Bibliotek
Artikkel | Sist oppdatert: 24.01.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Folk i heile landet skal ha tilgang på kunst og kultur. Å gjere litteratur og bøker tilgjengeleg for alle er ein viktig del av dette.
Bibliotekfeltet i Norge omfattar folke- og fylkesbibliotek, skulebibliotek, offentlege og private fag- og forskningsbibliotek og Nasjonalbiblioteket.
Kultur- og likestillingsdepartementet har det overordna, nasjonale ansvaret for bibliotekfeltet, i første rekke ved tildeling av midlar til Nasjonalbiblioteket. Kommunane har ansvar for folkebibliotek og skulebibliotek, medan fylkeskommunane har ansvar for fylkeskommunale bibliotekoppgåver og regional bibliotekutvikling. Kunnskapsdepartementet har ansvar for fag- og forskningsbibliotek knytt til universitet og høgskular. Det er folkebibliotekloven som gir overordna mål for folkebiblioteka og fordeler ansvar mellom forvaltningsnivåa.
Nasjonal bibliotekstrategi 2020-2023 – Rom for demokrati og dannelse ligg til grunn for regjeringas bibliotekpolitikk. Målet med strategien er å vidareutvikle biblioteka som relevante og viktige kunnskapsinstitusjonar som skal bidra til folkeopplysning og danning for befolkninga. Hovudgrepet i strategien er aktiv formidling, der formålet er å nå ut til dei som ikkje bruker biblioteket. Hausten 2023 la Kultur- og likestillingsdepartementet fram ei utvida nasjonal bibliotekstrategi. Føremålet med denne er å styrke arbeidet med leselyst og formidling i biblioteka, og å styrke arbeidet med nasjonal, digital infrastruktur for biblioteka. Utvida bibliotekstrategi vil gjelde ut 2025.
- Nasjonal bibliotekstrategi 2020-2023 - Rom for demokrati og dannelse - regjeringen.no
- Utvidet nasjonal bibliotekstrategi - ut 2025: Rom for demokrati og dannelse - regjeringen.no
Nasjonalbiblioteket
Vitnemål om norsk kultur og samfunnsliv skal vere tilgjengeleg for alle. Nasjonalbiblioteket skal bidra til at biblioteka bli styrkt som formidlarar av litteratur, kunnskap og kulturarv, og dessutan digitalisere dokumentbasert kulturarv frå norske arkiv, bibliotek og museum. Nasjonalbiblioteket skal òg sikre og bevare pliktavlevert materiale og andre samlingar, og arbeide for auka interesse for og bruk av samlinga.
I tillegg har Nasjonalbiblioteket eit særskilt ansvar for å utvikle og styrke biblioteka i Norge som aktive og aktuelle samfunnsinstitusjonar. Dette vert gjort ved å følgje opp tiltak i den nasjonale bibliotekstrategien. Nasjonalbiblioteket forvaltar prosjekt- og utviklingsmiddel til dette formålet, og har òg ansvar for forvalting av tilskot til ei rekke bibliotek- og litteraturtiltak, som til dømes Norsk barnebokinstitutt, Foreningen !les og Leser søker bok, samt tilskot til bibliotekteneste i fengsel.
Frå 1. juli 2023 vart Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek innlemma i Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket har dermed overtatt ansvaret for å produsere og låne ut lydbøker, e-bøker og bøker i punktskrift for personar som på grunn av ei funksjonsnedsetting har vanskar med å lese visuell tekst og vanlege bøker. Nasjonalbiblioteket skal bidra til å vidareutvikle og styrke tilbodet til denne målgruppa.
Nasjonalbiblioteket er lokalisert i Oslo og i Mo i Rana. Nasjonalbiblioteket i Oslo har ansvar for verksemda sine tenester ut til publikum. Det omfattar mellom anna drift av lesesalar og forskarplassar samt formidlingsaktivitet som fysiske arrangement, permanente og midlertidige utstillingar. Avdeling for bibliotekutvikling samt ressursar knytt til Nasjonalbiblioteket sin forskingsaktivitet og oppgåver overtatt frå Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek ligg òg her.
Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana har mellom anna ansvar for å samle inn, bevare og gjere tilgjengeleg alt materiale som er publisert for norsk offentlegheit - det vil seie alt pliktavlevert materiale. Kulturarvmateriale frå norske arkiv, bibliotek og museum vert òg digitalisert og tatt vare på ved dette anlegget. I tillegg ligg Nasjonalbiblioteket sitt depotbibliotek i Mo i Rana. Nasjonalbiblioteket si samling av fysisk og digitalt materiale vert sikra i store sikringsmagasin i fjellet i Mo i Rana, og her ligg òg eit eige sikringsmagasin for arkivmateriale frå Arkivverket.