16. Fred, rettferd og velfungerande institusjonar
Artikkel | Sist oppdatert: 09.01.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Fremje fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå
Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Norge.
16.1) Vesentleg redusere vald i alle former og dødstal som skriv seg frå vald, i heile verda
16.2) Stanse overgrep, utnytting, menneskehandel og alle former for vald og tortur mot barn
16.3) Fremje rettsstaten nasjonalt og internasjonalt, og sikre likskap for lova, rettstryggleik og rettsvern for alle
16.4) Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon av ulovlege finans- og våpenstraumar, gjere det enklare å spore opp og returnere stolne eigedelar og motarbeide alle former for organisert kriminalitet
16.5) Vesentleg redusere korrupsjon og bestikkingar i alle former
16.6) Utvikle effektive, ansvarlege og opne institusjonar på alle nivå
16.7) Sikre lydhøyre, inkluderande, deltakingsbaserte og representative avgjerdsprosessar på alle nivå
16.8) Utvide og styrkje deltakinga frå utviklingslanda i institusjonar for global styring
16.9) Innan 2030 sikre juridisk identitet for alle, mellom anna gjennom fødselsregistrering
16.10) Sikre allmenn tilgang til informasjon og verne grunnleggjande fridommar, i samsvar med nasjonal lovgjeving og internasjonale avtalar
16.a) Styrkje relevante nasjonale institusjonar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid, med sikte på å byggje kapasitet på alle nivå, særleg i utviklingsland, for å førebyggje vald og motarbeide terrorisme og kriminalitet
16.b) Fremje og handheve ikkje-diskriminerande lover og politikk for berekraftig utvikling
Norge har et velfungerende rettsvesen og godt utbygde og velfungerende institusjoner. Demokrati, menneskerettigheter og rettssikkerhet er en bærebjelke i det norske samfunnet. Grunnloven er et sentralt fundament for å sikre ytringsfrihet og grunnleggende rettsvern.
I 2018 ble ny lov om tiltak mot hvitvasking og terrorfinansiering innført. Denne erstattet hvitvaskingsloven fra 2009 og oppdaterte norsk regelverk i tråd med den internasjonale utviklingen.
I 2022 ble det publisert en ny nasjonal risikovurdering og et oppdatert kunnskapsgrunnlag om hvitvasking og terrorfinansiering. Regjeringen vil legge frem en stortingsmelding om økonomisk kriminalitet, som vil bidra til politikkutvikling på området, herunder mer effektiv inndragning av stjålne eiendeler og bekjempelse av organisert kriminalitet. Korrupsjon er straffbart for norske borgere både i Norge og i utlandet.
Både i Norge og internasjonalt legger regjeringen vekt på å stanse misbruk av og vold mot barn og kvinner. Regjeringen lanserte i slutten av 2023 en opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner for perioden 2024-2028. Planen inneholder over 100 tiltak, og skal bidra til at vi forebygger og beskytter bedre, avdekker flere saker og ivaretar utsatte på en mer omsorgsfull måte.
Internasjonalt har den norske innsatsen for berekraftsmål 16 fire delvis overlappande delar: Innsats for fred og tryggleik i norske nærområde, innsats for å støtte fred og stabilitet i andre statar og regionar, innsats for å fremje rettsstat, rettferd og velfungerande institusjonar og prosessar i land som treng støtte til dette, og internasjonal innsats for å førebyggje og kjempe mot korrupsjon og tilhøyrande ulovleg kapitalflyt.
Den russiske angrepskrigen mot Ukraina er ei påminning om at fred i Europa ikkje kan takast for gitt. Det viktigaste målet for norsk tryggleiks- og forsvarspolitikk er å sikre norsk suverenitet, territorial integritet og politisk handlefridom. Vidareføringa av eit sterkt nasjonalt forsvar, den kollektive tryggleiken i NATO og bilateralt forsvarssamarbeid med allierte er sentrale verkemiddel for å oppnå dette målet.
Å hindre krig – og å bevare fred – er alltid målet for ein tryggjingsspolitikk som er internasjonalt ønskt og legitim. I den grad det internasjonale samfunn evner å forhindre eller motverke aggresjon over tid, er dette uttrykk for ein internasjonal tryggjingssorden som er berekraftig. Den russiske angrepskrigen mot Ukraina illustrerer at ein internasjonalt ønskt, legitim og berekraftig tryggjingssorden ikkje kan bli teke for gitt.
Noreg legg stor vekt på å bidra til å støtte fred og stabilitet i andre statar og regionar. Noreg er ein partnar i konfliktførebygging, konfliktløysing og fredsbygging. I dialog- og fredsprosessar der Noreg har ei formell rolle, fremjar vi deltaking frå kvinner og sivilsamfunnet. Noreg støttar arbeidet mot seksualisert og kjønnsbasert vald, uavhengig av kjønn. Vern av sivile, inkludert born, var ein hovudprioritering då Noreg var medlem i Tryggingsrådet i FN og er òg ein prioritet i Noregs humanitære strategi. Norsk politi og personell frå Forsvaret deltek i internasjonale fredsoperasjonar for å sikre fred og støtte statar med å byggje opp att normale samfunnsstrukturar etter krig og konflikt.
Noreg bidrar til rettferd og vel fungerande offentlege institusjonar i land som treng støtte til dette, og er ein pådrivar i arbeidet for å verne om dei internasjonale menneskerettssystema. Respekt for menneskerettane og rettsstatsprinsippa er føresetnader for at ingen skal utelatast frå berekraftig utvikling. Noreg fremjar folkestyre basert på menneskerettane og sivilsamfunnet gjennom omfattande samarbeid med globale, regionale og nasjonale partnarar og på globale og regionale arenaer. FN, særleg FNs høgkommissær for menneskerettar, er den viktigaste internasjonale partnaren til Noreg på dette feltet.
Noreg arbeider for å styrkje internasjonale normer, standardar og operative tiltak for å førebyggje og kjempe mot korrupsjon, mutingar, skattesvik, kvitvasking og ulovleg kapitalflyt. Dette gjeld særleg ulovlege finansstraumar i offentleg og privat sektor på tvers av landegrenser. Noreg arbeider for meir finansiell openheit, ansvarlegheit og integritet.
Noreg er og ein pådrivar i det normgivande arbeidet på globale skattespørsmål i FN, og er den største givaren til skattekomiteen i FN. I tillegg støtter Noreg to-pilarprosessen i OECD/G20 om skattefordeling og minimumsskatt for multinasjonale selskap. Noreg er ein av dei fem største givarane til dette arbeidet. Noreg støttar afrikanske land sin appell i FN om eit meir effektivt og inkluderande skattesamarbeid, og var eit av to vestlege land som ikkje stemte imot etableringa av ein prosess for ein rammekonvensjon i FN om skatt. Noreg sit for tida i styringsgruppa i FN som utarbeidar retningslinjer for det vidare arbeidet med rammekonvensjonen.
Noreg støtter bygging av kunnskap og kapasitet i offentlege institusjonar i land i det globale Sør på felt som skatt, forvaltning av naturressursar, landbruk, likestilling, digitalisering, statistikk og anti-korrupsjon. Anti-korrupsjon er eit tverrgåande omsyn, på same måte som klima og miljø, menneskerettar og likestilling, og det er nulltoleranse for økonomisk misferd i utviklingssamarbeidet.
Noreg er ein pådrivar for NATO-arbeidet for å styrkje godt styresett i forsvars- og tryggingssektoren hos allierte og partnarland. Noreg samarbeider med Albania, Bosnia Hercegovina, Kosovo, Montenegro, Nord-Makedonia og Ukraina om utvikling av demokratiske og robuste institusjonar gjennom godt styresett som forebygger maktmisbruk, korrupsjon og annan uetisk eller kriminell åtferd.
Gjennom EØS-midla bidrar Noreg til å støtte målet om fred og rettferd i 14 land i EØS. Støtta er primært retta mot å styrkje justissektoren. Norsk kriminalomsorg er ansvarleg for EØS-program i Bulgaria, Latvia, Litauen, Polen, Romania og Tsjekkia der det blir bygd pilotfengsel og opplæringssenter for å styrkje kriminalomsorga i landa i tråd med FNs standardar (The United Nations Standard Minimum Rules for the Treatment of Prisoners (the Nelson Mandela Rules). Noreg har òg bidratt til utvikling av kriminalomsorga i Ukraina og Russland, men dette arbeidet er stansa på grunn av den pågåande krigen i Ukraina.