Barns digitale liv
Alle barn har rett på ein trygg oppvekst, også digitalt. Derfor jobbar regjeringa med fleire tiltak for å sikra barns rettar og livskvalitet i ein digital kvardag.
Stortingsmelding om trygg digital oppvekst
Regjeringa arbeider med ein stortingsmelding om barn og unge sin digitale oppvekst. Stortingsmelding om trygg digital oppvekst skal bidra til ein heilskapleg politikk på feltet. Meldinga skal sjå på både moglegheiter og utfordringar knytt til den digitale kvardagen barn og unge lever i.
Skjermbrukutvalet
Regjeringa fekk i november ein rapport fra skjermbrukutvalet om barn og unge sin skjermbruk. Mandatet til ekspertutvalet var å gi meir kunnskap om korleis skjermbruken til barn og unge i barnehage, skule og fritid påverkar helse, livskvalitet, læring og oppvekst. Utvalet kjem i tillegg med ei rekkje råd om skjermbruk til barn og unge og til dei vaksne i laget rundt barnet. Dei kjem også med tilrådingar til styresmaktene og til leverandørar av digitale plattformer.
Gjennomgang av forbrukarvernet til barn
Barne- og familiedepartementet leier ein heilskapleg gjennomgang av forbrukarvernet til barn i digitale medium. Ei arbeidsgruppe går no gjennom regelverk og handheving for å sjå korleis vi kan forsterke forbrukarvernet til barn.
Aktuelt no
Anbefaler balansert skjermbruk
Elever skal ikke risikere å se skadelig innhold på digitale enheter de har fått av skolen. Utdanningsdirektoratet kommer nå med klare anbefalinger om bruken av digitale enheter for hvert klassetrinn.
Vil beskytte barn mot uønskt reklame i sosiale medium og spel
Regjeringa foreslår endringar i marknadsføringslova for å styrke barns digitale forbrukarvern.
Regjeringa vil ha aldersgrense på 15 år for å dele personopplysningar
Regjeringa vil ha ei aldersgrense på 15 år for når barn sjølv kan samtykke til at sosiale medium handsamar personopplysningane deira.