Historisk arkiv

Radiokonsesjonen utlyst i dag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 42/02
Dato: 31.05.2002
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Roy Kristiansen, mobil: 480 99 691

Radiokonsesjonen utlyst i dag

- Målet for denne utlysinga er ein radiokanal med høg kvalitet og eit breitt tilbod til lyttarane. Difor er allmennkringkastingsprofilen skjerpa, seier statsråd Valgerd Svarstad Haugland. I dag vart konsesjonen til å drive riksdekkjande, reklamefinansierte radiosendingar frå 1. januar 2004 utlyst. Det er P4 som no har denne konsesjonen.

Regjeringa ser på konsesjonen som eit viktig kulturpolitisk verkemiddel som skal sikre befolkninga i Noreg eit radiotilbod tilpassa norske forhold. Det blir stilt krav til at sendingane skal nå ut til minst 90 prosent av befolkninga via FM-bandet. Innhaldet skal ha tematisk og sjangermessig breidde, og verbalinnslag må utgjere ein monaleg del av sendeflata. Norsk musikk og eit variert musikktilbod må prege sendingane som også må innehalde:

  • nyhende og aktualitetsstoff
  • livssynsprogram
  • program for born og unge
  • program på samisk
  • program for etniske minoritetar
  • bruk av dei offisielle norske målformene og dialektar

Hovudkontoret og den sentrale nyhenderedaksjonen til kanalen må lokaliserast utanfor Oslo. Konsesjonæren skal betala 160 millioner kroner til Staten ved tildeling av konsesjonen, sidan konsesjonen gir rett til utnytting av knappe frekvensressursar.

Konsesjonsperioden er 10 år og startar 1. januar 2004. Fristen for å søkje konsesjonen er 4. september 2002, og konsesjonen blir truleg tildelt i løpet av 2002.

Søknadsdokumentet er lagt ut på Internett på odin.dep.no/kkd/.

Det vil seinare bli utlyst ein konsesjon til radiosendingar med ein dekningsgrad på 50-70 prosent av befolkninga. Departementet reknar med at utlysing og tildeling av denne konsesjonen vil skje i 2003.