Holbergprisen
Artikkel | Sist oppdatert: 14.03.2024 | Kunnskapsdepartementet
Holbergprisen vert delt ut for framifrå vitskapleg arbeid innanfor humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi. Holbergprisen anerkjenner banebrytande vitskaplege prestasjonar og skal auke merksemda om verdien av samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking, bidra til å heve statusen til desse faga i samfunnet og stimulere interessa for faga blant barn og unge.
Holbergprisen vart oppretta av regjeringa i 2003 og vert forvalta av Universitetet i Bergen. Prisbeløpet er 6 millionar kroner.
Vinnarar av Holbergprisen
2024 | Achille Mbembe |
2023 | Joan Martinez-Alier |
2022 | Sheila Jasanoff |
2021 | Martha C. Nussbaum |
2020 | Griselda Pollock |
2019 | Paul Gilroy |
2018 | Cass R. Sunstein |
2017 | Onora O'Neill |
2016 | Stephen Greenblatt |
2015 | Marina Warner |
2014 | Michael Cook |
2013 | Bruno Latour |
2012 | Manuel Castells |
2011 | Jürgen Heinz Kocka |
2010 | Natalie Z. Davis |
2009 | Ian M. Hacking |
2008 | Fredric Jameson |
2007 | Ronald Dworkin |
2006 | Shmuel N. Eisenstadt |
2005 | Jürgen Habermas |
2004 | Julia Kristeva |
Nils Klim-prisen
Nils Klim-prisen vert delt ut til ein yngre forskar i eller frå Norden innanfor fagområda humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi. Nils Klim-prisvinnaren må vere under 35 år ved nominasjonen, og må ha gitt et markert bidrag til forskinga innanfor feltet sitt. Det vert lagt vekt på evna til sjølvstende og nyskaping i forskinga.
Vinnarar av Nils Klim-prisen
2023 | Simona Zetterberg-Nielsen |
2022 | Elisa Katariina Uusimäki |
2021 | Daria Gritsenko |
2020 | Fredrik Poulsen |
2019 | Finnur Dellsén |
2018 | Francesca R. Jensenius |
2017 | Katrine Vellesen Løken |
2016 | Sanja Bogojević |
2015 | Rebecca Adler-Nissen |
2014 | Terje Lohndal |
2013 | Ingvild Almås |
2012 | Sara Hobolt |
2011 | Jørn Jacobsen |
2010 | Johan Östling |
2009 | David Bloch |
2008 | Anne Birgitta Pessi |
2007 | Carina Keskitalo |
2006 | Linda Wedlin |
2005 | Dag Trygve Truslew Haug |
2004 | Claes de Vreese |
Holbergprisen i skolen
Holbergprisen i skolen er eit viktig ledd i arbeidet med å stimulere interessa blant barn og unge for fagområda som Holbergprisen representerer. Ved å gjennomføre eit forskingsarbeid i samarbeid med etablerte forskarar vert elevar i vidaregåande skole kjende med aktuelle tema, spørsmål, metodar og utfordringar ved forsking.
Holbergprisveka
Hobergprisen og Nils Klim-prisen blir delt ut årleg i starten av juni under ein høgtideleg seremoni i Universitetsaulaen i Bergen. Det er ei rekke arrangement knytt til utdelinga, blant anna prisutdeling for Holbergprisen i skolen, forelesing og symposium. Regjeringa er vertskap for ein bankett til ære for prisvinnarane i Håkonshallen.
Ludvig Holberg
Holbergprisen har namn etter den norsk-danske akademikaren og dramatikaren Ludvig Holberg (1684–1754). Hovuddelen av forfattarskapet til Holberg var faglege skrift, deriblant store verk innanfor europeisk og dansk-norsk historie, jus og statsvitskap.
Holberprisen 2017 (Foto: Thor Brødreskift/Holbergprisen)