Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU)
Artikkel | Sist oppdatert: 13.11.2023 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) legg til rette for at partane i arbeidslivet og myndigheitene har ei best mogeleg felles forståing av situasjonen i norsk økonomi.
Utvalet lagar vanlegvis to rapportar kvart år. Ein rapport blir laga før lønnsoppgjera. Denne rapporten kjem i to utgåver – ei førebels utgåve i slutten av februar og ei endeleg utgåve i slutten av mars/ byrjinga av april. Rapporten gir oversikt over lønns- og inntektsutviklinga, prisutviklinga (inkludert ein prisprognose for inneverande år) og utviklinga i konkurranseevna. Han gir òg ei oversikt over utviklinga i internasjonal økonomi og norsk økonomi. Dessutan er det fleire vedlegg, mellom anna om lønnsoppgjera året før, definisjonar av ein del lønnsbegrep og institusjonelle trekk ved lønnsdanninga i Noreg. Den andre rapporten kjem i juni og er ei oppsummering av lønnsoppgjera i inneverande år.
Kva mandat har utvalget?
- Utvalet skal i samband med inntektsoppgjera leggje fram det best mogelege talmaterialet og presentere det i ei slik form at ein kan unngå usemje mellom partane rundt dei økonomiske omstenda.
- Utvalet skal leggje fram oppsummeringsrapportar etter inntektsoppgjera.
- Utvalet skal, når departementet ber om det, klargjere talmaterialet for spesielle inntektspolitiske spørsmål.
- Utgreiingane frå utvalet blir overleverte til Arbeids- og sosialdepartementet.
Historikk
TBU blei nedsett for fyrste gong i 1967. Utvalet er sidan 1969 nedsett for fireårsperiodar, seinast i september 2023. Utvalet blei då nedsett for ein ny periode inntil 30. september 2027.
Berekningsutvalet har sidan 1967 vore eit sentralt ledd i det inntektspolitiske samarbeidet. Rapportane frå utvalet legg ein stor del av talgrunnlaget for lønnsoppgjera.
Kven sit i utvalet?
Administrerande direktør Geir Axelsen i Statistisk sentralbyrå leiar utvalet. Desse organisasjonane/etatane og departementa er representerte i utvalet:
- Akademikerne
- Arbeids- og sosialdepartementet
- Arbeidsgiverforeningen Spekter
- Finansdepartementet
- Hovedorganisasjonen Virke
- Kommunal- og moderniseringsdepartementet
- KS
- Landsorganisasjonen i Norge
- Næringslivets Hovedorganisasjon
- Statistisk sentralbyrå
- Unio
- Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund