V-011/2023 N: Rundskriv om utarbeiding av søknad om tilskot for 2025

1. Innleiing

Rundskrivet gir retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2025.

Budsjettsøknaden skal leverast via Altinn-portalen – www.altinn.no. Søknadsskjemaet vil vere tilgjengeleg i institusjonen sin innboks i Altinn i perioden 1. november–1. desember 2023.

Den som søkjer på vegner av verksemda, må nytte sin eigen elektroniske ID for å logge inn. Digitaliseringsdirektoratets nettsider inneheld meir informasjon om elektronisk ID.

For å få tilgang til budsjett- og statistikkskjema må den eller dei som skal fylle ut på vegner av verksemda, først logge seg inn på sin eigen Altinn-profil. Les meir her om pålogging og tildeling av roller for utfylling av budsjettskjema.

Den første sida i søknadsskjemaet inneheld gode tips om utfylling av skjemaet, mellom anna om val av rett nettlesar, lagring av tekst, og korleis ein undervegs i arbeidet kan sjå ein PDFversjon av søknaden. Mange av felta i skjemaet har eigne hjelpetekstar.

Vi oppmodar om å lese informasjonen om utfylling av skjemaet og alle hjelpetekstar nøye, og å byrje på arbeidet med søknaden i god tid.

Les meir her om ofte stilte spørsmål om Altinn. Har du praktiske spørsmål om innlogging i Altinn, sjå Altinns hjelpeside om innlogging.

Har du spørsmål til utfyllinga av budsjettskjema, ta kontakt på denne e-posten: skjemaveiledning@kud.dep.no. I emnefeltet i e-posten skriv du «statstilskot» og namnet på verksemda du fyller ut for.

2. Budsjettsøknad

Søknaden skal mellom anna innehalde:

  • arbeidsbudsjett 2024
  • søknadsbudsjett for 2025
  • formål og nye tiltak 2025

2.1 Arbeidsbudsjett for 2024

Søkaren må utarbeide arbeidsbudsjett for 2024 – plan for disponering av samla utgifter og inntekter ved verksemda. Arbeidsbudsjettet må innehalde alle utgifter og inntekter som tilskotsmottakar reknar med å få i løpet av budsjettåret.

Summen i feltet for ordinært driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet under «Budsjett 2024» er førehandsutfylt med det tilskotsbeløpet som er foreslått for Stortinget i departementets budsjettframlegg for 2024. Det vil vere mogleg å redigere feltet.

Eingongstilskot, også dei som er løyvd som del av driftstilskotet, er førehandsutfylt i feltet for «Andre offentlege tilskot» frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Dette gjeld òg eventuelle særskilde husleigetilskot som er løyvde som del av driftstilskotet. Det vil vere mogleg å redigere feltet.

Søkarar som har fått tilskot eller planlegg å søkje tilskot i 2024 frå Norsk kulturfond -eller frå ordningar i Kulturdirektoratet, skal leggje inn desse midlane som «Andre offentlege tilskot» frå «Norsk kulturråd/Kulturdirektoratet» i nettskjemaet, og spesifisere i kommentarfeltet under dette.

2.2 Søknadsbudsjett for 2025

Talbudsjettet for 2025 må innehalde alle utgifter og inntekter verksemda reknar med å få. Inntekter og utgifter må balansere. Tilskot frå andre enn Kultur- og likestillingsdepartementet, fylkeskommunar, kommunar og Den kulturelle skolesekken skal spesifiserast i eigne felt.

2.3 Formål og nye tiltak for 2025

Søkaren må i søknaden for 2025 oppgi kva som er formålet med verksemda. Formålet skal vere mest mogleg dekkjande for verksemda sin samla aktivitet.

Søkaren skal òg gjere greie for planlagd drift i søknadsåret. Omtalen skal ta utgangspunkt i ein situasjon der driftstilskotet blir vidareført på same nivå som i dag.

Søknaden kan innehalde maksimalt tre nye tiltak med behov for auke i tilskotet. Forslag til slike tiltak krev særskild grunngiving med plan for finansiering. Eventuelle forslag må innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket. I tillegg må søkaren vurdere om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering av dei ressursane som er til disposisjon, og kva konsekvensane av dette vil vere. Eventuelle forslag om nye tiltak med behov for auke i tilskotet skal registrerast i prioritert rekkjefølgje.

3. Fristar

Frist for å levere søknaden for 2025 er 1. desember 2023 kl. 23.59.

Søknadsskjemaet vil vere tilgjengeleg i Altinn frå 1. november, og verksemda kan arbeide med og gjere endringar i søknaden fram til fristen går ut. Søknader som blir sende inn etter fristen vil bli avvist. Frist for å sende inn rapport for 2023 i eige nettskjema, og revidert rekneskap for 2023 vil vere 1. mars 2024. Vi kjem tilbake til meir informasjon om når skjemaet vil vere tilgjengeleg i verksemda sin innboks i Altinn.


Med hilsen

Gunhild Strand Molle (e.f.)
avdelingsdirektør

Torkel Rønold Bråthen
seniorrådgiver

 

Adresseliste:
Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
Det Norske Samlaget
Nobels Fredssenter
Stiftelsen Asta