Naturfarar - kven har ansvar for at nordmenn bur trygt?
Artikkel | Sist oppdatert: 29.12.2023 | Energidepartementet
Fleire offentlege instansar har ansvar for handtering av risiko knytt til naturhendingar som flaum og skred. Få oversikt over ansvarsfordelinga her.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) hjelper kommunane med førebyggjande arbeid knytt til flaum og skred. NVE hjelper også kommunane når det skjer flaum- og skredhendingar. Her deltek NVEs regionsjef Toril Hofshagen på eit pressemøte i etterkant av kvikkleireskredet på Gjerdrum i desember 2020. Foto: Erik Due/NVE.
Flaum og skred kan føre til tap av liv og skade på helse, eigedom, infrastruktur og miljø. Naturfare berører mange ulike område i samfunnet og dermed også ulike sektorar og forvaltningsnivå i det offentlege.
Noreg har eit omfattande og strengt regelverk for bygging i område med natufare. Det er klare krav til tryggleik ved ny busetnad, og Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE) hjelper kommunane med rettleiing i arealplanlegginga. Folk skal både bu og jobbe i så trygge omgivnader som mogleg.
Kommunane har eit grunnleggjande ansvar
Først og fremst er det kommunane som har eit grunnleggjande ansvar for å sørgje for at folk er trygge. Dette omfattar rolla som samfunnsplanleggjar på lokalt nivå, gjennom ansvar for arealplanlegging og behandling av byggjesaker, og plikta dei har til å sørgje for kommunal beredskap.
Fylkeskommunen har ansvar for å bidra til gode og heilskaplege løysingar for å handtere naturfare på tvers av kommunegrenser gjennom regional planlegging. Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for plan- og bygningslova, og er sektordepartement for kommunane og fylkeskommunane.
God samfunnsplanlegging er grunnleggjande
God samfunnsplanlegging er heilt grunnleggjande for å førebyggje risiko knytt til alvorlege naturhendingar. Her er plan- og bygningslova det sentrale verktøyet. Lova pålegg kommunane å førebyggje risiko for tap av liv, skade på helse, miljø og viktig infrastruktur, materielle verdiar osv.
Vidare må kommunane sørgje for at det blir gjennomført risiko- og sårbarheitsanalysar når det blir planlagt utbygging. Ved ny utbygging i fareområde skal det gjennomførast tiltak som gjer at det blir oppnådd tilstrekkeleg tryggleik. Slike tiltak kan til dømes vere ein flaumvoll eller stabilisering av sidene i ein bekk, slik at han ikkje grev seg inn i jorda rundt.
Byggteknisk forskrift har utfyllande føresegner om utbygging i naturfareområde. Ein kommune kan ikkje gi byggjeløyve i eit område viss det ikkje kan dokumenterast at krav til tilstrekkeleg tryggleik etter plan- og bygningslova er oppfylt. Ved ei utbygging er det utbyggjaren som har ansvaret for tryggleiken, i tråd med krav, lover og reglar som er fastsett av styresmaktene.
NVE hjelper kommunane
Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE) er underlagt Energidepartementet og hjelper kommunane med å førebyggje skadar frå flaum og skred. NVE utarbeider farekart, bidreg med innspel til kommunale arealplanar og hjelper kommunane med sikringstiltak, overvaking og varsling. NVE hjelper også kommunane med fortløpande råd og med å ta vare på tryggleiken ved hendingar.
Les meir om NVEs rolle ved flaum og skred her.
Andre direktorat og departement
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet og skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. DSB skal vere pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulykker, kriser og andre uønskte hendingar, og sørgje for god beredskap og effektiv ulykkes- og krisehandtering. DSB har ansvaret for å samordne arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap på direktoratsnivå og overfor statsforvaltarar og kommunar. DSB har også ansvaret for Sivilforsvaret.
Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) er underlagt Kommunal- og distriktsdepartementet. Dei forvaltar byggteknisk forskrift som skal bidra til at det blir bygd sikre, miljøvennlege og tilgjengelege bustader og bygg. Kartverket er underlagt same departement, og har ansvar for forvaltning av nasjonale kartdata og geografisk informasjon. Kartverket forvaltar mellom anna den nasjonale høgdemodellen, som gir detaljert kunnskap om terrengforhold i landet. Modellen kan brukast til skred- og flaumanalysar i samfunns- og beredskapsplanlegginga.
Miljødirektoratet er underlagt Klima- og miljødepartementet og har ansvar for å skaffe eit felles kunnskapsgrunnlag knytt til klimatilpassing og arbeidet med å koordinere dette.
Utover dette har Samferdselsdepartementet ansvar for forvaltninga av infrastruktur som statlege vegar, bruer og jernbane.