Regionalnytt nr 1 2015

Nyheitsbrev om regional- og distriktspolitikken

Dette innhaldet er meir enn 9 år gammalt.

Det fyrste nyheitsbrevet i år har blant anna saker om ny utlysing i  utviklingsprogrammet for byregionar, høyring om utmarksforvalting og inkubator, som skal skaffe folk til oljeindustrien i Finnmark.

Banner Regionalnytt - Nyheitsbrev om regional- og distriktspolitikken

Utviklingsprogram skal styrke vekstkrafta i byregionar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet lyser ut til saman 91,5 mill. kroner i ei satsing over tre år for å betre samspel mellom byar og omland. Målet er å styrke den regionale vekstkrafta. 

Dette er den andre fasen i utviklingsprogrammet for byregionar. Alle byar med omland kan søke om deltaking.

- Byregionane i Noreg veks. Dei fleste regionar som er i rask utvikling har ein by i seg. Dersom vi skal sikre velferda i framtida, må vi både skape og tiltrekkje bedrifter og næringsliv. Vi må bygge kunnskap, kompetanse og skape byregionar det er godt å bu i. Samspelet mellom byen og omlandet er viktig for å lukkast, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Meir kunnskap trengst

Vi treng å vite meir om kva faktorar som må vere på plass for at samhandlinga mellom byen og omlandet fører til vekst, held Sanner fram.
- Eg er difor glad for å kunne lyse ut 91,5 millionar kroner til andre fase av utviklingsprogrammet for byregionar. Føremålet er nettopp å styrke samspelet mellom byane og omlandet, seier statsråden. 

Alle byar med omlandskommunar kan søke om deltaking i andre fase av programmet. Søknadsfristen er 1. mai 2015. Programmet skal vare til 2017. Det blir berre ein søknadsrunde for alle tre åra.

Godt samspel styrkar byregionar

Regjeringa vil føre ein aktiv politikk der byane og omlandet har eit samspel til beste for regionen og for landet som eit heile. Kva som kan gje vekst vil variere frå byregion til byregion. Gjennom programmet skal dei jobbe saman om å styrke eit samfunnsområde dei har valt. - Det er viktig at kommunane prioriterer samfunnsområde som faktisk let seg påverke gjennom politiske avgjerder, understrekar statsråden. 

Utviklingsprogrammet for byregionar skal auke kunnskapen om korleis byane og omlandet verkar saman, potensialet i regionen for næringsutvikling, og kva som kan endrast gjennom politiske avgjerder. Første fase av programmet vart gjennomført i 2014. Til saman 33 byregionar med 187 kommunar tok del i denne fasen.

Ein region treng ikkje ha teke del i første fase for å søke om deltaking i andre fase, men regionen må ha gjennomført ein samfunnsanalyse. Den skal ligge til grunn for det søkjaren har tenkt å gjere i programmet. I tillegg til å drive eige samarbeid og utvikle strategiar og tiltak for temaet,  skal byregionane møtast i nettverk og utveksle kunnskap om kva som påverkar samspelet mellom byane og omlandet. Dette skal munne ut i tiltak med positiv effekt.

 ___________________________________________________________________________________________________________

Kommunane diskuterer forenkling av utmarksforvalting

Fristen for å gje høyringsuttale til den nye rapporten om forenkling i utmarkforvaltninga er  28. februar. Temaet står høgt på dagsorden i mange kommunar.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), Landbruks- og matdepartementet og Klima og miljødepartementet  har samarbeidd for å utvikle forenklingstiltak i utmarkforvaltninga.

Ei faggruppe har kome med forslag til tiltak slik at brukarane av utmarka skal oppleve vesentlege forenklingar. Faggruppa  har gjort framlegg om at kommunane får større ansvar og mynde i utmarkforvaltninga. Då må kommunane ha tilstrekkelig kapasitet, kompetanse og handlingsrom til å koordinere forvaltninga, meiner faggruppa.

- No har vi fått eit bra grunnlag for å snakke saman. Eg er oppteken av at alle partar  lyttar og viser vilje til å finne betre løysingar. Då trur eg vi kan komme i mål med ei utmarksforvalting som er tydelegare, betre for brukarar, for forvaltingsapparatet og for samfunnet, seier statssekretær Jardar Jensen (KMD).

Han gler seg til høyringsmøtet, som skal vere den 10. februar.

- Der vil ulike brukargrupper og organisasjonar få høve til å seie si meining om utmarkforvaltning i brei forstand. Ikkje minst kan folk seie kva dei meiner om forslaga som har kome frå faggruppa, seier Jensen.

Rører ved mykje

I kommunar med stort verna areal er engasjementet i saka spesielt stort. I Nord-Gudbrandsdalen er om lag 80 prosent av arealet verna, og utmarksforvaltning er eit tema som har prioritet.

- Desse spørsmåla rører ved utruleg mykje i Nord-Gudbrandsdalen, seier  ordførar i Dovre, Bengt Fasteraune (Sp). - Vi kjem til å gjennomføre ei høyring i Rondane nasjonalparkstyre, og vi vil også ha det i kommunen.  Han har klare råd til ei opprydding i utmarksforvaltninga.

- Kommunane må vere inngangsdøra når du skal ei behandle sak. Det er kommunen som må gje, råd og rettleiing, og det er kommunen du bør søke. Brukarar må oppleve at dei får eitt svar, ikkje eitt vedrørande plan og bygningslova og eitt vedrørande verneforskrifta. Kommunane må kunne koordinere dei ulike forvaltningsnivåa som er involverte, seier Fasteraune.

Sakshandsaming i årevis

Eitt eksempel på konsekvensane av innfløkt utmarksforvaltning, meiner Fasteraune er Snøheimvegen i kanten opp mot Snøhetta. Han håpar nye forvaltningspraksisar kan vere med og gje både godt vern, stoltheit, fornuftig infrastruktur og utvikling i og rundt nasjonalparkane.

- I over 20 år har vi hatt ei sak gåande om vegen skulle sanerast eller gjerast tilgjengeleg for ferdsel. I slike prosessar vil det alltid vere konfliktar. Vi må vere rusta til å takle dei betre. Det har vore altfor uklart kven som har ansvar for kva. Når evna til å handtere konfliktane er så dårleg, forplantar negativitet seg, seier Fasteraune.

Betre prosessar

Fasteraune er oppteken av at kvaliteten på forvaltinga må styrkast gjennom reformer. Det gjeld særleg på prosess:  -  Det verkar som at mange trur forenkling betyr at det skal bli dårlegare. Eg meiner det er tvert om. Lover og reglar er bestemte av Stortinget. Dei må vi styre etter. Dette handlar om måten vi gjer det på, og den må bli betre seier ordførar i Dovre, Bengt Fasteraune.

Vil unngå langvarige konfliktar om motsegner

Også frå Lesja kommune er det duka for tydelege høyringsuttaler, fortel varaordførar Hanne Alstrup Velure (H). Ho har tidlegare vore vararepresentant i Dovrefjell nasjonalparkstyre og har engasjert seg spesielt i rapporten frå faggruppa.  

- Vi skal handsame saka i hovudutvalet og i kommunestyret. Denne saka er alle parti samde i at det er viktig å synleggjere, fortel Velure.

Ho er oppteken av at kommunen og lokaldemokratiet tapar i relasjon til andre forvaltningsorgan.

- Det må bli mykje tydelegare kva rammer staten eigentleg set for kommunane sitt utviklingsarbeid på eit langt tidlegare tidspunkt enn det som har vore gjort tidlegare, seier Velure.

Tydelegare rammer i utmarkforvaltinga

Statssekretær Jardar Jensen legg vekt på potensialet som finst i å skape ei forvalting av utmarka, som er klarare for alle partar.

- Dei verna områda våre er vi stolte av, og dei utgjer store ressursar både for lokalsamfunnet og storsamfunnet. Det er difor dei er verna. Vi veit samtidig at det er mange eldsjeler rundt i norske lokalsamfunn som ønsker å få til verdiskaping og utvikling basert på dei same naturressursane. Det må vi forstå, akseptere og klare å handtere på ein god måte. Alle er tente med betre løysingar enn vi har i dag seier Jensen.

Alle må ta ansvar

Jardar Jensen er glad for at utfordringar no kjem på bordet.

- Både vi i staten og kommunane må strekke oss for å kome vidare. Staten kan bidra til tydelegare og ryddigare prosessar, på eit felt med mange ulike sektorinteresser. Kompetanse og kapasitet til gode planprosessar må prioriterast lokalt, seier Jensen.

Han legg vekt på at det i denne fasen er viktig at alle partar løftar fram sine utfordringar og framlegg til tiltak.

- Departementet får innspel på kva tiltak som er viktig å gjennomføre i utmarka. Det er viktig at partane lener seg framover og gir løysingsorientere innspel. Vi må dra nytte av den sjansen vi no har til saman å skape ei tydeleg og god forvalting av utmarksområde, seier statssekretæren.

Illustrasjonsbilde frå Rondane
Illustrasjonsbilde frå Rondane Foto: Anders Gjengedal

 ___________________________________________________________________________________________________________

Inkubator skal skaffe folk til oljeindustrien i Finnmark

Industriinkubatoren Pro Barents har, med hjelp av midlar frå Innovasjon Norge, drege i gang eit prosjekt for å utvikle kompetanse for petroleumsnæringa i Finnmark.

Petroleumsnæringa i Finnmark er no så stor at ho har fått veksesmerter på kompetansesida. I forhold til det noverande og komande omfanget av næringa, er folketalet i Finnmark for lite til å sikre industrien den kvalifiserte arbeidskrafta som trengst.

– Det er stort behov for kompetanseutvikling på mange nivå, seier administrerande direktør Trine Bredal Hauan i Pro Barents.

Tilhøyrsle

Det aller meste av petroleumsverksemda i Finnmark er konsentrert rundt Hammerfest. Næringa har lenge arbeidd for å få etablert gode kompetansehevingstilbod lokalt. Særleg følbart er det at det ikkje finst utdanningstilbod på ingeniørnivå i fylket. Den næraste utdanninga som er relevant for industrien, er på Høgskolen i Narvik, Universitetet i Tromsø og NTNU i Trondheim. Undersøkingar har dokumentert at studentar gjerne blir verande der dei har studert. Når det gjeld Finnmark, inneber det at sjølv om ungdom frå Finnmark tek ingeniørutdanning, er det langt frå sikkert at dei søkjer jobb i heimfylket.

Samarbeid og koplingar

Dette er ei av utfordringane som det nye prosjektet Barents Kompetanse tek på seg å gjere noko med. I samarbeid med utdanningsinstitusjonane som er nemnde ovanfor, skal Pro Barents kople studentar og petroleumsindustri i nord saman.

– Ved å inspirere og motivere masterstudentar til å ta oppgåver saman med aktørane her nord, håpar vi på koplingar og erfaringar som gjer at fleire ser kor spennande det kan vere å arbeide i Finnmark, seier prosjektleiar Jan Rune Mortensen.

Nye utdanningar

I slutten av januar arrangerer Barents Kompetanse eit seminar der industri og akademia skal møtast for å identifisere utfordringar og prøve å finne løysingar. Eitt av temaa blir korleis kurs og etter- og vidareutdanning kan bli meir effektive. I dag sender industrien sine tilsette sørover for å få heva kompetansen. Dersom det kan etablerast tilbod lokalt, vil det spare både tid og pengar.

I prosjektet er det òg tenkt høgt om eit par nye utdanningar i Finnmark. Ein er i gang med å kartleggje behovet for ein teknisk fagskule, og alt no er det slått fast at det er et sterkt ynske om å få eit ingeniørstudium i Hammerfest.

– Det skal ikkje vere eit universitet på kvart nes, men når Goliat-feltet, og kanskje Johan Castberg-feltet, er i drift om 5–10 år, vil det bli bruk for så mange ingeniørar her nord at det er naturleg å tenkje på ei utdanning. Vi vil greie ut om det er mogleg å samarbeide med både Høgskolen i Narvik, Universitetet i Tromsø og NTNU om dette, seier Trine Bredal Hauan.

Tekst: Erik Veigård/Videofabrikken

Administrerande direktør Trine Bredal Hauan og prosjektleiar Jan Rune Mortensen i Pro Barents.
Administrerande direktør Trine Bredal Hauan og prosjektleiar Jan Rune Mortensen i Pro Barents trur arbeidet med kompetansehevande tiltak vil ha mykje å seie for petroleumsnæringa i Finnmark. Foto: x


 __________________________________________________________________________________________________________

Går saman for å auke samspelet mellom regionale program i nordområda

Etter ein konferanse i Tromsø 21. januar går mellom anna norske, svenske, finske, skotske, og russiske representantar no saman om eit prosjekt for å få meir ut av den interregionale programinnsatsen i Arktis.

Konferansen var ein del av den årlege internasjonale Arctic Frontiers konferansen i Tromsø. Statssekretær Jardar Jensen innleidde om internasjonalt, regionalt samarbeid i Arktis, med å understreke potensiala som finst i den grenseoverskridande regionen.

- Endringar gir nye utfordringar, men også - og dette er viktig å understreke – endringane gjev også ny giv, og gjer det mogleg å få til meir. Eg meiner veldig sterkt at vi no må vere klare til å gripe sjansane som finst, sa Jensen. Vi må få meir ut av den samla innsatsen i regionale program og nettverk i nordområda, seier han.

Ropte etter næringslivet

Jardar Jensen er oppteken av å styrke næringslivet i den arktiske regionen. - Vårt mål er auke konkurranseevne, smart og berekraftig økonomisk vekst og utvikling i det høge nord. Vi må bli flinkare til å inkludere privat sektor i dei regionale utviklingsprogramma. Vi treng fleire investeringar, meir samarbeid og vi treng fleire målbare og gode resultat, sa Jensen.

Lanserte nytt nettverksprosjekt

Det mest konkrete resultatet av konferansen i Tromsø var semje om å arbeide vidare gjennom eit forprosjekt i regi av Interreg- programmet Nordlig Periferi og Arktis. Dette skal munne ut i eit større pilotprosjekt, kor innhald i og system for betre samspel kan prøvast ut. Ideen er å skape eit nettverk mellom ulike regionale program og initiativ i det høge nord. Målet er at meir skal komme ut av den samla interregionale innsatsen. Tanken er at eit slikt nettverk kan ha fleire basar, eller såkalla nodar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet arbeider for at ein norsk node skal plasserast i Tromsø. 

Illustrasjonsfoto av Tromsø
Illustrasjonsfoto av Tromsø Foto: www.colourbox.com

 

___________________________________________________________________________________________________________

Innovasjon Noreg mobiliserer Gründer-Noreg med telefon, blogg og film

Ved å ringe Gründertelefonen, kan gründerar diskutere idèane sine med Innovasjon Noreg. Bruken av telefontenesta veks no kraftig.

Gründertelefonen skal vere til hjelp for å finne ut korleis Innovasjon Noreg kan hjelpe gründerar. I januar 2015 var det om lag 500 personar som brukte tenesta. I 2014 var talet 200 i same periode. Tenesta skal også gje innspel til andre ressursar som kan hjelpe nyetablerarar, til dømes næringshagar og etablerarrettleiing i kommunane.

- Telefontenesta er ein god ressurs for gründerar, som treng hjelp til å realisere sine forretningsidear og kome eit skritt vidare i prosessen, seier rådgivar i Innovasjon Noreg, Jeanett Sandmo.

Innovasjon Noreg jobbar no med å gjere Gründertelefonen enda meir tilgjengeleg med chat-funksjon i tillegg til telefon og kontaktskjema. Lurar du for eksempel på kva som skal til for å få etablerartilskot frå Innovasjon Noreg? Treng du nokon å sparre med om ideen din og litt hjelp med forretningsmodellen? Ring IN på telefonnummer 800 50 789.

Gründerpulsen! Blogg av gründarar, for gründarar

Denne veka lanserte Innovasjon Noreg den nye Gründerbloggen. Gründerpulsen er bloggen der innhaldet er frå gründer, til gründer, til entreprenørar, nyetablerarar og reetablerarar. Også investorar og regjeringsapparat er målgruppe.

- Stoffet skal vere direkte og ufiltrert, utan tidstjuvar, seier Jeanett Sandmo.

- Dette skal vere ein blogg, der vi inviterer dei beste stemmene til å skrive godt og nyttig innhald, som andre i liknande fasar kan lære av. Innovasjon Noreg skal berre vere tilretteleggar. Bloggen skal ikkje innehalde propaganda eller førehandsbestillingar, poengterer Sandmo.

Ho meiner dette blir eit viktig verkty for gründerar til å setje viktige tema på dagsordenen. 

- Vi vil ikkje berre lytte, men også bruke det i vår innovasjonspolitikk, forklarar Jeanett Sandmo.  

Gründerfilmen

For å gjere det enklare for gründerar å forstå kva tilbod som finst hos Innovasjon Noreg har IN no lansert ein kort film, som raskt gir deg informasjon om korleis du kan få hjelp med å realisere din forretningsidè.

 ___________________________________________________________________________________________________________

KMD inviterer til seminar om regional utvikling i Europa

EPRC har i over 30 år følgt utviklinga i europeisk regionalpolitikk. 20. mars inviterer Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) til seminar der du kan lære meir om strategiar og verkemiddel for vekst og innovasjon i europeiske land.

Departementet har sidan midten av 90-talet samarbeidd med European Policies Research Centre (EPRC) ved University of Strathclyde i Skottland, gjennom EoRPA. Dette forskingsprogrammet samanliknar EU-land, Noreg og Sveits når det gjeld utviklinga i regionalpolitikken i landa. Arbeidet er leia av Professor John Bachtler. Saman med forskar Sara Davis kjem han til Oslo for å presentere delar av sitt arbeid.

Politikk for fremtiden
Solberg-regjeringa vil føre ein framtidsretta næringspolitikk, som legg til rette for verdiskaping og sysselsetting. Regjeringa vil prioritere verkemiddel som kan styrke innovasjon og nyetablering i alle delar av landet.

Bachtler og Davis vil bl.a. samanlikne Noreg med andre land når det gjeld mål, finansieringskjelder og verkemiddel for regional utvikling knytt til vekst og innovasjon.

Smart spesialisering
EPRC vil også gi eksempel på korleis smart spesialisering vert følgt opp i ulike regionar sine handlingsprogram innanfor strukturfonda. Ekspedisjonssjef Hallgeir Aalbu i Regionalpolitisk avdeling, KMD, vil innleie ved å peike på nokre utfordringar for vekst og innovasjon sett frå ein norsk ståstad. Seminaret vil gå føre seg på engelsk. Seminaret er gratis og ope for alle. Det vert servert lunsj i etterkant av seminaret. Reise og opphold vert dekt av den einskilde.

__________________________________________________________________________________________________________

Nytt program for samarbeid mellom Noreg og Sverige

Eit nytt samarbeidsprogram mellom Noreg og Sverige er utlyst gjennom Interreg.

___________________________________________________________________________________________________________

Nye rapportar

Suksesskriterium i kommunal næringspolitikk. Bruken av lokale utviklingsselskap i næringspolitikken er på retur, skriv Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB). Forskarane Håvard Teigen og Eli Janette Fosso drøftar i evalueringsrapporten føresetnadene for at slike selskap skal lukkast. Ein av desse er ei avklart rolledeling og rolleforståing mellom kommune og utviklingsselskap.

___________________________________________________________________________________________________________

Kva skjer?

1) Interreg Nord 2014 – 2020, åpner 15. januar 2015, søknadsfrist 28. februar 2015. Den nye programperioden åpnar for finansieringsstøtte innanfor fire innsatsområde: Forsking og innovasjon, entreprenørskap, kultur og miljø, og felles arbeidsmarknad.

2) Bli med på Drømmeløftet! Noreg står overfor fleire store utfordringar. Store globale utfordringar på område som klima, helse og energi og krev eit meir bærekraftig samfunn. Noreg må omstille seg frå eit sterkt petroleumsbasert næringsliv til andre og meir bærekraftige aktivitetar. Dette medfører eit sterkt behov for meir kunnskap, kreativitet og innovasjon, skriv Innovasjon Noreg på sine heimesider, som bakgrunn for arrangementet. Innovasjon Noreg ønskjer eit draumeloft for norsk innovasjon: Eit løft for idear og nytenking fram mot ei bærekraftig framtid. Bli med du òg!

3) Bustadetablering i distrikta – Avslutningskonferanse 2015, 5. mars, Bodø. Husbanken og Distriktssenteret inviterer til bustadkonferanse. Konferansen oppsummerer erfaringar frå den treårige satsinga “Boligetablering i distriktene”, og ser vidare framover: Nye strukturar og endra preferansar – Korleis ser den framtidige bustadutviklinga ut?

4) Seminar og vekst, innovasjon og regional utvikling i Europa, 20. mars, Oslo.  Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) til seminar hvor du kan lære mer om strategier og virkemidler for vekst og innovasjon i europeiske land. Meir om seminaret finn du i eiga sak i dette nyheitsbrevet.

5)  Sivanett 2015, 5. mai, Trondheim. Rom til å vekse er tema for årets konferanse. Sivanett ønskjer å utforske dei fysiske, kulturelle og kreative romma der innovasjon oppstår. Sivanett legg opp til tre parallelle løp, som dekker eit breidt spekter av tema knytt til innovasjon og nyskaping.

6) URBACT City Festival, 6. – 8. mai, Riga, Latvia.
URBACT arrangerer sin eigen byfestival der tema er bærekraftig byutvikling og korleis Interreg-programmet arbeider for byregionane i Europa. Det blir workshops, førelesningar, TED Talks, idé-verkstader og walk-shops. Festivalen rettar seg mot prosjektaktørar, avgjerdstakarar og politikarar, som jobbar med byutvikling på lokalt, regionalt, nasjonalt eller internasjonalt plan, forskingsinstitusjonar, representantar frå byar og organisasjonar.

7) Open days, 12. – 15. oktober, Brussel.
Open Days i Brussel er EUs «massemønstring» for verdsdelen sine byar og regionar. Årets overbyggande tema er  Europa sine regionar og byar: partnarar for investering og vekst. Open Days- konferansen består av meir enn 100 seminar og verkstader.

___________________________________________________________________________________________________________

Lenker til andre nettsider og nyheitsbrev  

___________________________________________________________________________________________________________

Om Regionalnytt

Utgitt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Regionalpolitisk avdeling.  Ansvarleg redaktør: Ekspedisjonssjef Hallgeir Aalbu Redaktør: Seniorrådgjevar Linda Sjåstad Andreassen Redaksjonsmedarbeidar: Halvard Lægreid og Beate Solem 

E-post: regionalnytt@kmd.dep.no 

Av- og påmelding