Omdisponering av jordbruksareal
Artikkel | Sist oppdatert: 20.12.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Av og til er omdisponering av jordbruksarealer nødvendig for å møte andre samfunnsbehov.
Behovet for bustadutbygging, industri- og næringsutvikling, nye jernbanetrasear og veger har gjennom historia stadig blitt vege opp mot jordvern.
Det er ei utfordring at den beste matjorda ligg rundt tettstader og byer, der befolkningsveksten er størst. Det gir kamp om areala.
Trenden har snudd
Sidan andre verdskrig er minst 1,2 millionar dekar (1 dekar = 1000 kvadratmeter) dyrka og dyrkbar mark blitt omdisponert til andre føremål – i snitt nær 19.000 dekar om året.
Dei siste åra har trenden snudd. I 2004 kom det eit nasjonalt jordvernmål om å redusere den årlege omdisponeringa av dyrka mark med 50 prosent innan 2010. Målet blei konkretisert til at den årlege omdisponeringa skulle bli redusert til under 6000 dekar (6 millionar kvadratmeter) dyrka jord.
I 2015 laga regjeringa for første gong ein nasjonal jordvernstrategi som Stortinget handsama i desember 2015. I vedtaket fastsette Stortinget eit mål om at den årlege omdisponeringa måtte vere under 4000 dekar, og bad regjeringa om at målet skulle nås gradvis innan 2020.
Den nasjonale jordvernstrategien er oppdatert fleire gonger sidan 2015, og Stortinget vedtok i juni 2023 ein ny og oppdatert strategi med eit nytt og skjerpa mål. Den nye strategien sett som mål at årleg omdisponering av dyrka jord ikkje skal vere på meir enn 2000 dekar, og at målet skal nås innan 2030.
Strategien inneheld ei rekkje tiltak for å nå målet. Sidan det første gong vart vedteke eit mål i 2004, har omdisponeringa av dyrka jord gått gradvis nedover.
Jordvern er beredskap
Dei globale utfordringane knytt til krig og klima gjer at jordvern no vert sett på som ein del av vår nasjonale beredskap.
I kjølvatnet av forventa befolkningsvekst og ulike interesser knytt til bruk av areal, vil kampen om areala berre auke.