Planforsking for ei berekraftig samfunnsutvikling
Artikkel | Sist oppdatert: 27.05.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
KDDs satsing på planforsking er godt i gang ved forskingsmiljø i heile landet. Prosjekta skal utvikle kunnskapsgrunnlaget slik at planlegging etter plan- og bygningsloven bidreg til ei berekraftig samfunnsutvikling.
Seminarer om pågåande planforskning
KDD fortsetter å styrke formidlingen fra forskningen som er gjort under «Planlegging for en bærekraftig samfunnsutvikling». Prosjektledere og forskere ble invitert til årets FOU dag for å presentere resultater og funn.
I år samarbeidet planavdelingen og regionalpolitisk avdeling om arrangementet som også bidro med flere innlegg fra forskningsprosjekter med regionalpolitisk tema og vinkling.
- Secplan – bærekraftig fritidsbolig. En presentasjon av funn gjort i prosjektet med fokus på miljømessig bærekraftig planlegging av fritidsbebyggelse. v/ Jin Xue, NMBU (pdf)
- Hvordan kan regionaløkonomiske modeller brukes i planleggingen? Smakebiter fra analyser med den regionale likevektsmodellen NOREG 2. v/ Orvika Rosnes, Vista analyse (pdf)
- Strategic Housing. Oppsummering av viktige funn gjort i prosjektet. v/ Gro Sandkjær Hanssen, NIBR/Oslo Met (pdf)
- City Centre – levende sentrum. Hva kan kommunene gjøre for å styrke sine sentrum? v/ Aud Tennøy – Transportøkonomisk institutt (pdf)
- Grønn vekst i distriktskommuner. NIBR m.fl. har utviklet en forståelsesramme og et indikatorsett som kan bidra som verktøy til grønn distriktsomstilling. v/ Heidi Bergsli og Marianne Tønnessen, NIBR/Oslo Met (pdf)
- LANDTIME Besøksforvaltning – med fokus på fire casekommuner i Lofoten v/ Knut Bjørn Stokke, NMBU (pdf)
- LANDTIME - The Planning and Building Act between market demand, land policy, sustainability, temporality, and intergenerational justice (2021-2025) v/ Knut Boge, NMBU (pdf)
På eit seminar onsdag 3. mai 2023 vart status for fem pågåande planforskningsprosjekt presentert.
- Nordlandsforskning: Field of goals - implementering av FNs bærekraftsmål i lokal og regional planlegging
- NIBR: Strategic Housing - planlegging som virkemiddel for sosial, bærekraftig, boligpolitikk i byene
- Transportøkonomisk institutt (TØI): Citycentre - utvikling av attraktive og levende sentrum i små og mellomstore byer
- NMBU: Secplan - bærekraftig planlegging av fritidsboliger
- NMBU: Landtime - utvikling av kunnskapsgrunnlaget for bærekraftig samfunnsutvikling gjennom planlegging etter plan- og bygningsloven
Fredag 22. april 2022 hadde planavdelinga kalla inn prosjektleiarane frå dei fem pågåande prosjekta innan planforskning til ein fagdag i departementet.
Formålet med seminaret var å presentere målsettingar med prosjekta, innhald, framdrift og nytteverdi for samfunnet. Her finn du ferske presentasjonar av dei tema og prosjekt du kan ha interesse av.
Presentasjonar (pdf)
- Field of goals: Fra mål til mening til handling - samproduksjon og implementering av FNs bærekraftsmål i regionalt og lokalt planarbeid v/Aase Kristine Lundberg, Nordlandsforskning
- CITYCENTRE: Planning, knowledge and collaboration for developing vibrant and attractive city centres v/Aud Tennøy, TØI
- SECPLAN - Planning for Sustainable Second-Home Development
Planlegging for bærekraftig fritidsboligutvikling v/Jin Xue, NMBU og Kjell Overvåg, UIA - LANDTIME -The Planning and Building Act betweenmarket demand, land policy, sustainability, temporality, and intergenerational justice (2021-2025) v/Knut Boge og Marius Grønning, NMBU
- STRATEGICHOUSING: The social sustainable city – the role of strategic planning for local housing market heterogeneity v/Gro Sandkjær Hanssen og Berit I. Nordahl, OsloMet
Om planforskning
Prosjekta ser på relevante tema som berekraftig kommunal planlegging, attraktiv sentrumsutvikling, bustadpolitikk i byane, fritidsbustader og lovverk.
Kunnskapen som kjem ut av prosjekta skal kunne brukast av politikarar, forvaltninga og andre samfunnsaktørar. Eit viktig moment er også å auke kjennskapen til planfaget for kommande studentar og dermed styrke kapasiteten i den offentlege planlegginga.
Det er Forskingsrådet som på vegne av KDD lyser ut, evaluerer, tildeler og følgjer opp dei enkelte prosjekta. Planavdelinga i KDD held i dialogen med Forskningsrådet.
Prosjekta er samarbeidsprosjekt for å møte utfordringar i samfunn og næringsliv (Forskningsrådet).
Nordlandsforskning, OsloMET ved Norsk Institutt for by- og regionforsking (NIBR), Transportøkonomisk institutt (TØI) og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) står for dei fem prosjekta som er i gang. Fleire spanande partnarar frå m.a. offentleg forvaltning, forskings- og utdanningssektoren og privat sektor er trekt inn i prosjekta
Nokre av prosjekta starta opp i 2020 og skal gå ut 2023, medan TØI og NMBU sine skal avsluttast i 2025.
Se også presentasjonen nye forskningsprosjekter på planområdet v/Janike Harsheim, spesialrådgiver, Forskningsrådet (pdf) på Nettverkssamling for regional og kommunal planlegging 2021.
Nærare om prosjekta
Field of goals - Co-production and implementation of the Sustainable Development Goals in regional and local planning
Nordlandsforskning skal i dette prosjektet sjå på korleis FNs berekraftsmål kan implementerast i lokal og regional planlegging. Dei legg ut informasjon, rapportar m.m. på fieldofgoals.no.
Strategic Housing - The Social Sustainable City - the Role of Strategic Planning for Local Housing Markets Heterogeneity
OsloMET ser på kva rolle planlegging har, og kan ha framover, som verkemiddel for å utvikle ein sosial, berekraftig, bustadpolitikk i byane. Sjå meir frå prosjektet Strategic housing.
Citycentre - Planning, knowledge and collaboration for developing vibrant and attractive city centres
Transportøkonomisk institutt – TØI skal i sitt prosjekt sjå på korleis små og mellomstore byar kan planlegge for utvikling av meir attraktive og levande sentrum. Byane, Kongsberg, Tønsberg, Lillehammer og Arendal er valde ut som case-byar. Følg Citycentre prosjektet her.
Secplan - Planning for sustainable second-home development
NMBU har med seg ei rekke partnarar i dette prosjektet som har som mål å styrke planlegginga av fritidsbustader/hytter til å bli meir berekraftig. Vestfold og Telemark fylkeskommune, Valdres Natur og kulturpark og Øystre Slidre kommune er valde case-områder. Følgje Secplan prosjektet her.
Landtime - The Planning and Building Act between market demand, land policy, sustainability, temporality, and intergenerational justice
Det NMBU-leia samarbeidsprosjektet LANDTIME skal utvikle kunnskapsgrunnlaget om korleis planlegging etter plan- og bygningsloven (PBL), saman med relevant sektorlovgjeving, fremjar ei berekraftig samfunnsutvikling. Prosjektet har ei rekke nasjonale og internasjonale partnarar. Les meir på Landtime prosjektet sine nettsider.