Film om korleis Noreg vert styrt

Etter grunnlova av 1814 er Noreg eit monarki der makta er delt mellom tre statsmakter: lovgjevings- og løyvingsmakta (Stortinget), iverksetjings- eller utøvingsmakta (regjeringa) og domsmakta (domstolane).

Maktdeling

Etter grunnlova av 1814 er Noreg eit monarki der makta er delt mellom tre statsmakter: lovgjevings- og løyvingsmakta (Stortinget), iverksetjings- eller utøvingsmakta (regjeringa) og domsmakta (domstolane).

Som statsoverhovud er kongen det samlande symbolet for statsmakta. Han opnar sesjonane til Stortinget, han leier møta til statsrådet og signerer alle avgjerdene der, han er vert når andre statsoverhovud kjem på statsvitjing, og han reiser sjølv på statsvitjing til andre land. Fram til 1884 sat ei regjering så lenge kongen ville, seinare regjeringar har vore avhengige av tillit i Stortinget (parlamentarisme).

Korleis blir regjeringa «vald»?

Det er folket som indirekte peiker ut regjeringa, for regjeringa går ut frå det eller dei partia på Stortinget som har fleirtalet eller eit styringsdyktig mindretal. Stortingsval kan føre til regjeringsskifte, men treng ikkje gjere det. Ei regjering kan dessutan bli utskift utanom stortingsval, om ho ikkje lenger har tillit i Stortinget.

Fleirtals-, mindretals-, koalisjons- og eittpartiregjeringar

Ei regjering kan ha fleirtalet på Stortinget bak seg (fleirtalsregjering). Andre gonger blir det skipa regjeringar som berre har sikker støtte frå eit mindretal på Stortinget. Ei slik regjering (mindretalsregjering) må søkje støtte frå sak til sak frå andre partiStortinget for å få sakene sine vedtekne. Uavhengig av dette skiljet er ei regjering anten ei eittpartiregjering eller ei fleirpartiregjering (koalisjonsregjering).

Statsministerens kontor og departementa

Statsministerens kontor og departementa er kontora til regjeringa. Dei blir leidde av høvesvis statsministeren og statsrådane. Statsministerens kontor hjelper statsministeren med å samordne regjeringsarbeidet og er slik sett felleskontoret for regjeringa. Departementa stør statsrådane i arbeidet med å leie dei ulike sektorane i statsforvaltninga.

Fotnotar

Flertallsregjering

En regjering som har flertall på Stortinget. 

Grunnloven

Skrevne regler om hvordan et land skal styres og hvordan makten skal fordeles.
Grunnloven er den høyeste rettskilden i Norge.  

Kongen

Norges statsoverhode når dette er en mann. Brukes av og til i lover eller forskrifter som kortform for begrepet "Kongen i statsråd". 

Mindretallsregjering

Regjering som ikke har flertall i Stortinget. 

Parlamentarisme

Politisk styreform. Regjeringen sitter så lenge flertallet i nasjonalforsamlingen (Stortinget) tillater. Norge har parlamentarisme som styreform. 

Parti

Politisk parti. Gruppe av personer som har sluttet seg sammen ut fra politiske holdninger og idéer. 

Regjeringen

Regjeringen har den utøvende makt. I Grunnloven står det at regjeringen skal bestå av statsministeren og minst syv andre medlemmer (statsråder). 

Statsministerens kontor

Bistår statsministeren i å lede og samordne arbeidet i Regjeringen. 

Stortinget

Norges folkevalgte nasjonalforsamling. Stortingets viktigste oppgaver er å vedta lover, bestemme statens budsjett og å kontrollere regjeringen. 

Stortingsvalg

Valg av representanter til Stortinget.