Meld. St. 24 (2023–2024)
Årsmelding 2023 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer
Tilråding frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet 26. april 2024, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Melding til Stortinget
Meldinga inneheld ei oversikt over dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer etter nye og gamle oppteningsreglar og ei oversikt over utviklinga i ordninga i 2023.