Grunnlaget for politikken overfor nasjonale minoritetar
Artikkel | Sist oppdatert: 04.09.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Norge ratifiserte Europarådets rammekonvensjon om beskyttelse av nasjonale minoritetar i 1999, og denne er ein del av grunnlaget for politikken regjeringa fører overfor denne gruppa.
Med nasjonale minoritetar meiner vi grupper med lang tilknyting til Noreg. Jødar, kvenar/norskfinnar, romar, romanifolk/taterar og skogfinnar er nasjonale minoritetar i Noreg.
Noregs politikk overfor nasjonale minoritetar har opp gjennom historia vore prega av krav om fornorsking og einsidig tilpassing til storsamfunnet. Språket og kulturen til minoritetsgrupper blei nedvurdert og til dels forsøkt utsletta. Etter den andre verdskrigen har det gradvis skjedd ei endring i politikken myndigheitene fører overfor minoritetar, og verdien av at Noreg er eit fleirkulturelt og mangfaldig samfunn, har blitt anerkjent.
På bakgrunn av at Noreg har ratifisert Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar, har Kommunal- og distriktsdepartementet fått ansvaret for å samordne den statlege politikken som gjeld dei aktuelle minoritetsgruppene i Noreg. Departementet ønskjer å ha ein tett dialog med organisasjonane som har basis i nasjonale minoritetar, for å sikre at synspunkta deira blir høyrde. Vi vil også vere eit kontaktpunkt inn i sentralforvaltninga for desse gruppene.
Les meir her:
- Europarådets rammekonvensjon om beskyttelse av nasjonale minoritetar (norsk omsetjing)
Engelsk originalversjon - Meld. St. 12 (2020-2021) Nasjonale minoriteter i Norge - en helhetlig politikk
- St.prp.nr. 80 (1997-98) Om samtykke til ratifikasjon av Europarådets rammekonvensjon av 1. februar 1995 om beskyttelse av nasjonale minoritetar
- Stortingsmelding nr 15 (2000-2001) Nasjonale minoritetar i Noreg – Om statlig politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar
- Innst.S.nr. 145 (2000-2001) Innstilling fra kommunalkomiteen om nasjonale minoritetar i Noreg – Om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar