Historisk arkiv

Ein offensiv samepolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 258/2005
Dato: 14.10.2005

[ Samisk versjon ]

Statsbudsjett 2006

Ein offensiv samepolitikk

– Samarbeidsregjeringa har sett i verk ei lang rad tiltak for å nå dei måla vi sette oss for samepolitikken. Milepælar som eg spesielt ønskjer å trekkje fram, er finnmarkslova, semje om prosedyrar for konsultasjonar med Sametinget og erstatningsordninga for samar og kvener som tapte skolegang under andre verdskrigen, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

– Finnmarkslova blei endeleg vedteken 17. juni i år etter ein 25 år lang prosess. Eg trur at denne lova vil gi ei positiv utvikling for alle som bur i fylket, seier Erna Solberg.

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2006 er det sett av 1,6 millionar kroner til informasjons­tiltak om finnmarkslova. Det blei sett av eit tilsvarande beløp til dette formålet over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett i 2005. Styret i Finnmarkseigedommen skal vere etablert 1. januar 2006. Regjeringa føreslår at det i 2006 blir gitt eit etableringslån på 5 millionar kroner til Finnmarkseigedommen.

– Sametinget er ein viktig premissleverandør og samtalepartnar i samepolitikken. Det er derfor viktig at Sametinget blir teke med på råd i alle saker som er viktige for samane, seier kommunal‑ og regionalministeren. Våren 2005 blei kommunal‑ og regionalministeren og sametingspresidenten samde om prosedyrar for konsultasjonar mellom statlege styresmakter og Sametinget. For at desse prosedyrane skal kunne følgjast opp på fullgodt vis, er det avgjerande at både offentleg forvaltning og det samiske samfunnet får god informasjon om innhaldet i konsultasjonsprosedyrane og korleis dei skal følgjast opp i praksis. Det er plan­lagt informasjonstiltak om konsultasjonsprosedyrane i 2006.

Samar som tapte skolegang under andre verdskrigen, og som ei følgje av fornorskingspolitikken heller ikkje fekk opplæring på sitt eige morsmål, er ei gruppe som har kome uheldig ut. Regjeringa føreslo derfor i St.meld. nr. 44 (2003-2004) Erstatningsordninger for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolket/tatere og eldre utdannings­skadelidte samer og kvener å tilpasse rettferdsvederlagsordninga slik at det blei mogleg for denne gruppa å få erstatning. Stortinget slutta seg til forslaget frå regjeringa i april 2005. Det er lagt vekt på at det skal vere enkelt og ubyråkratisk å søkje erstatning.

Regjeringa har prioritert arbeidet med å leggje til rette for auka bruk av samisk språk i det offentlege rommet. – Dette har regjeringa følgt opp, mellom anna ved å ta initiativ til å opprette den nordiske språkprisen Gollegiella, ved å fullfinansiere utgiftene til tospråklegheit i kommunane i forvaltningsområdet for samisk språk, ved å auke den årlege pressestøtta til samiske aviser, ved å leggje til rette for samisk i IT-samanheng og ved å etablere samisk språkval på nettsidene til departementet, seier Erna Solberg.

Eit av dei viktigaste samepolitiske satsingsfelta for regjeringa er samisk utdanning og forsking. – Eg er derfor svært nøgd med at Samarbeidsregjeringa i budsjettforslaget for 2006 føreslår ei startløyving på 10 millionar kroner til det nye vitskapsbygget i Kautokeino. Når vitskapsbygget står ferdig, vil det framstå som eit av dei viktigaste knutepunkta innanfor samisk utdanning og forsking, seier Erna Solberg.

Regjeringa har på fleire område lagt til rette for utvikling av samisk næringsliv. Gjennom etableringa av dei to reindriftssentra Reindriftens internasjonale fag- og formidlingssenter og Ressurssenter for natur- og reindriftstjenester har regjeringa hatt eit ønske om å utvikle tenester og kunnskapar basert på reindrifta, som er ei av dei viktigaste næringane i samisk kultur.

Regjeringa har også lagt stor vekt på informasjon til ålmenta om samiske for­hold, og på tiltak som tek sikte på å la det samiske bli synleg i det offentlege rommet, slik at ein kan bryte ned fordommar og negative holdningar.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.