Merkur-programmet
Dato: 09.03.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar (Merkur-programmet) er eit utviklings- og kompetanseprogram for dei minste daglegvarebutikkane i distrikta. Målet for Merkur er å sikre innbyggjarane i distrikta tilgang til ein nærliggjande daglegvarebutikk med god kvalitet og med tilleggstenester som aukar omsettinga, sikrar videre drift og gir innbyggjarane i lokalsamfunnet betre tenester.
Merkur-programmet skal bidra til å styrke den butikkfaglege kompetansen og auke talet på ulike tenester i butikkane. Det er Kommunal- og distriktsdepartementet som står bak og finansierar programmet.
Servicesenter i bygda
Butikken er både ein salsstad for daglegvarer og ein viktig møteplass i bygda.
Mange av Merkur-butikkane er blitt bygda sitt servicesenter, med post, tipping, apotekvarer, lokal mat, kommunal informasjon, drivstoff og ulike tenester for tilreisande turistar. Slike tilleggstenester gir butikken fleire bein å stå på, samstundes som folk i bygda får eit betre tenestetilbod.
Kompetanseprogram
Eit viktig element i verktøykassa til Merkur-programmet er kompetansebygging for butikkdrivarar. Merkur utvikling er grunnpilaren i Merkur, og blir gjennomført i regi av dei regionale Merkur-konsulentane. Siktemålet er å bidra til å utvikle kompetansen til Merkur-kjøpmenn gjennom kunnskap, nettverk og verktøy for å styrke lønsemda i butikken. Det er om å gjere å finne nye kjelder til inntekt, og utvikle butikken i eit samspel med kommunen og bygda.
Kompetansedelen av Merkur blei fornya i 2020, i eit samarbeid mellom Distriktssenteret, Merkur-konsulentane og styret for Merkur-programmet. Merkur utvikling ble tidlegare omtalt som Merkurs «hovudprogram»
Merkur har 10 godkjente konsulentar fordelt utover heile Norge. Merkur-konsulentane er aktive medspelarar for bygdene og butikkdrivarane. Dei kan hjelpe til med kundeundersøkingar/folkemøte, hjelp til omstilling eller nye organisasjonsløysingar som kan bidra til vidare drift. Talet på Merkur-butikkar er stabilt. Merkur-programmet er ein medverkande årsak til det.
MerkurBok
Merkur har eit eige utviklingsprogram for distriktsbokhandlarar. Gjennom å delta i utviklingsprogrammet får drivarane ny kunnskap, nettverk og verktøy for å styrke lønsemda i butikken, finne nye kjelder til inntekt og utvikle butikken i samspel med kommunen og staden der bokhandlaren ligg.
Støtte til investeringar
Dei fleste små butikkar i distrikta har utfordringar med økonomien. Dei økonomiske støtteordningane som finst i Merkur-programmet er derfor eit viktig bidrag for å sikre vidare drift, og for å utvikle tilbodet til butikkane. Dei siste åra har det derfor blitt bygd opp ulike tilskotsordningar for Merkur-butikkar gjennom Merkur-programmet, jf. Merkur-forskrifta:
- Investeringsstøtte til daglegvarebutikkar: Investeringsstøtta skal bidra til at daglegvarebutikkar blir moderniserte, meir lønnsame og gir innbyggjarane i lokalsamfunnet betre tenester.Det blir gitt investeringsstøtte til fysiske investeringar i butikkane. Dei siste åra har det vore ei sterk satsing på tekniske løysingar for sjølvbetjente butikkar og invvesteringar i ENØK-tiltak.
- Utviklingsstøtte til daglegvarebutikkar: Utviklingsstøtte skal vere med på å byggje opp større kompetanse i daglegvarebutikken, mobilisere bygdefolket til lokal handel, og leggje til rette for tilleggsaktivitetar i butikken som passar best for lokalsamfunnet.
- Servicetilskot til dei minste daglegvarebutikkane: Servicetilskotet skal bidra til å oppretthalde dei aller minste daglegvarebutikkane. Servicetilskotet skal bidra til tilleggsoppgåver til lokalsamfunnet og det lokale næringslivet.
- Investeringstilskot til drivstoffanlegg/ladestasjon for elbil ved daglegvarebutikkar: Investeringsstøtta til drivstoffanlegg skal tryggje drivstofftilgangen i distrikta. Investeringsstøtta skal gå til opprusting av eksisterande og etablering av nye drivstoffanlegg/ladestasjon for elbil i tilknytting til daglegvarebutikkar.
- Utviklingstilskot til bokhandlar: Utviklingstilskotet skal bidra til å styrkje grunnlaget for lønnsam bokhandeldrift i distrikta.
For å kunne søkje om støtte frå desse ordningane må ein oppfylle ulike krav, mellom anna knytt til omsetnad, avstand til næraste innkjøpsalternativ og tal på husstandar i nærområdet.
Tilskotsordningane har gjort det mogleg for butikkdrivarar å modernisere og utvikle marginale daglegvarebutikkar, slik at butikkane har blitt meir attraktive for kundane, meir konkurransedyktige og meir berekraftige.
Stortinget har gitt Merkur-programmet ei ramme på 61,3 millionar kroner for 2022.