Kvinners rettar og likestilling
Artikkel | Sist oppdatert: 04.01.2024 | Utanriksdepartementet
Kjernen i Noregs arbeid for likestilling er å auke jenters og kvinners handlingsrom, sjølvråderett og makt. Dette er grunnlaget for at alle jenter og gutar, kvinner og menn skal ha like rettar og like moglegheiter.
Den globale situasjonen for kjønnslikestilling er eit bilete av motsetnader og paradoks. På den eine sida aukar motstand i enkelte land og regionar mot kvinners så vel som skeiva sine rettar. På den andre sida viser trenden at likestilling er på frammarsj, ved at styresmakter og kvinners eigen rettskamp målretta aukar kvinners moglegheit til å delta i samfunnet på alle plan på lik linje med menn. I kjernen av motsetnadene ligg ideologiar som reknar likestilling som ein trussel mot familiar, press for å bevare tradisjonelle kjønnsroller og dragkamp om retten til å bestemme over eigen kropp og seksualitet.
Jenters og kvinners levekår er i større grad enn menns prega av fattigdom, manglande eigedomsrettar og avgrensa tilgang på helsetenester, mat og skulegang. Kvinner og jenter er i større grad utsette for vald og barneekteskap og dei er utsette for kjønnslemlesting og uønskte svangerskap. Covid-19-pandemien forsterka ulikskapar mellom kvinner og menn. Over heile verda auka omfanget av vald i nære relasjonar, noko som i særleg grad ramma kvinner. Klimaendringar og konfliktar kan bidra til å forverre kjønnslikestillinga ettersom kvinner og menn i mange kontekstar har ulik tilgang til ressursar og moglegheiter for å påverke politisk dagsorden.
Respekt for menneskerettane ligg til grunn for Regjeringas internasjonale engasjement for kvinners rettar og kjønnslikestilling. "Ei rettferdig verd er ei likestilt verd. Handlingsplan for kvinners rettar og kjønnslikestilling i Noregs utanriks- og utviklingspolitikk (2023-2030)"
byggjer på handlingsplanen frå FNs kvinnekonferanse i Beijing i 1995 og befolkningskonferansen i Kairo i 1994, FNs Kvinnekonvensjon, og FNs berekraftsmål, spesielt mål 5 om likestilling mellom kjønna. Likestilling skal varetakast i alle delar av utanriks- og utviklingspolitikken.
Handlingsplanen legg til grunn at kjønnslikestilling er ein menneskerett og at ein gjennom å fremje kvinners og skeivast rettar skal bidra til samfunnsendring. Den har ei inkluderande tilnærming som tek omsyn til at kvinner ikkje er ei einsarta gruppe, men kan diskriminerast på ulike grunnlag som funksjonsevne, alder, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.
Handlingsplanen har følgjande hovudmål:
- Alle har rett og høve til å bestemme over eigen kropp
- Alle har rett og høve til å leve sine liv utan vald og skadelege skikkar
- Alle har like økonomiske rettar og høve til å delta i arbeidslivet
- Alle har like politiske rettar og høve til å delta i det offentlege livet
- Alle har rett og høve til å delta i arbeidet for klima, energi og mattryggleik
Det er eit konkret måltal for kjønnslikestilling i bistanden: Halvparten av all bilateral hjelp skal ha likestilling som hovud- eller delmål. Formålet er betre resultat av bistanden – for alle.
Seksuell og reproduktiv helse og rettar (SRHR)
Tilgangen til seksuell og reproduktiv helse og rettar (SRHR) er under press i mange land. Regjeringa jobbar aktivt for å verne om resultata og framgangen som er oppnådd og verne etablerte normer og rettar mot tilbakeslag.
Regjeringa prioriterer kvinners og skeive sine rett til å bestemme over eigen kropp i det internasjonale likestillingsarbeidet sitt. Regjeringa arbeider med å etablere nye alliansar og auke støtta til heilskapleg seksualitetsundervisning, familieplanlegging, prevensjon og tryggje abortar. Å støtte opp om internasjonale tiltak for å få bukt med kjønnsbasert vald er òg ei viktig prioritering.
Seksuell og reproduktiv helse og rettar er avgjerande for kvinners fridom, makt og moglegheiter. Viss ikkje kvinner sjølv kan bestemme over sin eigen kropp rammar det skulegang, arbeid og samfunnsdeltaking. Derfor er seksualitetsundervisning, tilgang på prevensjon, rett til trygg abort og fridom frå vald og skadelege skikkar grunnleggjande i likestillingskampen.
Retten til å bestemme over eigen kropp og seksualitet er kontroversiell i mange land. Presset på kvinners og skeive sine rettar generelt, og seksuell og reproduktiv helse og rettar spesielt, er aukande. Enkelte land som tidlegare har vore allierte og likesinna i kampen for SRHR, arbeider no for å svekkje globale normer på feltet. Noreg jobbar aktivt med å forsvare rettar som blei kjempa fram for fleire tiår sidan. Tilbakeslag vil ha store konsekvensar for jenters og kvinners liv og helse.
Internasjonalt arbeid for tilgang til seksuell og reproduktiv helse og rettar er samtidig ein del av Regjeringas handlingsplan for kjønns- og seksualitetsmangfald (2023-2026). Handlingsplanen inkluderer tiltak for Noregs internasjonale engasjement. Dialog og samarbeid med skeive og organisasjonane deira er sentralt i Noregs innsats på landsnivå og globalt.
Skadelege skikkar rammar jenter
Skadelege skikkar som barneekteskap og kjønnslemlesting er blant dei alvorlegaste utslaga av diskriminering av jenter. 33.000 jenter blir gifta bort kvar dag. 4 millionar jenter blir utsette for kjønnslemlesting kvart år.
Noreg jobbar for å få bukt med skadelege skikkar gjennom to hovudspor. Det eine sporet er å styrkje bistanden gjennom relevante globale program i regi av FN og integrere innsatsen mot skikkane i bistanden til utdanning, helse, likestilling og menneskerettar. Det andre sporet er å forsterke Noregs pådrivarrolle for kamp mot skadelege skikkar på internasjonale arenaer der normer og retningslinjer blir fastsette.
Kvinner, fred og tryggleik
Kvinner, fred og tryggleik er ein sentral del av Noregs innsats for fred og tryggleik. Noreg følgjer opp forpliktingar i FN-resolusjon 1325 gjennom eit breitt interdepartementalt samarbeid, som omfattar seks departement. Regjeringas handlingsplan for kvinner, fred og tryggleik (2023-2030) er den femte planen Noreg lanserer. Den fører vidare fleire av hovudinnsatsområda der Noreg har særleg høve til å fremje kvinner fred og tryggingsarbeid internasjonalt, som i fred og forsoningsarbeidet og arbeidet med vern, humanitær innsats og menneskerettar, og dessutan kjønnsperspektiv og kvinners deltaking i tryggingssektoren. Planen reflekterer òg at behovet for nasjonal gjennomføring av dagsordenen for kvinner, fred og tryggleik i vårt eige beredskaps- og tryggingsarbeid blir stadig viktigare.