Lokalisering av handel og service
- styring gjennom planlegging etter plan- og bygningsloven
Rapport | Dato: 02.12.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Konsulentselskapet Civitas har på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet gjennomført ei utgreiing av korleis lokalisering av handel og service kan styrast gjennom planlegging etter plan- og bygningslova på kommunalt og fylkeskommunalt nivå.
Bakgrunnen for utgreiinga er bransjeglidning og bransjeendringar innan handelsnæringa som gjer det krevjande å anvende dagens føringar for planlegging.
Rapporten skildrar korleis lokalisering av handel og tenesteyting blir praktisert i dag, vurderer mål og målkonfliktar, skildrar ulike myndigheiter sitt handlingsrom og vurderer eksisterande regionale planar.
Ifølgje rapporten må det bli enklare å forstå føringane for planlegging av lokalisering av handel. Civitas foreslår ein tiltakspakke som skal forenkle og vere rettferdig. Utgreiinga er eit viktig bidrag for å kunne forbetre rammene for lokalisering av handel- og servicefunksjonar i kommunane.
Lokalisering av handel og service - styring gjennom planlegging etter plan- og bygningsloven (pdf)