V-001/2023 N: Rundskriv om utarbeiding av søknad om tilskot for 2024 og statistikkskjema for 2022

Rundskrivet gjev retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2024 og statistikkskjema for 2022.

1. Innleiing

Rundskrivet gjev retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2024 og statistikkskjema for 2022.

Budsjettsøknaden og statistikkskjemaet skal leverast via Altinn-portalen – www.altinn.no.
Søknadsskjemaet vil vera tilgjengeleg i innboksen åt institusjonen i Altinn i perioden 1. februar–1. mars 2023.

Det at Kultur- og likestillingsdepartementet nyttar søknadsskjema i Altinn inneber at du som søkjer på vegner av verksemda, må ha elektronisk ID for å logga inn. Dette er den same IDen som du nyttar når du til dømes leverer skattemeldinga. Dersom du ikkje har elektronisk ID, kan du lesa om korleis du skaffar deg det, på denne sida på ID-porten hjå Digitaliseringsdirektoratet.

For å få tilgang til budsjett- og statistikkskjema må den, eller dei, som skal fylla ut på vegner av verksemda, fyrst logga seg inn på sin eigen Altinn-profil. Les meir om pålogging og tildeling av roller for utfylling av budsjett- og statistikkskjema i den vedlagde rettleiinga. På den fyrste sida i søknadsskjemaet finn de gode tips om utfylling av skjemaet, mellom anna om val av rett nettlesar, lagring av tekst og korleis ein under vegs i arbeidet kan sjå ein PDF-versjon av søknaden. Mange av felta i skjemaet har eigne hjelpetekstar.

Vi oppmodar om å lesa informasjonen om utfylling av skjemaet og alle hjelpetekstarne nøye, og å byrja arbeidet med søknaden i god tid. 

Har du praktiske spørsmål om innlogging i Altinn, ta kontakt med portalhjelpa til Altinn.

Har du spørsmål til utfyllinga av budsjett- og statistikkskjema, ta kontakt med Kulturdirektoratet som har ansvaret for søkarrettleiing til musea:
E-post: veiledning.budsjettsoknad@kulturdirektoratet.no – tlf. 932 28 171
E-post: veiledning.statistikkskjema@kulturdirektoratet.no – tlf. 452 37 083

2. Budsjettsøknad

Søknaden skal mellom anna innehalda:

- revidert rekneskap for 2022
- arbeidsbudsjett 2023
- statusrapport om økonomisk utvikling
- vurdering av måloppnåing i 2022
- mål og prioriteringar for 2024
- museumsstatistikk for 2022

2.1 Revidert rekneskap for 2022

Rekneskapen inkludert balansen må innehalda alle utgiftene og inntektene som institusjonen har hatt i løpet av året. Rekneskapen skal vera revidert. Større avvik mellom rekneskap og arbeidsbudsjett for 2022 skal kommenterast. Tilskotsmottakarane må forklara grunnane til eit eventuelt negativt årsresultat og opplysa om korleis dette vert dekt inn. Det same gjeld eventuell negativ eigenkapital.

Tilskotsmottakarar som har fått omframt eingongstilskot i 2022, skal rapportera desse midlane som «Andre offentlege tilskot» frå Kultur- og likestillingsdepartementet i nettskjemaet.

Tilskotsmottakarar som har fått tilskot i 2022 frå Norsk kulturfond eller frå andre ordningar i Kulturrådet, skal rapportere desse midlane som «Andre offentlege tilskot» frå Kulturrådet i nettskjemaet, og spesifisere i kommentarfeltet under dette.

I den grad det er aktuelt, skal eventuelle meirkostnader knytte til straum synleggjerast og kommenterast under feltet «Spesifikasjon og kommentarar til driftskostnader». Eventuelle tilskot frå offentlege straumstønadsordningar skal leggjast inn i felta «Anna» under «Andre offentlege tilskot» og spesifiserast i kommentarfeltet under dette.

2.2 Arbeidsbudsjett for 2023

Tilskotsmottakar må arbeida ut arbeidsbudsjett for 2023 – plan for disponering av samla utgifter og inntekter ved institusjonen. Arbeidsbudsjettet må innehalda alle utgiftene og inntektene som tilskotsmottakaren reknar med å få i løpet av budsjettåret. Summen i feltet for ordinært driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet under «Budsjett 2023» er førehandsutfylt med tildelt beløp for fast driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet for inneverande år. Eingongstilskotet som er løyvd som del av driftstilskotet må leggjast inn i feltet for «Andre offentlege tilskot» frå Kultur- og likestillingsdepartementet.

Tilskotsmottakarar som har fått tilskot eller planlegg å søkje tilskot i 2023 frå Norsk kulturfond eller frå ordningar i Kulturdirektoratet, skal leggje inn desse midlane som «Andre offentlege tilskot» frå Kulturrådet i nettskjemaet, og spesifisere i kommentarfeltet under dette.

2.3 Statusrapport om økonomisk utvikling

Statusrapporten skal vera ein presentasjon av dei viktigaste sidene ved den økonomiske situasjon åt tilskotsmottakaren. Rapporten skal òg gjera greie for andre sentrale problemstillingar for institusjonen, og omtala tiltak for å tryggja god ressursutnytting.

Utdjup gjerne situasjonen kring straum både med tanke på eventuelle meirkostnader og investeringar i energisparande tiltak, i feltet «Vurdering av den økonomiske utviklinga når det gjeld andre sentrale problemstillingar».

2.4 Vurdering av måloppnåing

Merk at tilskotsmottakar skal gje ei vurdering av måloppnåing i samsvar med dei nye overordna måla for løyvingane til museum (solid kunnskapsproduksjon, relevant formidling, heilskapleg samlingsutvikling, trygg ivaretaking, aktiv samhandling) og dei måla som vart omtalte i budsjettsøknaden for 2022. Altinn-skjemaet er på førehand fylt ut med dei måla som tilskotsmottakar skreiv inn i søknaden for 2022. Desse blir henta opp under dei nye måla slik:

- institusjonen sine eigne mål lagde inn i 2022-søknaden under formidling blir henta opp under relevant formidling
- institusjonen sine eigne mål lagde inn i 2022-søknaden under forsking blir henta opp under solid kunnskapsproduksjon
- institusjonen sine eigne mål lagde inn i 2022-søknaden under forvaltning blir henta opp under trygg ivaretaking
- målet heilskapleg samlingsutvikling vil ikkje ha førehandsutfylt tekst å henta opp; institusjonane fyller ut måloppnåing i 2022 på dette området.
- målet aktiv samhandling vil ikkje ha innlagt førehandsutfylt tekst å henta opp; institusjonane fyller ut måloppnåing i 2022 på dette området.
- andre mål er vidareført som eit valfritt mål.
- målet fornying er vidareført i nettskjema for 2024 for å ivareta rapportering frå musea på dette målet for 2022.

Tilskuddsmottakar må dessutan rapportera i tråd med andre krav og føresetnader for statstilskotet, jf. tilskotsbrevet for 2022.

I rapporten kan institusjonane òg gjera greie for kva utfordringar som har oppstått som fylgje av covid-19, og orientera om kva alternative former for drift og publikumsretta aktivitet som er gjennomført.

2.5 Mål og prioriteringar for 2024

Tilskotsmottakarane må i søknaden for 2024 opplysa om måla for verksemda. Tilskotsmottakarane skal sjølve definera måla for verksemda innanfor dei nye overordna måla for løyvingane til museum: solid kunnskapsproduksjon, relevant formidling, heilskapleg samlingsutvikling, trygg ivaretaking, aktiv samhanding. Måla må formulerast slik at det i ettertid er råd å måla og vurdera om dei er nådde. Planlagd drift i søknadsåret skal ta utgangspunkt i uendra driftstilskot. 
Tilskotsmottakaren skal omtala strategiar og langsiktige planar for dei neste tre åra. Det skal gå tydeleg fram av omtalen kva som er strategiane og planane for tilskotsmottakaren i ein situasjon der statstilskotet vert vidareført på same nivå som i dag.
Talbudsjettet for 2024 må innehalda alle utgiftene og inntektene institusjonen reknar med å få. Inntekter og utgifter må balansera. Tilskot frå andre enn Kultur- og likestillingsdepartementet, fylkeskommunar, kommunar og Den kulturelle skulesekken skal spesifiserast i særskilde felt.

Søknaden kan innehalda maksimalt tre nye tiltak med behov for auke i tilskotet. Framlegg til slike tiltak krev særskild grunngjeving med plan for finansiering. Eventuelle framlegg må innehalda ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket. I tillegg må tilskotsmottakaren vurdera om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering av dei ressursane som er til rådvelde, og kva konsekvensane av dette vil vera. Eventuelle framlegg om nye tiltak med behov for auke i tilskotet skal registrerast i prioritert rekkjefylgje.

2.6 Statistikkskjema

Tilskotsmottakarane skal fylla ut skjemaet for museumsstatistikk for 2022.
I statistikkskjemaet er det lagt inn endringar knytte til spørsmål om mangfald og inkludering, og universell utforming.

3. Frist i 2023

Frist for å levera søknaden er 1. mars 2023 kl. 23.59.

Søknadsskjemaet vil vera tilgjengeleg i Altinn frå 1. februar, og institusjonen kan arbeida med og gjera endringar i søknaden fram til fristen går ut. Søknadsfristen er absolutt, og det vert ikkje gjeve utsetjing. Søknader som vert sende inn etter fristen vil verta automatisk avviste.

Fylgjande dokument skal leverast innan fristen: 

1. Budsjettsøknad for 2024 og museumsstatistikk for 2022.
2. Revidert rekneskap og revisormelding for 2022. Årsmeldinga frå styret skal berre leverast av store føretak. Dokumenta skal vera signerte. Dokumenta skal sendast til postmottak@kud.dep.no
3. Skjema for pensjonsskyldnader (gjeld dei musea som etter rekneskapslova er store verksemder). I samband med innsending av budsjettsøknad 2024 og rekneskap for 2022 vert dei aktuelle institusjonane bedne om å fylla ut skjema for
pensjonsskylnader, jf. tilskotsbrev for 2023 frå Kultur- og likestillingsdepartementet.
Skjemaet skal sendast til postmottak@kud.dep.no.

4. Ny frist for budsjettsøknader for 2025

Jf. informasjonen i tilskotsbrev for 2023. Vi minner om at ny frist for å senda inn budsjettsøknad for 2025 i nettskjema vil vera 1. desember 2023. Frist for å senda inn rapport for 2023 i eige nettskjema, og revidert rekneskap for 2023 vil vera 1. mars 2024.

Vi kjem tilbake til retningsliner for utfylling i eige rundskriv.

Med helsing

Gunhild Strand Molle (e.f.)
avdelingsdirektør

Natalia Ryan
seniorrådgjevar

Kopi: Kulturdirektoratet

Vedlegg:

Adresseliste:

Anno museum
Aust-Agder museum og arkiv IKS
Baroniet Rosendal
Blaafarveværket
Bymuseet i Bergen
Dalane Folkemuseum
Drammens Museum for kunst og kulturhistorie
Galleri F 15
Gudbrandsdalsmusea AS
Hardanger og Voss museum
Haugalandmuseet
Helgeland Museum
Henie Onstad Kunstsenter
Jærmuseet
KODE Kunstmuseer og komponisthjem
Kraftmuseet
MiA – Museene i Akershus
Midt-Troms Museum
Mjøsmuseet
Musea i Sogn og Fjordane
Museene Arven AS
Museene for kystkultur og gjenreisning i Finnmark IKS
Museene i Sør-Trøndelag
Museet Midt
Museum Nord
Museum Stavanger AS
Museum Vest
Museumssenteret i Hordaland
Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design
Nordlandsmuseet
Nordmøre museum
Nordnorsk Kunstmuseum
Nord-Troms Museum
Norsk Bergverksmuseum
Norsk Folkemuseum
Norsk Industriarbeidermuseum
Norsk Luftfartsmuseum
Norsk Teknisk Museum
Nynorsk kultursentrum
Næs Jernverksmuseum
Oslo Museum
Perspektivet Museum
Preus museum
Randsfjordmuseet
Romsdalsmuseet
Ryfylkemuseet
Stiftelsen Buskerudmuseet
Stiftelsen Lillehammer museum
Sunnhordland Museum
Svalbard Museum
Sørlandets Kunstmuseum
Sør-Troms Museum
Telemark Museum
Valdresmusea AS
Varanger museum IKS
Verdensarvsenter for bergkunst - Alta Museum IKS
Vest-Agder-museet IKS
Vestfoldmuseene IKS
Vest-Telemark Museum
Viti
Østfoldmuseene