Tilsynsmyndigheitene

Tilsynsmyndigheitene består av Statens helsetilsyn og statsforvaltarane. Statens helsetilsyn har det overordna faglege tilsynet med barneverntenester, sosiale tenester i Nav, helse- og omsorgstenester og folkehelsearbeidet.

Statens helsetilsyn er fagleg uavhengig og har det overordna tilsynsansvaret med sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester, einslege mindreårige i asylmottak, folkehelsearbeid, og skal utøve myndigheit i samsvar med det som er fastsett i lover og forskrifter.

Statsforvaltaren er regional tilsynsmyndigheit og klageinstans på tilsynsområda, og er direkte underlagt Helsetilsynet på desse områda.

Skal vareta utsette grupper

Det overordna faglege tilsynsansvaret inneber å ha oversikt over sosiale og helsemessige forhold i befolkninga, med særleg vekt på tenestene si plikt til å oppfylle rettane til utsette grupper. 

Som overordna myndigheit er det også Statens helsetilsyn sitt ansvar å ha god styring av tilsynet med tenestene. Dei skal sørge for koordinering og harmonisering av tilsynet, vedlikehald og styrking av kompetanse, utvikling av tilsynsmetodikk, oppfølging av tilsyn og formidling av tilsynserfaringar.

Plikt til å varsle

Alle verksemder som yter helse- og omsorgstenester har plikt til å varsle Statens helsetilsyn om dødsfall og svært alvorleg skade på pasient eller brukar som har samanheng med helsehjelpa. Varslingsplikta gjeld når utfallet er utanfor pårekneleg risiko.

Pasientar, brukarar og næraste pårørande har rett til å varsle om slike hendingar. Statens helsetilsyn eller statsforvaltaren følger opp varsla i samsvar med det som følger av lover og forskrifter.

Rettstryggleik og forsvarleg drift

Tilsynsmyndigheitene si klagebehandling, tilsyn og rådgiving skal medverke til at:

  • Rettstryggleik, pasientsikkerheit og befolkninga sine behov for tenester blir ivaretatt.
  • Sosiale tenester og helse- og omsorgstenester blir drive forsvarleg og folkehelsearbeid blir ivaretatt.
  • Barneverntenester er forsvarlege og til barnas beste.
  • Svikt i tenestene blir avdekka, følgt opp og førebygd.
  • Befolkninga har tillit til tenestene og personell. 

Relevante lovar på feltet

Helse- og omsorgstenester, sosiale tenester i Nav og barneverntenester er regulerte gjennom eit sett av lover og forskrifter som forpliktar alle som yter tenester.

Lovverket stiller krav til kva tenester som skal vere på plass, kva som er forsvarlege tenester, saksbehandling, befolkninga sine rettar osb. Tenesteytarane – både private og offentlege – har ansvar for å overhalde desse krava.

Som ein tryggleik fører myndigheitene tilsyn med at dette skjer, og med at alle som yter tenester sjølve kontrollerer at verksemda er i tråd med krava.

Involvering av partane

Tilsynet rettar seg både mot verksemder og mot helsepersonell. Helsepersonell har pålagde plikter i helsepersonelloven (lovdata.no). Tilsynsmyndigheitene skal så langt som mogleg involvere pasientar, brukarar og pårørande i alt tilsyn. 

Statens helsepersonellnemnd behandlar klager på vedtak frå Statens helsetilsyn som gjeld administrative reaksjonar mot helsepersonell og klager på vedtak frå Helsedirektoratet som gjeld avslag på autorisasjon, lisens og spesialistgodkjenning til helsepersonell.