2 Kva for lokalradiokonsesjonar skal ikkje forlengjast eller lysast ut på nytt?
2.1 Høyringa
Etter ei kartlegging av lokalradiomarknaden og ei spørjeundersøking blant lokalradiokonsesjonærane, foreslo Medietilsynet at ingen kommersielle lokalradiokonsesjonar i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger blir forlengde eller lyste ut på nytt etter at det riksdekkjande radio-nettet er digitalisert. Medietilsynet meinte også at ytterlegare to konsesjonsområde, Nesodden og Askøy, som ligg i randsona av høvesvis Oslo og Bergen, burde omfattast av forslaget. Bakgrunnen for å ta med Nesodden og Askøy er at desse områda har god dekning mot desse byane. Forslaget omfattar såleis 19 kommersielle lokalradiokonsesjonar1 i følgjande sju konsesjonsområde:
02-04. Nesodden
03-01. Oslo
03-02. Stor-Oslo: Oslo med Lørenskog, Sørum, Fet, Rælingen, Enebakk, Skedsmo, Nittedal, Aurskog-Høland og Gjerdrum i Akershus.
11-03. Stavanger, Sola og Randaberg
12-05. Bergen
12-08. Askøy
15-03. Trondheim, Melhus, Skaun, Klæbu og dessutan Leksvik i Nord-Trøndelag
Dei ikkje-kommersielle lokalradioane (nisjeradioane) i desse områda er ikkje omfatta av forslaget.
Departementet sende Medietilsynets forslag på allmenn høyring. Rapporten inneheld Medietilsynets forslag og ein rekke forslag og innspill frå Norsk lokalradioforbund, Kristent Radioforum, Foreningen Norsk Lokalradio, Digitalradio Norge, P4 og Radio Norge.
2.2 Høyringsinstansanes syn
Norsk lokalradioforbund hevdar at det berre er lokalradioar eigde av P4 og Radio Norge som tar del i den nasjonale reklamemarknaden, og at ingen medlemer i Norsk lokalradioforbund gjer det. Ifølgje Norsk lokalradioforbund er det inga myndigheitsoppgåve å verne P4 og Radio Norge mot konkurranse frå lokalradioaktørane, som ifølgje Norsk lokalradioforbund utgjer berre 1,2 prosent av radiolyttinga og 25 prosent av marknaden for radioreklame. Norsk lokalradioforbund meiner vidare at konkurransen frå nye nasjonale DAB-kanalar skjerper konkurransesituasjonen for lokalradiosektoren ytterlegare og forsterkar maktkonsentrasjonen til P4 og Radio Norge.
21st Venture argumenterer for at kanalane til selskapet i Stor-Oslo og Trondheim ikkje er delar av den nasjonale reklamemarknaden:
Da Stortingsmelding 8 ble utarbeidet i 2011 var det riktig at også 21st i en viss utstrekning konkurrerte om de samme reklameinntektene som MTG og SBS. Men etter desember 2013 er det ikke lenger slik. I begynnelsen av konsesjonsperioden hadde vi i 21st forventninger om at det ville være mulig å kombinere lokalt reklamesalg med inntekter fra nasjonale kampanjer. Selskapet ble derfor med i den nasjonale lyttermålingen for radio, bedre kjent som PPM-målingen, på 4 års kontrakt. (…) Omsetningen av nasjonal radioreklame har for våre radiokanaler hele tiden utgjort en svært marginal del av den samlede omsetning. I 2013, da vi deltok i PPM-målingen, omsatte 21st nasjonal radioreklame for ca. 4 millioner eller under 1 % av det nasjonale markedet.
Digitalradio Norge, P4, Radio Norge og Foreningen Norsk Lokalradio er einige i at dei kommersielle lokalradiokonsesjonane ikkje bør lysast ut på nytt eller forlengjast i dei områda Medietilsynet foreslår. Desse høyringsinstansane meiner vidare at dei kommersielle lokalradiokonsesjonane i ytterlegare åtte konsesjonsområde ikkje bør lysast ut på nytt eller forlengjast. Digitalradio Norge mfl. grunngir dette med at konsesjonane i desse områda har dekning i dei fire største byane. Ifølgje Digitalradio Norge mfl. vil det derfor vere konkurransevridande om desse aktørane ikkje skal følgje same reglar for teknologiskiftet som dei andre. Digitalradio Norge meiner vidare at det heller ikkje er reelt behov for å halde oppe FM-sendingar i desse områda, då dei om kort tid vil vere dekte av eit lokalt DAB-nett der distribusjonskostnadene er på same nivå som på FM.
SBS Discovery Radio (SBS) viser til eigne undersøkingar om at 21st Ventures Radio Metro i 2013 hadde ei overvekt (68 prosent) reklame frå riksdekkjande annonsørar. SBS viser vidare til at Radio Metros sendar for Asker og Bærum står på Ekeberg i Oslo og når heile Oslo-området. Denne konsesjonen er, i motsetning til resten av radioane i Oslo, ikkje omfatta av Medietilsynets forslag. SBS foreslår dessutan at ytterlegare 16 konsesjonsområde skal omfattast, då dei dekkjer viktige byregionar med mange innbyggjarar (totalt 800 000 lyttarar), og at lokalradioane i desse områda derfor kan seiast å konkurrere på den nasjonale marknaden.
2.3 Departementets vurdering
2.3.1 Kommersielle lokalradiokonsesjonar
For lokalradiokanalane er utgangspunktet at alle konsesjonar går ut 31. desember 2016. Det formelle utgangspunktet er derfor at ingen lokalradio mister noko gode som følgje av digitaliseringa. Departementet meiner likevel at det i tråd med digitalradiomeldinga bør leggjast stor vekt på å vareta omsynet til at delar av lokalradiobransjen treng lengre tid til å gjennomføre eit vellykka teknologiskifte.
SBS og Modern Times Group (MTG) har forplikta seg til å betale leige i DAB-nettet i mange år framover og dermed tatt på seg store økonomiske byrder og vågnader. Dette har dei gjort i tillit til signal i digitalradiomeldinga om at alle større kommersielle lokalradioar skal følgje same reglar for teknologiskiftet. Dersom ein skulle opne for at alle dei kommersielle lokalradiokonsesjonane vart forlengde eller lyste ut på nytt i dei fire største byane vil det kunne undergrave eller forseinke teknologiskiftet, ettersom det framleis vil eksistere eit relativt omfattande tilbod på FM. Ein slik situasjon vil vidare svekkje grunnlaget for å forlengje konsesjonsperioden for dagens lokalradiokonsesjonærar.
Mot denne bakgrunnen meiner departementet at ein må balansere omsynet til at delar at lokalradiobransjen treng noko lengre tid til å gjere eit teknologiskifte med omsynet til at større kommersielle lokalradioar, skal følgje same reglar for teknologiskiftet som dei kommersielle riksradioane.
21st Venture argumenterer for at kanalane til selskapet i Stor-Oslo og Trondheim sidan desember 2013 ikkje lenger er delar av den nasjonale marknaden og derfor bør få høve til å halde fram på FM. Medietilsynet har i kartlegginga si vurdert ei rekkje moment med omsyn til dei kommersielle aktørane. Dette gjeld blant anna økonomiopplysningar, kunnskap om annonsørar og handelsområde, samarbeidsavtaler og eigarforhold, funn frå spørjeundersøkinga som tilsynet har gjennomført, kva for radioar som er med i dei nasjonale annonsesamkøyringane, lyttartal/marknadsdelar og dekningsforhold. Etter utlaupet av høyringsfristen har departementet bede tilsynet gjere nærare greie for vurderingane sine av 21st Ventures radiokanalar. I denne utgreiinga peikar tilsynet blant anna på følgjande:
Det er i dei mest folkerike områda av landet at konkurransen om annonsekronene er størst. På bakgrunn av spørjeundersøkinga Medietilsynet har gjennomført, er dei fleste kommersielle lokalradioane med over ein million kroner i reklameinntekter etablerte i dei fire største byane. Konsesjonærar som opplyser at dei konkurrerer på den nasjonale reklamemarknaden, er hovudsakleg kommersielle lokalradiokanalar med nedslagsfelt i større byar. Spørjeundersøkinga gir ikkje grunnlag for å identifisere svar frå enkeltradioar.
Radio Metro i Stor-Oslo og Radio Metro i Trondheim har oppgitt relativt høge reklameinntekter i årsmeldingane, som kvart år blir rapporterte til Medietilsynet.
Med unntak av 21st Ventures radioar i Trondheim og Oslo er alle dei kommersielle kanalane i dei store byane med i ei nasjonal annonsesamkøyring. 21st Ventures radioar var med i ei slik samkøyring fram til november 2013.
Sendenettet til 21st Venture i Stor-Oslo har den beste dekninga av alle lokalradioane i Oslo, og har dermed eit av dei kommersielt mest attraktive dekningsområda av alle lokalradioar i Noreg.
Departementet sluttar seg til at desse momenta indikerer at alle dei kommersielle lokalradiokanalane i dei fire største byane kan seiast å vere det som i digitalradiomeldinga blir omtala som «større kommersielle lokalradioar» som «i nokon grad» opererer på same marknad som P4 og Radio Norge2.
Departementet meinar at dette ikkje er avgjerande. Ettersom lokalradiokonsesjonar er fritt omsetjelige meiner departementet at det derfor ikkje berre bør gjerast tilbakeskodande vurdering ut frå historisk annonsesal, men at det også må takast omsyn til konsesjonens potensial etter at digitaliseringa er gjennomført. Dersom kanalane til NRK, MTG og SBS forsvinn frå FM-nettet, vil lokalradiosektoren vere åleine på denne plattforma, og vil som følgje av teknologiskiftet kunne kapre nye lyttarar blant dei som enno ikkje har fått installert DAB i bilane sine. Departementet meiner derfor at vurderinga først og fremst må skje på bakgrunn av konsesjonstype og teknisk dekningsområde og ikkje ut frå historisk annonsesal. Departementet meinar at det heller ikkje er forvaltingsrettsleg grunnlag for å forskjellsbehandle aktørar med like konsesjonstypar innanfor eitt og same konsesjonsområde på bakgrunn av korleis den einskilde konsesjonær har innretta drifta i føregåande konsesjonsperiode.
På denne bakgrunn held departementet fast ved konklusjonen om at alle kommersielle lokalradiokonsesjonar som nyttar sendenett med dekning av betydning i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger ikkje bør forlengjast eller lysast ut på nytt etter at det riksdekkjande radionettet er digitalisert.
Digitalradio Norge, SBS P4 og Foreningen Norsk Lokalradio peikar på at ei rekkje konsesjonærar har teknisk dekning i dei fire store byane som Medietilsynet foreslo i rapporten sin av 15. september 2014. Mot denne bakgrunnen har departementet bede Medietilsynet i samarbeid med Nkom om å lage ei oversikt over teknisk dekning til dei konsesjonærane som Digitalradio Norge hevdar dekkjer storbyane og derfor ikkje bør forlengjast eller lysast ut på nytt. Dekningskarta Medietilsynet har fått frå Nkom, viser at nokre konsesjonærar i områda rundt dei store byane har sendarar som dekkjer storbyane og dermed vil kunne gå inn i den nasjonale reklamemarknaden når FM-sendingane frå dei andre kommersielle radiokanalane er sløkte. Også slike konsesjonar vil kunne ta over lyttarar i dei fire største byane som enno ikkje har fått installert DAB-radio i bilane sine. Mot denne bakgrunnen meiner departementet at dei kommersielle lokalradiokonsesjonane i følgjande fire konsesjonsområde som når fleire enn om lag 100 000 personar i dei fire største byane, ikkje blir forlengde eller lyste ut på nytt etter at det riksdekkjande FM-nettet er sløkt:
02-03. Asker og Bærum3 (dekkjer 510 000 i Oslo)
02-05. Ski og Oppegård4 (dekkjer 130 000 i Oslo)
06-05. Hurum og Røyken5 (dekkjer 260 000 i Oslo)
11-04. Sandnes og Forsand6 (dekkjer 109 000 i Stavanger)
På grunnlag av tilsvarande vurderingar som gitt ovanfor, meiner departementet at følgjande kommersielle lokalradiokonsesjonar kan lysast ut på nytt eller forlengjast. Grunnen er at konsesjonane har inga eller ubetydeleg dekning i dei fire storbyane:
02-06. Frogn, Ås og Vestby (dekkjer 0 i Oslo)
02-02. Lørenskog, Sørum, Fet, Rælingen, Enebakk, Skedsmo, Nittedal, Aurskog-Høland og Gjerdrum i Akershus (dekkjer 14 000 i Oslo)
06-04. Drammen, Lier og Nedre Eiker (dekkjer 0 i Oslo)
12-09. Sund, Fjell, Øygarden (dekkjer 72 000 i Bergen)
15-07. Malvik (dekkjer 65 000 i Trondheim)
I lys av prinsippa og resonnementet ovanfor er departementet heller ikkje einig med SBS i at teknologiskiftet bør gjelde ytterlegare 16 konsesjonsområde i ei rekkje mellomstore byar.
2.3.2 Føresetnad for at lokalradioane i dei fire storbyane skal ha reelt høve til å sende på DAB i løpet av 2017
I dag er Oslo dekt av eit lokalt DAB-nett gjennom Akershusnettet (region 3). Dersom også Lokalradioblokka for Oslo (region 2) blir bygd ut, vil det vere to nett for lokalradio i Oslo. Ifølgje Digitalradio Norge har lokalradioblokka i Bergen nylig starta sendingar. I Trondheim har 21st Venture anleggskonsesjon på Lokalradioblokka til 1. januar 2017. 21st Venture har så langt ikkje tatt initiativ til å byggje ut Lokalradioblokka. Digitalradio Norge har derfor sett i gang bygging av Riks II for å gi lokalradioar i byen moglegheit til å sende på DAB. I dag er delar av Stavanger i praksis dekte av konsesjonen for Haugaland. Anleggskonsesjonen for Stavanger er ledig. For å bidra til at lokalradioane som ikkje får tilbod om forlenging eller høve til å by på konsesjonen sin igjen ved ny utlysing, bør føresetnaden for digitalisering av det einskilde konsesjonsområdet for analog lokalradio vere at det er etablert eit lokalt DAB-nett. Eit slikt krav vil også kunne bidra til å stimulere utbygginga av Lokalradioblokka i desse områda.
Boks 2.1
Dei kommersielle lokalradiokonsesjonane på FM som heilt eller delvis dekkjer Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, vil ikkje bli forlengde eller lyste ut på nytt etter at det riksdekkjande radionettet er digitalisert i samsvar med riksaktøranes regionvise plan. Dette gjeld følgjande 11 konsesjonsområde:
02-03. Asker og Bærum
02-04. Nesodden
02-05. Ski og Oppegård
03-01. Oslo
03-02. Stor-Oslo: Oslo og Lørenskog, Sørum, Fet, Rælingen, Enebakk, Skedsmo, Nittedal, Aurskog-Høland og Gjerdrum i Akershus.
06-05. Hurum og Røyken
11-03. Stavanger, Sola og Randaberg
11-04. Sandnes og Forsand
12-05. Bergen
12-08. Askøy
15-03. Trondheim, Melhus, Skaun, Klæbu og dessutan Leksvik i Nord-Trøndelag
Det blir stilt som føresetnad for å avvikle kvart einskilt konsesjonsområde for FM at det er etablert eit nett som gir lokalradioar i området høve til å sende på DAB.
Nisjeradiokonsesjonærane i desse områda får høve til å halde fram å sende på FM. For å hindre omgåing ved misbruk av sendetida til nisjeradioane, blir det sett forbod mot sam- og vidaresending som berre omfattar dei konsesjonsområda hvor kommersielle lokalradiokonsesjonar ikkje skal forlengjast eller lysast ut på nytt.
2.3.3 Ikkje-kommersielle lokalradiokonsesjonar
Medietilsynet foreslo i sin rapport at nisjekonsesjonærane i dei fire største byane ikkje burde avviklast, då dei ikkje kan seiast å vere i konkurranse med dei nasjonale kommersielle kanalane. Tilsynet har vidare vist til at slike konsesjonærar må dele sendetid med andre og er pålagde inntekts- og utbyteavgrensingar. For å hindre omgåing ved at kommersielle aktørar kjøper sendetid frå nisjekonsesjonærane, foreslår Medietilsynet at det blir sett totalforbod mot å sende innhald frå andre aktørar og å samsende innhald med andre aktørar i dei områda som blir sløkte.
Digitalradio Norge meiner det ikkje er reelt behov for å halde oppe nisjekonsesjonærane i dei fire største byane, då det om kort tid vil vere etablert eit lokalt DAB-nett, og dekninga møter eller overgår dekninga i FM-nettet til liknande prisar som på FM. Ifølgje Digitalradio Norge vil framhald av sendingar frå nisjekonsesjonærane gjere kommunikasjonen til lyttarane vanskeleg i samband med teknologiskiftet. Dei fleste andre konsesjonærane som uttalar seg om spørsmålet, meiner likevel at nisjekonsesjonærane bør få halde fram å sende på FM dersom dei ønskjer det.
Departementet meiner at nisjekonsesjonærane i dei store byane kan halde fram på FM dersom inntekts- og utbyteavgrensingane blir førde vidare og det blir sett totalforbod mot å vidaresende innhald frå andre aktørar eller samsende innhald med andre aktørar. Ettersom nisjekanalane vil vere dei einaste aktørane som held fram på FM i dei fire store byane, bør Medietilsynets tilsyn med desse radioane styrkjast i perioden etter teknologiskiftet.
Fotnotar
Dagens konsesjonærar i Oslo: NRJ, Stor-Oslo: The Voice, P5, Radio Metro, Radio Rox, Nesodden: Klem FM, Bergen: Radio 1, P5, Radio Rock NRJ, Askøy: Radio 1, Stavanger: P5, Radio 1 og NRJ, Trondheim: Radio Rock, Radio Metro, P5, NRJ og Radio 1.
Jf. Meld. St. 8 (2010–2011) punkt 6.5.2.
I dag The Beat
I dag Radio 1 Hits
I dag NRJ
I dag Radio Sandnes