Regjeringas mål for kultur og frivilligheit
Artikkel | Sist oppdatert: 12.10.2022 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Kulturen bidrar til å skape både levende lokalsamfunn og eit godt liv for den enkelte. Regjeringas kulturpolitikk vil derfor støtte opp under eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile landet og leggje til rette for eit kontinuerleg samspel mellom den profesjonelle og den frivillige kulturen.
Regjeringa vil særleg satse på den lokale og regionale kulturen. Folk skal ha tilgang til kunst og kultur, uavhengig av kven dei er, og kor dei bur.
Frivillige organisasjonar bidrar til kompetanse, læring og inkludering og gir folk i alle aldrar moglegheit til å møtast, engasjere seg og vere ein del av eit fellesskap. Regjeringa vil sikre frivilligheita god finansiering, stor fridom og ein sentral plass i samfunnet. Frivilligheita skal ha god tilgang på lokale, anlegg og utstyr, og regjeringa skal fjerne hindringar for frivillig engasjement.