Kavliprisane

Kavliprisen vert delte ut for framifrå vitskapeleg arbeid innanfor fagområda nevrovitskap, nanovitskap og astrofysikk. Prisen skal òg auke merksemda om fagområda og fremje internasjonalt samarbeid mellom forskarar.

Kavliprisen vart etablert i 2005 og er eit samarbeid mellom Kavli Foundation, Det Norske Videnskaps-Akademi og Kunnskapsdepartementet. Kavliprisane vert delte ut annakvart år. Kvar pris består av ein medalje, eit diplom og 1 million amerikanske dollar.

Vinnarar av Kavliprisane

  Astrofysikk Nanovitskap Nevrovitskap
2024 Sara Seager og David Charbonneau Robert S. Langer, Armand Paul Alivisatos og Chad A. Mirkin Nancy Kanwisher, Doris Tsao og Winrich Freiwald
2022 Conny Aerts, Jørgen Christensen-Dalsgaard og Roger Ulrich David L. Allara, Ralph G. Nuzzo, Jacob Sagiv og George Whitesides Jean-Louis Mandel,
Harry T. Orr, Christopher A. Walsh og
Huda Y. Zoghbi
2020 Andrew Fabian Harald Rose, Maximilian Haider, Knut Urban og  Ondrej L Krivanek  David Julius og Ardem Patapoutian 
2018 Ewine van Dishoeck Emmanuelle Charpentier, Jennifer A. Doudna og Virginijus Šikšnys A. James Hudspeth, Robert Fettiplace og Christine Petit
2016 Ronald W.P. Drever, Kip S. Thorne og Rainer Weiss Gerd Binnig, Christoph Gerber og Calvin Quate Eve Marder, Michael M. Merzenich og Carla J. Shatz
2014 Alan H. Guth, Andrei D. Linde og Alexei A. Starobinsky Thomas W. Ebbesen, Stefan W. Hell og Sir John B. Pendry Brenda Milner, John O’Keefe og Marcus E. Raichle
2012 David Jewitt, Jane X. Luu og Michael Edwards Brown Mildred S. Dresselhaus Cornelia Isabella Bargmann, Winfried Denk og Ann Martin Graybiel
2010 Jerry Nelson, Ray Wilson og Roger Angel Donald Eigler og Nadrian Seeman Thomas Südhof, Richard Scheller og James Rothman
2008 Maarten Schmidt og Donald Lynden-Bell Louis E. Brus og Sumio Iijima Pasko Rakic, Thomas Jessell og Sten Grillner

Kavli Foundation vart oppretta av Fred Kavli (1927–2013) i år 2000 for å fremje vitskap til gunst for menneskeslekta. I tillegg til Kavliprisane støttar stiftinga òg ei rekke Kavli-institutt, som er verdsleiande forskingsgrupper innanfor astrofysikk, nanovitskap, nevrovitskap og teoretisk fysikk. Stiftinga finansierer òg Kavli-professorat, vitskaplege og populærvitskaplege møte og andre tiltak for å auke interessa for forsking i samfunnet generelt.

Fred Kavli vart fødd i Eresfjord i Noreg i 1927. Han utvandra like etter å ha utdanna seg innanfor ingeniørfag og teoretisk fysikk ved Noregs tekniske høgskole i 1955, og busette seg i USA i 1956. To år seinare etablerte han selskapet Kavlico Corporation, som utvikla seg til ein av dei verdsleiande produsentane av sensorar til køyretøy, fly og romfartøy. Kavli Foundation vart oppretta i samband med at Kavlico vart selt i 2000.

 Kavliprisveka

Kavliprisveka er tidlig i september annakvart år. I tillegg til prisutdeling i Oslo Konserthus og regjeringas bankett i Oslo Rådhus til ære for prisvinnarane, inneheld veka ein rekke arrangement innan de tre fagområda inkludert prisvinnarforelesningar og populærvitskaplege foredrag. I Kavliprisveka deltek mange internasjonalt leiande forskarar og politikarar.

Kongen og Kavliprisvinnere 2018
Vinnerne av Kavliprisen 2018 Foto: Thomas B. Eckhoff
Alle prisvinnerene av Kavliprisen 2018 på scenen
Vinnerne av Kavliprisen 2018 Foto: Thomas Eckhoff