Regional næringsutvikling
Dato: 03.10.2018 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Ulike delar av landet er forskjellige med omsyn til geografi, ressursar, historie og kultur. Det gir ulike rammer for verksemder og næringsmiljø og ulik tilgang på relevante samarbeidspartnarar, kunnskap og kompetent arbeidskraft. For å nå målet om regional balanse må ein difor tilpasse arbeidet for næringsutvikling i regionale arbeidsmarknader til regionale tilhøve.
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) skil mellom regional næringsutvikling (i heile landet) og næringsutvikling i distriktsområde (områder med spreidd busetnad og store avstandar). Distriktsområde har ofte små arbeidsmarknader, mindre variert næringsstruktur, små næringsmiljø, store avstandar og ein mindre nærmarknad. Distriktspolitikken representerer særskild innsats retta mot område med spreidd busetnad og store avstandar. Regional næringsutvikling handlar om å utnytte dei regionale forskjellane til beste for den enkelte region. Å bygge vidare på styrkene regionen har, innan nærings- og kompetansestruktur betrar potensialet for næringsutvikling i ein region.
Gode rammevilkår er avgjerande for verksemder og regionar
Arbeidsplassar er ein føresetnad for vekstkraftige regionar. Stabile og gode rammevilkår er framfor alt viktig for at næringslivet skal kunne skape og ta vare på arbeidsplassar. Sentrale rammevilkår er i hovudsak kronekurs, rentenivå, skatte- og avgiftsregime, lovar og reglar, tilgang til marknader og offentlege tenester. Transportinfrastruktur og infrastruktur for kunnskap og kompetanse er og heilt sentrale faktorar.
Differensiert arbeidsgjevaravgift
I rammevilkåra ligg òg reduksjon i arbeidsgjevaravgifta i særskilte område i landet. Storleiken på avgiftsreduksjonen varierer ut frå kvar verksemda er lokalisert. Ordninga er den mest omfattande ordninga med ei distriktspolitisk grunngjeving.
Regionale omsyn i alle sektorar
Kommunal- og distriktsdepartementet har ei viktig samordningsrolle. Departementet skal gjere sitt til at tiltak og prioriteringar i dei ulike sektorane gjev grunnlag for regional balanse gjennom vekstkraft, likeverdige levekår og berekraftige regionar.
Døme på ordningar for bedrifter i verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte
Den næringsretta regional- og distriktspolitiske innsatsen omfattar fleire ulike tiltak. Mange av ordningane er landsdekkande, og er finansiert over fleire departement sine budsjett, særleg Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). Som del av den regionale næringspolitikken, finansierer KDD mellom anna klyngeprogram og bedriftsnettverk i Innovasjon Noreg, Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION) i Forskningsrådet og Inkubasjonsprogrammet i Siva.
Den distriktsretta næringspolitikken inkluderer mellom anna ordningar som distriktsretta låne-, garanti- og tilskotsordningar, ei mentorteneste for gründerar, tilskot til næringshagar og til butikkar i område med få innbyggjarar. I tillegg bidreg KDD med finansiering til Bioraffineringsprogrammet.
Særskilt innsats i omstillingskommunar
I enkelte tilfelle er tapet av arbeidsplassar i ein kommune på kort tid så stort at staten og fylkeskommunane kan stille opp med særskilte verkemiddel.
Distriktsretta investeringsstøtte
Nokre ordningar kan berre nyttast innafor det distriktspolitiske verkeområdet. Dette gjeld mellom anna distriktsretta investeringsstøtte, som Innovasjon Noreg gjev. Denne ordninga er heimla i EU-retningslinene for regionalstøtte, som gjeld i heile EU/EØS-området. Reglane for offentleg stønad tillèt noko høgare støtte til bedrifter som er lokaliserte i verkeområdet, samanlikna med andre bedrifter.
Er du på jakt etter informasjon om ordningar bedrifta di kan søkje om? Gå til kommunen din, Innovasjon Norge, Siva eller Norges forskningsråd.
Fylkeskommunane er sentrale i norsk næringspolitikk
Utfordringane i arbeids- og næringslivet varierer, i og mellom fylka. Det krev ein regionalt tilpassa næringspolitikk. Både regjeringa, OECD og EU tilrår å utnytte desse forskjellane, for å auke verdiskapinga.
Smart spesialisering er ein metode fylkeskommunane bør nytte i sitt strategiske arbeid for næringsutvikling, kompetanse, forsking og innovasjon. Strategiar for smart spesialisering skal fremme fornying og omstilling, ved å styrke utviklinga på dei næringsområda der regionen effektivt kan kople ressursar og kompetansefortrinn med marknadspotensial.
For operativt å kunne tilpasse næringspolitikken til eigen region sine fortrinn, forvaltar fylkeskommunane store delar av dei regional- og distriktspolitiske midlane. Basert på prioriteringar regionalt, gjev fylkeskommunane oppdrag til Innovasjon Noreg, Siva og Forskingsrådet. Dei brukar og ein del av midlane på prosjekt som skal leggje til rette for utvikling av bedrifter i eige fylke.
Kvart år inviterer KDD alle fylkeskommunane til ein verkstad for regional utvikling. Verkstaden er ein arena for fylkeskommunane og deira medspelarar, for erfaringsdeling og utvikling av god praksis.
Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet
Dei nasjonale verkemiddelaktørane har ei viktig rolle i arbeidet med å realisere måla innan regional- og distriktsretta næringsutvikling. Innovasjon Norge skal utløyse samfunnsøkonomisk lønsam næringsutvikling basert på regionane sine næringsmessige moglegheiter. Siva skal, gjennom fysisk og organisatorisk infrastruktur, utvikle oppstarts- og innovasjonsmiljø og bedriftsfellesskap. Forskningsrådet skal arbeide for at næringslivet etterspør meir forsking, forskar meir, og at forskingsresultat i større grad blir teken i bruk.