Universitets- og høgskulebygg

Kunnskapsdepartementet har utvikla ein vegvisar for statlege universitet og høgskular om samarbeidet i bygge- og leigesaker.

Kunnskapsdepartementet ønsker å ha god dialog med institusjonane om bygge- og leigesaker, og har utvikla ein overordna vegvisar om samarbeidet. Siktemålet med vegvisaren er å støtte opp under ein transparent og føreseieleg dialog og samhandling om arealbehov.

KD ber om eventuelle kommentarar og innspel til utkastet, før endelig vegvisar blir fastsett.

Statlege universitet og høgskular disponerer til saman 3,5 mill. kvadratmeter som er den største eigedomsporteføljen i statleg sivil sektor. Om lag 2,7 mill. kvadratmeter er statleg eigde, mens noko er leigde i den private marknaden (kjelde: DBH).

Kom med innspel

Frist for å sende innspel er 5. november 2024.

Sjå tidlegare innspel til arbeidet her