Tannhelsetenesta
Artikkel | Sist oppdatert: 14.08.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Tannhelsetenesta i Noreg består av ein offentleg sektor som yter tannhelsetenester til delar av befolkninga etter lov om tannhelsetenesta, og ein privat sektor som tilbyr tannhelsetenester til den øvrige befolkninga.
Den offentlege tannhelsetenesta er organisert under fylkeskommunen.
Fylkeskommunen skal både organisere førebyggande tiltak for heile befolkninga og gi eit regelmessig og oppsøkande tilbod om tannhelsetenester til gitte grupper i tannhelsetenestelova si § 1-3 (lovdata.no).
Kven er omfatta av lova?
Desse gruppene er omfatat av tannhelsetenestelova:
- Barn og ungdom 0–18 år
- Personar med psykisk utviklingshemming
- Eldre langtidssjuke og uføre i institusjon og heimeteneste
- Unge vaksne mellom 19 og 24 år*
- Personar med rusmiddelliding som mottar bestemte helse- og omsorgstenester
- Insette i fengsel
- Andre grupper som fylkeskommunen har vedtatt å prioritere
* Denne gruppa betaler ein eigenandel. Eigenbetalinga skal ikkje vere høgare enn 25 prosent av departementet sine fastsette takstar (inkludert eventuelle utgifter til tanntekniske arbeid). Gruppa inkluderer dei som fyller 19 og 24 år i behandlingsåret.
I tillegg får nokre grupper gratis tannhelsehjelp basert på Stortinget sine budsjettvedtak. Dette gjeld personar utsette for tortur/overgrep og med odontofobi, innsette i fengsel og personar som har problem med eller er avhengig av rus.
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2024 er det vedtatt at vaksne som fyller 25 eller 26 år i behandlingsåret også skal få tilsvarande tannhelsetilbod som aldersgruppa 19–24 år.
Ytingar til vaksne
Den offentlege tannhelsetenesta kan i tillegg yte tenester til vaksne pasientar mot betaling etter fylkeskommunen sine føresegner og fastsette takstar.
Fylkeskommunen skal sørge for å tilby slike tenester i område av fylket der det ikkje føreligg anna tilstrekkeleg tilbod.
Fylkeskommunen skal også sørge for at tannhelsetenester, inkludert spesialisttenester, er tilgjengelege for alle som bur eller oppheld seg i fylket. Fylkeskommunen har eit samordningsansvar for den offentlege (fylkeskommunale) tenesta og privat sektor.
Odontologiske kompetansesenter
Det finst i tillegg fem regionale odontologiske kompetansesenter. Fylkeskommunane er ansvarlege for desse kompetansesentra, som blir drifta gjennom statlege tilskot.
Kompetansesentra skal styrke spesialisttilbodet til pasientar med rettar etter tannhelsetenestelova og sikre at det også finst ei desentralisert spesialistutdanning av tannlegar.
Kompetansesentra har dessutan ein særskild rolle opp mot forsking og fagutvikling på tannhelsefeltet.
Sjukdomstilstandar i munnhola
Personar med gitte lidingar og/eller sjukdomstilstandar i munnhola kan få offentleg finansierte tannhelsetenester etter folketrygdens regelverk.
Størstedelen av tannbehandling med trygdefinansiering blir utført i privat sektor. Fleirtalet av pasientar i privat sektor er vaksne betalande pasientar samt yngre pasientar som får kjeveortopedisk behandling.
Det er fri prissetting i privat sektor, og det inneber at kostnadene for utført behandling ikkje samsvarer med departementet sine fastsette takstar. Viss ein har dårleg råd, kan ein søke Nav om økonomisk sosialhjelp til å dekke utgifter til tannlege.
Den unge voksengruppa (21 til 26 år)
Gjennom budsjettforlik med SV har det offentlege tannhelsetilbodet til unge vaksne blitt styrka i 2022, 2023 og 2024.
Frå 1. juli 2024 får unge vaksne i alderen 21–24 år lovfesta rettar i tannhelsetjenesteloven med 75 prosent rabatt.
Etter behandlinga i revidert nasjonalbudsjett 2024 får også 25- og 26-åringane det same rabatterte tannhelsetilbodet, men det er ikkje lovfesta enno. Innrettinga på tilbodet er den same som for vaksne i alderen 19–24 år.