Forbrukarinformasjon
Artikkel | Sist oppdatert: 23.02.2021 | Barne- og familiedepartementet
Informasjon er eit av dei mest sentrale verkemidla i forbrukarpolitikken. Forbrukarane skal ha god og tilstrekkeleg informasjon om varer og tenester som blir tilbydd i marknaden, og kunnskap om rettane dei har som forbrukarar. Informasjon fremjar forbrukarmakt og gjer det mogeleg for forbrukarane å ta opplyste val.
Forbrukarrådet
Forbrukarrådet er ei viktig kjelde til offentleg forbrukarinformasjon i Noreg. Forbrukarrådet formidlar informasjon om forbrukarane sine rettar ved kjøp av varer og tenester, og gir rettleiing i samband med forbruksval.
Forbrukarrådet har omfattande kontakt med forbrukarar gjennom forbrukerradet.no, finansportalen, straumprisportalen, tannhelseportalen, Forbrukar Europa, og gjennom telefon og e-post.
Forbrukarrådet er eit statleg forvaltingsorgan med særskilte fullmakter underlagt Barne- og familiedepartementet.
Finansportalen
Finansportalen.no er eit verktøy som tilbyr forbrukarane informasjon om og samanlikning av finansielle produkt og tenester i den norske marknaden.
Ynskjer du til dømes å investere, bytte bank eller forsikring, eller sende pengar til utlandet, er portalen eit nyttig utgangspunkt for å få oversyn over tilboda.
Tannhelseportalen
Alle som sel tannhelsetenester, må registrere prisopplysingane sine i prisportalen for tannhelsetenester, hvakostertannlegen.no.
Forbrukarane kan bruke nettsida til å samanlikne prisar på behandlingar hos tannlegar rundt om i landet.
Straumprisportalen
På strompris.no har forbrukarane tilgang til fullstendig informasjon om pris- og avtalevilkåra på straummarknaden.
Dersom du ynskjer å samanlikne din nåverande straumavtale med andre tilbod, eller bytte til ein billigare straumleverandør, er portalen eit nyttig utgangspunkt.
Forbrukar Europa
Er du i ein konkret klagesituasjon eller tvist om ei vare eller teneste du har kjøpt frå næringsdrivande over landegrensene i EU og Island, kan Forbrukar Europa vere til hjelp.
Forbrukar Europa gir generell informasjon om dei europeiske forbrukarrettane dine, og skal hjelpe deg til enkelt å kunne finne den klagenemnda som kan handsame saka di. Forbrukar Europa blir finansiert av Europakommisjonen og Forbrukartilsynet.
Forbrukartilsynet
Forbrukartilsynet har ansvar for å føre tilsyn med at marknadsføring og avtalevilkår er i samsvar med marknadsføringslova.
Forbrukartilsynet har også ansvaret for det offentlege klagehandsamingstilbodet for forbrukarsaker. Dette inneber mellom anna å være sekretariat for Forbrukarklageutvalet og vertsorganisasjon for Forbrukar Europa.
På nettsidene sine tilbyr tilsynet informasjon for både forbrukarar og næringsdrivande retta mot å førebyggje ulovleg marknadsføring og bruk av ulovlege kontraktar.
Det er lagt særleg vekt på informasjon om den digitale marknadsplassen, og på nettsida finn du mellom anna informasjon om delingsøkonomi, netthandel, telefonsal og uønskt reklame, og reklame i sosiale medium.
Merkeordningar
Det finst ei rekkje ulike merkeordningar retta mot forbrukarar på den norske marknaden. Forenkla merkesystem og symbolmerking skal medverke til å gjere det enklare for forbrukarane å ta informerte val. Ei oversikt over ulike norske merke finst på nettsida til Forbrukarrådet.
Miljømerking
Stiftinga Miljømerking blei oppretta i 1990 for å forvalte det fellesnordiske miljømerket Svanen i Noreg. Sidan 1995 forvaltar stiftinga òg det europeiske miljømerket (EU Ecolabel).
Miljømerka produkt og tenester gjennomgår ei objektiv miljøvurdering gjennom ordninga til stiftinga.
Dei offisielle miljømerka (Svanen og EU Ecolabel) varetek eit heilskapleg miljøperspektiv – gjennom heile livslaupet til produktet eller tenesta.
Merka finst på ei rekkje produkt og tenester; mellom anna reingjeringsmiddel, elektriske produkt, maling, hotell og restaurantar.
Nøkkelholet
Nøkkelholet blei innført som felles nordisk merke i 2009, og skal gjere det lettare for forbrukarane å velje sunn mat. Mat merka med Nøkkelholet viser at den inneheld mindre og sunnare feitt, mindre sukker og salt, og meir fiber og fullkorn enn andre produkt i same kategori.
Kriteria for kva for matvarer som kan få Nøkkelholet er fastsett gjennom eit samarbeid mellom norske, svenske og danske mat- og helsemyndigheiter.
Det er Helsedirektoratet og Mattilsynet som har ansvar for merkeordninga i Noreg.
Forbruksforsking
Forbruksforskingsinstituttet SIFO er eit ikkje-kommersielt tverrvitenskapelig forskningsinstitutt ved Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA) ved OsloMet.
På nettsidene sine publiserer SIFO forsking om stillinga til forbrukarane og om forbrukarpolitikk.
Anna informasjon
Departementet har i samarbeid med Mediekompasset utarbeidd eit undervisingshefte om reklame til bruk i skulen.
I heftet finn ein mellom anna opplæring i ulike verkemiddel som blir brukte i reklame, kva reklamekanalar som finst, og korleis reklamen påverkar oss. Heftet er gratis og kan lastas ned her.