Statistikk om innvandring
Artikkel | Sist oppdatert: 07.11.2024 | Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet bruker statistikk frå Statistisk sentralbyrå og underliggande verksemder for å følgje med utviklinga på innvandringsområdet.
Du finn oppdatert og relevant statistikk om innvandring via lenkene under.
Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer statistikk og analysar om innvandring, innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Det gir eit bilete av omfanget av innvandring til Noreg og busettingsmønster, sysselsetting og levekår blant innvandrarar.
Utlendingsdirektoratet (UDI) publiserer tal for asylsøkarar, arbeidsinnvandring, familieinnvandring, statsborgarskap og andre typar søknadar UDI behandlar.
Utlendingsnemnda (UNE) publiserer kvar tredje månad nøkkeltal for saksbehandling i nemnda.
Politiets utlendingseining (PU) publiserer kvar månad statistikk for uttransporteringar, som er talet på personar som blir sendt ut av Noreg fordi dei ikkje har lov til å vere her.