11. Berekraftige byar og lokalsamfunn
Artikkel | Sist oppdatert: 10.04.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Gjere byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige
Kommunal- og moderniseringsdepartemetet har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Norge.
11.1) Innan 2030 sikre at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader og grunnleggjande tenester til ein overkomeleg pris, og betre forholda i slumområde
11.2) Innan 2030 sørgje for at alle har tilgang til trygge, tilgjengelege og berekraftige transportsystem til ein overkomeleg pris og betre tryggleiken på vegane, særleg ved å leggje til rette for kollektivtransport og med særleg vekt på behova til personar i utsette situasjonar, kvinner, barn, personar med nedsett funksjonsevne og eldre
11.3) Innan 2030 styrkje inkluderande og berekraftig urbanisering og leggje til rette for deltakande, integrert og berekraftig samfunnsplanlegging og forvaltning i alle land
11.4) Styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda
11.5) Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon i talet på dødsfall og talet på personar som blir ramma av katastrofar, inkludert vassrelaterte katastrofar, og i vesentleg grad minske dei direkte økonomiske tapa i det samla bruttonasjonalproduktet i verda som følgje av slike katastrofar, med vekt på vern av fattige og personar i utsette situasjonar
11.6) Innan 2030 redusere negativ påverknad på miljøet frå byar og lokalsamfunn (målt per innbyggjar), med særleg vekt på luftkvalitet og avfallshandtering i offentleg eller privat regi
11.7) Innan 2030 sørgje for at alle, særleg kvinner og barn, eldre og personar med nedsett funksjonsevne, har tilgang til trygge, inkluderande og tilgjengelege grøntområde og offentlege rom
11.a) Støtte positive økonomiske, sosiale og miljømessige samband mellom byområde, omland og spreiddbygde område ved å styrkje nasjonale og regionale planar
11.b) Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke i talet på byar og lokalsamfunn som vedtek ein integrert politikk og gjennomfører planar med sikte på inkludering, betre ressursbruk, avgrensing av og tilpassing til klimaendringar og evne til å stå imot og handtere katastrofar, og dessutan utvikle og setje i verk eit heilskapleg system for risikostyring og katastrofehandtering på alle nivå, i tråd med Sendai-rammeverket for katastrofeberedskap for 2015–2030
11.c) Støtte dei minst utvikla landa i å føre opp berekraftige og solide bygg ved bruk av lokale materiale, mellom anna gjennom økonomisk og fagleg støtte
De fleste innbyggere i norske byer bor godt og trygt, har tilgang til godt drikkevann, velfungerende avløp, offentlig transport og pålitelige energiforsyning. Norge har få hjemløse, relativt lav kriminalitet og i det vesentlige trygge byområder.
Forventet videre vekst i og rundt de største byene vil kreve en relativt sterk utbygging av alle typer infrastruktur i disse områdene.
Våren 2024 legger regjeringen frem en stortingsmelding om en helhetlig boligpolitikk. Meldingen vil blant annet ta for seg leie- og eiemarkedene, arbeidet for spesielt sårbare grupper og innsats for å skape gode og varierte bomiljø.
Regjeringen har i stortingsmeldingen Fellesskap og mestring – bo trygt hjemme foreslått et eldreboligprogram som skal bidra til at alle får tilgang til en egnet bolig i et aldersvennlig bomiljø, slik at eldre kan bo i egen bolig lengst mulig.
Regjeringen la i august 2023 fram stortingsmelding om levekår i byer og byområder; Meld. St. 28 Gode bysamfunn med små skildander. Meldingen samler regjeringens politikk for å styrke den sosiale bærekraften i norske byer og nabolag. Regjeringen har styrket arbeidet med områdesatsinger i levekårsutsatte byområder med flere avtaler i 2023 og 2024.
Luftkvaliteten i norske byer har blitt gradvis bedre de siste tiårene. Regjeringen har skjerpet forurensingsforskriftens grenseverdier for utslipp av partikler.
Gjennom byvekstavtaler i de store byområdene bidrar regjeringen til mer effektiv og samordnet arealbruk og transport. Dette skal bidra til en mer bærekraftig bystruktur og er regjeringens viktigste virkemiddel for å nå nullvekstmålet: For byområdene skal klimagassutslipp, kø, luftforurensning og støy reduseres gjennom effektiv arealbruk og ved at veksten i persontransporten tas med kollektivtransport, sykling og gange.
Regjeringen arbeider for å verne om og sikre verdens natur- og kulturarv, og prioriterer arbeidet med å formidle kunnskap om verdensarven. Fra 2024 er det opprettet en ny investeringstilskuddsordning for å bidra til at det etableres verdensarvsentre på alle de norske verdensarvområdene.
Regjeringens arbeid med friluftsliv bygger i stor grad på føringene i stortingsmeldingen om friluftsliv fra 2016. Meldingen sier at ivaretakelse og utvikling av grønne arealer i byer og tettsteder skal være en prioritert del av den statlige friluftslivspolitikken.
Flere kommuner og fylkeskommuner arbeider aktivt med å innføre og gjennomføre bærekraftmålene i sin samfunnsplanlegging.
Internasjonalt bidreg Noreg til å kjempe mot luftforureining i byar gjennom WHO, Verdsbanken og koalisjonen for klima og rein luft. Gjennom FN og Verdsbanken har Noreg bidrege til at risikoreduksjon og katastrofeberedskap vert integrert i byutvikling og planlegging for å byggje motstandsdyktige byar. Noreg støttar arbeidet for robuste og berekraftige byar mellom anna gjennom dei multilaterale utviklingsbankane og FNs busetjingsprogram. Desse har hjelpt styresmaktene med regulering av arealbruk, byplanlegging, bygging av bustader og infrastruktur, skattlegging og samfunnstryggleik. Behova til kvinner, ungdom og utsette grupper er prioriterte.
Som oppfølging av prioriteringane i medlemskapen i Unescos verdsarvkomité i perioden 2017–2021 har Noreg hatt merksemd på å sikre dei universelle verdiane til natur- og kulturarven. Ein særleg innsats har vore knytt til kapasitetsbygging, mellom anna gjennom finansiering av World Heritage Leadership Programme som skal bidra til globale kompetansehevingstiltak på verdsarvområdet.
Samarbeidet med EU gir vinst for byar både i Noreg og EU-landa. Ein innsats for berekraftige byar og samfunn blir òg gjort via EØS-midla. Heile 13 land i EØS får støtte, og hovudvekta ligg på lokal utvikling og kamp mot fattigdom. Norske byar deltek i ei rekkje EU-program, mellom anna er Oslo, Trondheim og Stavanger vald ut til å vere tre av 112 europeiske byar som skal bli klimanøytrale innan 2030 ved hjelp av EUs samfunnsoppdrag om klimanøytrale og smarte byar.
Gjennom EØS-midlane bidreg Noreg til å støtte målet om berekraftige byar og lokalsamfunn i 13 land i EØS-området. Støtta er hovudsakeleg retta mot lokal utvikling og fattigdomsbekjemping.