Høyring - forslag til ny, heilskapleg språklov
Høyring | Dato: 23.08.2019 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kulturdepartementet
Høyring - forslag til ny, heilskapleg språklov
Høyringsbrev som pdf-fil (.pdf)
Kulturdepartementet legg med dette fram forslag til ei ny, heilskapleg språklov. Forslaget skal erstatte den gjeldande lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste (mållova) og inneheld i tillegg framlegg til overordna føresegner med framlegg til ny rett om språk i Noreg.
Føremålet med framlegget er å lovfeste statusen til norsk språk og å definere statusen til samiske språk, norsk teiknspråk og andre språk som staten etter internasjonale avtalar har eit ansvar for. Føremålet er også å slå fast det ansvaret det offentlege har for dei nemnde språka. Kulturdepartementet føreslår å vidareføre dei fleste av reglane i mållova, men innanfor rammene til forslaget til språklov. Nokre reglar blir etter forslaget justerte, andre blir presiserte.
Forslaget inneheld også ein klarspråksparagraf, som krev at det offentlege brukar eit klart og mottakarretta språk. Departementet føreslår også å stille krav om at statsorgan skal ha namn på norsk som følgjer offisiell rettskriving.
Når det gjeld kva verkeområde lova skal ha, blir det lagt fram to alterternativ. Alternativ 1 inneber å innlemme fylkeskommunane i verkeområdet for dei pliktreglane i mållova som i dag berre gjeld statsorgan. Alternativ 2 er å vidareføre gjeldande rett, slik at fylkeskommunane skal ha rett til gjere eigne språkvedtak, jf. gjeldande mållov § 5.
Departementet ber høyringsinstansane ta stilling til dei to alternativa.
Frist for å svare på den allmenne høyringa er fredag 15. november 2019.
Høyringsinstansane bør vurdere å vidaresende saka til underliggjande instansar, eller til andre som ikkje er oppførde på lista over høyringsinstansar.
Bruk den digitale løysinga og klikk på "Send inn høyringssvar". Her kan du også mellomlagre svaret og laste opp vedlegg.
Høyringssvara er offentlege etter offentleglova og vil bli publiserte på denne nettstaden.
Med helsing
Gunhild Strand Molle (e.f.)
avdelingsdirektør
Sigfrid Tvitekkja
seniorrådgjevar
Departementa
Fylkeskommunane
Fylkesmennene
Kommunane
Sametinget
UH-sektor
Statlege universitet og høgskular
Universitets- og høgskolerådet
Nynorsksenteret - Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Lesesenteret, Universitetet i Stavanger
Skrivesenteret, Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking, NTNU
Norsk Studentorganisasjon
By- og regionsforskingsinstituttet NIBR
Elevorganisasjonen
Unit - Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forsking
DIKU - Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning
KS
Hovudsamanslutningar
Landsorganisasjonen Norge
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Unio
Akademikerne
NHO
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Hovedorganisasjonen Virke
Statlege
Arkivverket
Nasjonalbiblioteket
Noregs forskningsråd
Språkrådet
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek
Norsk kulturråd
Statped
Utdanningsdirektoratet
NAV sentralt
Helsedirektoratet
Difi
Brønnøysundregistrene
Likestillings- og diskrimineringsombodet
Nasjonal behandlingstjeneste for hørsel og psykisk helse
Rådgivningskontorer for hørsel og døvblinde i Bergen
Ressurssenter for hørsel og syn i Trondheim
Rådgivningskontorene for syn og hørsel i Oslo
Johannes læringssenter - Spesialavdelingen for voksne
Oslo VO Skullerud
Språkorganisasjonar og nasjonale minoritetsorganisasjonar
Bokmålsforbundet
Det Norske Akademi for Språk og Litteratur
Kvenlandsforbundet
Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Høgnorskringen Kringkastingsringen
Landslaget for språklig samling
Litteraturselskapet Det Norske Samlaget
Nynorsk forum
Nynorsklaget
Noregs Mållag
Norsk Målungdom
Riksmålsforbundet
Norske Kveners forbund
Norsk-finsk forbund
Norges Døveforbund
Hørselshemmedes Landsforbund (HLF)
FONTS
Hørselshemmede barns organisasjon (HHBO)
Foreningen Romanifolkets kystkultur
Foreningen Romanifolkets kystkultur
Landsorganisasjonen for Romanifolket
Romani Council Union
Romsk råd i Norge
Den Norske Romforening
Taternes landsforening
Taterne/romanifolkets menneskerettighetsforening
Andre organisasjonar
NRK Norsk rikskringkasting
Nynorsk kultursentrum
Halti kvenkultursenter IKS
Kvensk institutt
Storfjord språksenter
Vadsø kvenske språksenter
Kvensk språksenter i Porsanger
Kvænangen språksenter
Vadsø museum -Ruija kven
Teater Manu
Døves media
Døvekirken
Signo
Ål folkehøgskole
Nynorsk pressekontor
Nynorsk mediesenter
Nynorsk avissenter
Foreningen Norden
Nasjonal behandlingstjeneste for hørsel og psykisk helse
Rådgivningskontorer for hørsel og døvblinde i Bergen
Ressurssenter for hørsel og syn i Trondheim
Rådgivningskontorene for syn og hørsel i Oslo
Johannes læringssenter - Spesialavdelingen for voksne (Stavanger)
Oslo VO Skullerud
Storfjord språksenter
Det Norske Videnskaps-Akademi
Norges museumsforbund
Glomdalsmuseet
Norsk Bibliotekforening
Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter
Norsk Døvemuseum
Norsk Døvehistorisk selskap
Den norske Forleggerforening
Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening
Norsk Oversetterforening
Den norske Forfatterforening
Norske barne- og ungdomsbokforfattere
Dramatikerforbundet
Landslaget for norskundervisning
Norsk lektorlag?
Norsk Tegnspråklærerforbund
Utdanningsforbundet?
Statsautoriserte translatørers forening (STF)
Tolkeforbundet
IKT Norge
Teknologirådet
Den Norske kyrkja
Norsk presseforbund
Norsk redaktørforening
Norsk journalistlag
Landslaget for lokalaviser
Mediebedriftenes landsforbund