Historisk arkiv

Naturreservata Ilene og Presterødkilen er utvida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Utviding av naturreservata Ilene og Presterødkilen og endring av verneforskriftene for dei to naturreservata i Vestfold fylke blei vedteken av Kongen i statsråd i dag.

Utviding av naturreservata Ilene og Presterødkilen og endring av verneforskriftene for dei to naturreservata i Vestfold fylke blei vedteken av Kongen i statsråd i dag.

- Eg er glad for at vi no har fått utvida dei to eksisterande naturreservata, to verneområde som er særs viktige for fugl. Dei endringane som no er gjort gjev fuglane betre livsvilkår i desse to naturreservata som har internasjonal verdi, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Begge naturreservata ligg nær Tønsberg by og vart verna i 1981 og 1985. Til saman utgjer utvidingane 399 dekar, og av det er 118 dekar landareal. Samstundes er verneforskriftene oppdatert til gjeldande standard for naturreservat.

Dei to naturreservata er omfatta av den internasjonale Ramsarkonvensjonen. Dei er begge grunne vassområde kor vassdrag munnar ut i sjøen, og dei ligg i hovudledelina for trekkande fugl langs vestsida av Oslofjorden. Dette gjer områda til særs verdifulle næringsområde for fugl på trekk, særleg vadefugl, ender, gjæser og svaner.

I Ilene naturreservat er det strandenger som blir beita av storfe og hest. Dette er ein kulturbetinga naturtype som er blitt sjeldsynt, og som har stor verneverdi med sine spesielle plantesamfunn som også er viktig for fleire fugleartar som til dømes vipe, enkeltbekkasin og storspove.

Aulivassdraget som munnar ut i sjøen i Ilene naturreservat er det einaste litt større vassdraget i fylket som har sitt delta i intakt tilstand. Urørte elvedelta er i seg sjølv sjeldsynt og representerar difor ein vesentleg verneverdi.

Fiske vil framleis vera tillate.

Fylkesmannen i Vestfold vil vere forvaltningsstyresmakt for dei to internasjonalt viktige naturreservata.

 

Forskrift om vern av Presterødkilen naturreservat i Tønsberg kommune i Vestfold fylke (Norsk Lovtidend)

Vernekart for Presterødkilen naturreservat (pdf)

Forskrift om vern av Ilene naturreservat i Tønsberg kommune i Vestfold fylke (Norsk Lovtidend)

Vernekart for Ilene naturreservat (pdf)

Verneområder Ilene og Presterøskilen naturreservater
Begge naturreservata ligg nær Tønsberg by og vart verna i 1981 og 1985. Til saman utgjer utvidingane 399 dekar, og av det er 118 dekar landareal.