Tekstil

Tekstilsektoren står for ein stadig aukande miljøpåverknad. Noreg er eit lite tekstilland, med svært liten eigen produksjon. I same stund er Noreg ein storforbrukar av tekstil.

Brukte klær til salgs hos Fretex
Noreg er eit lite tekstilland, med svært liten eigen produksjon. I same stund er Noreg ein storforbrukar av tekstil. Foto: Veronica Turnage/Klima- og miljødepartementet

Omkring 80.000 tonn tekstil vert sett på marknaden i Noreg kvart år. Det tilsvarar 15 kilo per innbyggar. Arbeidet med å sikre ein meir berekraftig og sirkulær tekstilbransje får stadig meir merksemd både nasjonalt og internasjonalt.

Svært miljøkrevjande produksjon

Miljø- og klimapåverknaden av den globale tekstilproduksjonen er eit aukande problem. Produksjonen av syntetiske fibrar og naturfibrar har store utfordringar knyta til ressursbruk, forureining og klimagassutslepp.

I Europa kjem tekstilsektoren på fjerdeplass når det gjeld bruk av jomfruelege råmateriale og vatn (etter mat, bustad og transport), og på femteplass når det gjeld klimagassutslepp. Det er estimert at 80 prosent av miljøkonsekvensane av europeisk tekstilforbruk skjer utanfor Europa.

Konsekvensar i heile livslaupet

Det er ikkje bere knyta miljø- og klimautfordringa til produksjonen, men òg transport, bruk og handtering av tekstilavfall påverkar miljøet. Tal frå EU viser at rundt 500.000 tonn mikroplast enda i havet etter vask av syntetiske tekstil kvart år.

I tillegg har mengda tekstilavfall frå norske hushald dobla seg dei siste 20 åra. Om lag 50 prosent av desse tekstilane enda i restavfallet og vert brent i Noreg, noko som er ei kjelde til klimagassutslepp då mykje av tekstilane inneheld syntetiske, fossilbaserte fiber.

Dei resterande tekstilane vert donert til frivillige organisasjonar som Fretex, UFF og Røde Kors til gjenbruk. Om lag 97 prosent av desse tekstilane vert eksportert til gjenbruksmarknaden utanfor Noreg.

Manglar avfallsløysingar

Det finst svært få alternativ til gjenbruk, forbrenning eller deponi, då teknologien knyta til materialattvinning av tekstil framleis er umoden. Tekstil inneheld ofte ulike type fiber, som gjer at det finst svært få løysningar for såkalla fiber-til-fiber-attvinning. Det vil krevje endringar i både design og produksjonen av tekstilar samt at det må utviklast teknologi som gjer det mogleg å attvinne tekstilar.

Det viktigaste grepet er framleis å redusere mengda tekstil som vert sett på marknaden og at ein større del tekstilar går til gjenbruk framfør destruksjon ved forbrenning.

Tekstilstrategi til EU

Tekstil er òg ein av sju nøkkelverdikjeder peika ut i EU sin handlingsplan for sirkulær økonomi. I mars 2022 lanserte EU-kommisjonen ein eigen tekstilstrategi med mål om å redusere miljøbelastninga frå tekstil i heile verdikjeda. Dette inneber at det kjem krav til design og haldbarheit som skal gjera det enklare å nytta kler om att, reparere dei og materialattvinne dei. Bruk av kjemikaliar skal òg ned.

Strategien tek for seg fleire tiltak for å sikre ein meir sirkulær og berekraftig bransje, inkludert utvida produsentansvar for tekstil. EU-kommisjonen varsla at forslag om produsentansvar kjem i revideringa av rammedirektivet for avfall i 2023.

Kva gjer norske myndigheiter?

Noreg skal ha på plass separat utsortering av tekstil frå hushald innan 2025. Dette vert eit krav i heile EØS-området. Miljødirektoratet har levert ei tilråding om korleis dette kan gjennomførast og Klima- og miljødepartementet vil nå vurdere forslaga. Det skal òg setjast i gang eit arbeid for å greie ut korleis eit produsentansvar i Noreg kan utformast.

Det har òg vore halde eit innspelsmøte med dei sentrale aktørane i bransjen kor Klima- og miljøministeren fekk deira innspel til korleis tekstilsektoren kan verte meir sirkulær og berekraftig.

Søppelfylling utenfor Kenyas hovedstad Nairobi
Miljø- og klimapåverknaden av den globale tekstilproduksjonen er eit aukande problem. Foto: Martin Lerberg Fossum/Klima- og miljødepartmentet