Historisk arkiv

Kjøp av transporttenester på kyststrekninga Bergen - Kirkenes: Avtale inngått mellom Samferdselsdepartementet og hurtigruteselskapa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Samferdselsdepartementet og selskapa OVDS og TFDS har inngått ein avtale om kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes for perioden 2005-2012. (05.11.04)

Pressemelding

Nr.: 139/04
Dato: 05.11.04

Kjøp av transporttenester på kyststrekninga Bergen - Kirkenes: Avtale inngått mellom Samferdselsdepartementet og hurtigruteselskapa

Samferdselsdepartementet og selskapa OVDS og TFDS har inngått ein avtale om kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes for perioden 2005-2012. Selskapa skal etter avtalen tilby heilårlege, daglege seglingar på strekninga, med eit seglemønster om lag som i dag, mot ei gjennomsnittleg årleg godtgjersle på 237,5 millionar kroner.

Denne avtalen er ei oppfølging av Stortinget si behandling, i februar i år, av stortingsmeldinga ”Om transportstandarden og kjøp av transporttjenester på kyststrekningen fra Bergen til Kirkenes”.

Norske og utanlandske selskap blei i juni i år invitert til å komme med tilbod på drift av daglege og heilårlege seglingar på strekninga Bergen – Kirkenes. Samferdselsdepartementet mottok eitt tilbod. Dette tilbodet var eit felles tilbod frå dei to selskapa som i dag driv hurtigrutetrafikken på strekninga.

Etter at tilbodet blei levert til Samferdselsdepartementet har departementet gjort seg bruk av retten til å gjennomføre etterfølgjande forhandlingar om det tilbodet som vart sett fram. Samferdselsdepartementet og hurtigruteselskapa har no blitt einige om ein avtale som gir selskapa ei samla godtgjersle for heile avtaleperioden på nesten 1900 millionar 2005-kroner, noko som er om lag 80 millionar lågare enn det tilbodet selskapa la fram i september i år.

For 2005 er det avtalt ei godtgjersle på 217,5 millionar kroner.

Stortinget har bedt regjeringa om å bli orientert om avtalen før endeleg kontrakt blir inngått.



Til redaksjonen
For meir informasjon – sjå:

St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 5 (2004-2005) Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes. Avtale for perioden 2005- 2012 (

Samferdselsdepartementet si nettside om kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes.