North Atlantic Marine Mammal Commission (NAMMCO)

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen vart oppretta 9. april 1992 mellom Noreg, Færøyene, Grønland og Island ved avtalen om samarbeid innan forsking, bevaring og forvaltning av sjøpattedyr i det nordlege Atlanterhavet.

NAMMCO hadde det første møtet i 1992. Sekretariat fekk sete i Tromsø og fleire komitear ble etablert; vitskapskomité, forvaltningskomitear for sel, kvalross og kval, komité for fangstmetodar, komité for inspeksjon og observasjon.

Vitskapskomiteen baserer arbeidet sitt på resultat frå landa sine eigne forskingsorgan og på arbeidet i andre internasjonale forskingsorgan, til dømes Det internasjonale råd for havforsking (ICES) og International Whaling Commission (IWC).

Det var ein motivasjon for skipinga av NAMMCO at IWC ikkje tok hand om dei forvaltningsmessige pliktene sine. NAMMCO sin kompetanse i høve til IWC har ikkje vore problematisk i praksis. NAMMCO har til nå i hovudsak konsentrert seg om småkval, sel og kvalross som alle ligg utanfor IWC sitt ansvarsområde.

Men i nokre tilfelle har NAMMCO også gitt forvaltningsråd om bestandar som IWC forvaltar. NAMMCO har utvikla seg til eit kompetansebyggende og effektivt organ, og medlemslanda har betra forvaltninga si av fleire sjøpattedyrbestandar gjennom samarbeidet i NAMMCO. I motsetnad til IWC har NAMMCO vedteke eit kontroll- og overvakingsregime som omfattar all fangst av sjøpattedyr, medrekna den tradisjonelle av vågekval i Noreg og fangstane ved Island og Færøyane og urfolksfangsten ved Grønland.

Det er ei hovudoppgåve for NAMMCO å setje søkjelyset på korleis sjøpattedyr blir påverka av endringar i det marine miljøet, og korleis interaksjonen er mellom sjøpattedyr og viktige kommersielle fiskebestandar. NAMMCO sitt
arbeid på dette feltet vil vere med på å skape grunnlag for økosystembasert forvaltning av sjøpattedyra i våre område.

 

North Atlantic Marine Mammal Commission

The International Whaling Commission(IWC)

International Council for the Exploration of the Sea (ICES)