Internasjonalt fiskerisamarbeid
Artikkel | Sist oppdatert: 11.03.2024 | Nærings- og fiskeridepartementet
Vi deler opp mot 90 prosent av fiskeressursane vi haustar av med andre land. Det er forvaltinga av desse ressursane som er temaet for dei årlege fiskeriavtalane som vert inngått etter forhandlingar. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er berekraftig. Dette vert gjennomført som bilaterale forhandlingar, forhandlingar med fleire land samstundes eller gjennom møter i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar
Noreg fører årleg tosidige og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvalting og bevaring av fiskebestandar om gjensidig fangstløyve og fiskekvotar og om einsidig løyve for nokre land til å fiske i norske jurisdiksjonsområde.
Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltingsforum:
- å fremje ei berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming;
- å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar;
- å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltingsregima der Noreg tek del.
Rammeavtalar og overeinskomstar med andre statar
Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU, Storbritannia, Færøyane, Island og Grønland. Avtalane med Russland og trepartsavtalen med EU og Storbritannia er dei mest omfattande og gjeld felles forvalting av bestandane vi deler i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt gjensidig løyve til å fiske i fiskerisona til den andre parten og byte av kvotar. EU er forhandlingspart på vegner av Sverige og Danmark i avtalane om regulering av fisket i Skagerrak og Kattegat og om svensk fiske i Noregs økonomiske sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Avtalane omfattar dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.
Fleirparts kyststatsavtalar
Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk vårgytande sild og kolmule. Dette er bestandar som vandrar mellom sonene til fleire statar, og dei statane som har bestanden i sine soner vert kalla for kyststatar til bestanden. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden i sonene sine.
Andre statar kan også ha interesse i fisket, til dømes er Russland ikke kyststat til makrell, men fiskar makrell i internasjonalt farvatn i Norskehavet ("Smutthavet"). Statar som har ei slik interesse i bestanden, deltek i forvaltinga som observatør. På denne måten har alle partane rundt Nordaust-Atlanteren – Norge, Russland, EU, Storbritannia, Færøyane, Island og Grønland – interesser i alle dei tre store, pelagiske bestandane, om enn altså med ulike status. Noreg er kyststat til alle tre, og det same gjeld Storbritannia, Færøyene og Island.
FN-avtalen om fiske på det opne havet fra 1995 pålegg kyststatane og statar som fiskar i internasjonalt farvatn å ta del i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar. Slike Regional Fisheries Management Organizations (RFMO-ar) søkjer å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket, miljøtiltak og kontrollsamarbeid. RFMO-ane har mellom anna vore viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske).
Fiskerisamarbeidet med Russland
Fiskerisamarbeidet med EU og Storbritannia
Fiskerisamarbeidet med Færøyene
Fiskerisamarbeidet med Grønland
Internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonar
Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen
Den nordvest-atlantiske fiskeriorganisasjonen
Kommisjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis