3 Forkortingar, ord og uttrykk
3G | Nemning for eit tredjegenerasjons mobilnettverk, som har til kjennemerke at det samstundes kan overføre taledata og andre datatenester. |
AAC+ | Advanced Audio Coding, komprimeringsalgoritme som i stor grad reduserer mengda av data som trengst for å gjengi lyd blant anna ved å fjerne lydelement som er overflødige eller som ikkje kan oppfattast. |
AM-bandet | Elektromagnetisk frekvensband som strekkjer seg frå 0–30 MHz. |
Bitrate | Farten som digital informasjon blir send med over ein bestemt kommunikasjonskanal. |
Bit/s | Bit per sekund, måleeining for dataoverføring. Står for mengde informasjon som blir overført per tidseining i eit digitalt system. Blir ofte oppgitt i kbit/s (1 kbit/s =1000 bit/s) eller Mbit/s (1 Mbit/s=1 000 000 bit/s). |
Breiband | Kommunikasjonslinje med høve til overføring av større datamengder per tidseining enn for eksempel ISDN-linjer eller oppringt samband. |
Bandbreidde | Bandbreidda viser storleiken på overføringskapasitet. Di større bandbreidde di raskare overføring. |
DAB | Digital Audio Broadcasting, teknologi for kringkasting av lyd som blir nytta til overføring av digital radio. |
DAB+ | Nyare versjon av DAB med MPEG-4-basert komprimeringssystem og betre koding for feilkorrigering. Gir betre frekvensutnytting enn vanleg DAB. |
Digitalisering | Omgjering av informasjon som finst i analogt format til eit digitalt format med sikte på bearbeiding, distribusjon eller lagring. |
Distribusjonsplattform | Fellesnemning for ulike infrastrukturar som kan formidle bl.a. digitalt radioinnhald, dvs. bakkesendarnett, satellittdistribusjon, kabel-tv-nett, breibandsnett. |
DMB | Digital Multimedia Broadcasting, standard for kringkasting av multimedia (radio, fjernsyn og data) til mobile einingar. DMB kan distribuerast i bakkenett (T-DMB) eller satellitt (S-DMB). |
DRM | Digital Radio Mondiale, system for digital radio som nyttar frekvensområdet under 30 MHz. |
DTT | Digital Terrestrial Television, nemning for bakkesend, digital kringkasting av fjernsyn. Det digitale bakkenettet for fjernsyn blei lansert i Noreg i perioden 2007–2009 og erstatta det analoge bakkesende kringkastingsnettet. |
EKOM | Elektronisk kommunikasjon. Noreg er gjennom EØS-avtala bunde av EU-direktiv om elektronisk kommunikasjon. Det er innført i norsk lov gjennom lov om elektronisk kommunikasjon. |
EPG | Elektronisk programguide. Sendeinformasjon og tilleggsinformasjon på skjermen (mogleg både for radio og TV) om pågåande og komande program. Gir brukaren høve til å orientere seg og navigere på skjermen innanfor tilbodet av program og tilleggstenester. |
Eureka 147 | Familie av standardar opphavleg utvikla for å bere lyd. Seinare utvida til å omfatte kringkasting av levande bilete (DMB). |
FM-bandet | Elektromagnetisk frekvensband som strekkjer seg frå 87,5–108 MHz. FM-bandet blir no hovudsakleg nytta til radiosendingar i FM. |
Frekvensblokk | Nemning for dei kanalane som blir pakka saman i ein multiplekser eller den kapasiteten ein multiplekser kan bere. Begrepet «signalpakke» tyder det same. |
Ikkje-lineære tenester | Tenester der brukaren avgjer tidspunktet for når eit program skal sendast, basert på eit innhaldstilbod frå tenestetilbydaren. |
IKT | Informasjons- og kommunikasjonsteknologi. |
Internett | Eit stort og ope internasjonalt datanettverk med tusenvis av mindre nettverk over heile verda. Kommunikasjon over Internett føregår ved hjelp av pakkesvitsjing, dvs. at informasjon blir delt opp i pakker som blir sende ulike vegar mellom knutepunkt i eit nettverk. Ei rekkje ulike tenester blir tilbodne via Internett, m.a. overføring av datafiler (FTP), elektronisk post, World Wide Web mv. |
Kringkasting | Samtidig utsending av programinnhald frå éin avsendar til fleire mottakarar (tradisjonell radio- og fjernsynsdistribusjon). |
L-band | Frekvensområdet 1452–1492 MHz. Noreg har fått koordinert ei frekvensblokk (lokaldekning) for DAB i L-bandet (gjennom Maastricht-avtala frå 2002). |
LTE-nett | LTE (Long Term Evolution)-teknologi vil bli nytta ved utbyggjing av 4G-mobilnett (fjerde generasjons mobilnett). Dette gir eit mykje raskare mobilt Internett enn 3G-nettet i dag. |
MPEG | Moving Pictures Experts Group. Arbeidsgruppe underlagd den internasjonale standardiseringsorganisasjonen ISO og IEC (International Electrotechnical Commission) som utviklar standardar for bilet- og lydkomprimering ved digital overføring. |
MPEG4 | Komprimeringsstandard innanfor MPEG-systemet. Den hittil nyaste og mest frekvenseffektive komprimeringsstandarden innanfor MPEG. |
MP3 | Digital musikkberar/spelar. |
Multiplekser | Utstyr som samlar fleire inngåande signal (radio og anna innhald), pakkar og formidlar dei vidare i eit enkelt utgåande signal. |
Multipleksoperatør | Multipleksoperatøren er den aktøren som har ansvar for samansetjnga av kanalar og tenester innanfor ei frekvensblokk (multipleks). Kringkastarane må inngå avtale med multipleksoperatøren om distribusjon og fordeling av sendekapasitet. |
Plattformoperatør | Aktør som er ansvarleg for ei distribusjonsplattform. |
Podkasting | Ein podkast er eit program som blir publisert på Internett, og som er tilgjengeleg til nedlasting for alle. |
PPM | Portable People Meter. Målemetode nytta for å måle radioeksponering. Eit utvalt panel ber elektroniske måleapparat som registrerer eksponering for ulike radiokanalar. Systemet måler dermed både aktiv og passiv lytting. |
RDS | Radio Data System. Standard for å sende små mengder digital informasjon, slik som trafikkinformasjon, tidsanvising og identifisering av radiostasjon mv., over konvensjonelle FM-sendingar. |
Simulcast | Parallellsending/dobbeldistribusjon. Same program blir sendt samstundes over meir enn éin overføringsteknologi, f.eks. både analogt og digitalt. |
Streaming | Kontinuerleg datastraum. Nedlasting av tenester frå Internett utan at det blir lagra ein varig kopi av innhaldet lokalt hos brukaren. |
Tilgjengelegheit | Trygging for at ei teneste oppfyller bestemte krav til stabilitet, slik at aktuell informasjon er tilgjengeleg ved behov. |
UHF | Ultra High Frequency (frekvensbandet 300–3000 MHz). |