Radiokonsesjonen til Kanal4
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 20.12.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 128/02
Dato: 20.12.2002
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Roy Kristiansen, mob. 480 99
691
Radiokonsesjonen til Kanal4
Kultur- og kyrkjedepartementet har i dag vedtatt å gi Kanal4 AS konsesjonen til riksdekkjande reklamefinansierte radiosendingar i det fjerde riksnettet i FM-bandet.
- Departementet har gitt konsesjonen til den søkjaren som har dei mest ambisiøse og varierte planane i høve til allmennkringkastingsoppdraget. Med denne konsesjonstildelinga får vi ein riksdekkjande radiokanal med redaksjonelle ressursar spreidde rundt i heile landet og med klare mål om å gi lyttarane eit breitt tilbod. Selskapet legg opp til eit spanande radiotilbod og til å utfordre NRK med solide journalistiske ressursar, seier statsråd Valgerd Svarstad Haugland i samband med konsesjonstildelinga til Kanal4 AS.
Departementet har gjort ei grundig vurdering av dei seks søkjarane til konsesjonen. I vurderinga har ein lagt særleg vekt på realistiske og forpliktande planar om allmennkringkastingssendingar. Departementet har også vurdert om søkjarane har dei økonomiske ressursane som skal til for å drive radioverksemda i samsvar med planane.
Konsesjonsperioden for denne konsesjonen er 1. januar 2004 til 31. desember 2013. Tidleg i 2003 vil departementet lyse ut ein radiokonsesjon til, med noko lågare dekning enn den Kanal4 får. Konsesjonstildelinga vil etter planen skje i siste halvdel av 2003, og den nye konsesjonæren kan vera på lufta samstundes som Kanal4 startar sine sendingar.
Les konsesjonsvilkår for
Kanal4 i perioden 1. januar 2004 til 31. desember 2013
(PDF-format)
Les brev til Kanal4 om
vedtak om tildeling av konsesjon for riksdekkende,
reklamefinansiert radio i FM-båndet (PDF-format)