V-003/2023 N: Rundskriv om utarbeiding av søknad om tilskot for 2024 og statistikkskjema for 2022
Rundskriv | Dato: 27.01.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Mottakar: Ifølgje liste
Nr:
V-003-23N
Vår referanse:
22/4926
1. Innleiing
Rundskrivet gir retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2024 og statistikkskjema for 2022.
Budsjettsøknaden og statistikkskjemaet skal leverast via Altinn-portalen – www.altinn.no.
Søknadsskjemaet vil vere tilgjengeleg i institusjonen sin innboks i Altinn i perioden 1. februar–1. mars 2023.
Det at Kultur- og likestillingsdepartementet nyttar søknadsskjema i Altinn inneber at du som søkjer på vegner av verksemda, må ha elektronisk ID for å logge inn. Dette er den same IDen som du nyttar når du til dømes leverer skattemeldinga. Dersom du ikkje har elektronisk ID, kan du lese om korleis du skaffar deg det, på denne sida på ID-porten hos Digitaliseringsdirektoratet.
For å få tilgang til budsjett- og statistikkskjema må den eller dei som skal fylle ut på vegner av verksemda, først logge seg inn på sin eigen Altinn-profil. Les meir om pålogging og tildeling av roller for utfylling av budsjett- og statistikkskjema i den vedlagde rettleiinga.
På den første sida i søknadsskjemaet finn de gode tips om utfylling av skjemaet, mellom anna om val av rett nettlesar, lagring av tekst og korleis ein undervegs i arbeidet kan sjå ein PDF-versjon av søknaden. Mange av felta i skjemaet har eigne hjelpetekstar. Vi oppmodar om å lese informasjonen om utfylling av skjemaet og alle hjelpetekstar nøye, og å byrje på arbeidet med søknaden i god tid.
Har du praktiske spørsmål om innlogging i Altinn, ta kontakt med Altinns portalhjelp.
Har du spørsmål til utfyllinga av budsjett- og statistikkskjema, ta kontakt med Kulturdirektoratet: Tlf. 40 40 98 80, eller e-post: support@kulturdirektoratet.no. Merk eposten «statstilskot» i emnefeltet.
2. Budsjettsøknad
Søknaden skal mellom anna innehalde:
- revidert rekneskap for 2022
- arbeidsbudsjett 2023
- status om økonomisk utvikling
- vurdering av måloppnåing i 2022
- mål og prioriteringar for 2024
- statistikkskjema for publikum, aktivitetar, årsverk og tilsette
2.1 Revidert rekneskap
Rekneskapen inkludert balansen må innehalde alle utgiftene og inntektene som institusjonen har hatt i løpet av året. Rekneskapen skal vere revidert. Større avvik mellom rekneskap og arbeidsbudsjett for 2022 skal kommenterast. Tilskotsmottakar må forklare grunnane til eit eventuelt negativt årsresultat og opplyse om korleis dette vert dekt inn. Det same gjeld eventuell negativ eigenkapital.
Tilskotsmottakarar som har fått ekstra eingongstilskot i 2022, skal rapportere desse midlane som «Andre offentlege tilskot» frå Kultur- og likestillingsdepartementet i nettskjemaet.
Tilskotsmottakarar som har fått tilskot i 2022 frå Norsk kulturfond eller frå andre ordningar i Kulturrådet, skal rapportere desse midlane som «Andre offentlege tilskot» frå «Kulturrådet» i nettskjemaet, og spesifisere i kommentarfeltet under dette.
I den grad det er aktuelt, skal eventuelle meirkostnader knytte til straum synleggjerast og kommenterast under feltet «Spesifikasjon og kommentarar til driftskostnader». Eventuelle tilskot frå offentlege straumstønadsordningar skal leggjast inn i felta «Anna» under «Andre offentlege tilskot» og spesifiserast i kommentarfeltet under dette.
2.2 Arbeidsbudsjett for 2023
Tilskotsmottakar må utarbeide arbeidsbudsjett for 2023 – plan for disponering av samla utgifter og inntekter ved institusjonen. Arbeidsbudsjettet må innehalde alle utgifter og inntekter som tilskotsmottakaren reknar med å få i løpet av budsjettåret.
Summen i feltet for ordinært driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet under «Budsjett 2023» er førehandsutfylt med tildelt beløp for fast driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet for inneverande år. Eingongstilskot som er løyvd som del av driftstilskotet, må leggjast inn i feltet for «Andre offentlege tilskot» frå Kultur- og likestillingsdepartementet.
Tilskotsmottakarar som har fått tilskot eller planlegg å søkje tilskot i 2023 frå Norsk kulturfond eller frå ordningar i Kulturdirektoratet, skal leggje inn desse midlane som «Andre offentlege tilskot» frå «Kulturrådet» i nettskjemaet, og spesifisere i kommentarfeltet under dette.
2.3 Statusrapport om økonomisk utvikling
Statusrapporten skal vere ein presentasjon av dei vesentlegaste forholda ved tilskotsmottakaren sin økonomiske situasjon. Rapporten skal også gjere greie for andre sentrale problemstillingar for institusjonen, og omtale tiltak for å sikre god ressursutnytting. Utdjup gjerne situasjonen kring straum både med tanke på eventuelle meirkostnader og investeringar i energisparande tiltak, i feltet «Vurdering av den økonomiske utviklinga når det gjeld andre sentrale problemstillingar».
2.4 Vurdering av måloppnåing
Merk at tilskotsmottakar skal gi ei vurdering av måloppnåing i samsvar med dei måla som vart omtalte i budsjettsøknaden for 2022. Altinn-skjemaet er på førehand fylt ut med dei måla som tilskotsmottakar skreiv inn i søknaden for 2022.
Tilskotsmottakar må også rapportere i tråd med andre krav og føresetnader for statstilskotet, jf. tilskotsbrevet for 2022.
I rapporten kan institusjonane òg gjere greie for kva utfordringar som har oppstått som følgje av covid-19, og orientere om kva alternative former for drift og publikumsretta aktivitet som er gjennomført.
2.5 Mål og prioriteringar for 2024
Tilskotsmottakar må i søknaden for 2024 opplyse om måla for verksemda. Tilskotsmottakar skal sjølve definere måla for verksemda innanfor ramma av dei overordna måla for kulturpolitikken. Måla må formulerast slik at det i ettertid er mogleg å måle og vurdere om dei er nådde. Planlagd drift i søknadsåret skal ta utgangspunkt i uendra driftstilskot.
Tilskotsmottakar skal omtale strategiar og langsiktige planar for dei neste tre åra. Det skal gå tydeleg fram av omtalen kva som er tilskotsmottakaren sine strategiar og planar i ein situasjon der statstilskotet blir vidareført på same nivå som i dag.
Talbudsjettet for 2024 må innehalde alle utgifter og inntekter institusjonen reknar med å få. Inntekter og utgifter må balansere. Tilskot frå andre enn Kultur- og likestillingsdepartementet, fylkeskommunar, kommunar og Den kulturelle skolesekken skal spesifiserast i særskilde felt.
Søknaden kan innehalde maksimalt tre nye tiltak med behov for auke i tilskotet. Forslag til slike tiltak krev særskild grunngiving med plan for finansiering. Eventuelle forslag må innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket. I tillegg må tilskotsmottakar vurdere om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering av dei ressursane som er til disposisjon, og kva konsekvensane av dette vil vere. Eventuelle forslag om nye tiltak med behov for auke i tilskotet skal registrerast i prioritert rekkjefølgje.
2.6 Statistikkskjema
Tilskotsmottakar skal fylle ut skjemaet for statistikk over aktivitetar, publikum, årsverk og likestilling.
I statistikkskjemaet er det lagt inn endringar knytte til spørsmål om mangfald og inkludering, og universell utforming.
3. Fristar i 2023
Frist for å levere søknaden er 1. mars 2023 kl. 23.59.
Søknadsskjemaet vil vere tilgjengeleg i Altinn frå 1. februar, og institusjonen kan arbeide med og gjere endringar i søknaden fram til fristen går ut. Søknadsfristen er absolutt, og det blir ikkje gitt utsetjing, uavhengig av årsak. Søknader som blir sende inn etter fristen, vil avvisast automatisk.
Følgjande dokument skal leverast innan fristen:
1. Budsjettsøknad for 2024 og statistikk for 2022.
2. Revidert rekneskap og revisormelding for 2022. Årsmeldinga frå styret skal berre leverast av store føretak. Dokumenta skal vere signerte. Dokumenta skal sendast til postmottak@kud.dep.no.
3. Skjema for pensjonsskyldnader. I samband med innsending av budsjettsøknad 2024 og rekneskap for 2022 blir musikk- og scenekunstinstitusjonane bedne om å fylle ut skjema for pensjonsskylnader, jf. tilskotsbrev for 2023 frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Skjemaet skal sendast til postmottak@kud.dep.no.
4. Ny frist for budsjettsøknader for 2025
Jf. informasjonen i tilskotsbrev for 2023. Vi minner om at ny frist for å sende inn budsjettsøknad for 2025 i nettskjema vil vere 1. desember 2023. Frist for å sende inn rapport for 2023 i eige nettskjema, og revidert rekneskap for 2023 vil vere 1. mars 2024.
Vi kjem tilbake til retningsliner for utfylling i eit eige rundskriv.
Med helsing
Bernt Martin Schjerven (e.f.)
avdelingsdirektør
Elisabeth Pedersen
seniorrådgjevar
Vedlegg:
- Rettleiing for utfylling av budsjett- og statistikkskjema (.pdf)
- Vanlege spørsmål om søknadsprosess og Altinn (.pdf)
Kopi:
Kulturdirektoratet
Adresseliste:
Arktisk filharmoni
Bergen Nasjonale Opera
Brageteatret - Regionteater for Buskerud
Carte Blanche AS
Dansens Hus
Den Nationale Scene
Den Norske Opera & Ballett
Det Norske Blåseensemble anno 1734
Det Norske Teatret
Det Vestnorske Teateret AS
Haugesund Teater AS
Hålogaland Teater
Kilden Teater og Konserthus for Sørlandet IKS
Musikkselskapet Harmonien - Bergen Filharmoniske Orkester
Nationaltheatret
Nordland Teater
Operaen i Kristiansund AS
Oslo-Filharmonien
Rogaland Teater AS
Stavanger Symfoniorkester
Teater Ibsen
Teater Innlandet
Teater Vestland
Teatret Vårt
Trondheim Symfoniorkester & Opera
Trøndelag Teater
Turnéteatret i Trøndelag