKO (u.å). Om oss. Henta frå: https://asko.no/om-oss/.
NorgesGruppen (2018). Effektiv distribusjon – fakta. Henta frå: https://www.norgesgruppen.no/globalassets/faktaark/fakta-distribusjon-2018.pdf.
Menon Economics (2020). Grossist- og distribusjonsvirksomhet i norsk dagligvare: Analyse av dagens organisering og vurdering av innspill knyttet til regulering. Menon-publikasjon nr. 27/2020.
Menon Economics (2020). Grossist- og distribusjonsvirksomhet i norsk dagligvare: Analyse av dagens organisering og vurdering av innspill knyttet til regulering. Menon-publikasjon nr. 27/2020.
Menon Economics (2020). Grossist- og distribusjonsvirksomhet i norsk dagligvare: Analyse av dagens organisering og vurdering av innspill knyttet til regulering. Menon-publikasjon nr. 27/2020.
Proff.no (2020). Henta frå: https://www.proff.no/roller/kolonial.no/oslo/postordre-internetthandel/IF34Y9A10K9-1/.
Sjå til dømes https://www.reitangruppen.no/nyhetsrom/8506466/.
NIBIO (2018). Mat og Industri 2018: Status og utvikling i norsk matindustri.
Berekningar basert på data frå analyseselskapet Nielsen, innhenta og behandla av Konkurransetilsynet på vegne av Nærings- og fiskeridepartementet.
NIBIO (2018). Mat og Industri 2018: Status og utvikling i norsk matindustri.
SIFO (2019). Kartlegging av utviklingen i butikkstruktur, dagligvareutvalg og dagligvarepriser. Rapport nr. 5–2019.
Menon Economics (2019). Utvalget av mat og drikke i norsk og svensk dagligvare. Rapport utarbeidet på oppdrag fra Norgesgruppen. Rapport nr. 47/2019.
Landbruksdirektoratet (2020). Markedsrapport 2019. Markeds- og prisvurderinger av sentrale norske landbruksvarer og RÅK-varer. Rapport nr. 8/2020.
Landbruksdirektoratet (2020). Markedsrapport 2019. Markeds- og prisvurderinger av sentrale norske landbruksvarer og RÅK-varer. Rapport nr. 8/2020.
Sjå til dømes https://kommunikasjon.ntb.no/pressemelding/q-meieriene-fortsetter-veksten-i-et-krevende-marked-innovasjonstakten-i-bransjen-ma-opp-sier-q-sjefen?publisherId=89709&releaseId=17880250
Ringnes. (2018). Ringnes' Bærekraftrapport 2018.
Opplysningskontoret for frukt og grønt (2019). Totaloversikten 2018.
Landbruksdirektoratet (2020). Markedsrapport 2019. Markeds- og prisvurderinger av sentrale norske landbruksvarer og RÅK-varer. Rapport nr. 8/2020.
Henta frå https://www.bama.no/om-bama/organisasjon/dagligvare/
Henta frå https://www.proff.no/roller/bama-gruppen-as/oslo/hovedkontortjenester/IF4AZZU10NZ-1/
Nofima (2020) Økt konsum av sjømat i Norge. Rapport 13/2020.
Nofima (2020) Økt konsum av sjømat i Norge. Rapport 13/2020.
Henta frå: https://www.norgesgruppen.no/presse/nyhetsarkiv/aktuelt/satser-sammen-pa-fersk-fisk-og-sjomat/.
Henta frå: https://www.insula.no/om-oss/vare-selskaper/sjofrisk/.
Henta frå: https://kommunikasjon.ntb.no/pressemelding/coop-gar-inn-pa-eiersiden-i-norsk-kvalitetsmat-as?publisherId=89490&releaseId=17874897.
Henta frå: https://medlem.nortura.no/underlagsartikler/markedsregulering-article42672-13512.html
Nortura (2019). Bedre resultat for Nortura i 3. tertial. Henta frå: http://www.nortura.no/pressesenter/bedret-resultat-for-nortura-i-3.tertialny-side/
Landbruksdirektoratet (2020). Markedsrapport 2019. Markeds- og prisvurderinger av sentrale norske landbruksvarer og RÅK-varer. Rapport nr. 8/2020.
NHO Mat og Drikke (2019). Konjunkturbarometer 2019.
Hentra frå Norfersk sine heimesidar. Sjå til dømes http://www.norfersk.no/om-oss/
Henta frå: https://vetduat.no/firma/1121/fatland-salg-as-coop-produkter
Henta frå: https://nordfjordkjott.no/om-nordfjord
For nokre produkt manglar namnet til leverandøren i databasane til Nielsen. Det er fleire årsaker til dette. Til dømes er ikkje varer utan strekkodar kopla opp mot leverandørar i databasane. Slike varer vert registrert manuelt av den som sit i kassa, ved å taste inn ein fast PLU-kode. Denne koden skil ikkje nødvendigvis mellom leverandørene som har levert ein type produkt. Omfanget, og dermed delen av omsetnaden som har ukjent leverandør i databasane, varierer mellom produktgruppene. Moglege årsaker kan til dømes vere at varer som er registert med PLU ikkje inneheld informasjon om leverandør, at mindre leverandørar ikkje er registrert i databasen, at nye produkt ikkje er knytte opp mot ein leverandør, og at utanlandske leverandørar ikkje er kjende for Nielsen.
Dess større del av omsetnaden som er utelatt frå ei produktgruppe grunna ukjend leverandør, dess større uvisse er det i konsentrasjonsmåla. For å minske denne uvissa er ei grense på 90 prosent kjende leverandør nytta. Dette gjer at nokre produktgrupper ikkje er med i framstillinga.
I 2017 var det i databasane til Nielsen ukjend leverandør for 49,9 prosent, 73 prosent og 16 prosent i produktkategoriane reint kjøtt, grønsaker og poteter og frukt og bær.
I databasane til Nielsen er leverandørane av eigne merkevarer oppgitt som den kjeda som eig merkevara.
I databasane til Nielsen er ikkje leverandørselskapa knytte saman om dei har same morselskap. I nokre tilfelle er dette retta opp manuelt, men det er ikkje gitt at alle slike tilfelle er funne. Dette kan gjere at dei berekna marknadsdelane er litt lågare enn dei skulle ha vore.
Figuren viser dei produktgruppene som har størst omsetnad etter at omsetnaden utan kjend leverandør er utelaten og produktgrupper med høg del omsetning utan kjend leverandør er ekskludert. Dette gjeld frukt og grønt og reint kjøtt.
NOU 2011: 4 Mat, Makt og avmakt – om styrkeforholdene i verdikjeden for mat. Kapittel 3.5 og Særskilt vedlegg til NOU 2011: 4 Mat, makt og avmakt – om styrkeforholdene i verdikjeden for mat. Sentrale underlagsdokumenter. Vedlegg 12. Leverandører til dagligvaremarkedet – konkurranseforhold.
Menon Economics (2018). Konkurranse i dagligvaremarkedet. Konkurranse i alle ledd. Menon-publikasjon nr. 33/2018.
The Finnish Grocery Trade Association (PTY) (2019). Finnish Grocery Trade 2019.
Nielsen (2018). The rise and rise again of Private label.
Statista (2019). Share of private label in France in 2018 by category. Henta frå: https://www.statista.com/statistics/410290/private-label-value-share-by-product-category-france/
Konkurrensverket (2018). Konkurrensen i livsmedelskedjan. Rapport 2018: 4.
Nielsen (2019). Kvartalsrapport for dagligvaremarkedet Q3 2019.
Sjå forskrift 8. juni 2005 nr. 538 om omsetning av alkoholholdig drikk mv. (alkoholforskrifta) § 3-4.
Menon Economics (2018). Konkurranse i dagligvaremarkedet – Konkurranse i alle ledd. Menon-publikasjon nr. 33/2018.
Sjå til dømes Konkurransetilsynet sitt vedtak V2015-24, avsnitt 54.
SSB (2020). Nordmenns grensehandel. Fysisk grensehandel. Notater 2020/1.
SSB (2020). Stabil grensehandel. Henta frå: https://www.ssb.no/varehandel-og-tjenesteyting/artikler-og-publikasjoner/stabil-grensehandel.
Steen, F., Ulsaker, S.A. og Friberg, R. (2019). Hump-Shaped Cross-Price Effects and the Extensive Margin in Cross-Border Shopping. NHH Discussion Paper. SAM 29/2018.
SSB (2020). Stabil grensehandel. Henta frå: https://www.ssb.no/varehandel-og-tjenesteyting/artikler-og-publikasjoner/stabil-grensehandel.
Virke (2019). KBS-rapporten 2019/2020.
Flesland markedsinformasjoner AS (2019). Servicehandelsmarkedet 2019/2020.
Virke (2019). KBS-rapporten 2019/2020.
Flesland markedsinformasjoner AS (2019). Servicehandelsmarkedet 2019/2020.
Flesland markedsinformasjoner AS (2019). Servicehandelsmarkedet 2019/2020.
Virke (2019) KBS-rapporten 2019/2020.
Flesland markedsinformasjon AS (2019). Storhusholdningsmarkedet 2019/2020.
Flesland Markedsinformasjoner AS (2019). Storhusholdningsmarkedet 2019/2020.
Oslo Economics (2020). Virkninger av store offentlige kontrakter. Rapport nr. 21.
Flesland Markedsinformasjoner AS (2019). Storhusholdningsmarkedet 2019/2020.
Norgesgruppen (2018). Årsregnskap 2018.
Virke (2019). Handelsrapporten 2019/2020. Kapittel 3 og 4.
Europris ASA (2019). Fourth Quarter 2019. Henta frå: https://investor.europris.no/financials/financial-summary/default.aspx.
Nielsen (2020). Lavere vekst i norsk dagligvarehandel i 2019. Henta frå: https://www.nielsen.com/no/no/insights/article/2020/lavere-vekst-i-norsk-dagligvarehandel-i-2019/.
https://www.proff.no/selskap/normal-norge-as/kristiansand-s/kosmetikk-parfyme-og-friserartikler/IF5YWYI0ZCC/
Nielsen (2020). Dagligvarerapporten 2020. Pressenotat 13. februar 2020.
Henta frå: https://www.normal.no/butikker/.
Virke (2019). Handelsrapporten 2019/2020.
DN.no (2020). Dette er taperne og vinnerne innen dagligvare: – Veksten er bekymringsfull lav. Henta frå: https://www.dn.no/handel/dette-er-taperne-og-vinnerne-innen-dagligvare-veksten-er-bekymringsfull-lav/2-1-755287.
NOU 2011: 4 Mat, makt og avmakt – om styrkeforholdene i verdikjeden for mat. Kapittel 3.
SSB (2017). Nedbygging av jordbruksareal. En kartbasert undersøkelse av nedbygging og bruksendring av jordbruksareal. Rapport nr. 2017/14.
Meld. St. 27 (2016–2017) Industrien – grønnere, smartere og mer nyskapende. Nærings- og fiskeridepartementet.
Primærnæringa består av jordbruk, skogbruk, fiske, fangst og akvakultur. Sekundærnæringa består av industri, bergverk, kraft- og vatnforsyning og bygg og anlegg. Tertiærnæringa består av privat og offentlig tenesteyting.
NIBIO (2020). Utsyn over norsk landbruk – tilstand og utviklingstrekk 2019. Vol. 6 nr. 7, 2020.
Meld. St. 27 (2016–2017) Industrien – grønnere, smartere og mer nyskapende. Nærings- og fiskeridepartementet
Meld. St. 27 (2016–2017) Industrien – grønnere, smartere og mer nyskapende. Nærings- og fiskeridepartementet.
SSB (2019). Fakta om Norsk næringsliv. Henta frå: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/faktaside/norsk-naeringsliv.
SINTEF (2019). Nasjonal betydning av sjømatnæringen. En verdiskapings- og ringvirkningsanalyse med data fra 2017 og 2018. Rapport nr. 2019:00469.
Meld. St. 27 (2016–2017) Industrien – grønnere, smartere og mer nyskapende. Nærings- og fiskeridepartementet.
SSB (2019). Nytt toppår for oppdrettslaks. Henta frå: https://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/artikler-og-publikasjoner/nytt-toppar-for-oppdrettslaks