Historisk arkiv

Anbod for drift av flyruter Lakselv - Tromsø, Andenes - Bodø og Andenes - Tromsø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag utlyst anbod for drift av flyrute på dei tre strekningane Lakselv – Tromsø, Andenes – Bodø og Andenes – Tromsø. Anboda gjeld for perioden 1. januar 2004 - 31. mars 2006. (10.04.03)

Pressemelding

Nr.: 40/03
Dato: 10.04.03

Anbod for drift av flyruter Lakselv – Tromsø, Andenes – Bodø og Andenes – Tromsø

Samferdselsdepartementet har i dag utlyst anbod for drift av flyrute på dei tre strekningane Lakselv – Tromsø, Andenes – Bodø og Andenes – Tromsø. Flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levere anbod. Anboda gjeld for perioden 1. januar 2004 - 31. mars 2006.

Utlysinga har samanheng med at Norwegian Air Shuttle AS, som i dag trafikerer dei tre strekningane, vil innstille drifta på desse rutestrekningene med verknad fra 1. januar 2004.

Einerett til drift av flyrutene blir gitt til det flyselskapet som har det lågaste krav til godtgjerelse frå staten.

Flyselskap som får einerett til drift av rutene må ha gyldig lisens for drift av flyselskap i EØS-området. I tillegg må innleverte anbod oppfylle dei krav som Samferdselsdepartementet har fastsett for drift av rutene. Slike krav omfattar mellom anna billettprisar, antall avgangar og setekapasitet.

Frist for innlevering av anbod er sett til 12. mai i år. Val av flyselskap vil tidlegast skje den 15. juli i år, med sikte på at trafikken skal ta til frå 1. januar 2004.



Til redaksjonen
For meir informasjon, sjå: "Anbudsinvitasjon" av 10. april 2003, frå Samferdselsdepartementet (i pdf-format) på norsk og engelsk .