Abelprisen
Artikkel | Sist oppdatert: 21.03.2024 | Kunnskapsdepartementet
Abelprisen vert delt ut for framifrå vitskapeleg arbeid innanfor matematikk. I tillegg til å anerkjenne banebrytande vitskapelege prestasjonar skal prisen òg auke merksemda kring matematikk i samfunnet og interessa for matematikk blant barn og unge.
Abelprisen vart oppretta av regjeringa i 2002 og vert forvalta av Det Norske Videnskaps-Akademi. Prisbeløpet er 7,5 millionar kroner.
Vinnarar av Abelprisen
2024 | Michel Talagrand |
2023 | Luis A. Caffarelli |
2022 | Dennis Parnell Sullivan |
2021 | László Lovász og Avi Wigderson |
2020 | Hillel Furstenberg og Gregory Margulis |
2019 | Karen Uhlenbeck |
2018 | Robert P. Langlands |
2017 | Yves Meyer |
2016 | Sir Andrew J. Wiles |
2015 | John F. Nash jr. og Louis Nirenberg |
2014 | Yakov G. Sinai |
2013 | Pierre Deligne |
2012 | Endre Szemerédi |
2011 | John Willard Milnor |
2010 | John Torrence Tate |
2009 | Mikhail Leonidovich Gromov |
2008 | John Griggs Thompson og Jacques Tits |
2007 | Srinivasa S.R. Varadhan |
2006 | Lennart Carleson |
2005 | Peter D. Lax |
2004 | Sir Michael Francis Atiyah og Isadore M. Singer |
2003 | Jean-Pierre Serre |
Niels Henrik Abel
Abelprisen har namn etter den norske matematikaren Niels Henrik Abel (1802–1829). Abel er den norske matematikaren som er mest kjend internasjonalt. Trass i at han døydde berre 26 år gamal, skreiv han fleire banebrytande avhandlingar.
Bernt Michael Holmboes minnepris
Gode matematikklærarar er viktige for å stimulere interessa for faget blant barn og unge. Regjeringa finansierer Bernt Michael Holmboes minnepris, som vart oppretta av Norsk matematikkråd i 2004, og delt ut første gong i 2005. Prisen går til ein eller fleire matematikklærarar eller eit matematikkmiljø i norsk grunnskole eller vidaregåande skole. Eigenskapar som det vert sett etter hos prisvinnarane, er evna til å formidle matematikk og skape interesse for faget, tilrettelegging for god undervisning, og innovasjon og nytenking. Prisen er på 100 000 kroner, som vert delt likt mellom prisvinnaren og skolen. Bernt Michael Holmboe (1795–1850) var matematikklæraren til Niels Henrik Abel.
Stimulere interessa for matematikk hos barn og unge
Blant dei faste tiltaka for å stimulere interessa for matematikk blant barn og unge, er lagkonkurransen i matematikk for elever på 9. trinn, UngeAbel, og Niels Henrik Abels matematikkonkurranse (Abelkonkurransen). Abelkonkurransen er ein konkurranse i matematisk problemløysing for elevar i den vidaregåande skolen, der dei beste deltakarane kvalifiserer seg til den internasjonale matematikkolympiaden.
Abelprisveka
Abelprisen blir delt ut årleg i slutten av mai i Universitetets aula i Oslo. Det er ei rekke arrangement knytt til utdelinga, blant anna forelesningar og arrangement for barn og unge. Regjeringa er vertskap for ein bankett til ære for prisvinnaren på Akershus slott.