Straffesakskjeda
Artikkel | Sist oppdatert: 23.01.2020 | Justis- og beredskapsdepartementet
Ei effektiv straffesakskjede føreset god samhandling mellom verksemdene, gode og effektive arbeidsverktøy og tilstrekkeleg kapasitet i alle ledd.
Politiet og påtalemakta utgjer dei to første ledda i straffesakskjeda. Effektiv førebygging kan redusere talet på saker i seinare ledd i kjeda. Påtalemakta har ansvar for å leie etterforskinga og førebu og føre saker for retten. Spesialeininga for politisaker etterforskar, avgjer påtale og fører for retten saker der tilsette i politiet eller påtalemakta er melde for å ha gjort ei straffbar handling i tenesta.
Dei alminnelege domstolane har ansvar for å vareta rettstryggleiken ved å avseie dommar og treffe avgjerder i straffesaker innan rimeleg tid og med høg kvalitet. I straffesaker blir det teke avgjerder knytte til spørsmålet om skuld og straff, i tillegg til avgjerder mens politietterforskinga går føre seg. Den rettsmedisinske kommisjon kvalitetssikrar rettsmedisinske erklæringar og utsegner frå sakkunnige i straffesaker. Gjenopptakingskommisjonen er eit uavhengig organ som skal ta stilling til om ein som er domfelt med rettskraftig dom, skal få ny behandling av saka si i retten. Arbeidet til kommisjonen er viktig for rettstryggleiken til enkeltmennesket.
Kriminalomsorga gjennomfører straff etter dom og stiller varetektsplassar til disposisjon for politiet. Straffa skal gjennomførast på ein måte som tek omsyn til formålet med straffa, motverkar nye straffbare handlingar, er tryggande for samfunnet og sikrar dei innsette tilfredsstillande forhold innanfor desse rammene.
Konfliktråda tilbyr gjenopprettande prosess i straffesaker der gjerningsperson, fornærma og andre saka gjeld, kan møtast og gjennom dialog komme fram til gode løysingar. Gjenopprettande prosess har til formål å gjenopprette mest mogleg av skaden offeret er påført gjennom den kriminelle handlinga. Gjenopprettande prosess kan nyttast i straffesakskjeda som eigen strafferettsleg reaksjon på påtalestadiet og domsstadiet, som deldom eller som ledd i ei straffegjennomføring. Konfliktråda er ansvarlege for gjennomføringa av straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging.
Rettane til offer og pårørande skal varetakast gjennom heile kjeda. Valdsoffererstatning blir også gitt når skadevaldaren er ukjend eller ute av stand til å gjere opp for seg.
Ei effektiv straffesakskjede føreset god samhandling mellom verksemdene, gode og effektive arbeidsverktøy og tilstrekkeleg kapasitet i alle ledd. Førebygging og motarbeiding av kriminalitet krev i tillegg innsats frå aktørar utanfor justissektoren. Godt samarbeid med andre offentlege verksemder, næringsliv og frivillige organisasjonar er derfor viktig. Eit godt internasjonalt arbeid er òg ein føresetnad for ei effektiv straffesakskjede.