Fosterheim
Artikkel | Sist oppdatert: 14.04.2023 | Barne- og familiedepartementet
Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på barn som for ein periode ikkje kan bu hos foreldra sine.
Barnet skal få forsvarleg omsorg i fosterheimen. Det er barnevernstenesta som har ansvar for å følgje opp barnet og fosterheimen, og som skal syte for naudsynte støttetiltak.
Fosterforeldra må ha særleg evne, tid og overskot til å gi barnet ein trygg og god heim, og skal samarbeide med barnevernstenesta om barnet sine behov og framtid. Om lag 80 prosent av alle barn som ikkje kan bu hos foreldra sine bur i fosterheim.
Det skal førast tilsyn med om barnet får forsvarleg omsorg i fosterheimen. Det er kommunen der fosterheimen ligg som har ansvar for å føre slikt tilsyn.
For meir informasjon om fosterheim sjå Fosterhjem | Bufdir