Sporbar matproduksjon
Artikkel | Sist oppdatert: 08.11.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
For å unngå at matvarer som kan medføre helsefare når ut til forbrukarane, er det avgjerande å ha rask tilgang til riktige opplysningar om matvarene. Derfor er kravet til at matvarer og andre næringsmiddel er sporbart grunnleggande i matregelverket.
Sporingsopplysningar kan også bidra til at forbrukarane får målretta og nøyaktig informasjon om maten dei kjøper.
Matloven har som grunnkrav at all mat, alt fôr og alle innsatsvarer skal vere trygge. For matvarer betyr det at dei ikkje skal vere helseskadelege eller ueigna for menneskeleg konsum.
Den enkelte verksemda har ansvar for å oppfylle alle relevante krav i regelverket. Mattilsynet fører tilsyn med at verksemdene følger desse krava.
Reglane om sporbar mat
På 1990-talet var det fleire store matskandalar, mellom anna knytt til kugalskap og dioksinar. Det var vanskeleg å spore kor i matproduksjonskjeda helsefarane hadde oppstått og kvar dei helsefarlege produkta hadde blitt av.
Behovet for å etablere krav til sporing i heile matproduksjonskjeda var openberr. For å kunne handtere liknande situasjonar på forsvarleg vis, ga EU nye allmenne reglar om sporing i matlovsforordninga. Den blei vedtatt i 2002. Reglane er ein del av EØS-avtalen, og felles for medlemsstatane i EU, Noreg og Island.
- Forskrift om allmenne prinsipper og krav i næringsmiddelregelverket (matlovsforskriften) (lovdata.no)
- Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskriften) (lovdata.no)
Kva betyr sporing av mat?
Med sporing av mat meiner vi moglegheita til å spore og følge eit næringsmiddel, eit fôr, eit dyr bestemt til næringsmiddelproduksjon eller eit stoff som er bestemt til eller kan forventast å bli tilsett næringsmiddel eller fôr, gjennom alle ledd i produksjon, bearbeiding og distribusjon.
Driftsansvarlege for næringsmiddel- og fôrverksemder skal kunne identifisere kven dei har mottatt produkt frå og kven dei har levert produkt til.
Det er eit krav at verksemdene skal etablere hensiktsmessige ordningar og framgangsmåtar for å handtere sporingsopplysningane sine og for at dei skal kunne gjere opplysningane tilgjengelege for tilsynsmyndigheita på førespurnad. I Noreg er Mattilsynet tilsynsmyndigheit.
Viktige verktøy
Sporing av mat og ordningar for å handtere sporingsopplysningar gir i seg sjølv ikkje trygge matvarer eller fôr, men er viktige verktøy for å gjere verksemdene i stand til å ivareta sitt ansvar for mattryggleik og informasjon om matvarene og dei andre næringsmidla.
Sporingsopplysningane skal særleg bidra til å:
- sikre rask og målretta tilbaketrekking av matvarer og fôr som ikkje er trygge
- gi grunnlag for målretta og nøyaktig informasjon til forbrukarane om maten
- sette Mattilsynet i stand til å vurdere og eventuelt handtere risikoar som verksemdene ikkje kan handtere på eiga hand
Ansvar og samspel
Ein må sjå reglane om sporing av mat i samanheng med dei øvrige allmenne krava i matlovsforskriften (artiklane 14 - 20). Mat og fôr som ikkje er i samsvar med krava til tryggleik, skal ikkje vere på marknaden. Den som framstiller og omset mat og fôr, har ansvar for å sikre dette.
Dersom eit produkt som ikkje er trygt har kome ut på marknaden, skal verksemdene umiddelbart sørge for at det blir treft tiltak for å trekke produktet tilbake frå marknaden og varsle Mattilsynet.
Dersom produktet kan ha nådd forbrukar, skal verksemda på effektiv og nøyaktig måte opplyse forbrukarane om årsaka til at det blir trekt tilbake. Om nødvendig skal verksemda kalle tilbake frå forbrukarane produkt som allereie har nådd ut til dei.
Tiltak for å trekke tilbake mat
Verksemder som driv detaljhandel eller distribusjon, skal innanfor ramma av si verksemd, treffe tiltak for å trekke tilbake frå marknaden produkt som ikkje oppfyller krava til tryggleik.
Dei skal vidareformidle nødvendige opplysningar for å spore eit produkt i samarbeid med andre aktørar i matproduksjonskjeda og/eller Mattilsynet. Den enkelte verksemda sine sporingsopplysningar er også avgjerande for å hindre at andre verksemder omset produkt som ikkje er trygge.
På førespurnad skal verksemdene kunne presentere sporingsopplysningar dei sit inne med for Mattilsynet. I enkelte tilfelle kan dette vere ein føresetnad for rask og effektiv handtering, særleg når det har oppstått situasjonar som har usikker årsak og som rører fleire ledd i matproduksjonskjeda.
Handtering av slike situasjonar kan krevje at Mattilsynet ser sporingsopplysningar frå fleire aktørar i samanheng. Døme på dette er nasjonale eller internasjonale utbrot av matborne sjukdomar.