Den beste søkjaren fekk konsesjonen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet
Tale/innlegg | Dato: 08.01.2003
Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland
Den beste søkjaren fekk konsesjonen
VG, onsdag. 8 januar, 2003
Rett før jul fekk Kanal4 konsesjon til å driva riksdekkjande reklamefinansiert radio i Noreg. Bakgrunnen for at vi har konsesjonsordningar for kringkasting er at det er knappe frekvens-resursar som kan brukast til kringkastingsformål. Det er ikkje plass til meir enn ein fullt ut riksdekkjande radiokanal i FM-bandet, i tillegg til NRK. Det er derfor naudsynt å regulera kven som skal ha høve til å bruka desse frekvensane. Det har vore brei politisk semje i Noreg om at den som får dei riksdekkjande kringkastingskonsesjonane òg må påleggjast å yta noko tilbake til samfunnet i form av programkrav.
Det er også semje om at retten til å ha desse kringkastingskonsesjonane bør konkurranseutsetjast med jamne mellomrom, for å sikra at ressursane blir nytta til beste for samfunnet og lyttarane. At konsesjonane òg har vist seg å vera svært økonomisk lønsame for eigarane tilseier at konsesjonane ikkje kan vere "evigvarande" monopol. P4 fekk i 1993 i konkurranse med andre konsesjonen for inneverande tiårsperiode. No har P4 deltatt i konkurransen om konsesjon for den nye ti-årsperioden. I konkurransen om å tilby eit forpliktande, variert og breitt radiotilbod har P4 tapt mot ein av dei andre søkjarane. Det er derfor feil å seie at konsesjonen er "tatt frå" P4.
P4 har vore vonbrotne over at dei ikkje fekk konsesjonen. Det er skjøneleg, og eg har sjølvsagt stor forståing for den frustrasjonen dei tilsette må oppleve. Eg reagerer likevel på at P4 spreier feilinformasjon om departementet sitt arbeid med denne saka. Mellom anna har det vorte hevda at det har vore irregulær kontakt mellom Kanal4 og departementet. Dette er ikkje rett. Det har ikkje vore møter mellom søkjarane og departementet etter at fristen for å søkje konsesjonen gjekk ut. All kontakt mellom departementet og søkjarane har skjedd skriftleg og all korrespondanse har blitt lagt ut på nettet etter kvart for å sikra at alle søkjarane heile tida har hatt lik tilgang til informasjon. Det vekkjer derfor ei viss undring at P4s leiar Rune Brynhildsen 23. desember i fjor uttalte til Kampanje at P4 visste at departementet hadde hatt møte med Kanal4.
Brynhildsen har òg i andre samanhengar kome med påstandar som ikkje er forankra i realitetane. Torsdag 2. januar skreiv han i ein kronikk i Dagens Næringsliv at han "... var godt fornøyd med at Sivilombudsmannen påla departementet å gi oss innsyn i de interne saksdokumentene. Dette er dokumenter departementet ønsket å holde igjen..." Realitetane er at advokatane til P4 22. desember i fjor kravde innsyn i interne dokument. Departementet melde straks tilbake at vi trengte noko tid på å gå gjennom dokumenta, og at vi ville ta stilling til kravet om innsyn primo januar. Sivilombodsmannen ga uttrykk for at departementet burde klare å gjera dette i løpet av veke 1. Vi tok synspunktet til ombodsmannen til etterretning, og tok i slutten av førre veke stilling til innsynskravet frå P4.
Når det gjeld sjølve kravet om innsyn har eg lagt vekt på å vera mest mogeleg open. Etter forvaltningslova har P4 rett til innsyn i kva for faktiske opplysningar departementet har lagt til grunn i sakshandsaminga. Det har dei fått. Saka stiller seg annleis for interne vurderingar. I utgangspunktet kan slike vurderingar haldast unna offentleg innsyn. Om interne dokument og meiningsbryting mellom ulike nivå i departementet vert offentleg kan det skapa tvil om kva som er departementet sitt standpunkt. For stor grad av dokumentinnsyn kan òg undergrava den graden av open og skriftleg kommunikasjon som er ønskeleg mellom ein statsråd og hennar embetsverk. Eg trur at vi i det materialet som er sendt P4 har klart å balansera desse omsyna på ein god måte.
Leiinga i P4 har hevda at eg har lagt vekt på utanforliggjande omsyn, og "overkjørt mitt embetsverk". Det er statsråden som er ansvarleg for vedtaka til departementet. Eg kan sjølvsagt overprøva embetsverket om eg finn grunnlag for det. Det er derfor irrelevant kva embetsverket måtte ha meint i denne saka. Av dokumentasjonen som vi har frigitt framgår det likevel at embetsverket tilrådde at Kanal4 fekk konsesjonen. Vi har under tvil valt å gå ut med dette fordi dette tilsynelatande har vore viktig for P4. Dessutan viser dokumentasjonen at P4 ikkje har hatt grunnlag for sine påstandar. Sjølv om det er freistande, vil eg ikkje gje meg inn på spekulasjonar om kvifor P4 har spreidd feilaktige påstandar om dette.
Eg skal ikkje underslå at vurderinga av programplanane til dei ulike søkjarane opp mot kvarandre har vore ei krevjande oppgåve. Departementet har gjennomført vurderingane på ein svært grundig og systematisk måte. Det var nettopp kvaliteten på dei redaksjonelle planane til Kanal4 som gjorde utslaget. Konsesjonsvedtaket og den dokumentasjonen som no er gjort offentleg syner at departementet har gjennomført ei svært grundig sakshandsaming med utgangspunkt i kriteria i utlysinga av konsesjonen i mai 2002.