Fredsoperativ innsats
Artikkel | Sist oppdatert: 25.09.2023 | Utanriksdepartementet
Deltaking i internasjonale fredsoperasjonar har gjennom tiår vore ein sentral del av norsk utanriks- og tryggingspolitikk.
Hovudformålet med innsatsen er å bidra til internasjonal fred og stabilitet, og dermed òg til vår eigen tryggleik. Konfliktar langt borte frå Noreg påverkar i aukande grad tryggleiken vår. Ved å bidra viser vi ansvar og uttrykkjer internasjonal solidaritet.
Noreg bidreg til internasjonale operasjonar gjennom FN, Nato og EU. Vi har òg til tider bidrege i såkalla koalisjonsoperasjonar. Det er ofte store variasjonar mellom operasjonane, men det grunnleggjande formålet med alle bidraga våre er å bidra til internasjonal fred og tryggleik. Norsk deltaking i operasjonar skal ha forankring i folkeretten.
Både militære og sivile element
Fredsoperasjonar omfattar i varierande grad både militære og sivile element. Noreg har stor kapasitet òg til sivil krisehandtering – med mellom anna politi, juristar frå heile rettskjeda, ekspertar innanfor forvaltning, ingeniørar osb. Noreg har viktige sivile bidrag i ei rekkje ulike operasjonar. Norske sivile beredskapsstyrkar som Norcap (Flyktninghjelpens internasjonale kapasitetsstyrke Norwegian Capacity) og Nordem (Norwegian Resource Bank for Democracy and Human Rights) kan på kort varsel sende ut ekspertar frå Noreg og andre land.
Demokratisk kontroll med og reform av tryggingssektoren er viktig for å førebyggje konfliktar og leggje til rette for berekraftig fred. Tryggingssektoren omfattar forsvar, politi, grensestyrkar, rettsvesen osb. Både i samband med FNs fredsoperasjonar og i post-konfliktsituasjonar er reform av tryggingssektoren avgjerande for å byggje fred. Tryggingssektorreform er ein stadig viktigare del av mange fredsoperasjonar.