15. Livet på land
Artikkel | Sist oppdatert: 08.02.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Verne, tilbakeføre og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, motverke ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald.
Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Noreg.
15.1) Innan 2020 bevare og gå tilbake til berekraftig bruk av ferskvassbaserte økosystem og tenester som nyttar seg av desse økosystema, på land og i innlandsområde, særleg skogar, våtmarker, fjell og tørre område, i samsvar med forpliktingar etter internasjonale avtalar
15.2) Innan 2020 fremje innføringa av ei berekraftig forvaltning av all slags skog, stanse avskoging, byggje opp att forringa skogar og i vesentleg grad auke atterreising og nyplanting av skog på globalt nivå
15.3) Innan 2030 motarbeide ørkenspreiing, restaurere forringa land og matjord, inkludert landområde som er ramma av ørkenspreiing, tørke og flaum, og arbeide for ei verd utan landforringing
15.4) Innan 2030 bevare økosystem i fjellområde, inkludert det biologiske mangfaldet der, slik at dei skal bli betre i stand til å yte viktige bidrag til ei berekraftig utvikling
15.5) Setje i verk omgåande og omfattande tiltak for å redusere øydelegginga av habitat, stanse tap av biologisk mangfald og innan 2020 verne truga artar og hindre at dei døyr ut
15.6) Fremje ei rettferdig og likeverdig deling av goda som er knytte til bruk av genressursar, og fremje føremålstenleg tilgang til slike ressursar i tråd med internasjonal semje
15.7) Setje i verk omgåande tiltak for å stanse krypskyting og ulovleg handel med verna plante- og dyreartar, og handtere både tilbods- og etterspurnadssida ved handelen med ulovlege produkt frå viltlevande dyr
15.8) Innan 2020 innføre tiltak for å unngå innføring og spreiing av framande artar og for å redusere påverknaden frå framande artar på land- og vassbaserte økosystem i vesentleg grad, og dessutan kontrollere eller utrydde prioriterte framande artar
15.9) Innan 2020 integrere verdien av økosystem og biologisk mangfald i nasjonale og lokale planleggingsprosessar, i strategiar for arbeid mot fattigdom og i rekneskapar
15.a) Mobilisere ein vesentleg auke i finansielle ressursar frå alle kjelder for å ta vare på og utnytte biologisk mangfald og økosystem på ein berekraftig måte
15.b) Mobilisere vesentlege ressursar frå alle kjelder og på alle nivå for å finansiere ei berekraftig skogforvaltning, og sørgje for verkemiddel som er eigna til å fremje slik forvaltning i utviklingslanda, mellom anna verkemiddel for bevaring og nyplanting av skog
15.c) Auke den globale støtta til tiltak for å motarbeide krypskyting og ulovleg handel med verna artar, mellom anna ved å styrkje den evna lokalsamfunna har til å nytte dei moglegheitene som finst for å halde oppe eit berekraftig livsgrunnlag
I Noreg har vi gjort mykje for å ta vare på naturen, og norske økosystem har relativt god tilstand. Likevel har vi òg utfordringar, og for å halde oppe tilstanden må vi framleis forvalte økosystema på ein god måte.
For å nå berekraftmål nr. 15 er det naudsynt med ein god og heilskapleg politikk for naturmangfald, landbruk og vassforvaltning og planlegging og styring av arealbruken på land. Nedbygging, oppstykking og endra bruk av areal er blant dei viktigaste grunnane til at mange naturtypar står i fare for å bli borte i Noreg.
Vi arbeider nå med ei stortingsmelding om korleis Noreg skal følgje opp det globale Kunming-Montreal-rammeverket for naturmangfald (naturavtala) som verdas land blei einige om under FN-konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) i 2022. Meldinga skal leggjast fram i 2024, og blir Noregs nye handlingsplan for naturen, slik stortingsmeldinga «Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold» (Meld. St. 14 (2015–2016) er i dag. Dei tre nasjonale måla for naturmangfald er 1) økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester, 2) ingen artar eller naturtypar skal bli utrydda, og utviklinga for trua og nær trua artar og naturtypar skal betrast, og 3) eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for komande generasjonar.
I 2020 kom det på plass ein ny tiltaksplan for kampen mot framande skadelege artar. Målet er å redusere dei negative påverknadane frå slike artar innan 2025. Delmålet om å kontrollere eller utrydde framande skadelege arter er krevjande for Noreg å oppnå.
Regjeringa legg hovudvekta på å unngå skade på natur framfor å reparere, men har òg prioritert å restaurere våtmark, vassdrag og andre former for natur. I 2021 utarbeida Miljødirektoratet i samråd med fleire andre direktorat ein nasjonal strategi for restaurering av vassdrag, blant anna med mål om å restaurere minst 15 prosent av forringa vassdrag i Noreg innan 2030.
Regjeringa etablerer ein meny av ulike tiltak som bidrar til å oppretthalde eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand. Skog er det første økosystemet som får ein slik meny. I tillegg utviklar Miljødirektoratet m.fl. på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet eit naturrekneskap som skal gi oss betre oversikt over naturen vi har, tilstanden han er i og kva for økosystemtenester den gir oss. Regjeringa har også satt ned eit naturrisikoutval for å mellom anna vurdere korleis norske næringar og sektorar er råka av nasjonalt og globalt tap av natur og naturmangfald.
Noreg er ein pådrivar i det internasjonale samarbeidet om naturmangfald, inkludert arbeidet fram mot med den nye naturavtala under konvensjonen om biologisk mangfald i 2022. Gjennom klima- og skoginitiativet støttar Noreg tropiske skogland og deira innsats for å redusere avskoging og øydelegging av skog. Noreg støtter innsats i dei største tropiske skoglanda, mellom anna Brasil, Colombia, Peru, Indonesia, landa i Kongobassenget og Etiopia. Initiativet støtter sivilsamfunn i landa, og vi samarbeider med privat næringsliv for å redusere avskoginga. På denne måten bidrar klima- og skoginitiativet til å ta vare på tropiske skogar med stort artsmangfald.
Til tross for aukande press har det skjedd fleire viktige framsteg i kampen mot avskoging dei seinare åra:
- Fleire av Noregs viktigaste samarbeidsland har redusert avskoginga. I Brasil blei avskoginga halvert i 2023. Indonesia rapporterer om lågaste avskoging på 20 år, og Colombia lågaste på eit tiår.
- I samarbeid med USA og Storbritannia lanserte Noreg i april 2021 LEAF – eit offentleg-privat samarbeid som sikrar storskala finansiering til skogland.
- Under klimatoppmøtet i Glasgow hausten 2021 blei det kunngjort ei rekordstor satsing av offentlege midlar til å ta vare på skog.
- Noreg har gjort høgoppløyselege satellittbilete – ein viktig reiskap for å overvake regnskogen – ope tilgjengeleg for alle, overalt.
Det finst sterke økonomiske krefter som gjer det vanskeleg å nå berekraftsmål 15, mellom anna skogkriminalitet og andre former for internasjonal miljøkriminalitet. I Meld. St. 19 (2019-2020) «Miljøkriminalitet» står det at Noreg vil vere ein pådrivar i arbeidet mot miljøkriminalitet. Klima- og skoginitiativet bidrar òg til berekraftig skogforvaltning og til kampen mot internasjonal skogkriminalitet, som inkluderer hogst og sal av tømmer og treprodukt der kriminelle handlingar har gått føre seg i produksjonskjeda.