Effektive kosthaldstiltak
Rapport | Dato: 05.01.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Usunt kosthald er ei av ti store folkehelseutfordringar i Noreg. Eit usunt kosthald og for mykje energiinntak i forhold til energiforbruket over tid aukar risikoen for dei fleste ikkje-smittsame sjukdommar og det gir tap av helse og auka kostnader. Det er dokumenterte forskjellar i kosthaldet mellom sosiale grupper, kjønn og geografiske område.
For dei fleste av NCD-måla, som Noreg har slutta seg til, kjem Noreg relativt sett godt ut, men vi har ikkje greidd å stoppe ein auke i fedme og diabetes eller nedgangen i fysisk inaktivitet. Det er heller ingenting som tyder på at befolkninga vil nå målet i Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold i befolkninga om 20 prosent auke i bruken av grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk innan utgangen av 2023.
Tvert imot er det ein nedgang i forbruket, særleg for frukt og bær og fisk. Det trengst derfor meir kraftfulle tiltak for å stoppe den negative kosthaldsutviklinga i befolkninga.
Ekspertgruppa har valt ut fem prioriterte tiltak utan at dei er rangerte innbyrdes. Desse tiltaka er å innføre
- gratis frukt og grønt til barn og unge
- avgift på sukkerhaldig drikke
- forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn og unge
- obligatorisk matmerking
- reformulering og porsjonsstorleikar
Endring 7. februar 2024: Publisert rapport er oppdatert med rett versjon av søkedokumentasjon i vedlegg 3, samt korrekt bokstav.